Font del Algar – ei turistfelle i naturen.

Det har blitt mange turar de siste vekene. Me reiste til Font del Algar.Dette er ei typisk turistfelle, men det var jo kjekt å få seg ein kald dukkert i elva. Eit slikt anlegg me såg her ville ikkje ha vore bygd i Noreg.

Font de Algar er blitt ei tursistfelle - her var mykje av naturen øydelagt.

Ein kan sei at her hadde dei øydelagt naturen for å gjere den tilgjengeleg for folk flest. Eg trur nok turen til Preikestolen i Noreg hadde blitt sers annleis som naturoppleving om de hadde gjort som her!

Font del Algar. Magnet for den badeglade.

Det var fint ver og varmt denne dagen. Så varm at eg måtte ta meg nokre symjeturar i den kalde vatnet. Det var litt utfordrande å symje inn til fossen. Noko overraskande å kjenne kraften i vatnet som trefte megdå eg kom under fossen!

Fossekallen - eller kanskje det er draugen?

Unni er ikkje den fyrste som hopp uti når vatnet er kaldt, men denne gongen slo ho til….Kitty Karina og Olav Petter haldt seg til forsiktig vassing i elva… (pinglete – spør du meg).

Unni Elisabeth overaska med å kaste seg uti 18 grader kaldt vatn!

 vassa i det krystallklare vatnet...

Olav Petter og Kitty Karina vassa i det krystallklare vatnet...

One Comment

  1. Off, ja. Spanjolane manglar totalt smak ser eg. Tenk å øydeleggja flott natur på den måten. Kjekt at Kitty Karina vert med på slike ting.

    Ho ser ikkje alt for sint ut på det eine biletet der ho er i bakgrunnen helder. 🙂

    Svar

Legg att eit svar til Odin Hørthe Omdal Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *