Ei fotoreise til Noreg (del 1). Uno viaje fotografico a Noruega

14 dagar i Noreg har eg vald å fortelje med bilete. Det skjedde så mykje, så derfor vert det mest interessant for dykk å sjå bileta. Håper dykk vert nøgd med det! Desse strekkjer seg frå 19. desember til 23. desember. Resten kjem til veka.

Me var fyrste utenlanske fly som landa på Sola på 8 timar! Norwegian sirkla over Sola flyplass i mest ein halvtime før me fekk landa!

Mye snø. Den stoppet flyet vårt i mange timer.

Me måtte vente i mest 2 timar på taxi, men Falke og Willy henta bagasje med lastebil!

Det hadde falt mykje snø. Odin reddar trea i heime i Schancheholen

Me måtte finne oss meir klede heime, kven hadde trudd det sko bli vinter i Noreg?

Kitty Karina har lengta mykje etter søte katten sin, Simpli!

Flott med vinter i Stavanger. For ein gong skyld blei det kvit jul!

Tacomiddag hos Merete. Det var KK som bestemte den menyen!

Falke med på middag men på vakt. Hadde nett redda ein bil under eit tre!

Hunden til Merete er ei fin og underleg bikkje!

Me budde på Stavanger Brygge som stod tom nett no! Op på frokostbesøk!

Me hadde folk på graut i SB og middag ein dag - ellers så vart med invitera kvar dag!

Falke, Buster og Betina nyt graut frå kokken Unni Elisabeth

Om kvelden den 20ende var me hos Cate og Jan Morten.

Den lauksuppa var GOD! Bra jobba Jan Morten!

Kompressor til spikerpistolen! Utan skikkeleg verktøy.... Flott golv!

Tirsdagen vitja me OP på nye loftet! Stilig!

Her blir det vel berre gallaantrekk frametter....

Fine lykter som Falke skal bruke i militæret!

Kjekkt å vere på Stavanger brygge saman med ungane!

Det var fleire av slekta som kom innom. Her er Kjartan på vitjing.

Det kom mange innom dei fyrste dagane. Her Kjartan.

Mykje fototaking. Kitty Karina er og fotograf i familien!

Jens Buster var innom og fekk julegraut. Randi jobba på kvelden.

Me hadde folk på graut i SB og middag ein dag - ellers så vart med invitera kvar dag!

Godt

Godt med julegraut. KK, Kritian og Kjartan.

Unni fekk gaver i Amerikapakken! Den har ho fått i 27år!

Gode venninger og nære kusiner! Kitty Karina og Åsne i finstas!

Mor og datter i skjønn forening. No vert det julefest!

Odin er oppteke av alternative gåver. Eit heimestrikka slips var ein vinnar!

Julekvelden er me nesten alle samla hos Siv.

Rita og Siv stod for maten. Odin kom med eigen nøttesteik! Han er vegetarianar!

To kjekke karar. Me er veldig glad i dei to her!

Gry, Hanna og Unni Elisabeth ventar forventningsfullt på pinnekjøttet.

Smykke

Unni fekk smykke frå Skjalg. Det gjorde stor suksess!

Odin fekk nok ei gåve han trong!

Sokkar er ein vinnar! Dei får eg god bruk for neste vinter i Noreg!!

Steinar sine optical illusions var populære denne kvelden!

Dei optiske illusjonane vart studera heile kvelden!

Ein av gjestene gjekk ut av sitt gode skinn!

Veldig populært med massasjeolje og godluktolje for denne karen her!

Vin frå Spania. Flyboren årgangsvin! Gry undersøkjer kvitvinen frå Unni og Skjalg

Rapp fekk visst ikkje noko gave han....

Utslite vertskap. Iallefall dei yngste! Siv ser ut som ho kan ta ein kveld til!

3 Comments

  1. Hei og takk for sist. Godt nyår!
    Kjekt å se bilder…. Likte godt bildet av Vadia!
    Jo, diger kontrast mellom her og hos dokk.
    Når veier er måkte og strødd er det greit med vinter for meg…..

    Ha det så godt der i varmen.

    Beste hilsen Merete

    Svar

  2. Moro å sjå bilete av meg sjølv. Litt kleint å skriva «Odin er vegetarianar!» med utropsteikn som um det skulle vera noko rart/spesielt.

    Men det manglar mykje her, kva med alt frå 24. og utyver? Eg ser ingen Helene t.d. 🙂

    Svar

  3. Eg har berre lagt ut til og med julekvelden (resten kjem seinare) – Veit ikkje heilt korleis eg skal handtera så mange bilete på bloggen! Det vert fort uoversiktleg. Men du Odin har vel ei løysing!

    Svar

Legg att eit svar til skjalg Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *