Escape de agua – Vannlekkasje

Så kom regnet.

Så kom regnet.

No har det skjedd noko ubehageleg med huset me bur i! Som nokon av dykk mogeleg veit så har me fått mykje styr med vatn i Schancheholen og i Kviteseid dei siste 10 åra. Det ser ut til å forfylgje oss her i Spania!
Fylg med så skal eg gjere greie for kva eg meiner – med bilete seinare!

Før flaumen og etter ser det slik ut på "promenaden" mot havet

Før flaumen og etter ser det slik ut på alleen mot havet

Dei er førebudd på MYKJE vatn her i Albir. Denne alleen er tørr meste av tia.

Dei er førebudd på MYKJE vatn her i Albir. Denne alleen er tørr meste av tia.

Det tyt vatn ut alle plassar!

Det tyt vatn ut alle plassar!

Det luktar ikkje godt dette!

Det luktar ikkje godt dette!

Og her ender alt vatnet, i Middelhavet, på badestranda vår.

Og her ender alt vatnet, i Middelhavet, på badestranda vår.

Vatn inn i huset. Lekkasje frå veranda, i kjøkken og  i stue!

Som eg nemnde, me vert forfylgd av vatn og lekkasjar kor me snur oss! Huset me bur i er bygd i 82-83 medan den ists store byggestormen her i Spania. Mykje slett arbeid og dårlege hus. Me ser det nå. Vatnet treng gjennom taket i stua og kjøkken, for det er ein utett veranda over begge rom. Då vatnet styrta ner så klarte ikkje avlaupet ta av for dei stor vatnmengdene så det såg som små symjebassen der oppe.

Mykje vatn på terassen oppe og tette røyr!

Mykje vatn på terassen oppe og tette røyr! Unni Elisabet tok eit kosteskaft og fekk ut skiten!

Vatn var det og på den andre verandaen. Tette røyr og, men Unni fiksa det med ei

Vatn var det og på den andre verandaen. Tette røyr og, men Unni fiksa det med ein smørekniv

I dag  rann det vatn ner ved sia av bordet eg sit kvar dag på ute plassen, i kveldinga byrja det å drypa frå taket på kjøkken. Det vart ein liten vasspytt. Endå seinare byrja det å drypa på TV og Kabelboksen framføre oss i stua! Au då… då ringte me til dei me leiger av!

Unni og eg fann fram reiskap, knivar, pinnar og eit kosteskaft og fekk trykt ut tette avlaup. då var det rett føre det rann inn på Kitty Karina sitt rom!

Vatnet la seg fint foran Tv og kabelboksen!

Vatnet la seg fint foran Tv og kabelboksen!

Unni måtte tøre opp vatnet frå verandaen over kjøkkenet vårt.

Unni tørkar opp vatnet på kjøkkengolvet.

Som om ikkje dette var nok denne dagen..så gjekk straumen resten av kvelden. Men det var jo litt koseleg…

Fin stemning på badet!

Fin stemning på badet!

9 Comments

  1. Jan Morten!
    Ja, det skifte fort! Nå e det sol og 26 grader. Har nettopp tatt meg ein 10 km lang spasertur for å bli ennå betre kjend i omgivnaden. Måtte ta av meg skjorta B-)

    Svar

  2. Hei, du oppfordrar oss te å skriva om/til nettsiden, men det ser ut til at vi kun kan kommentera saker som allerede er kommentert, til høyre. Når jeg trykker «kommentar» på diverse saker så kommer det ikke noe kommentarfelt. Stemmer dette? En lærevillig nordmann fra Stavanger.

    Svar

  3. Hei!
    Samme erfaring som forrige kommentator..
    Men her regner det og, i strie kraftige strømmer! Og Aasny og Stein regnet nesten bort på Sicilia (er nå på Malta).
    Jeg kjørte Anders og Mette på fest i går, og da fortalte Mette at hun var på siden her nesten hver dag, for å følge med og repetere litt nynorsk.
    Steinar og jeg har vært hos Edna og spist deilig lammemiddag i kveld, riktig triveligt. 🙂

    Svar

  4. *Jan Morten* og *Gry*: Sant-sant. Det er adressa til dei sidene som var øydelagd av di pappa hadde putta inn %23%42%43%05%43%095 elder noko liknande inn i dei… :S

    Det heng saman med at nokre bokstavar (som ø og é) ikkje vert teken vekk i URL-en (ein feil i WordPress). Eg hev fiksa alle innleggi som er slik no. 🙂

    Svar

  5. Bra Odin! Godt å ha ein doktor som kan hjelpe med influensa og sånt. Håper du også kan ta hjarteinfarktet hos Acona…

    Svar

Legg att eit svar til Gry Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *