Eit kulturelt hjartesukk – Un suspiro culturales

Ei veke sidan eg skreiv sist. Håper alle fekk med seg La Mujer Espanola. Kjekt å nytta gamle bilete frå turen min i 1968.

Det skjer ikkje mykje her oss i Spania nett no. Ikkje meir enn i kvardagen heime i Noreg vil eg meine. Eg og Unni har vore på ein liten utflukt til Sella. Ein liten koseleg landsby (alle landsbyar er koseleg her!) 50 minuttars køyring inn i landet, rett vest for Puig Campana , ein fjelltopp eg vil klatra i vår. I Sella fekk me sjå eit kupert landskap med gamle terrassar som blei lagd av maurarane for 500 år sidan. Landskapet minner litt om risterrassane i Kina, Vietnam og Thailand, men der er dei jo mykje eldre. Nokre av dei me såg i Kina var framleis i bruk, og dei var over 3 tusen år gamle….

Landskapet ved Sella minner om risterassene i Kina. I skya bak, Puig Campana.

Terrassane i Sella har ikkje risplanter, men mandeltre. Området kring fjella her sør for Valencia er dominera av appelsin-, oliven- og mandeltre. Me er inne i appelsinhausten, sjølv om det enno er mange tre bugnande fulle av frukt. No ventar me på mandeltreblomstringa! Den skal visst vere spektakulær! Det gleder me oss til!

Mandeltreet.Snart kjem blomsten ut!

Då me vandra rundt i Sella, denne søndags ettermiddag var det ikkje eit menneske sjå i dei smale bratte gatene. Me tok oss inn på ein bar som var open. Den låg vegg i vegg med landsbyens kyrkje der tårnet såg ut som om det skulle ramle ned når som helst!  I den brune baren sat det tri eldre mannfolk. Dei var nok stamgjester. Etter kvart kom det fleire inn og dei tri eldre mennene sette seg til å spela kort. Samtala var levande, synd me ikkje forstod kva dei snakka om!

God stemning rund spelebordet på baren i Sella. Slike plassar likar eg meg!

Unni fekk godt selskap her i baren. Alle saman drakk kaffi!

Det er noko spesielt å vandre rundt i desse små landsbyane. Det sett tankane i sving om kva for liv dei lever her. Det hadde vore kjekt å snakka betre spansk og gli inn i miljøet, bli ein av innbyggjarane og leve tett med spanjolane. Unni Elisabeth, Kitty Karina og eg valde å bu nær skulen der Unni jobbar. Det har førd oss inn i eit internasjonalt miljø med lite spanske innslag. Dette har eg skrive om tidlegare. Å gå rundt i Albir er som å gå i ein kvar europeisk liten by, eller snarare ein krysning av mange europeiske landsbyar! Ein eurolandsby. Det er berre ein stor forskjell… Aldersamansettinga.

Stille i gatene. Siestatid i Sella!

Demografisk sett er Albir ein sers annleis by. På vinteren er det mest eldre folk å sjå. Det er mange pensjonistar frå fleire europeiske land som bur her om vinteren. Dei einaste unge me ser er barn som er på besøk hos desse fastbuande pensjonistane. Og så er det meg og Unni då!  Å leve her er ikkje å leve i Spania, slik eg ser det. Det blir eit isolert norsk/engelsk/hollandsk liv, alt etter kva miljø ein sjølv er i. På sumarstid vert Albir ein turiststad som mange andre plassar langs Spanskekysten. Om eg skulle vald eit opphald for min eigen del så hadde eg busett meg i ein spansk landsby. For det fyrste ville eg hatt meir personlig nytte av det, ville ha lert meg spansk på kortare tid og det hadde passa mitt personlege budsjett myke betre! For det skal og seiast, at det er mykje dyrare å bu her. Leige av bustad er dyrare, tenester er dyrare, restaurantane er dyrare, kort sagt dei generelle levekostnadene er høgare enn andre plassar i Spania.

Unni insistera på å bli med på bilete frå Sella. Puig Campana i bakgrunnen.

Det er mykje billegare bustad inne i landet!

8 Comments

  1. Kjekt med oppdatering! Fine bilete.

    Du kann framleis gjera noko med spansken, og det å koma meir inn i kulturen. Kannhenda du burde byrja sjå filmar du kann utruleg godt dubba til spansk? Sjå han mange-mange gongar. Medan du i andre ledige stunder leser aviser på spansk? Les ei bok du kann godt på spansk. Og sjølvsagt upp med spansklæringsbøkene att. Enno viktugare, men litt vandskelegare (og eg veit du hev prøvd/prøver); finn nokon å prata med. Eg hev trui på at du klarar å læra deg godt mykje dersom du set eit par klutar inn for det.

    Svar

  2. Bra Skjalg , så syns jeg du er på vei til å lage en alternativ guidebok for folk som vil se/oppleve noe annet enn Albir.
    Ta for dere flere landsbyer i nærheten ,og få med særpreget.
    Bruk hendene/armene og snakk i vei. Interessant å lese
    hils fra aasny

    Svar

  3. Hallo Skjalg!

    Mye interessant og fine bilder. GLED dere til mandelblomstring!!!!!! Mandelblomstringen i Atlasområdet er et av mine kjæreste minner fra Marokko. Det var i mars måned.
    Ellers vet du vel at vi snart omkommer, nå ja litt overdrevet, i snøen. Det er vemodig vakkert. Vilheller ha snø som nå, enn de isete veiene vi hadde.

    Har fått ny, permanent jobb. Begynner på Rehab avd på Haukåstunet 15. februar.

    Svar

  4. Hei igjen!!!
    Ska sei, te Marokko. … Kor og kor lenge? Harvært fire ganger og sett ganske møje av landet.
    Ska «kje du og KK te Stavanger snart?
    Kanskje me får te et lide treff? Dokk kunne jo henta Hanna og komt på besøk, har lovt na det.

    Hilse Merete i nydelig vakkert vintervær

    Svar

Legg att eit svar til Aasny Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *