Unni Elisabeth er attende i Spania

Unni attende til Spania - utan Skjalg og Kitty Karina....

Unni attende i Albir, utan Kitty Karina og Skjalg...

Unni Elisabeth er attende i Spania for å arbeide som vikarierande rektor på den Norske skulen i Albir. Som fleire av dykk veit, så blei ho spurt om ho kunne vere rektor fram til midten av oktober, fordi den faste rektor skulle til Noreg for familiære årsaker. Dette vert jo ei ny og utfordrande oppgåve for Unni Elisabeth! Den tek ho i kjent stil med engasjement og pågangsmot!

Unni ved båthavna i Altea ein septemberdag...

Unni Elisabeth på sykkel i utkanten av Altea i september. Kven har tatt dette bilete mon tro?

8 Comments

  1. Hallo… eg trudde det var slutt på denne bloggen eg 😀

    Altså; Eg er attende i huset som vi leigde i Tita. I skrivande stund er her framleis sommar og sol og Middelhavet er utruleg godt og varmt. Eg har bada fleire gonger og eg kjem meg rundt på sykkel. I helgene har eg teke sykkelturar til Benidorm og Altea. Det har vore fint.

    Det er ei heit anna oppleving å vera her no utan Kitty Karina og Skjalg,- litt stilt, men eg brukar tida heime mykje til å lesa. Lesa bøker,- noko eg ikkje har fått gjort så mykje dei siste åra. Eg har alltid fått lest litt, men det har blitt for lite, synes eg. Får ta det igjen no da 😀

    Svar

  2. Nei..så lenge me har nokon frå familien i Spania, så må me skrive litt og. Men det blir kanskje meir aktivitetar på bloggen frå Kviteseid: http://pa.s0.no/. Der skjer det noko framover!

    Svar

  3. Det går mot slutten på opphaldet for Unni Elsiabeth og. Eg la inn nokre bilete ho sendte meg i sist månad…Gler meg til å få henne heim att 🙂

    Svar

Legg att eit svar til Unni Elisabeth Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *