Eyjafjallajökull stoggar Spaniareturen!

Seks bilete til utstillinga som opnar i Kviteseid om 10 dagar. OP har tatt dette bilete av meg.

Eg er råka av naturen sine krefter. Eg må bli i Noreg på ubestemt tid. Ingen veit når det lettar fly frå Sola flyplass. Eg hadde og retur i går frå Haugesund, men den vart og stogga. Flyet til Alicante imorgon er kansellera. Ser på nyheitene at statsminister Stoltenberg landa i Spania frå New York. Det ser ut til at Spania er eit av få land som framleis har ope luftrom. Men hjelper ikkje meg mykje…Var nett i Kviteseid. Køyrde bort på onsdag etter at eg hadde gjeve nyklar til dei nye leigebuarane i Schancheholen som skal ha huset til 1. august. Med meg på turen til Kviteseid hadde eg Olav Petter. Han vart imponert av kva med hadde gjort inne i huset, meinte at oppussinga hadde vore vellykka i hans augo. Det er faktisk 10 år sidan han var i Kviteseid sist.

Det blir rolege dager med PC og TV framover kan eg tenkje meg!

Nå frametter blir det rolege dagar for Olav Petter og meg. Han er jo og råka av naturkreftene, sidan han faktisk skal vere på same flyet til Alicante. Turen hans på 10 dagar vert jo kortare for kvar dag som går! Sjølv om det vert roleg no, så finn me vel på noko å gjere. Besøke folk, kanskje. Hjelpe til med vårreingjering, pusse litt på huset hans, som kompensasjon for leige! For kan hende eg må vere her lenge! Ekspertar som har uttala seg på fjernsyn seier at utbrotet kan vare i 2 år! Ein måte eg kan koma meg heim til Spania er å hente den fine raude sykkelen i Schancheholen og sykle avgarde sørover. Då vil eg og koma i form trur eg.

3 Comments

  1. He, he… ja to år.. Eg får leggje om rutinane. Det blir ille å finne på noko til middag kvar dag. Eg får satse på uteliv då 😉

    Svar

  2. Oj då. Det der me to år har eg «kje fått med meg………

    Då må gjerne komme på besøk. Har travel uka nå, men har helgefri.
    Merete

    Svar

Legg att eit svar til Merete Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *