Nok ein varm dag

I dag hadde eg bestemt meg for å gjere to ting. Det eine var å fylje KK på skulevegen. Det andre var å ta ein tur til Benidorm. Eg klarte å fullføre begge desse ambisiøse planane! i varmen. Framleis mellom 30 og 33 grader.
Kitty Karina gjeng ca 35 min til skulen. Det siste stykke er opp ein 1000 meter bratt bakke, så det tar på i denne varmen. Nå har me fått bilskyss av nokre foreldre som køyrer ungane sine. Det korta min og KK sin tur til 10 min. Fint for oss. Skal sitte på resten av veka. Neste veke tek me buss. Skal finne eit busskort, så blir alt mykje enklare. Unni sendte ei melding om at ho hadde fått tilbod om eit nytt hus, ikkje langt frå skulen. Det skal me se på no om ei lita stund. Trur det er berre 10 min frå her (Eg sit på skule med Unni rett no – Ho trong litt hjelp til det datatekniske) .
Attende til de to oppgåvene for dagen…. Eg skulle reise til Benidorm. Jo eg kjøpte ein billett til 1,25 EU .. ca 10 kroner. Så sette eg meg på bussen og sat der i ein og ein halv time! Eg gjekk ikkje ut i Benidorm! Nei det hadde eg ikkje lyst til. Du verda for ein stygg by. Ein skal leite lenge etter ein by som har vore utbygd så usystematisk og tilfeldig. Her er det tut og kjøyr-planlegging. Stygge hus, svære skyskraparar saman med låghus og terasseblokker. Og så mange stygge høghus! Nei her vil eg ikkje tilbake om eg ikkje må då!

På slutten av dagen, etter at KK hadde sitte på med nokre foreldre heim, så fekk eg ei melding frå Unni. Ho trngte hjelp til noko datagreier. Dette var klokka 16.00. Eg treiv kamera og magebelte med meg og tok beina opp til Costa Blanca Undervisning. Der blei eg verande med Unni fram til nærmare 1900 (Laaange dager for Unni som hadde vært på skulen sidan kl 845) Då bruka me mest 1 time heim…med ein tur innom ein villa me kunne tenke oss å leige og til butikken for vatn… Heime vart det enkel ferdigpizza og ein symjetur på ein halvtime under månelyset. ….

Her mediteres det etter et avkjølende bad

3 Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *