Noruega – Tilbake til det kalde nord….berre for nokre dagar

Så var eg I Noreg. Plutselege og brått. Nokre timar før i 26 graders varme så sto eg der på Sola Flyplass og det var kald nordavind og 14 grader. Eg hadde sjølvsagt kortbukse og skjorte som eg har hatt kvar dag de siste 3 vekene. Eg fekk ei stor overrasking på Sola, Der i porten ut av utalandsrommet stod Odin! Kjempeoverrasking og såå kjekt!  Eg hadde venta Falke, men han hadde ikkje Odin sett. Ute på parkeringen der stod Peugeot`en, der sat Falke. Han vart like overraska over å sjå Odin og meg kome saman! Hjarteleg møte.

Det var stor overrasking å møta Odin på flyplassen!

Det var stor overrasking å møta Odin på flyplassen!

Der var sjølvsagt og Falke med bilen vår!

Der var sjølvsagt og Falke med bilen vår!

Hjartleg og overraskande møte mellom dei to gutane våre!

Hjartleg og overraskande møte mellom dei to gutane våre!

Falke fekk lappen den 7. september. Fyrste gong eg kjøyrer med han etter det! Eg gler meg til bilturen nerover Europa med den ferske sjåføren!

Falke fekk lappen den 7. september. Fyrste gong eg køyrer med han etter det! Eg gler meg til bilturen nerover Europa med den ferske sjåføren!

Nett no er eg i stua til Dag Bjørnsen. Klokka er halv åtte. Det er sol ute men kaldt trur eg. Dag har vore så snill og hjelpsom og teke meg inn og gitt meg eige rom på loftet for nokre dagar. Skal gjere filmane for Barnemuseet ferdige, prøve å leige ut Stavanger Brygge, pakka ned resten av dei sakene som me vil ha med oss til Spania – og køyre Peugeot`en til Spania!  Eg prøve å selja han for ein månad sidan, men lykkast ikkje med det. Då var det like greitt å ta han til Spania. For det har me snakke mykje om. Det er ikkje lett å bu i Albir utan bil. Med treng han for å kome til butikken, deltaka på dei sosiale arenaene og kome seg rundt og sjå på dei fine omgivnadene i Valencia. Falke vil bli med. Me køyrer på fredag og skal vere attende i varmen på sundag. Falke blir hos oss ei lita veke før han flyr attende laurdag den 27.9. Han gler seg til turen, men ikkje til å missa bilen som han har bruka dagleg sidan han fekk sertifikatet for to veker sidan!

For dei som ikkje har fått det med deg, så leiger me ut bustaden vår i Schancheholen. Difor kan eg ikkje bu der. Så det er fyrste gong på 22 år at eg er i byen uten å bu heime. Akkurat som då Unni Elisabeth og eg kom frå Filippinene/Thailand med Odin som 2 mnd gamal baby i februar 1987. Då leigde me ut legenheita i Oscar Wistingsgate ut til tri suldalsjenter. Unni Elisabeth og Odin reiste til mor og far sin i Kviteseid og eg budde på legd rundt omkring, mest hos Olav Petter og Sigrid i Store Skippergate. Så dette er mest som å vere attende i 1987 – Deja Vju.

Var oppe i huset i går då me kom frå flyplassen. Dei hadde det fint (og ryddig..). Simplissiuss låg i korga si i stua rund og god (eg undrar meg kor stor den katta kan bli?) Nokre varme klede måtte eg ha på meg før Falke køyrde med til Dag sitt hus på Våland. Om kvelden var me på byen, møtte Odin og åt god gresk mat på Akropolis Restaurant før me hadde ei hyggjeleg avslutting hos Sjokoladepiken. Eg sat og frøys, under varmelampa, men Dag kom med ullteppe til den frosne klimaflyktningen! Odin tok og kvelden sjå Dag. Ein veldig kjekk heimkomst og hyggjeleg kveld!

Simli har det godt hos leigetakarane våre. Men ho vert større og større!

Simpli har det godt hos leigetakarane våre. Men ho vert større og større!

4 Comments

  1. Hei-sitte nå på jobb på Hundvåg skole og får me meg dine Spania-/Stavangernyheter. Det var jamen lurt å ta med seg bilen te Spania. Gikk tur i Madland idag, bada(!!!) i Fisketjønn og var ikveld innom Midjord og stemte. Rekne da med at eg ser deg i løpet av uka. Du ska kanskje ver med på viseklubben i Arkivet på tirsdag!?

    Svar

  2. Hei 🙂
    Kitty Karina og eg har lese bloggen og syns det er kjempekjekt å sjå på bileta. Me har berre drive dank i dag, eg har jobba nokre timar og KK har sitte på nettet og sett TV og småprata med meg. Kvar gong eg ikkje svarar seier ho «Unni…. – Unn….i» og så svarar eg etterkvart då. Nettopp nå vil ho ut å bade…

    Vi har hatt kyllingbryst med gulrøtar og steikte brekkbønner. Det var faktisk ganske godt,.- men så var vi sultne og da 🙂 Det er jo ingen som kan laga så god mat som deg.

    Hels alle! Ser at Siv vil ha deg med på Arkivet på tirsdag og det må du jo bare slå til på. Høyrest kjekt ut!

    Kitty Karina og Unni Elisabeth

    Svar

  3. Unni Elisabeth og Kitty Karina: Merkeleg å vere så langt vekke frå dykk. Her i S er alt som før. Litt kaldare. Flott ver i dag – ser at dykk har regn (og lyn) og samme temp som her i dag (20).

    Dag er frykteleg grei som tek både Odin og meg i losji! Hadde thaimat i byen i går. Skal arbeide nokre fleir timar med filmane i dag, både Odin og eg – så blir det dei andre oppgåvene veit du… Klem til dykke begge!

    Jo eg tek turen ut med Siv i kveld!

    Svar

Legg att eit svar til Siv Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *