På djupt vatn, i Middelhavet – En aguas profundas! Falke og Skjalg dykkar!

Husk du kan trykje på bileta. Ein gong, store, ein gong til ennå større!

Oppdatera torsdag kl. 13.58: Sjå Falke med beviset!

Åshild og Eimund reiste og det blei stille. Falke har vært her ei veke. Kosa seg i varmen og med kontrasten til det strenge soldatlivet på Skjold i nord Noreg. Han har vært stille, det vil seie han har lese mykje den siste tida!

I stua

På hotell-terrassen

Me tinga dykkarkurs for han, så har har nytta høvet til å førebu seg vel. Frykteleg vel. Han les og les, strekar og fargar i boka si om dykking. Han har snart lesa og fargelagd heile den 260 sider lange læreboka, så eg trur han tek kurset denne veke med den største lettsamd. Dei siste dagane har eg sitt han lese ute og inne, på kafear, parkar, om kvelden dagen og natta! Nå den karen har bestemt seg for noko så går det slik! Det er både sikkert og visst!

På benken

På cafe....litt trøtt!

Kurset Falke tek er det same som eg to omlag 22 år sidan! Har har ikkje dykka sidan den tida, så eg må friske opp kunnskapen min og gjere eit dykk eller to slik at eg er «kompatibel». Det er det som no står for tur. Falke han har lese seg opp og eg må vel be han eksaminere meg litt på teorien, tenkjer eg!  I dag tirsdag, så har han fyrste dag med undervisning og pratisk dykking. Han fekk seg et prøvedykk i Calpe for nokre månader sidan, då han vitja oss sist i septemeber. Det ga meirsmak, så no tek han Padi sitt ordinære sertifikat og tørrdraktsertifikat, som han og kan nytta i Norge (over heile verda).

Det er viktig med instruksjon før første dykket.

Det er et nokså omfattande kurs Falke skal gjennom. Det er ein del teori (boka er på 260 sider) Det er mykje sikkerheit og prosedyrar som skal innøvast og det er mykje utstyr å halde greie på.

Instruktøren.

Ventil

Ventilluft.

Munnstykket.

Teori er viktig!

Teori er viktig!

Instruktøren heiter Guido og er frå Tyskland. Han har drive  Greenwich Diving i mellom Calpe og Altea i 4 år. Dei har ein fin heimeside, kikk inn der. Der ligg og fleire bilete frå vårt dykk den 19. mai! Falke sitt PADI kurs går over 4 dagar. Det er eit intensivt kurs som krev mykje lesing på kort tid og dei tek 4 dykk med instruktør. Fyrst Open Water Diving og så Tørrdraktkurs. Han må ha begge desse kursa for å dykke i Noreg -der det er så kaldt i vatnet! Siste kurset er mest teori, eit dykk med tørrdrakt og eksamen på fredag. Eg har desse formalitetane og trong berre oppfrisking. Eg fekk prøva meg på mitt fyrste dykk i dag! Fyrste dykk på 22 år!! PADI-sertifikatet mitt er frå 1988 – to år før Falke vart fødd.

Sertifikatet frå 1988

Livstidsdokument!

Våren 1988 gjekk eg på kurs hos Siddis Dykkeskole, Eg hugsar me dykka ved Helgøysund den gongen. Det var med ei viss forventning at eg tok på meg utstyr og tok dei fyrste instruksjonar frå Guido, den tyske læraren. Etter at me drog ut med dykkarbåten, blei me delt i to grupper med kvar vår instruktør. Engelsk Goeff var med oss (Falke, eg og Terje – ein annan nordmann).

Nesten klar for 12 meters djup.

Uti vatnet måtte eg justere maska mi fleire gonger. Me fann ut at den var i det minste laget. Det kom vatn inn heile tida. Etter at dette var gjort gjekk me ned til 10 meter der me gjorde fleire øvingar, slik som vatn i maska, ta av maske, miste og finne pusteventil.

Ok! ..(foto: Melissa)

Skjalg til v. (foto: Melissa)

Obligatoriske øvelser som er viktig å drille på for sikkerheit. Falke han er 20 år snart tar alt naturleg for fyrste gong (forresten han dykka jo her i Calpe i september i fjor), gamle Skjalg er 56 og klara seg godt i vatnet (meinar han sjølv!) Fyrste dykket var roleg men med noko famlande bruk av balansejusteringa med luftventilen. Eg gjekk litt for mykje opp og ned den fyrste halvtimen.  Etterpå gjekk alle øvingar som smurt på tolv meters djup.

Falke han trivs i vatnet, den vannpolo-guten som han er.

Det andre dykket tok vi etter ein halvtimes pause ombord i dykkarbåten. Då for eg i vatnet med Guido og eit tysk par. Det vart 45 minuttar med nærmast perfekt dykking. Me padla rundt omkring på botn nedfor dei bratte klippene mellom Altea og Calpe. Her var det flotte fargerike fiskar og fin vegetasjon på botn. Eg hadde problemer ein gong, med blybelte som ville ned på baken. Eg fekk hjelp til å stramme det rundt livet igjen. Det er herleg å føle denne vektlause tilstanden til kroppen, berre sveve mellom vatnskorpa og botn.

Skjalg etter andre dykket. Berre gode følelser!

No blir det berre å oppfordra Odin, Unni Elisabeth og Kitty Karina til å prøva seg. Kanskje nokre av venene våre? Er det nokon som blir med på neste dykk?

Falke på veg opp etter sit 4de dykk. På fredag får han utvida PADI-sertifikat

Månefisken var lett å fange i vannskorpa! Geoff kyssar fisken...

Her er beviset. Open Water Diver. Falke hadde eit resultat på 94,5% på prøva!

6 Comments

  1. Endelig kom den forlengst annonserte dykkarreportasjen. Kjekt å lese. Kjekt å se bildene!! Virker som en meningsfull aktivitet.Eg starta såvidt på et dykkerkurs i Karibien for ca 30 år siden, men det varte så kort at eg ikkje trengte å nevne det her engang…. Men meiningsfullt for meg var at eg nettopp fornya livredningskurset i St.Svithun skoles basseng.

    Svar

  2. Ja dette var tøfft!-tror Ole til vivild har lignende sertifikat, han er veldig opptatt av dykking

    Svar

  3. Aasny 🙂 Flott, det visste eg ikkje! Då kan Falke og eg ha ein dykkarkamerat! Ein må alltid ver minst to når ein dykkar…

    Svar

  4. Eg har dykka med drakt og utstyr i Frankriket 2006. Men eg vil gjerne taka sertifikat. Eg lærer meg å segla nett no, so dykking vert jo ein fin utviding av det.

    So, kor mykje kostar gildskapen då?

    Svar

  5. Falke betala 329EU (kr.2650) for PADI Open Water Diving og 139EU (kr. 1112) for Tørrdraktutvidelse.

    Svar

  6. Odin, du får hengje deg på 😀 Kanskje vi kan ta ein tur til østen til dømes og dykke litt der?

    For nokre år sidan var eg i Egypt (Sharm El Sheikh) og flaut rundt i sjøen der med snorkel og dykkarmaske, og veit du det var heit fantastisk! Til tross for at vi kun såg alt frå overflata og ikkje gjekk ned i havet. Korallreva der var fulle av anemoner, fargerike småfiskar og diverse blautdyr.

    Svar

Legg att eit svar til Odin Hørthe Omdal Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *