Lyset og mørket – Luz y oscuriad

Skjalg, skjeggebuven, har ikkje hatt tid til å barbera seg sidan Marrakech!

Det går opp og ned. Det gjeng framåt og attende, det kjem lys og det kjem mørkje. Alt sving i syklusar. Heile livet er ein syklus. Eg laga ein film om dette i 1993. Det hette sjølvsagt «Syklus».

Villajoyosa ligg sør for Benidorm. Ein gamal fiskarlandsby me vitja med Odin og Helene.

Eg har hatt mykje energi og eg har vore totalt tømd for det same. No hadde eg jobba og stått på så mykje at eg ikkje hadde overskot til å skrive på sia mi. Det lengste opphaldet sidan er byrja i august. 75 % av arbeidet dei siste vekene har gått med til å administrera huset og leigeheita i Stavanger, samt huset vårt i Kviteseid. Me fekk plutseleg stopp på utleige av Stavanger Brygge og huset i Schancheholen! Samstundes var det og tomt i Kviteseid. Nå er utleige ein føresetnad for at eg kan vere her i Spania. Eg har for tidi ikkje andre inntekter. Det eg håpar på er jo å selje historia mi «Ville Venn».

Og så kom Odin og Helene på vitjing igjen. 10 dagar i mars. Dei er flinke å reise dei!

No har me ordna oss nye leigetakarar begge plassar og eg kan konsentrera meg om skrivinga mi. Det ser eg fram til. Det er det som betyr mest for meg no. Historia er ein filmsoge om ei ung jente som slit med vanskelege tilhøve i heimen, ho får etter ei dramatisk hending greie på at ho har ein annan far enn den ho har budd saman med i 17 år og startar ei detektivjakt for å finne sitt biologiske opphav. Det finn ho i Spania.

Villajojosa med mange smale gater der du ikkje vil køyre med bil..

Sidan me kom frå Marokko har me hatt vitjing av Odin og Helene. Dei kom 2. mars og reiste den 13. mars. Det var kjekt å ha dei på vitjing og det er andre gongen dei er her. Fyrste gongen hadde dei ikkje sjekka at eg var heime i Noreg. Odin og Helene er flinke til å koma seg rundt og var to dagar i Barcelona. Her fekk dei sjå verknader etter snøstorm…Men dette skriv vel Odin om på sia si Velmont.

No er det tid å bade igjen. Meiner Kitty Karina...

Dagane vert lengre og lengre her og. Morgonen vert lysare og lysare. Det vert varmare og varmare og Kitty Karina syntes det var på tide å starte badesesongen! Den 15. mars hoppa ho i bassenget. Trur ikkje det var så veldig varmt, men på terrassen var det kring 22 grader.

Det fyrste badet sidan november i bassenget vårt!

Og no er det berre å vente på fleire vikingar frå Noreg som tør å hoppe i bassenget vårt. Det vert nok varmare det når Eimund og Åshild kjem her i mai!

Godt og varmt på terassen i vårsola.

Spania-Noreg-Spania Espana-Noruega-Espana

Eg har noko redusert kapasitet for tidi. No meiner eg ikkje mi mentale tilstand, sjøl om den kan vere låg somme tider. Nei her er det dei ytre omstende som har teke tak. Ein kan jo diskutera om det er min reduserte kapasitet som har ført meg hit, det får dykk vurdere! Det har seg nemleg slik at eg er utan min datamaskin og KAMERA for tidi. Begge ligg i Noreg, hos syster mi Siv i Breivik. Eg klara å gløyme ei veske med maskina og fotoapparatet i bilen, då Kitty Karina og eg hasta ut til flyplassen den 14. februar!

Det var ei stor overrasking for Ylva å møte Kitty Karina på veg til skulen den 8. februar!

Me har vore 7 dagar i Noreg den andre veka i februar. Dette var ei julegåve frå Unni og meg til Kitty Karina. Ho gjekk i den gamle klassen sin på Auglend Skule og der var mange som blei «øvegidde» då de såg Kitty Karina der! Me var sers seine denne morgonen me reiste heim att, klokka var faktisk 05.40 då me sprang inn dørene på flyplassen og skulle dra tilbake til Spania. Me skal visst vere 1 time før, men me fekk plass på flyet 4 minutt før dei stengde utgangen. No sit eg altså med Kitty Karina sin Mac og skriv, men alle dei viktige filene ligg på min maskin i Noreg! Sidan eg har vore så påpasseleg med å ta kopiar av det eg skriv på (filmmanus og rekneskap) så har eg klara å fortsette dette arbeidet. Eg kopiera og alle bileta eg tok i Noreg på Altibox sin tjenar, så der har eg alle mine 4720 bilete frå Spania liggande! Derfor kan eg vise dykk eit bilete frå turen i Noreg på sia mi. Det har ikkje vore særleg med andre aktivitetar, så det er ikkje blitt tatt så mykje bilete som vanleg. Eg tar normalt mellom 50 og 100 bilete til dagen. Eg brukar Unni Elisabeth sit kamera, men det er ikkje godt nok for meg… Og no dreg me til Marocco i dag! Eg får gjere det beste ut at det med hennar kamera.

Eg har som nemnt fått skrive på manuset mitt med arbeidstittelen «Ville Venn». Ei ungdoms-soge  som eg skal fortelje meir om seinare i vår. Den 2. mars kjem datamaskin og kamera attende saman med Odin og Helene. Dei kjem på ny vitjing og blir hos oss i 10 dagar. Det ser me veldig fram til!

Benidorm, partyby for harry sjeler? Ciudad de Fiesta?

Pubgata i Benidorm

Benidorm er byen alle likar eller hatar! Det er ein stygg by, men har sjarm. Den er harry og den er kulturell. Den er internasjonal, men veldig britisk. På kvart gatehjøre finn du engelske pubar, restaurantar og engelske pensjonat, butikkar og hotell. Engelskmennene har reiste til denne byen i 50 år for å feriere. I dag er det nedgangstider i England og britane er ikkje så mange som før. Dei sel feriebustadene. Det er hundrevis av leiligheter til salgs i byen og dei er halvparten så dyre som her i Albir. Eit rykte seier at det er så billeg å bu her at engelske sosial myndigheiter sender trygda hit fordi dei slepp unna med lågare bukostnadar og sparar pengar på statsbudsjettet! No på vinteren er det sjølvsagt ikkje så mange som bur her, men dei synes dei som er er.

LYSET AV PARTYTOWN

Det er mange pensjonistar med gåstol, elektriske trehjulingar og på eigne bein. Stundom ser med nokre som badar og, dei er nok meir friske enn gjennomsnittet.  Året gjennom reiser det 4.000.000 turistar til Benidorm. Det bur berre 40.000 her, men til ei kvar tid er det 400.000 menneske her på besøk i turistsesongen.

Dancing all throught the night!

I byrjinga av 50talet var Benidorm senter for tunfisk i Spania og hadde omlag 3.000 innbyggjarar, så endringa har vore formidabel! No er han kjend som partybyen. På kveldstid er det liv overalt. Me ser med brune barar, dansekneiper og drikkebuler fylde med folk frå heile Europa i alle aldrar, men fleirtalet er nok eldre folk på denne tida av året. Me fant oss ein dansebar med godt vaksne folk. Eg såg ei jente på 20 mellom dei 150 som var i lokalet. Heile kvelden vart det dansa og sunge i Sinatra Bar. Ein engelsk avdanka popsongar og ei ditto dame haldt stemninga oppe med svisker frå tri titals årgangar. Fleire av gjestene kom med kostyme. Ein gjeng var indianarar. Ein annan gjeng engelsk damer var kledd som politikvinner med handjern om armen. Dei dansa alle samen og er var den einaste hanen på dansegolvet. Dei ville til og med ha bilete av meg når stod saman med dei tvilsame politikvinnene!

Coverlåtar heile kvelden...

To øl for prisen av ein....

Unni syns det var kuuult å vere på bar i Benidorm. Kaffien var ok den.

Benidorm er ein interessant by verdt ei nærare studie med antroposofiske brille. Eg tenkte eg skulle sjå nærmare på byen når eg har fått tatt nokre fleire bilete og snakke med fleire folk.

Spa og massasje – Spa y masjes

På Spa med Unni Elisabeth sine jobbkollegar!

Basseng med badstu, strålerom og "kalddusj".

Her og dagen var me på Spa. Eit heilt nytt senter, Akinon,  som dei hadde bruka 8 år på å byggje. Det var familien som selde skipsverftet Mjellem og Karlsen i Bergen som hadde investera sine 100 millionar kroner her i senteret. Det var kjempestort, 26 mål , mange leilegheiter, 4 hus med forskjellige facilitetar. Eg har aldri prøva noko slik før! Me starta med bad i eit basseng med vatn som bobla og spruta på oss med stor kraft. Det skulle løysa opp stive musklar og gjere kroppen mjuk og smidig. Me bevega oss mellom dette, ei badstue, eit dampbad, eit rom med ultrafiolett stråling og ein kald sti med isvatn sprøytande på føtene…

Boble og sprutebassenget

Så vart det ei pause med litt mat i ein fin restaurant, i klede me fekk utlevera. Det såg noko underleg ut der med sat med kvite frottekåpene våre. Etter litt mat vart me ein etter ein innkalla til massasje. Eg blei liggande på ein benk med eit hål for andletet. Her blei med knadd og trykt på etter alle kunstens reglar av ei spansk dame som var utruleg fast i fingrane sine. Eg hadde vel ikkje så mange ømme og harde musklar (lite stress), men jammen fant ho eit par eg ikkje visste om! Jo det var herleg å bli traktera på denne måten, kan absolutt anbefalast! Etter den harde (og behagelege) handsaminga me fekk så var det avslapping i Relaxroom, med musikk av Enja.

Avslapping etter knaing og massasje! 35 grader og musikk av Enja.

Og så var det ut i kvardagen igjen!


Eit kulturelt hjartesukk – Un suspiro culturales

Ei veke sidan eg skreiv sist. Håper alle fekk med seg La Mujer Espanola. Kjekt å nytta gamle bilete frå turen min i 1968.

Det skjer ikkje mykje her oss i Spania nett no. Ikkje meir enn i kvardagen heime i Noreg vil eg meine. Eg og Unni har vore på ein liten utflukt til Sella. Ein liten koseleg landsby (alle landsbyar er koseleg her!) 50 minuttars køyring inn i landet, rett vest for Puig Campana , ein fjelltopp eg vil klatra i vår. I Sella fekk me sjå eit kupert landskap med gamle terrassar som blei lagd av maurarane for 500 år sidan. Landskapet minner litt om risterrassane i Kina, Vietnam og Thailand, men der er dei jo mykje eldre. Nokre av dei me såg i Kina var framleis i bruk, og dei var over 3 tusen år gamle….

Landskapet ved Sella minner om risterassene i Kina. I skya bak, Puig Campana.

Terrassane i Sella har ikkje risplanter, men mandeltre. Området kring fjella her sør for Valencia er dominera av appelsin-, oliven- og mandeltre. Me er inne i appelsinhausten, sjølv om det enno er mange tre bugnande fulle av frukt. No ventar me på mandeltreblomstringa! Den skal visst vere spektakulær! Det gleder me oss til!

Mandeltreet.Snart kjem blomsten ut!

Då me vandra rundt i Sella, denne søndags ettermiddag var det ikkje eit menneske sjå i dei smale bratte gatene. Me tok oss inn på ein bar som var open. Den låg vegg i vegg med landsbyens kyrkje der tårnet såg ut som om det skulle ramle ned når som helst!  I den brune baren sat det tri eldre mannfolk. Dei var nok stamgjester. Etter kvart kom det fleire inn og dei tri eldre mennene sette seg til å spela kort. Samtala var levande, synd me ikkje forstod kva dei snakka om!

God stemning rund spelebordet på baren i Sella. Slike plassar likar eg meg!

Unni fekk godt selskap her i baren. Alle saman drakk kaffi!

Det er noko spesielt å vandre rundt i desse små landsbyane. Det sett tankane i sving om kva for liv dei lever her. Det hadde vore kjekt å snakka betre spansk og gli inn i miljøet, bli ein av innbyggjarane og leve tett med spanjolane. Unni Elisabeth, Kitty Karina og eg valde å bu nær skulen der Unni jobbar. Det har førd oss inn i eit internasjonalt miljø med lite spanske innslag. Dette har eg skrive om tidlegare. Å gå rundt i Albir er som å gå i ein kvar europeisk liten by, eller snarare ein krysning av mange europeiske landsbyar! Ein eurolandsby. Det er berre ein stor forskjell… Aldersamansettinga.

Stille i gatene. Siestatid i Sella!

Demografisk sett er Albir ein sers annleis by. På vinteren er det mest eldre folk å sjå. Det er mange pensjonistar frå fleire europeiske land som bur her om vinteren. Dei einaste unge me ser er barn som er på besøk hos desse fastbuande pensjonistane. Og så er det meg og Unni då!  Å leve her er ikkje å leve i Spania, slik eg ser det. Det blir eit isolert norsk/engelsk/hollandsk liv, alt etter kva miljø ein sjølv er i. På sumarstid vert Albir ein turiststad som mange andre plassar langs Spanskekysten. Om eg skulle vald eit opphald for min eigen del så hadde eg busett meg i ein spansk landsby. For det fyrste ville eg hatt meir personlig nytte av det, ville ha lert meg spansk på kortare tid og det hadde passa mitt personlege budsjett myke betre! For det skal og seiast, at det er mykje dyrare å bu her. Leige av bustad er dyrare, tenester er dyrare, restaurantane er dyrare, kort sagt dei generelle levekostnadene er høgare enn andre plassar i Spania.

Unni insistera på å bli med på bilete frå Sella. Puig Campana i bakgrunnen.

Det er mykje billegare bustad inne i landet!

Den spanske kvinne i to delar – Mujer española en dos partes

Spania 1968

Kvinner vaskar kler i Rio Tormes, Salamanca, september 1968 (foto: Steinar Omdal).

Spansk landsby, Andalucia. Rundt siesta-tid. Eg høyrer høg skjerande kvinnestemme. Borti gata ser eg ein mann og kvinne og ein gut på 5-6 år kome ut frå ein bar. Kvinna kledd i stakk, mannen i arbeidskler, ein gardbrukar ser det ut til. Han går ustødig, er openbart rusa. Kvinna snakkar høg og fort, slår på mannen sin der dei går bort etter. Den vesle guten heng etter den andre handa til mora, han gret…

Meg sjølv, som 15åring, blant menn på veg til baren, Andalucia, 1968.

Spania 2010

Etter å ha budd i Spania i snart 5 månader så har eg gjort mine observasjonar om skilnader på norsk og spansk kultur.  Me opplever den spanske kulturen med lever med sia av spanske menneske og observerer litt av spansk kvardag. Eg har skrive om nokre av dette før, men no er det tida inne til  å skrive om menneskje, det spanske menneskje eller nærare bestemt, den spanske kvinna! La mujer española.

Spanske kvinner står ikkje attende når det gjeld moderne moter.

Spania er merkt av eit langt tidsrom med konservativ styring frå 1936 til 1975. Dette har sett tydeleg merke på land og folk! Fredrico Franco styrte Spania med jernhand.

Fredrico Franco 1968

Denne fascistiske politikken som militærdiktatoren stod for var saman med den katolske kyrkja si sterke stilling ein viktig faktor for å halde dei strenge konservative rammene på plass. Innan familielivet var det tydeleg. Kvinna sin plass skulle vere i heimen å stelle med hus og born og mannen var ute på markene og stadig i landsbyens bar. Synleg – som familiens patriark. Det var dette eg hadde som svake minne frå min fyrste tur til Spania i 1968. Det var eit samfunn som var styrt av militæret,  politiet og kyrkja. Alle tydelege mannsbastionar.

Spanske kvinner pyntar seg mykje til fest!

Dei pyntar seg mykje med smykke til fest!.

Den katolske kyrkja si styringa av familielivet gjekk langt utover det me opplevde i andre delar av Europa på denne tida. Til dømes var ikkje prevensjon og familieplanlegging på den offentlege agendaen i Spania. Familielivet var berre ein privatsak, som kyrkja fekk ta seg av. Dei store endringane kom etter 1975 (Franco døydde same året som med hadde FN sitt kvinneår). Spania har gått veldig langt på sers kort tid. Dette kan ei sekulær politisk venstreside ta mykje av æra for. Det spanske sosialistpartiet har hatt ei klar haldning til den politiske, økonomiske og kulturelle utviklinga i landet sidan åttitalet. Dette har tent dei spanske kvinnene spesielt, som er gått frå å vere blant dei mest undertrykte i Europa på 60talet til å vera blant dei mest frigjorde i dag.

Cristina kan noko om både norske og spanske jenter.

Cristina er i moderne spanske kvinne. Ho har budd i Noreg og.

Som all god og positiv utvikling har også denne ei mørk bakside. T.d har den registera valden mot kvinner auka. I fylgje det spanske likestillingsdepartementet blir 30% av alle drap i Spania knytta til partner-relasjonar. Mest alle desse drapa er utførd av menn.  Kan dette ha noko med at utviklinga har gått for snøgt? Er kontrasten frå den fascistiske tida med Franco for stor? Har t.d den spanske mannen hatt problem med å sjå og akseptera utviklinga?

Spanske kvinner er meir synlege i overalt i samfunnet enn før, som her i Alicante.

Kvinnene er på veg fram. Dei markerer seg på stadig fleire område, nett som i Noreg. Kvinnelige sjefar og forretningskvinner er meir vanleg. Går det  for snøgt for den spanske mannen? Har han ikkje klart endringane som likestillinga har ført med seg? I dag er likestilling i arbeidslivet i Spania 43% og Norge 49%. Det kan sjå ut som om den spanske mannen er i utakt med kvinnene sine, sidan han må ty til fascistisk valdeleg machokultur!

Spania 2010

I 2010 går spanske menn framleis i baren og drikk saman med andre menn...

I politisk styring er Spania omlag likt med Noreg, likestillingsprosenten er 36.  Kvinnene er blant dei mest likestilte i Europa, og  dei er og blant dei mest kvinnelege synes eg. Den spanske kvinna er oppteken av si feminine side og veit å framheve den. Det merkar eg i måten dei ter seg og kler seg. Dei framhevar de feminine trekk med å vere motebevisste. Eg får eitt inntrykk av at dei spanske kvinnene ser meir kvinnelege ut fordi dei kanskje er så bevisste deira eiga kvinnelege identitet. Framveksten av likestilling mellom kjønna har understreka dette. Og mannen, han heng etter. Han går framleis på bar og drikk, treff likesinna menn som diskuterer fotball og dei umogelege kvinnene sine! Eller er det ikkje slik? Skal sjå meir på tilhøve mellom dei spanske kvinnene og mennene deira seinare.

Del to av den spanske kvinna(!) kjem etter min neste tur til Noreg.

Utleige Stavanger Brygge! Bli med på ei eineståande tevling!

Eksteriør frå Stavanger Brygge. Me vil skipa til ein tevling for å få bustaden utlegd!

Fiiin stue på Stavanger Brygge.

Falke, Skjalg og Helene på kjøkken i SB

Eg har eit stort ynskje om å få leigd ut bustaden me eig i Stavanger Brygge (det er 2 soverom her). Me budde her for fyrste gong i jula, og hadde det ikkje vore for at me faktisk bur i Spania no, så hadde me flytta inn der på dagen. No står han tom, og det likar eg ikkje. Eg må attende til Stavanger for å ordna dette no, så om det er nokon som veit om nokon som treng husvære snøgt, så ta kontakt. Me har vore sers nøgde med BP, Kværner, Aker, så om det er nokon av dykk som jobbar i slike selskap eller kjenner nokon som jobbar i slike selskap, så spør dei om dei treng ein slik bustad?? No på flekken…..

Kitty Karina synes det er greitt med 50 kanalar!

Ja, eg er så oppsett på å få nye leigebuarar at eg vil skipa til ei tevling!

Den som kan få tak i ein leigebuar til Stavanger Brygge som me kan godkjenne og skrive kontrakt med får ei vekes opphald hos oss her i Tita 11B, Albir, Spania. Du får eigen sofa å ligge på om natta, blir traktert med dei lekraste rettar frå morgon til kveld med Skjalg sin eminente kokekunst og sist, men ikkje minst, oppvarta av Unni Elisabeth med tvilsame skrøner frå Vest-Telemark. Er det nokon kandidatar der ute?

PS…. innlegget mitt om den spanske kvinna.. kjem snart!

Kitty Karina i Spania – Chica de Noruega en España

Kitty Cat

Då Unni Elisabeth og eg snakka om å dra til Spania for eit par år sidan, var eitt av dei mest usikre momenta Kitty Karina si haldning til dette moglege opphaldet. I 2007, då me fyrst diskutera dette var det ikkje serleg sannsynleg, men eitt år seinare blei planane nemnt for Kitty Karina. Me hadde venta ei negativ reaksjon, men ho vart tvert om! No har med vore her snart 5 månader og Kitty Karina er på veg mot tenåra. Ho blir 13 år den 17. juni.

Kitty Karina er alltid i farta....

Og ho vil ikkje heim! Ho trivest så godt at ho helst vil bli eitt år til! På skulen går det bra, ho likar og klarer seg godt i alle fag, og ho er den einaste i familien som kan litt spansk når me kjem heim til sumaren! Ho har 2 timar på skulen og to timar spansk etter skuletid. Unni og Skjalg er ikkje så flinke, me har ennå ikkje kome oss på noko kurs!

Under vann er ho ofte, sjølv om det er ei stund sidan no!

Tida her i Spania var vore utviklande og spanande for Kitty Karina. Ho er blitt ven med mange nye (jenter og gutar).  Venene er berre blitt norske, diverre…. Me lever i eit norsk miljø med alt for lite dagleg kontakt med spanjolar. Dette er noko eg prøvar å gjere noko med, har et par spanske vener der eg søkjer kontakt med familie og deira sosiale nettverk.

Aktiv jente som er flink med fotballen... Ballen er allereie utanfor bilete!

Kitty Karina ville i byrjinga prøve å spele fotball saman med norske/spanske i klubbar her i Albir, men det var vanskeleg å få til. No er det helst fotball på skulen. Me ser på nett at det er framleis er stor aktivitet hos SIF-jentene -97, det blir kjekt å sjå att dei seinare dette året!

Data nerden som held kontakten med vener i Norge og Spania.

Ellers så er det mange av Kitty Karina sine vener i Noreg (og Spania) som har kontakt på nettet via Msn og Skype og Fjesboka. Åsne, Ylva, Helene, Pia, Ellen og Gunhild er der støtt og stadig, så ho nyttar ein del tid på kveldane på den kjekka datamaskina som ho tok over (kjøpte) frå Falke. Det blir og litt kontakt med Falke og Odin. Falke dreg i militæret i dag, torsdag, så han får me ikkje ny kontakt med før slutten av februar! Odin har nett flytta frå Oslo til Bergen, saman med kjærasten sin . Odin har si eiga bloggside.

Filmstjerne... vel, det er mest ein dokumentasjon av Kitty Karina sitt opphald i Spania.

Kitty Karina sitt liv i Spania vert filma av Skjalg. Det er eit lite prosjekt som med vonar kan visast til andre enn familien. Det vart kanskje litt tøft for Kitty Karina å vere midtpunktet i ein dokumentar om hennar liv, så me er ikkje sikre på om ho vil dette lenger. Så med planlegg å endre litt på struktur og innhald i dette prosjektet. Me får sjå kva det blir til!

Den kjekkaste aktiviteten på kjøkkenet for Baker Kitty K!

Ellers er Kitty Karina med på det meste heime i huset vårt i Tita, Albir. Ho tek sin tørn med vasking, rydding og andre gjeremål som høyrer familielivet til. Det hender at ho baker og slår skikkeleg til med favoritten Brownies!

Å vaske opp er ikkje det kjekkaste av Kitty Karina sine aktivitetar.

Det gjøremålet ho slit mest med, som dei fleste kan eg tenkja meg, er oppvasken. Det er ikkje serleg «automatisk», nei. Men det går med stundom uproblematisk akkompagnert med eigenlaga song til arbeidet!

Trøytt om morgonen!

Den største utfordringa er å få ho opp om morgonen! Det er vel eit problem nokon og ein kvar kjenner, både born, tenåringar og vaksne! Spesielt om vinteren, også her i Spania! Eg, derimot er oppe no.. kl 6 om morgonen, og skriv!

Ein fjortis kjedar seg i butikken!

I tillegg til morgon-trøtte så er ho i ferd med å bli ein skikkeleg «fjortis». Du kjenner dei? Til tider skikkeleg sløv. Himlar med augo når mor og far gjer noko eller seier no teit! Gjeng i «slow motion». Skal ha på seg lua si inne, det er visst tøft! Protesterer mot dei mest opplagde ting. Er skikkeleg tøff i trynet ovanfor føresette når vener er i nærleiken.  Men så kan ho samstundes gje oss dei næraste og mest koselege små og store stunder i saman med oss og. Ho er på veg mot tenåra det er sikkert! Eg trur dei fleste kjenner typen på sitt eige born!

Av og til er Kitty Karina sint jente. Og då kan det se slik ut!

Kalde dagar i Spania (?!) Dias frio en España (?!)

Me reiste frå Noreg til varme Spania, jo, men det har vore kaldt her og dei siste dagane! Det må me stå med! Me kan ikkje halde på illusjonane lengre, sanninga må fram! Før eller seinare ville vel nokre av dykk avsløra oss! Det er ikkje varme Spania. No er det kalde Spania må eg vedgå. Det svinge svært frå den kaldaste natt til den varmaste dag. Inne har me berre elektrisk straum til oppvarming.

Inne er det 13 grader, ute er det 16 grader! Kaldt til frukost på fredag!

Straum er dyrt i Spania (tre gonger så dyrt som Noreg) og spanjolane nyttar ikkje dette til oppvarming. Peisen har me prøva, men det er slik som med dei fleste peisar heime, mest til pynt. Eg kjøpte meg gass i dag. 13,5 kilo propan til 11,95 EU (90kr). Eg er lurer kor lenge den kan brenne i den gassomnen eg fann i kjellaren.

Eg fann ein gassomn i kjellaren. Det er det spanjolane nyttar. El er for dyrt.

Dei varmaste dagane, som no onsdag, kallar på uteaktivitetar som lesing på stranda!

Siste veke har det svinga frå 5 grader til 22 på terrassen, der eg sit så titt eg kan. Me har og nytta fine (kalde) dagar til små turar i nærleiken. Det er det blitt litt lite av dei siste vekene. Me har no tatt spaserturane våre kvar dag i Albir eller Altea. Varme dagar tar med turen ut og set oss til å lesa bøkene våre ute. Unni Elisabeth har nett lese Arnhild Lauveng si «I morgen er jeg alltid en løve» (om schizofreni) og les no ei bok av Kate Moss. Eg held på med den spanske forfattaren Antonio Munoz Molina «Serad», roman om forfylgde landflyktige europearar. Skal gå igang med eit spansk historieverk snart.

Kalde men fine dagar for sykkelturar! Unni Elisabeth mellom appelsintrea i Alafaz de Pi.

Me legg etterkvart planar for lengre utflukter til Valencia og Alicante og andre meir fjerntliggjande stader i dei to neste månadene. Me fer sjå. Eg har eit stort ynskje å sjå att nokre av dei plassane eg var med min far, Steinar, i september 1968, då me sykla Spania rundt. Eg var berre 15 år, men minnes ein god del frå denne sykkelturen.

Polop er ein fin landsby som eg har besøkt fleir gonger! I bakgrunnen, Berninafjella.

No er det tida for hausting av appelsinar! I bakgrunnen med snø, Berninatoppen 1.129 moh.

Me leita etter bonden og ville fortelja han at han må henta inn appelsinane sine!

Dadlane er ikkje mogne ennå, men dei bugnar frå palmane overalt!

Varmt dette..Unni...!

På uterestaurant i Altea søndag..

Og tilslutt for dei som ventar på mine utgreiingar om den spanske kvinna: Eg har ikkje gløymt dette. Fyrste utgåve ligg på maskina, det er et stort og omfattande felt eg gjer meg inn på! Eg har nokre tankar om den spanske mannen óg, så fylg med!