Siste veke i Spania – Avskjed med Tita

Huset me leiger med den store flotte blomsterbusken 26. juni 2010

Sally er kunstner og fann mange flotte motiv i Communidad Valencia.

Sally mala huset her i Albir. Rikig flott blei akvarellen

Flott strand i Vila Joyjosa. Unni, Sally og Kitty Karina badar i Middelhavet.

Når dykk les dette er me på veg i bilen til Noreg. Me har pakka og rydda, støvsuga og vaska. Dei siste dagane har berre sust avgarde i travle førebuingar til heimreisa. Har hatt kort vitjing av Sally. Ho er ein god ven frå Sandnes, biletkunstnar som nytta høve til å få nokre solfylte dagar med rekreasjon og maling. Ho har og vore så grei at ho har vaska huset saman med oss! Takk Sally! Same dagen som ho drog til andre vener i Alicante, tok me avskjed med Kitty Karina. Ein vemodig augneblink, det er fyrste gong ho reiser med fly aleine i utlandet. Trur ho var trist og lei seg, mest for at ho ville blitt her eitt år til. Kitty Karina har hatt eit flott år og knytta gode kontaktar med jenter og gutar på den norske skulen i Albir og i Alfaz del Pi.

Alltid ei utfordring å sjå om me får plass til ALT i bilen..

Den siste dagen var det ei stor oppgåve å få alt inn i bilen. Det er like overraskande kvar gong kor mykje som det går an å trykkje inn i Peugeoten! Då eg kikka på haugen inne i garasjen sa eg til Unni at me nok må setje halvparten att, men den gong ei…Alt fekk plass!!!!

Jentene tek avskjed på Plaja del Albir.

Før turen heim til Noreg har me skaffa oss nokre kontaktar (mellom anna CS-vener) på veg gjennom Spania, Frankrike og Belgia, så den saka er grei…

Så er Kitty Karina sitt år i Spania over for denne gong.

Sjølv om me no er på veg heim til Noreg, så kjem det nokre innlegg til her på bloggen min. Eg har ennå stoff nok til å laga skildringar frå opplevingar i dei siste vekene. Fylg med! Og så må dykk og kikke innom på Odin sin reiseblogg frå USA.

6 Comments

  1. Vemodig med hjemreise, har blitt en vane å gå innom bloggen hver morgen ( på hverdager). Det er så mye bra betraktninger- at som sagt før, bør du prøve å få gitt det ut – selv om nettet er for alle. Velkommen hjem 🙂

    Svar

  2. Ja, nå sit me i Port Arthur og kosar oss me roen og stillheita. Laaang tur frå Spania , 3500 kilometer gjennom Sverige. Skriv nok om det om ei stund.

    Svar

  3. Ja, einig med Aasny. Det hev vore storarta å fylgja med. Veldig moro! Høg kvalitet yver heile fjøli, spanande kvar gong eit nytt innlegg er ute.

    Storarta, flotte bilete og god tekst. Me fær taka godt vare på denne sida.

    Svar

Legg att eit svar til Skjalg Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *