HOY – (i dag)

Prøver å lære litt Spansk kvar dag. Det er ikkje så lett å få dei rutinane i seget. Prøver med ei bok som heiter «Spansk på 15 minuttar». Ambisiøs tittel med fyrste augneblink, men det er meint å ver 15 minuttar Kvar dag over 12 veker!

Idag kom handverkarane som skulle bytte hovuddøra. Døra vart lovt den fyrste uka me budde her (10 dagar sidan). Dei hamrar og bankar.

Spanske arbeidarar som er så heldige å ha jobb i desse krisetidene der 20% er utan arbeid.

Spanske arbeidarar som er så heldige å ha jobb i desse krisetidene der 20% er utan arbeid.

I går hadde eg ein innhaldsrik dag, der eg ikkje gjorde så mykje! Ein tur til Altea via min daglege tur til stranda. Men denne gongen gjekk eg heilt til nabobyen Altea. For dei som har vore her så veit dei at det er ein liten spasertur for folk med gode føter og bra kondisjon. Ikkje meir enn 3 km… . Eg skulle ordne noko praktisk med telefon-abonnement, kikka på Scooter og gå i gamlebyen.  Scooterbutikken fann eg ikkje. Abonnemenet for telefon får me fyrst når forsørgjaren min hev eit spansk indentietsnummer. Bruk av telefon er fryteleg dyrt med kontantkort, så me vil ha eit abonnement for telefonane våre.

DejaVu

Er fortalde i går om ei oppleving frå byrjinga på nittitalet. Det var dei åra eg gjekk heime med Odin og Falke. Heimeverande far (det er visst blitt populært heime i Noreg nå) var eg og søkte kontakt med likeeins menn. Det fann eg ikkje i 93-94, berre ein og han hette Rolf Nordås (bror til Thor G Norås). Vel, eg har den same opplevinga no. Einaste hane i flokken. Mange heimeverande mødre, einslege mødre, grasenkjer osb. Alle kvinner som fylgjer mannen sin til Spania. Det er ikkje mange som arbeider av dei eg møter. Eg snakkar ein del med nokre av dei på skulen etter at dei har fylgd ungane sine dit. Sit og pratar om daglegdagse ting, om praktiske problemer og løysingar på desse i eitt nytt land. Mykje å lære mykje å lære bort.

Dei fleste er fyrstereis, men eg møter fleire på andre sosiale arenaer, t.d. på Den Norske Sjømannskyrkja her i Albir. Der har me no vore to onsdagar og truffe mange nordmenn som bur her fast. Her er det mykje gode råd å få, slik som i går kveld då med snakka med ein bergensk byggmeister som hadde budd her i 23 år! Og arbeida her i like mange år.  Han hadde bygde einebustadar, blokkleilegheiter og, sjukeheimar, kyrkjer og skular. Han var arbeidsledig no….. Som 20% av det spanske folket.  Vel, han kunne fortelje at huset med budde i er dårleg bygd i den tidi då det var oppgang og bonanza i byggjemarknaden i Spania. Huset kosta 30.000 EU å byggje, dei prøver å selgje det for 350.000 EU i dag!!!. (Men det går jo ikkje når det er over 1.000.000 leigeheiter til sals i Spania i dag! Han ga oss mykje gode råd. Om hus, om folk her i byen, om nordmennene, om det eine og det andre.

Frå daglegturen til stranda. Men nokre gonger til Altea, som gårsdagen.

Frå daglegturen til stranda. Men nokre gonger til Altea, som gårsdagen.

Fjellene bak Altea må me ein gong prøve bestige!

Fjellene bak Altea må me ein gong prøve bestige!

Her er plassen alle veit om i Albir. Her sat Unni fyrste gongen den 29.april då ho var til intervju. Merk temperaturen. klokka er halv ti.

Her er plassen alle veit om i Albir. Her sat Unni fyrste gongen den 29.april då ho var til intervju. Merk temperaturen. klokka er halv ti.

Utsikt mot turist og badebyen Calpe

Utsikt mot turist og badebyen Calpe

5 Comments

  1. Heisann,
    Fjellene bak Altea heter Sierra Bernia.
    Kjempefine fotturer der sier de som kjenner området.
    Ta dokke einn tur. 4 timers gange vil vel vera einn fine start.
    Ellers så se på http://www.abdet.com

    Altea navnet kommer kanskje fra Al dea. Som betyr landsby på arabisk.
    Men det var jo ikke så spennende.

    Det er disse fjellene som strenger av for den værste kulde-slukt-vindene fra Nord om vinteren. Det er iskaldt i Madrid vinterstid.
    Så kle godt på dokke hviss det blir tur i januar. he,he.

    Svar

    1. Har nå fått lokalkunnskap om namnet Altea. Det skriv seg frå ei plante som heiter Atea.
      Denne planta skal ha bli brukt som helsemiddel i maurisk tid. Altea var ein arabisk/maurisk by kring
      åttehundretalet som var vidgjeten for helse og velvere. Men der er og oppteikninga som synar at
      og var eit stad med mange «institusjonar» for mentalt sjuke menneske. Dette har eg frå Antonio Becares, som har vakse opp i den gamle byen Altea.

      Svar

  2. Kjekt å få kommentarar Magne. Spesielt frå ein som kjenner området betre enn meg…Eg leitte etter namnet rett før el publiserte innlegget….

    Svar

  3. Hei Skjalg med familie
    Dette så ut for meg til å være det gode liv. Vi har nå endelig fått litt sol etter 2 måneder med regn. Sammenlignet med oss så bor dere i himmelen i forhold.
    Ha det riktig godt.

    Mvh. Geir

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *