Tur til Puig Campana, til toppen….eller?

Puig Campana, dette fjellet vil me opp på!

Fjellet reiser seg storslått og utfordrande!

I 10 månader har eg hatt ynskje om å kome meg opp på Puig Campana (1408 meter over havet). Det var ein god moglegheit då Olav Petter kom hit i forrige veke. Me rusta oss godt til turen, det var varmt, omkring 30 grader då med reiste frå bilen.

Finestrat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Olav Petter og Skjalg før den store styrkjepøven... Toppen i bakgrunnen.

Me fylde instruksjonar frå eit turbok me kjøpte for ei stund sida. Det blei litt forvirrande, ettersom det som stod skrive var uklart og mangfullt. Etter å ha fylgd dei merka løypene, kom me opp til kring 950 meter.

Då hadde me gått i 2 timar og var halvvegs. I boka stod det at heile turen tok 4,5 timar, men då forstod me at det var noko som ikkje stemte. Turen rundt fjellet er på 14 kilometer. Det er mykje, når ein og skal stige 1000 meter. Varmen var intens. Me hadde med oss 4,5 liter vatn og det gjekk med – fort. Eg stogga fleire gonger for å taka bilete. OP og Unni gjekk vidare og då eg skulle sette opp tempo og ta dei igjen merka eg at eg ikkje er i så god form lenger …eller kan det vere varmen…hrmm…Jo – me seier det!  Det er kanskje ein orsak til at det ikkje er nokon som går til toppen på denne tida av året.

Hjartebank og pustevanskar i 30 graders varme tvinga meg til å setje ned tempoet.  Me kom oss opp til kring 950 meter då me innsåg at dette klara med ikkje denne dagen. Ein stor brønn vekte vår merksemd, ein steinsett konstruksjon som me undra oss svært over.  Kunne det vere ein del av eit eldre vatnings-system høgt her opp rett under det bratte fjellet. Vel – me sette kursen heimover og bruka nesten to timar på å kome oss attende til bilen. Det var framleis varmt, så me tok oss tid til å sjå den flotte floraen. Mange fine fotomotiv. Om me ikkje nådde toppen så hadde det like fullt vore ein fantastisk tur med mykje flott natur.

Mykje fint å sjå på nerturen...

6 Comments

  1. Dette var atter en nydelig bildedokumentasjon av et mangfoldig Spaniaopphold. Eg er imponert over innsatsen på denne turen slik den beskrevet! Er nettopp hjemkommet fra 3 døgn på Egersund visefestival. Kjempekjekt.
    Skal denne uka slå følge med Oddveig til vakre,vene Ørsta. Kystbussen hjem igjen før helga.
    Kanskje Vikedal rootsfestival etter det…

    Svar

  2. Dette var en kjekk tur og fin naturopplevelse. Peiste ner halvannen liter vann under vår brave fjelltur, og det var alt for lite gitt, så det var jo ganske bra at vi fant et vannhull i Fonts De L`Algar hvor vi kunne gjøre mer enn å vasse i elva 😉

    Svar

  3. Takk for ein fin tur ja 😀 Skaret på toppen av Puig Campana ligg så forlokkande der oppe i skyene og kan sjås frå det meste av Albir og Carretera 332 langsmed Benidorm. Me skulle nok hatt heile dagen og starta tidleg om morgonen for å sleppe den intense varmen. Eller så måtte me ha overnatta da, om me hadde tenkt på det 😀 Det var så intenst flott med skydekket som sigla inn over fjelltoppen då me var på veg nedover igjen. Det var heilt trolsk der oppe. Me fekk mange fine bilder. Skal etterkvar legge ut nokre eg og, her eg tenkt ;-D

    Svar

Legg att eit svar til OP Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *