El tráfico – trafikken

Det er anna trafikk-kultur her i Spania. Det er sikkert. Alle køyrer fortare, dei køyrer tettare, parkerer tettare, bryr seg ikkje om trafikkskilt eller raudt lys. De sydlandske temperament er tydeleg. Falke hadde ein elddåp i Barcelona, men han lika å vere oppe i kaoset han! Eg køyrer med hjarte i halsen anten eg sit på sykkelen eller i bilen. Me kjøpte ein sykkel for to veker sidan.

Nokon gong gjeng det vel fort i trafikken!

Nokon gong gjeng det vel fort i trafikken!

Den blir flittig brukt til og frå skulen, men det er eit sjansespel! Det finst ikkje noko særleg med sykkelstiar (med unnatak av promenaden langs sjøen – for mosjons-syklistar), og vegen til skulen er fylt med hål og høge kantar.  Her om dagen måtte eg lappe sykkelhjulet for det slit veldig når både Unni Elisabeth og Kitty Karina sit på same sykkel med tunge sekkar på ryggen!

Fekk med meg lappesaker frå Ålgård...

Fekk med meg lappesaker frå Ålgård...

Kvardagen har mange praktiske utfordringar for ein husfar!

Kvardagen har mange praktiske utfordringar for ein husfar!

Me vurdera å kjøpe ein liten elektrisk sykkel, men var ikkje sikker på om han ville klara bakkane opp til skule. Men kjekk var han

Me vurdera å kjøpe ein liten elektrisk sykkel, men var ikkje sikker på om han ville klara bakkane opp til skule. Men kjekk var han.

Lysfest i Altea

På kvelden torsdag var me i Altea. Der har me lysfest denne veka. På torget i gamlebyen var det skodespel på catalansk. Me forstod ikkje mykje av det verbale men fekk med oss at det hadde ei religiøst innhald. Medan me såg på stykket, spiste me veldig god paella, den må eg jo prøve meg på heime tenkjer eg!

Heile byen er pynta med lys av forskjellig slag

Heile byen er pynta med lys av forskjellig slag

På marknadsplassen i Altea var det eit skodespel med tema frå catalansk historie.

På marknadsplassen i Altea var det eit skodespel med tema frå catalansk historie. Bak til venstre sit Kitty Karina og Falke.

Herleg mat - Paella

Herleg mat - Paella

Det var god mat på restauranten!

Det var god mat på restauranten!

One Comment

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *