Todos los dias – Kvardag

Kvardagen kjem no etterkvart sigande for oss og her i Spania. Temperaturen har og falle mykje i det siste frå 32 grader i midten av september til 24-26 grader no. Enkelte dagar har det vært mykje regn, styrtregn faktisk og kaldt – kring 18 grader. Me sit ein del heime alle saman. Falke er her no og så me køyrer litt rundt i omgivnaden for å blir betre kjend. Var ein tur i Calpa, ein by 15 min frå Alfaz. Her besøkte me eitt dukkarsenter kor Falke fekk bestillt time til torsdagen. Eigaren var godt kjend i Stavanger og hadde dei siste 3 åra gjort basehopp frå Kjerag 30 gonger!

Falke gler seg til å dukka i Calpe på torsdag

Falke gler seg til å dukka i Calpe på torsdag

Kitty Karina trivest veldig godt! Ho likar seg på skulen og har fått fleire nye vener. Så trur eg hu og har fatta spesiell interesse for ein gut i klassen! Ho er mykje på internett, snakkar med venene sine i Stavanger og dei ho har i klassen. Falke hadde med seg sin gamle Macbook Pro som KK har kjøpt av han.

Me sit alle på kvar vår datamaskin på kveldane og surfar, les, ser på film, snakkar med folk heime… Faktisk er me godt utstyrt nett no. Eg talde faktisk 6 datamaskiner! Eg tok med meg ein gamal trådlaus router frå Noreg som eg kobla opp mot den trådlause nettlina og nå sit me på kvar vår maskin og surfar i veg!

Me e godt utstyrt for kontakt med omverda!

Me e godt utstyrt for kontakt med omverda!

Unni sjekkar Fjesboka.

Unni sjekkar Fjesboka.

Skjalg har lånt ein liten berbar datamaskin av Odin

Skjalg har lånt ein liten berbar datamaskin av Odin

Det er og gått tid med til besøk i butikkar. Her om dagen var me i ein stort supermarknad som heitte Carrefour. Det var omlag 4 gonger større enn Obs på Mariero. Nå som me hadde bil, fekk me endeleg med oss alle dei varene med trong!

Kitty Karina hadde ikkje så mykje kler med seg, så ho fekk kjøpe seg noko nytt.

Kitty Karina hadde ikkje så mykje kler med seg, så ho fekk kjøpe seg noko nytt.

Godt å få bilen ner til Spania. Det har letta kvardagen ein del det...

Godt å få bilen ner til Spania. Det har letta kvardagen ein del det...

6 Comments

    1. Egil. Som du sikkert vett så brukar eg Ubuntu på mi maskin. Det er ingen i familien som har vore borti Windows på 6-7 år trur eg. At det er fleire som brukar OSX får så vere. Eg brukar kun Mac til redigering. Ellers så er det Lindux over heile linja. Eg ventar sjølvsagt på Lumiera.

      Svar

  1. heisann, det var godt å hørra atte dokke var komne gått fram itte bare 37 timars kjøring.
    Her regnar det, nesten kver dag nå- høsten er kommen. Igår var eg opp på Prekestolen igjen me to frå Polen. Byfolk, studentar frå Warzawa. men det jekk godt. regnet hølja ner. Prekestolen var dekte med sjyer, men de var i sååå gått humør. Fin natur og alt det der. men når haglsbøyene sette inn og haglene slår hardt på bart skjinn, spesielt på nasen så stikke så langt fram. Så ville de nerøve igjen. me kom ner til Parkeringsplassen på 90min. det e gått jort når stien var bare einn bekk mange plasser.. Eg har alri sitt så møje vatn i den heiå før.

    Nei, då e det vel bere å tenka på dokke så har det godt og varmt og går rundt uden ull sokkar..

    Te lørdags så reise eg sørøve eg og. Ikkje lenger enn te belgia, men di seie atte det er goått ver der. Men de trur eg ikkje på før eg ser de sjøl.

    Kos dokke.
    Fprresten kor langt e de frå dokkas plass til cabo de gata. Der skal det vera fantastiske strender seie naturistane i stavanger. eg har ikkje våre der ennå..

    Nei, nå må eg ta inn klesvasken, det regne ude. ha det..

    Svar

  2. Magne! Kjekkt å høyre at det er godt og kaldt i Noreg…..Her hadde me 32-33 i går! Det svinger mykje. Dagen før hadde me regn og 18-20. I dag skal me på markedet i Alfaz og FAlke vil på Carrefour og handle før han drar i morgen. Capo de Gata er 3 timer og 40 minutter på motorvegen mot Almeira.

    Svar

  3. heisann.
    har du hørt om ordtaket at når fjellet ikke kom til Hammad så gjekk hammad til fjellet.
    Når eg ikkje reiste til Spania så kom Catalonia te meg.
    To ferske, friske og koselige damer kom på besøk. Vi reiste ut til Jåsund og kjøpte fisk, reger, mm. Same kvelden så blei det paella fest på Rennesøy. De blei sjå meg i 3 dager. universitets utvekslingsstudentar ERASMUS.
    Men spansk var de ikkje så gode te å snakke. Catalan er ikkje spansk forståeligt for meg. Så me snakkte engelsk. Synd å sei det..
    I mårå går de te belgia. 1000 km på same motorveien som dokke.
    nesten iallefall.
    kanskje det bleer einn liten avstikkar te Lisboa, men det vett eg ikkje føre på tirsag elle onsdag i neste vega. Nye båd te inspeksjon – quizas.
    Hasta la proxima vez – magne

    Svar

Legg att eit svar til Skjalg Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *