Hola! Noruega!

Utsikten frå Siv sin leighenheit, litt annsleis enn Spania...

Så var eg her igjen. Kjekt å vere framme etter lang flytur som ikkje var så lang likevel. Falke var på plass. Sat i bilen og blinka med lommelykta si då eg kom ut av terminalen. I  den raude Suzukien bilen fekk eg akkurat plass til kofferten ståande i bagasjerommet bak. Bilen som Falke kjøpte for 6000 for ein måned sidan,  gjekk som ei kule…Litt lydar her og der, Falke likte betre Peugeoten – den større og var sikrare. Han seier han berre ska ha den i eit år. Han er jo på veg inn i militæret frå januar.

Falke  sin bil. Ein 1993 modell suzuki Swift trur eg

Falke sin bil. Ein 1993 modell suzuki Swift trur eg

Heime i Schancheholen var det reint og ryddig. Eg spøkar med det aldri har vore reinare og ryddigare…. Kitty Karina sin katt, Simpli,  lå midt i stuegolvet i korga si! Litt skeptisk til meg, men ellers kosen. Tok eit bilete med mobilen og sendte til KK. Ho savner katta si… Kristoffer, den eine leigebuaren skulle køyrast til byen, men han ville bli heime likevel (Han og Falke er mykje heime saman med dei to andre fortel Falke) . Køyrde så til Siv og blei varmt moteken av Siv, Åsne og Rita. Rita var komen frå Bergen rett før på overraskesesvitjing til Åsne si bursdagsfeiring!

dfdfd

Rita og Åsne tok imot. Åsne med halloween sminke ennå inntakt!

Dag Bjørnsen kom innom ein tur. Han blei her ein stund. Koseleg. Eg viste Dag med til mor, Hanna, i 2. etasje. Har tenkt på det mange gonger før. Dag møtte og slekta hennar på Hovland i Bjerkreim kommune nokre gonger heilt i starten på sekstitalet.

Dag han fann den gamle familiehytta på bilete hos Hanna

Dag han fann den gamle familiehytta på bilete hos Hanna

Familie deira hadde hytte der oppe, eit steinkast frå bestefar min, Anton, sin gard. Mor er er 91 år, hugsar Bjørnsenfamilien ja, men kjende ikkje att Dag.
Han køyrde meg til Pedersgaten og eg drog til Astri. Hun tok varmt imot, som alltid. Ho har fått det sers triveleg i huset sitt i Risbakken.

Her føler du at du kjem til ein god heim

Her føler du at du kjem til ein god heim

dd

En god kopp kaffi (to var det vel), og ein god samtale!

ll

Astri forlet stua for Svalbard i eit par månader. Skal besøke sonen Mads som bur der.

Richard var og heime. Kjekt å sjå han igjen – hadde mange gode ord og råd frå sine turar til Altea for nokre år sidan.

Op på loftet i Skippergata

Op på loftet

Malarsvennar?

Malarsvennar?

Rett over gata holt Olav Petter og Anne Grete på med å male på loftet. OP har jobbe lenge med det loftsprosjektet, men så blir det veldig flott og, med Stavangers finaste sjøutsikt!!  Gikk over storhaug i kald kuling frå øst…. Huttetu – Tenkjer på Unni og Kitty Karina (og Odin og Helene) som har 26-28 grader nett no!

Det fine loftet som OP har laga nærmar seg fullføring.

Det fine loftet som OP har laga nærmar seg fullføring.

Selskap for Åsne sin 13 års-dag

Aasny, Stein, Kjartan, Vivild, Steinar, Merete og Hanna. Falke kom og. Og Anders med kona Mette. Rita, Siv og Åsne hadde stelt til eit fint selskap med goooood kyllingsuppe og heeerlege kaker!

selskap

Åsne var 13 år på 24. oktober. På sundag var me 13 samla for å feire!

Og her er nokre av stemingane!

Rita si kyllingsuppe må bare prøves! Det meiner eg.

Rita si kyllingsuppe må bare prøves! Det meiner eg.

Mmmm...mmm... og Fucasiabrød heimelaga!

Mmmm...mmm... og Fucasiabrød heimelaga!

Åasne og Marte hadde laga smågodt m marsipan og gele

Åsne og Marte hadde laga smågodt m marsipan og gele

To ferske (og freske!) tenåringar i familien!

To ferske (og freske!) tenåringar i familien!

kven er høgast no?

kven er høgast no?

Fin bil fra oss til Åshild og Eimund

Ein 1957modell Volkswagen....

Åshild Simonsen hadde bursdag her nyleg. Måtte j ta med ein liten presang til henne. Blei invitera til norsk mat hos dei på Jåttå. Det var kjekt å se dei igjen!

Norsk husmannskost er alltid godt!

Norsk husmannskost er alltid godt!

4 Comments

  1. Det var fantastisk med denne levandes «reportasjen» fra Stavanger , sett med litt Spania-øyne. Nå sitte eg på Johannes læringssenter , min nye arbeidsplass (jippppiiii!), og kul`an. Har hatt en lekker varm lunsj og er godt igang med å installere meg med det nødvendige for en ny jobb. Glede meg forresten te resten av dagen som går ut på å bli servert middag av Skjalg – og så ut på Viseklubben ikveld !!!!

    Svar

  2. Ja, kjekt med uppdatering frå Noreg. Berre jysla synd at du ikkje er her nede. Hadde vore veldig kjekt med lokal gaid 😉

    Me skal køyra til Valencia i morgon og treffa Christina, ser fram til det. Og so skal me yvernatta der ei nótt fyrr me dreg attende til Albir. Det er planen 🙂

    Svar

  3. Sit i bilen utfore Kviteseid Bibliotek Logga meg inn paa deira nett men den litlte EEEdataen. Det snor rundt meg. Eg vil heim til Spania att til varmen! Har hatt omvisning i det nye galleriet som me bygg i huset vaart her i bygdi! Flott vert det, Opning den 26 november. Synd me ikkje kan vere der daa. Skal legge ut bildeete fraa den kalde laaange kjoreturen hit naar eg er i Stavanger att i morgon!

    Svar

  4. Gratulere med ny jobb, Siv 🙂 Det vert spanande framover å høyre korleis det er på J. læringssenter. Lukke til med det 🙂

    Ellers var det kjekt å sjå gjennom alle bileta frå «gamlelandet» og kommentarane derifrå. Sakna biletet av Simpli og Falke 🙁 Men dei kjem gjerne i neste omgang saman med bilen og 🙂

    Her har det vore rimelegt lange dagar på jobben,- diverre for det nå når Odin og Helene er her. Heldigvis er dei gode til å finne på ting og tang sjølve. Dei hadde til og med laga middag til meg ein da og det vart eg sers glad for 😀

    Her er det 23 gr nettopp no. Eg sit som vanleg ute med ein kopp kaffe og data´n. Det er godt å sitje her. Det er mørkt ute og eg har to t-lys på bordet med deg gule duken. Det eine T-lyset har visst brent opp medan eg skriv dette fordi eg tente dei for fleire timar sidan då KK og eg åt middag.

    I helga hadde KK og eg Per Magne på vitjing. Han kom saman med den koselege hunden sin,- Electra. Vi var ein tur til Altea på laurdag og til Guadelest på søndag. PM kom rett etter at Skjalg drog og rett før Odin og Helene kom. Det var jo litt dumt da, for då fekk han ikkje helsa på nokre av dei. Men om eg ikkje tek heilt feil så kjem han tilbake til Spania fleire gonger i løpet av 2010. Kanskje har han kjærasten sin, Ester, med seg også då slik at vi får helse på henne og 🙂 Det hadde jo vore fint.

    Ellers er det «fiesta» i Alfaz denne veka. Eg hadde tenkt å ta med gjengen i morgon kveld for å oppleve folkelivet der. Det er visst ei ganske stor greie og både KK og eg har fri på mandag pga «fiestaen». Eg hadde hatt så lyst til å dra til Marokko i fri helga,- men så var det ikkje billettar som passa. Kanskje det går ei anna gong…

    Ja vel alle der heime- saknar dykk nok ja! Fint å sjå nokre bilete både avv familie og venner. Astri – det var så koseleg skiltet du hadde fått. Det var heilt DEG 🙂 God tur til Mads, om du les denne bloggkommentaren, og hels han så masse. Åshild- håpar du lika bilen – det var ein slik «måtte bare ha den til deg» greie 😀

    KLEM t alle

    Svar

Legg att eit svar til Odin Hørthe Omdal Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *