FALLAS EN VALENCIA – UNA FIESTA ESPECTACULAR!

Unni lika seg i festen i Valencia.

Store figurar overalt i Valencia. Denne er 10m høg!

Det har vært Fallas i Valencia i ei heil veke. Fallas er ei festveke for cataloniarane i Comunidad Valencia til ære for Saint Joseph. Kvart år på denne tida er heile byen engasjert i førebuingane til den store paraden og presentasjon av dei flotte figurane som vert brente den nest siste helga i mars kvart år. Det blir dagar med mykje røre og mykje bråk!

Skaparglede med fine detaljar på figurane! Mange har satire som tema!

Figurane var henta frå eventyr, kvardagsliv og politikk i Catalonia.

Provinshovudstaden Valencia ligg 145km nord for oss. Det tek oss kun 1,5 time å reise på den snøgge motovegen AP7. Det er ein betalingsveg, men riksveg 332 (som er den gamle stamvegen mellom Malaga og Barcelona) tek oss dit gratis, med  litt lengre tid. På fredag kom med oss inn til byen kl. 14.00 og med blei som venta ståande å stange i kø den siste halvtimen. Alle skulle jo inn til sentrum! Vel, med kom oss inn i eit parkeringshus og ut i gatene.

Eit par hundre tusen menneskje i gatene. Trongt å kome seg fram!

Det small fælt rundt oss! Små og store gutar sprengde små og store bomber. Iflg Unni var jentene og med på notene, eg såg ingen. Fyrverkeri gjekk til vers og laga ein kakofoni av bråk. Lydnivået var frykteleg høgt! Ei norsk nyttårsfeiring er berre eit vorspeil samanlikna med dette. Klokka var kun 15, det var lyst, så me såg ikkje mykje til ljoset frå fyrverkeriet! Overalt på større plassar ibyen sto det små, og store figurar. Skikkeleg flotte var dei, med motiv henta frå kvardag, frå eventyr og kjendisverda og frå aktuelle politiske hendingar siste året. Eit og anna religiøst motiv såg me og. Det var like fylt i gatene som i Stavanger sentrum under opninga av ST2008. Svart av folk. Det vil seie det var nokre fargerike damer med dei tradisjonelle catalonske bunadene. De var flotte å sjå! Dei fleste damene var og flotte å sjå på..

Dei catalonske bundadene var ei fryd for auga!

Folk lagar seg kostyme. Her ei flaggermus og ein klovn!

12 timar med fest tek på for unge bein!

Utruleg mykje arbeid for å pynta byen. Og overalt kunne me kjøpe Curros!

Me hadde snakka med Cristina på telefonen  og skulle møte henne seinare ein stad i gamlebyen. Me fann ut at me måtte avstå denne gongen og og helle vitja henne ein gong me hadde betre tid. Det blei for kaotisk og for seint for oss. Klokka ti på kvelden sette dei fyr på figurane. Det small og knitra, folk klappe og jubla. Dette hadde dei venta på lenge! Dei seier at brenninga er ein tradisjon som banar vegen for ein ny start. Svart røyk velta ut av dei fargerike figurane og opp mot den svarte himmelen. Her var det mykje farlege gassar kan eg tenkje meg! Figurane var nok ikkje laga av miljøvenleg materiale! Me skulle heim same natta, parkeringshuset stengde kl 24.00 så me køyrde ut av byen. Me gjekk glipp av sjølve klimakset på feiringa. Det var trist, men det er berre 363 dagar til neste feiring startar!

Dei flotte figurane vart brente om kvelden den 19. mars!

Så brann dei opp alle figurane mellom 22.00 og 02.00...

2 Comments

  1. Kjekt å se ka dokk får me dokk.

    Minnes Karnevale i Oslo, når eg ser bildene . Då tente de på karnevals»kongen» siste kveld…… Eg hadde med Ragnhild som då va ca 10 år.

    Rørande, litt skummelt (syns jaffal Ragnhild)t og spektakulert.

    Svar

  2. Hei Unni!

    En kollega på jobben min fortalte om Valencia og denne festivalen. Da jeg googlet meg inn for å finne ut av den kom jeg på denne siden og oppdaget at her var det kjentfolk jo.

    Det var ekstra hyggelig.

    Mvh Turid

    Svar

Legg att eit svar til Turid Bratthammer Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *