Kitty Karina i Spania – Chica de Noruega en España

Kitty Cat

Då Unni Elisabeth og eg snakka om å dra til Spania for eit par år sidan, var eitt av dei mest usikre momenta Kitty Karina si haldning til dette moglege opphaldet. I 2007, då me fyrst diskutera dette var det ikkje serleg sannsynleg, men eitt år seinare blei planane nemnt for Kitty Karina. Me hadde venta ei negativ reaksjon, men ho vart tvert om! No har med vore her snart 5 månader og Kitty Karina er på veg mot tenåra. Ho blir 13 år den 17. juni.

Kitty Karina er alltid i farta....

Og ho vil ikkje heim! Ho trivest så godt at ho helst vil bli eitt år til! På skulen går det bra, ho likar og klarer seg godt i alle fag, og ho er den einaste i familien som kan litt spansk når me kjem heim til sumaren! Ho har 2 timar på skulen og to timar spansk etter skuletid. Unni og Skjalg er ikkje så flinke, me har ennå ikkje kome oss på noko kurs!

Under vann er ho ofte, sjølv om det er ei stund sidan no!

Tida her i Spania var vore utviklande og spanande for Kitty Karina. Ho er blitt ven med mange nye (jenter og gutar).  Venene er berre blitt norske, diverre…. Me lever i eit norsk miljø med alt for lite dagleg kontakt med spanjolar. Dette er noko eg prøvar å gjere noko med, har et par spanske vener der eg søkjer kontakt med familie og deira sosiale nettverk.

Aktiv jente som er flink med fotballen... Ballen er allereie utanfor bilete!

Kitty Karina ville i byrjinga prøve å spele fotball saman med norske/spanske i klubbar her i Albir, men det var vanskeleg å få til. No er det helst fotball på skulen. Me ser på nett at det er framleis er stor aktivitet hos SIF-jentene -97, det blir kjekt å sjå att dei seinare dette året!

Data nerden som held kontakten med vener i Norge og Spania.

Ellers så er det mange av Kitty Karina sine vener i Noreg (og Spania) som har kontakt på nettet via Msn og Skype og Fjesboka. Åsne, Ylva, Helene, Pia, Ellen og Gunhild er der støtt og stadig, så ho nyttar ein del tid på kveldane på den kjekka datamaskina som ho tok over (kjøpte) frå Falke. Det blir og litt kontakt med Falke og Odin. Falke dreg i militæret i dag, torsdag, så han får me ikkje ny kontakt med før slutten av februar! Odin har nett flytta frå Oslo til Bergen, saman med kjærasten sin . Odin har si eiga bloggside.

Filmstjerne... vel, det er mest ein dokumentasjon av Kitty Karina sitt opphald i Spania.

Kitty Karina sitt liv i Spania vert filma av Skjalg. Det er eit lite prosjekt som med vonar kan visast til andre enn familien. Det vart kanskje litt tøft for Kitty Karina å vere midtpunktet i ein dokumentar om hennar liv, så me er ikkje sikre på om ho vil dette lenger. Så med planlegg å endre litt på struktur og innhald i dette prosjektet. Me får sjå kva det blir til!

Den kjekkaste aktiviteten på kjøkkenet for Baker Kitty K!

Ellers er Kitty Karina med på det meste heime i huset vårt i Tita, Albir. Ho tek sin tørn med vasking, rydding og andre gjeremål som høyrer familielivet til. Det hender at ho baker og slår skikkeleg til med favoritten Brownies!

Å vaske opp er ikkje det kjekkaste av Kitty Karina sine aktivitetar.

Det gjøremålet ho slit mest med, som dei fleste kan eg tenkja meg, er oppvasken. Det er ikkje serleg «automatisk», nei. Men det går med stundom uproblematisk akkompagnert med eigenlaga song til arbeidet!

Trøytt om morgonen!

Den største utfordringa er å få ho opp om morgonen! Det er vel eit problem nokon og ein kvar kjenner, både born, tenåringar og vaksne! Spesielt om vinteren, også her i Spania! Eg, derimot er oppe no.. kl 6 om morgonen, og skriv!

Ein fjortis kjedar seg i butikken!

I tillegg til morgon-trøtte så er ho i ferd med å bli ein skikkeleg «fjortis». Du kjenner dei? Til tider skikkeleg sløv. Himlar med augo når mor og far gjer noko eller seier no teit! Gjeng i «slow motion». Skal ha på seg lua si inne, det er visst tøft! Protesterer mot dei mest opplagde ting. Er skikkeleg tøff i trynet ovanfor føresette når vener er i nærleiken.  Men så kan ho samstundes gje oss dei næraste og mest koselege små og store stunder i saman med oss og. Ho er på veg mot tenåra det er sikkert! Eg trur dei fleste kjenner typen på sitt eige born!

Av og til er Kitty Karina sint jente. Og då kan det se slik ut!

7 Comments

  1. Hei, denne gangen kom jeg inn via twitter. Det er rett før du kan gi ut en bok om spaniaoppholdet. Det er jo så populært med personlige beretninger – jfr. Knausgård 1-3 som jeg nettopp er ferdig med – venter spent på resten.
    Idag skal jeg sende Stein til Rio og Kjartan til Durban, så det blir god tid. hils og ha det godt

    Svar

  2. Veldig kjekt å få reaksjonar frå deg Aasny. Eg kunne tenkt å utvide nokre av dei generelle innlegga med ein del meir faktaopplysningar og nytta dei som artiklar i aviser. Men det andre er skriv er vel personleg og ikkje så interessant å lese for andre enn dei nærmaste.. Eg ser det er innom 40-50 til dagen nå. Det inspirerar jo til å skrive meir og ikkje minst ta å ta fleire og betre bilete.

    Svar

  3. Heisann!
    Vil bare fortelle at jeg i dag har lest bloggen din fra «perm til perm», i allefall det meste om hvordan dere har ordnet det med leie av bolig og flytting til ny bolig.
    Vi i vår familie vurderer veldig om dagen om vi kanskje en dag skal flytte nedover. Så jeg må vel si at jeg leser alt jeg kommer over om andre i samme situasjon. Går det an å spørre deg om hvorfor valget falt på Albir, og ikke Alfaz Del Pi eller Rojales/Quesada? Det var kanskje din kones jobbsituasjon…
    Vi har en datter på syv år, og vil i allefall prioritere nærhet til skole/venner, men er usikre på valg av område.

    Svar

  4. Hei igen!
    Glemte å si at du viser mange flotte bilder, som gir et flott innblikk i hvordan det er rundt om kring – tusen takk:)

    Svar

  5. Kjekt du les bloggen min.. Valet på Albir var samansett, det hadde primært orsak med nærleik til skule og godt nettverk for vår dotter. Ellers så kan du gjerne skrive til meg på e-posten om du har konkrete spørsmål. Se KONTAKT øverst til høgre.

    Svar

  6. Heiass!!!!!!!
    Kjekt å lese og se på bilder, igjen.
    Har begynt i ny, mellombels jobb. På Mosheim sykehjem. Har gått te jobb 7 av 9 dager, her e glatt.
    Jobbe med både kjempekjekke og de mindre artige, som jo normalt er.
    Vadia har gått på smertetabletter siden romjula. Går greit nå. Vente på at hu skal få løpetid…
    Ha det så godt. Me holde kontakten.
    Lørdagshilsen fra Merete
    Vadia hilse te den kjekke familien Hørthe/Omdal

    Svar

Legg att eit svar til Jeanette Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *