Ein heilt vanlig dag. Un día completamente normal.

Dagar kjem og dagar gjeng. Den eine dagen tek den andre. Ordspråk som er blive flosklar.  Men det er slik det følest. Me har budd i Spania i tri månader idag. Det er ikkje lengre enn ein lang ferie, men det er nok ansleis for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har som eg allereie har skrive fleire gonger ikkje noko normalt arbeid. Eg lagar mi eige arbeidstid der eg legg inn fleire aktivitetar, så som sykkeltur til stranda der eg hentar dagens post (om det er det då), ein tur i butikken, så kanskje ein tur innom ein kafe for ein kaffi.

Me har ein luftavfuktar i kjellaren. Den må tøymast kvar dag.

Me har ein luftavfuktar i kjellaren. Den tøymast kvar dag.

Vel heime i Tita, parkerer eg sykkelen i bakgarden med sia av appelsintreet. I kjellaren tek eg ut vatnet frå den lille avfuktaren som står og sviv der. Dette tøymer eg ved rota til appelsintreet, som ikkje får så mykje vatn stakkar. Me har ikkje hatt regn sidan byrjinga av oktober. Eg planlegg ei oppfinning som gjer at eg kan gløyme denne tøyminga. Eg vil laga ein innretning med slange som kan ta vatnet rett i sluken. Me skal jo vere i Noreg 12 dagar, så eg mo jo finne på noko her!

Vatnet frå avfuktaren tøyemer eg på appelsintreet i bakgården.

Vatnet frå avfuktaren tøymer eg på appelsintreet i bakgarden.

Av praktiske gjeremål er det ein del som høyrer heimen til. Det er t.d. å halde køyretøy i stand! Her om dagen måtte eg vaske bilen og skifte to lyspærer samstundes! Begge frontlysa forsvann her om dagen, midt på svarte kvelden! Det var nifst!!! Då er det ikkje fullt så farleg når bremsene forsvinn…. På sykkelen vel og merke. Det skjer jo, men ein har jo praktiske hender som fikser slike bagatellar! Og slike bagatellar oppstår støtt og stadig.

Eg har eit kjekk og praktisk verktøysett med meg frå Noreg!

Eg har eit kjekt og praktisk verktøysett med meg frå Noreg!

 A man has to do what a man has to do!

A man has to do what a man has to do!

Eg skriv nokre timar på manuset kvar dag. Tek meg ein kaffi, og i dag måtte eg klargjere HD kamera mitt med å formatera minnekorta på 64GB. No er dei klar til å ta mot nye 60 minuttar med opptak. Ellers så sit eg mykje her i sofaen og jobbar på maskina. Legg ut nye tekstar og bilete på bloggen min. Det er kjekt å gjere det spesielt når vener  les denne. Eller er det nokon som gjer det framleis? Eg har ikkje fått noko respons eller kommentar sidan 17. november då Merete invitera oss på besøk i juleferien (takk Merete!).  For dei som ikkje finn kommentarfeltet så er det her. Ellers så skal me jo heile familien (med Odin og Falke) feire julekvelden med Siv og di….

Arbeidsplasser er som regel i sofen i stua. Her er det formattering av minne som går føre seg.

Arbeidsplassen er i stua. Her er det formatering av minne som går føre seg.

Noestros tres hograres – Våre tri heimar –

Framleis her i deg høge nord! Det merkast at det e her eg bur og»høyrer heime». To månader i Spania er ikkje lengre enn ein middels ferietur, men det er veldig kjekt å møte vener «overalt». Det tar nok lang tid å kome inn i Spaniamodus for meg, med det sosiale netverket (kjekt ord) som eg har her i Noreg. Å dra fram og tilbake to gonger på to månader gjer det ikkje lettare å føle at eg bur ein annan stad!

Godt å se at desse to har det godt heime!

Godt å se at desse to har det godt heime!

Her i blokka i Brevik har Reidar Larsen flytta inn med Frode Ytrearne, Dei driv studio Blue Team og eg helsa på dei her om dagen. Mens eg sat deg dukka og Finn Skoglund som eg arbeidde med på syttitalet! I Profilm AS (1975-1981). Det var ei nostalgisk kjensle å snakke om arbeid med hadde samen for over 30 år sidan! Finn fortalte den morosame episoden då me arbeida på eit prosjekt med Arild Edvardsen og fekk filmopptak tilbake frå laboratoriet der dei hadde forveksla navnet Profilm med Profetfilm! Den hadde eg gløymt! Dykk kjenner vel Arild Edvardsen og hans medieimperium, der han snakka om at det var dei høgare makter som hadde sagt til han at det var i film og fjernsyn han skulle satse, men eg meiner nå at det var me i Profilm som leia han inn i den verda! I 1976.

Reidar bak arbeidsplassen sin i Breivik

Reidar bak arbeidsplassen sin i Breivik

Dette savnar eg!

Dette savnar eg!

Heime i Schancheholen var det kaldt. 17. inne. Fyra opp og vips så hadde eg 24 grader! Skulle  leite i kjellar og loft etter nokre ting som Unni Elisabeth skulle ha. Eg er endeleg å leite, men fann noko. Falke kom heim og er vart overraska kor husleg han eigentleg er! Måtte take eit bilete av han og husdyret!

Ein annan kar frå langt tilbake er Magne. I landet han og nå, denne globetrotteren som vel har sett fleire land (og hav) enn dei fleste. Kjekkt å vera nokre korte timer med han på hjul i Stavanger, han har alltid nokre nytt og spanande å fortelja.

Magne Risa har reist mykje i livet sitt. Meir enn nokon anna eg kjenner

Magne Risa har reist mykje!

Vertskapet

Vertskapet får middag !

Ingen kommentar

Ingen kommentar

Som mellombels leigebuar må ein jo alltid stille opp med noko for Husverten! Eg laga middag med tanke om å presentera ein spans meny. Etter å ha saumfara kjøkken etter dei rette kryddera, måtte eg konstatera at det blei  meir norsk en spansk. Kjøttbolar med brunleg saus og sjampinjong, og  Tortilla de Potata – kjøpt med frå det lokale supermarknad i Albir.   Vertskapet godtkjente meny og utførelse med god margin. Kommentarane frå både Åsne og Siv var samstemte. Seinare var Siv og eg på konsert i Stavanger Viseklubb (det var eg og sist gong eg var heime). Her spela  List – to jenter med STOR stemme. Hadde visst laga musikk til Himmelblå.

Snøen kom v Evje

Snøen kom v Evje

Klokka o530 neste dag var det avgarde til den andre heimen vår i Telemark. 400km med bil om Evje. Det snare vegen over Suleskard vart stengd den 1.11 – like godt ettersom der var meld vind og snø dei neste dagane. Og snø vart det og. Mors sin bil, denne Kia frå 2000 er liten og nett, 1000cc motor og Automatgir. Lett å køyre. Hadde vinterdekk, så turen på såpeføre gjekk godt.

Framme i Kviteseid kl. 1030 møtte eg  folk frå Kviteseid Kunstforeningen som skal leige butikken for dei neste tri åra. Dei pussar opp på dugnad, saman med byggmester Ole Frøy Ness.

Hild og Ole har ansvar for at bus´tikken blir galleri

Hild og Ole har ansvar for at butikken vert galleri.

Nå har med fått både toalett og vedovn i galleriet!

Nå har med fått både toalett og vedovn i galleriet!

Han har gjort ein fin jobb på huset tidligare. Nå vert det opneing den 26. november. Om nokon er på dei trakter, så er dei hjarteleg velkomne!Og vil nokon leige utstillingsplass, så kom igjen!

Metter Junker Østensen

Mette Junker Østensen

Hilde og Bjørgulv i Kviteseid

Hilde og Bjørgulv

Hilde og katten Brumle (!)

Hilde og katten Brumle (!)

I bustaden vår over butikken held Mette Junker til. Ho er turnuskandidat frå Bærum og skal vere i huset til februar. Kjekk jente. Sko tru ho ikkje var frå Bærum! Eg får stor tru på legestanden etter å ha blive kjend med henne! Ho fortalde om ville tilhøve også i Kviteseid, det gjeld sjølvsagt svineinfluensaen. Stor smitte i bygdi! Eg fylgjer hennar råd og blir nok ikkje smitta!

I Kviteseid føler eg meg heime. Her har me hus, svigerfar og vener. Låg over hos Bjørgulv og Hilde. Dei baud på middag og frokost. Kjekkt å snakka med dei igjen. Vegen til Stavanger var såpeglatt og slitsam, men du verden så mange fine bilete eg fekk!

Ved Åmli

Ved Åmli

Vintervegen

Vintervegen

Tidleg snø

Tidleg snø

Dei raude og det kvite

Dei raude og det kvite

Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm i Albir – ¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio en Albir!

frokost

Klokka er 0835. Unni er gått te skulen, om femten minutt går Kitty Karina.

¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio! .. Det betyr noko som dette:  Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm. Kva er så meininga bak denne tittelen? Det får du lesa litt seinare!

No er me i nytt hus! Herleg å bu sentralt og nær skulen. Det er to min til skulen og 8 minutt til sentrum! Herleg! I går hjelpte eg avgarde CS-Silje til Benidorm, ho skulle til Granada og skulle reise i området før ho dreg tilbake til Noreg om to veker. Rydda ut av restane i huset og i går – slik at dagen i dag har gått med til å støvsuge og vaske. 3 timar med fysisk arbeid…puh. Dokumentera med ein liten video som eg legg ut så fort eg får han inn på maskina…..

Eitt anna filmprosjekt eg arbeider med er jo filmen om Kitty Karina  i Spania. Det går framover her og, men eg er ennå ikkje sikker på om det vert noko som når offentlegheita gjennom TV eller liknande distribusjonskanalar.

I dag gjorde jeg nye filmopptak i gymmen med KK i hovudrolla!

I dag gjorde eg nye filmopptak i gymmen med KK i hovudrolla!

Bennys dorm - Benidorm - huset me bur i no.

Bennys dorm - Benidorm - huset me bur i no.

Og her er bassenget som Kitty Karina er så avhengig av. Utfor døra vår.

Og her er bassenget som Kitty Karina er så avhengig av. Utfor døra vår.

Huset me nå lever i heiter Bennys Dorm. Det er oppkalla etter ein viss Benny i Olsenbanden. Eitt viss  ordspel med nabobyen Bennidorm les me og. Det er faktisk karakteren Benny, alias Sverre Holm som budd i huset her frå det var nytt for 16-17 år sidan. Litt interessant at det skulle kome ein filmmann frå Noreg her no …..i dette huset igjen.

Som om ikkje det var nok, så fekk eg og ein epost i går om dei kunne syne eit utdrag frå filmen «Stå på!» som er var med å laga i 1976 samen med kolleger frå Oslo.  I e-posten frå NB heiter det mellom anna:

Vi ønsker gjerne å ha med et utdrag fra "Stå på!" i denne sammenheng, og
håper på et ja fra deg/dere. Du/dere vil selvsagt bli behørig kredittert og
invitert. Utstillingen vil være åpen for alle (gratis) her på NB, Solli
plass (januar-mars 2010).

«Stå På» er den fyrste versjon av filmen «Tvers igjennomen Lov til Seier» og  handla om Hammerverk-konflikten på syttitalet og filmen skal brukast i ein 100års kavalkade om den norske filmhistorien. Dette synes eg var gjevt!

Todos los dias – Kvardag

Kvardagen kjem no etterkvart sigande for oss og her i Spania. Temperaturen har og falle mykje i det siste frå 32 grader i midten av september til 24-26 grader no. Enkelte dagar har det vært mykje regn, styrtregn faktisk og kaldt – kring 18 grader. Me sit ein del heime alle saman. Falke er her no og så me køyrer litt rundt i omgivnaden for å blir betre kjend. Var ein tur i Calpa, ein by 15 min frå Alfaz. Her besøkte me eitt dukkarsenter kor Falke fekk bestillt time til torsdagen. Eigaren var godt kjend i Stavanger og hadde dei siste 3 åra gjort basehopp frå Kjerag 30 gonger!

Falke gler seg til å dukka i Calpe på torsdag

Falke gler seg til å dukka i Calpe på torsdag

Kitty Karina trivest veldig godt! Ho likar seg på skulen og har fått fleire nye vener. Så trur eg hu og har fatta spesiell interesse for ein gut i klassen! Ho er mykje på internett, snakkar med venene sine i Stavanger og dei ho har i klassen. Falke hadde med seg sin gamle Macbook Pro som KK har kjøpt av han.

Me sit alle på kvar vår datamaskin på kveldane og surfar, les, ser på film, snakkar med folk heime… Faktisk er me godt utstyrt nett no. Eg talde faktisk 6 datamaskiner! Eg tok med meg ein gamal trådlaus router frå Noreg som eg kobla opp mot den trådlause nettlina og nå sit me på kvar vår maskin og surfar i veg!

Me e godt utstyrt for kontakt med omverda!

Me e godt utstyrt for kontakt med omverda!

Unni sjekkar Fjesboka.

Unni sjekkar Fjesboka.

Skjalg har lånt ein liten berbar datamaskin av Odin

Skjalg har lånt ein liten berbar datamaskin av Odin

Det er og gått tid med til besøk i butikkar. Her om dagen var me i ein stort supermarknad som heitte Carrefour. Det var omlag 4 gonger større enn Obs på Mariero. Nå som me hadde bil, fekk me endeleg med oss alle dei varene med trong!

Kitty Karina hadde ikkje så mykje kler med seg, så ho fekk kjøpe seg noko nytt.

Kitty Karina hadde ikkje så mykje kler med seg, så ho fekk kjøpe seg noko nytt.

Godt å få bilen ner til Spania. Det har letta kvardagen ein del det...

Godt å få bilen ner til Spania. Det har letta kvardagen ein del det...

Trabajo – Arbeid

Eg jobbar og jobbar. Det er hektiske dagar i Stavanger.  Alt skal gjerast på 4 dagar. Eg har nett tinga ferjebilett fredag kl. 16.30 frå Kristiansand. Den kosta kr. 1240 med bil og 5 passasjerar. Ein veg. Er det nokon som vil bli med? Det er Falke og eg som dreg.

Skjalg og Odin arbeider frå soverommet i Schancheholen..

Skjalg og Odin arbeider frå soverommet i Schancheholen..

I dag har eg gjort ferdig fem filmar for Barnemuseet. Det er filmar som fortel historier om born i krig. Vaksne fortel om sine opplevingar frå krig i ulike land i verda. Filman skal visast i utstillinga Barn og Krig som opnar på Barnemuseet neste veke. Gå og sjå. Odin han legg tilrette filmane for visning. Han programerer datamaskiner som skal kjøyrast i utstillinga. Stor jobb. Odin skriv sjølv om dette på sin blogg. Den andre jobben eg gjer no er å få nye leigetakarar til Stavanger Brygge. Der var eg nett å tok bilete og såg etter at alt var ok.  Skal ha visning på onsdag. For dei som vil se fleire bilete så kan dei gå inn på annonsa for Stavanger Brygge på finn.no.

Her kjøpte med ein leiligheit i 1999. Den har me leigd ut sian 2002.

Her kjøpte med ein leiligheit i 1999. Den har me leigd ut sian 2002.

Og slik ser det ut i stua i dag. Her har det ikkje budd folk siden jul...

Og slik ser det ut i stua i dag. Her har det ikkje budd folk siden jul...

I morgon startar eg på pakkinga. Bilen skal fyllast opp med alt me har klart oss utan til no i Spania, ting me sikkert ville klart oss utan eitt heilt år… Unni fortel akkurat på telefonen frå Spania at ho hev fått tilbod på ein ny bustad som skal vere rett me skulen og 200 EU billigare. Den går me for. Må berre inn på Googlemaps å sjå på huset og kor det ligg.

Noruega – Tilbake til det kalde nord….berre for nokre dagar

Så var eg I Noreg. Plutselege og brått. Nokre timar før i 26 graders varme så sto eg der på Sola Flyplass og det var kald nordavind og 14 grader. Eg hadde sjølvsagt kortbukse og skjorte som eg har hatt kvar dag de siste 3 vekene. Eg fekk ei stor overrasking på Sola, Der i porten ut av utalandsrommet stod Odin! Kjempeoverrasking og såå kjekt!  Eg hadde venta Falke, men han hadde ikkje Odin sett. Ute på parkeringen der stod Peugeot`en, der sat Falke. Han vart like overraska over å sjå Odin og meg kome saman! Hjarteleg møte.

Det var stor overrasking å møta Odin på flyplassen!

Det var stor overrasking å møta Odin på flyplassen!

Der var sjølvsagt og Falke med bilen vår!

Der var sjølvsagt og Falke med bilen vår!

Hjartleg og overraskande møte mellom dei to gutane våre!

Hjartleg og overraskande møte mellom dei to gutane våre!

Falke fekk lappen den 7. september. Fyrste gong eg kjøyrer med han etter det! Eg gler meg til bilturen nerover Europa med den ferske sjåføren!

Falke fekk lappen den 7. september. Fyrste gong eg køyrer med han etter det! Eg gler meg til bilturen nerover Europa med den ferske sjåføren!

Nett no er eg i stua til Dag Bjørnsen. Klokka er halv åtte. Det er sol ute men kaldt trur eg. Dag har vore så snill og hjelpsom og teke meg inn og gitt meg eige rom på loftet for nokre dagar. Skal gjere filmane for Barnemuseet ferdige, prøve å leige ut Stavanger Brygge, pakka ned resten av dei sakene som me vil ha med oss til Spania – og køyre Peugeot`en til Spania!  Eg prøve å selja han for ein månad sidan, men lykkast ikkje med det. Då var det like greitt å ta han til Spania. For det har me snakke mykje om. Det er ikkje lett å bu i Albir utan bil. Med treng han for å kome til butikken, deltaka på dei sosiale arenaene og kome seg rundt og sjå på dei fine omgivnadene i Valencia. Falke vil bli med. Me køyrer på fredag og skal vere attende i varmen på sundag. Falke blir hos oss ei lita veke før han flyr attende laurdag den 27.9. Han gler seg til turen, men ikkje til å missa bilen som han har bruka dagleg sidan han fekk sertifikatet for to veker sidan!

For dei som ikkje har fått det med deg, så leiger me ut bustaden vår i Schancheholen. Difor kan eg ikkje bu der. Så det er fyrste gong på 22 år at eg er i byen uten å bu heime. Akkurat som då Unni Elisabeth og eg kom frå Filippinene/Thailand med Odin som 2 mnd gamal baby i februar 1987. Då leigde me ut legenheita i Oscar Wistingsgate ut til tri suldalsjenter. Unni Elisabeth og Odin reiste til mor og far sin i Kviteseid og eg budde på legd rundt omkring, mest hos Olav Petter og Sigrid i Store Skippergate. Så dette er mest som å vere attende i 1987 – Deja Vju.

Var oppe i huset i går då me kom frå flyplassen. Dei hadde det fint (og ryddig..). Simplissiuss låg i korga si i stua rund og god (eg undrar meg kor stor den katta kan bli?) Nokre varme klede måtte eg ha på meg før Falke køyrde med til Dag sitt hus på Våland. Om kvelden var me på byen, møtte Odin og åt god gresk mat på Akropolis Restaurant før me hadde ei hyggjeleg avslutting hos Sjokoladepiken. Eg sat og frøys, under varmelampa, men Dag kom med ullteppe til den frosne klimaflyktningen! Odin tok og kvelden sjå Dag. Ein veldig kjekk heimkomst og hyggjeleg kveld!

Simli har det godt hos leigetakarane våre. Men ho vert større og større!

Simpli har det godt hos leigetakarane våre. Men ho vert større og større!

Mañana…. mañana

Som dykk veit så skjer ikkje allting like fort i Spania som me er vand med i Norge. Her kan ting skje FRYKTELIG seint. T.d. ventar eg på eit firma som skal skifte houvuddøra til huset. Dei skulle komme kl. 08.00 i dag. Eg sit og ventar må utsette mine gjøremål til seinare, eg får ikkje tatt min morgontur på stranda, dei andre planane vert utsette, avtaler vert utsette. Det er ein halv time sidan dei skulle vore her. Men slik er Spania. Slik har det vore sidan eg var her fyrste gong i 1968, slik er det no. Eitt anna døme på dette noko avslappa tilhøvet til tid er at eg har bede det firma me leier av (det er norsk..) om å lese av straumen og vatnet den dagen me flytta inn. Det er 10 dagar sidan, dei har ikkje gjort det ennå eg har ringt og purra 5-6 gonger. Eg vil ikkje betale straum sidan mai..då dei siste budde her…

Nei det er eit anna tilhøve til tid, det er noko ein berre må slå seg til lags med. det seier dei norske som har budd her lenge.

Ellers så er det myje som endrar mitt liv her nere. Eg skreiv om rutinar i går, eg har nett fått nokre opplevingar og minne som tek meg attende til 1994-95. Då eg var heimeverande far med Odin og Falke…. DejaVu. Men meir om dette i morgon, eller om ei veke, eller ein månad… Manana, Manana….. (…).

For dei som treng adressa vår i Spania:

Unni Elisabeth Hørthe
Skjalg Omdal
Po box 33
03581 Alfaz Sucurca.1
Spania
våre telefonar er

Kitty Karina:     0034689827707
Unni Elisabeth: 0034689827708
Skjalg:        0034689827613

Dykk kan sende tekstmeldingar og ringe til telefonane frå Noreg.
E-postadressar er som før.

Dette er huset vårt, sett frå "hagen" og porten. Romsleg for oss tri, god plass til gjester. I øverste etasjer er KK sitt rom med veranda.

Dette er huset vårt, sett frå "hagen" og porten. Romsleg for oss tri, god plass til gjester. I øverste etasjer er KK sitt rom med veranda.

Arbeid og Rutinar

Arbeid må ein ha. Mannen skal jo gjeve familien det daglige brød. Ikkje sant? Så derfor prøver eg å finne meg noko å gjere så eg kan legge nokre kroner (eller Euro) i skåla heime. Har nokre tankar og nokre konkrete idear. Skal jo lage ein film med KK som eg har skrive litt om før. Skal og skrive eit filmmanus, som og har nemnd tidligare.

Så er det å kome igang då. Ein må prøve å skaffa seg nokre rutinar. Det er det eg strevar med nå. Når var jo eit av føremonene med Spania-opphaldet å bryte opp kvardagen og dei daglege rutinane. Vel det har med jo gjort i Noreg, men må lage oss nye her i Spania. Det blir litt likt, men mykje blir ansleis. Magne Risa sende meg ein E-post i går. Han lever eit spanande liv den karen. For dei som ikkje veit kven han er så kan de jo takka ein kikke på http://la4bna.la1ona.com/ Det er ein blogg frå hans reiser på sjøen.  Magne seier i e-posten at det er spanande å sjå på dagen som kjem i morgon kvar han havnar i verda.

Det er mange som ynskjer å bryte kvardagen, om så aldri så lite for ei stund. Me har bestemt oss for Spania, ikkje akkurat det mest spanande valet, men trygt og godt for Kitty Karina.

Vel eg startar dagen med å lage frukost til alle oss. Legger ferdige brødskiver med pålegg på fat og så sit me ute på terrassen (det er kring 24-26grader om morgonen kl 0800 når me et). Så drar KK og Unni til skulen. Det er blitt mange gå turar. Det er 35 minutt å gå. Ein kan og ta buss, men me klarer ikkje å finne rett stoppestad og rett tid – ennå.

Her har eg arbeidsplassen min. Så lenge det er varmt så...

Her har eg arbeidsplassen min. Så lenge det er varmt så...

Etter at dei har gått sit eg og sjekkar E-post. Det har vore mykje praktisk å ordne med både opphaldet, husleige, og noko å ordne heime i Noreg og. Det har vore veldig mykje praktisk, så mitt eige arbeid har eg ikkje så mykje tid til enno.

Før ni blir det ein tur til byen, der eg brukar å spasere langs stranda og nyte varmen og duftene frå Middelhavet. I går blei mykje praktisk knytta til det huset med leiger. Dessutan fann eg ut korleis me skaffar oss busskort. Me har og snakka med ein nabo som gav oss råd med omsyn til opphaldsløyve, så det må eg omsette i praksis i dag.

Tidlig morgen. Til høyre bak står en gjeng og trener Tai Chi

Tidlig morgen. Til høyre bak står en gjeng og trener Tai Chi

Dagleglivet i Albir

Det er ikkje lenge sidan me kom hit. Me har treffe mange nye menneske, Kitty Karina har fått fleire nye veninner og kvardagslivet sig etterkvart inn over oss og, som kan kanskje gjer for dykk i Noreg.  Har noko ferieføling ennå, det trur eg heng saman med varmen og sola som steikar kvar einaste dag. Dvs me hadde den fyrste dagen med regn i går! Det var litt kaldt (26 grader) og det regna det meste av dagen. U  KK og eg skulle til eitt stort kjøpesenter her, men me havna i staden i Benidorm (den fryktelege byen eg ikkje ville attende til!). Det er litt vanskeleg å kome seg runt ikring utan bil. Det ser eg tydeleg.

Benidorm

Kk m parap

Kvardagen min her i Spania vil nok vere svært ansleis enn heime. Eg har ikkje nokon jobb og gå til.  Eg jobbar jo heime med det eg kan finne på.  Eg må jo skaffe meg nokre inntekter eg og (er det ikkje mannen som skal forsørgje familien – eller??). Har vore så heldig at eg har fått nokre pengar frå Psykopp i Stavanger.  Eg skal skrive eit filmmanus etter ei barnebok av Gerd Ragna Block Thorsen.  Det byrjar eg med om ei stund.  Eg vonar at eg kan laga filmen til sumaren neste år.  Ellers har eg jo denne filmen som me lagar med Kitty Karina.  Den kan bli arbeidsam den, men det er som med prosjektet me hadde i Vietnam (filmen To Barn – En verden),  me lagar det meste, så ser me om me får seld det til TV eller annan distributør.

Ellers så har eg ein del å ta meg til heime i Stavanger. Eg skal fylgje opp eit par filmprosjekt. Eg skal passe på eigedomar (!). Fekk nett epost frå leigaren (BP-Norge) vår på Stavanger Brygge at dei seier opp kontrakten to år før tida! Eg må få tak i ein ny leigebuar,  inntektene frå utleige er ein del av vårt Spaniabudsjett! Heldigvis så kan Falke ta noko av dette arbeidet, men det blir nok ein del jobbing med dette frametter! Me leiger jo og ut heimen vår i Schancheholen (sjølv om Falke bur der fram til jul). Bustad og butikk  i Kviteseid er leigd ut til ein turnuskadidat og til Kviteseid Kunstlag. Unni fekk nett og spurnad om å leige småbruket ho eig i Sauherad.  Så her er ein del å fylgje opp (for ein vaktmeister….).