Del norte frío calentar al sur – otra vez. Frå kalde nord til varme sør – igjen.

Siste dagane er alltid dei travlaste. Det var visst enda ein dag. Flyet gjekk ikkje for klokka to på ettermiddagen. Fekk ein ekstra dag i bonus. Fantastisk! Vakna då Siv gjekk på jobb. Nokre helger køyrer ho buss. Dette var ei slik helg. Eg sende ho ei melding idet eg såg bilen svinga ut frå parkeringsplassen. Fekk nokre tankar kring bydelen eg budde i den siste veka. Men det kjem eg attende til…

Åsne tek eit tak for trivelsen i huset!

Åsne tek eit tak for trivselen i leiligheten i Breivikveien!

Jo, eg pakka nå alt. Kofferten vart 28 kilo, og så hadde eg nokre andre ting i ein plastpose som nokre vener skal ta med seg på onsdag.  Åsne dreiv på å støvsuge. Flink jente.

Hanna held seg utruleg godt. Ho vert 92 i april.

Hanna mi mor. Ho held seg utruleg godt. Ho vert 92 i april.

Fekk vitja mor. Ho er så frisk og klar at det mest er utruleg! Blir 92 i april. … No gjeng batteriet her på flyet. Eg stansar!

Ylva har fått ein genser frå Kitty Karina...

Ylva har fått ein genser frå Kitty Karina...Berre dei kjenner kvifor...

"Heim" (?) igjen. Gry kjøyrde meg til Sola flyplass.

"Heim" (?) igjen. Gry køyrde Skjalg til Sola flyplass.

Flott utsyn frå soverommet til Åsne. Fjorden, fjella innanfor mot Ryfylke. Dei driv jobbar med å riv gamle verkstedsbygningar. Røyrleggjar Midtbøe ser eg det star på ein av dei. Kommunen skal lage park har eg lese. Fint det, det er ikkje mange gonger me høyrer slikt! Det er meir motsett, dei tek små bitar av grøne lunger heile tia. Høyrde den siste konflikten no som kjem i Stavanger er planar om å byggje boligar på Waisenhustomta. Dette er ein av dei siste store grone lungene i Austre bydel, der det no bur over 14.000 innbyggjarar! Kommunen ser ikkje kva som rører seg blant folk! Dei forstår ikkje at her sit dei på ei miljøpolitisk bombe. Eg trur folk vert provosera til de grader at det vert bråk som kan enda med ein stor smell! Eg blir med å stritte imot. Eg trur til og med eg vil stille i fyrste linje på ein lenkjegjeng om det kjem så langt! Er det nokon som blir med?
Men eg trur nå politikarene heller vil ta kampen med kommunesamanslåing framfor å tåla belastning med massive protestar og lenkjegjeng føre gravemaskinar og massivt pressekorps.

Odin frys på bussen i Oslo!

Odin frys i Oslo!

Frå bussen..nett no

Frå bussen..nett no

Har nett no  skrive med Odin på jabber (Same som msn) han var på veg frå heimen i Oslo til jobben i Nei til EU i Kristian Augustsgate. Etter oppmoding frå meg, sendte han meg nokre bilete mens han sat der og skreiv. Kjekt og kuult. Han frøys på øyro, det kunne mest eg se. Bileta han tok var frå bussen.

Blei møtt  laurdag av Kitty Karina og Unni Elisabeth på flyplassen. Dei hadde sent Odin og Helene avgarde tidligare på dagen. Godt å vere med dei att. Sjølv om det og er trist å reise frå Falke i den andre heimen!

På måndag vart det fjelltur! Til topps på Sierra Helada. Den ligg like med der me bur, kun ein times gange opp dei 435 høgdemetrane. Herleg.

KK hoppar gjennom lufta føre Unni Elisabeth!

KK hoppar gjennom lufta som ein kanin framføre Unni!

På veg opp frå huset vårt i Albir. Bak Unni er Altea

På veg opp frå huset vårt i Albir. Bak Unni er Altea

Utsikten var fantastisk i går. Mot Calpe og Denia.

Utsikten var fantastisk. Mot Calpe og Denia.

Dette skal me gjere fleire gonger (i månaden!). Det er flotte turområde fleire plassar her. I ein radius av 30 min med bil kan me velje mellom 25-30 turar i skog og mark, langs strender i landsbyar og på fjelltoppar med rare formasjonar. Unni fekk ide til å laga film frå desse turane. Det var kanskje noko andre ville sette pris på å sjå, kanskje selje DVDar med turar på Costa Blanca! Det er jo skrive bøker om det same, så kvifor ikkje ein DVD?

Tid for niste! Ein kar som tøffar seg i vinden!

Tid for niste! Ein kar som tøffar seg i vinden på "Isfjellet"!

Vel me får sjå. No er det kvardag igjen frå i morgon. Det har vore Fiesta her i ei heil veke. Dei siste to dagane med fri for spanjolane. Masse opptog og fyrverkeri om kveldane. Siste dagen i dag.

Heime i Carrer de Tita blomstrar det som aldri før!

Heime i Carrer de Tita blomstrar det som aldri før!

Albir 07.11.09

Albir 07.11.09

Fire grader

Schancheholen 07.11.09

Ein aldeles roleg dag – Un día muy relajado

Slutten av oktober - og nærare 33 grader i skuggen, det er godt det.

Slutten av oktober - og nærare 33 grader i skuggen, det er godt det.

Etter hektiske dagar, endeleg ein komplett roleg og avslappa dag med FLOTT ver, 25-30 grader meste av dagen og roleg sykkeltur til Altea, der eg hadde forskjellege gjøremål. Blant desse var : Sjå etter dipedutter i bruktbutikk, Ordne med fast-abonnement i Telefonselskap, sjå etter hengehylle og hyller på hjul til kjøkken, bad og stue.

Ein Mercedes cabriolet til kr. 80.000 - ikkje dårleg. Ser mange av desse her!

Ein Mercedes cabriolet til kr. 80.000 - ikkje dårleg. Ser mange av desse her!

Eg måtte ta meg ein tur å sjå på dei fine bruktbilane på veg til brukbua! Fristande! Men glad eg har ein god sykkel som eg kjem fram over alt med! Og så koster det ingen ting – samstundes som eg held meg i form.

Kva med ein orginal minimorris til 50tusen?

Kva med ein orginal mini-morris til 50tusen?

Billige bilar til tross, det er nå best å sykle (eller seile).

Billige bilar til tross, det er nå best å sykle (eller seile).

Her er den nye takterassen med utsikt til vest og øst.

Her er den nye takterassen med utsikt til vest og øst.

Og dette er utsikten mot øst, Albir og Altea i bakgrunnen.

Og dette er utsikten mot øst, Albir og Altea i bakgrunnen. Merk bilen vår...

Og slik er solnedgangen frå takterassen i kveld! Ein flott dag nærmar seg slutten!

Sola i kveld frå terassen. Trykkjer du på bilete kan du sjå dei høge husa i Benidorm.

Og i morgon må eg stålsetje meg for
5-8 grader og regn.. Huttetu Brr. Brr..

Días ocupados – Travle dagar

Nok eit lengre opphald frå skriveverksemda mi! No har det skjedd ein del som er verd å ofre nokre ord på. Det har vore travle dager i det siste!

1. Me har feira eit 26års jubileum.
2. Me har vore på tur igjen.
3. Me har hatt overnattingsbesøk (fleire faktisk).
4. Nye opptak til filmen.
5. Me har startar flyttinga – igjen.

For dei som lurde på kva som var så spesielt med 22. oktober 1983, så var det dagen då eg og Unni Elisabeth møtte kvarandre.  Ein fin middag vart det i Alfaz del Pi, sjølv om eg nok kunne ha funne ein stad med litt betre mat…

I helga var med på tur.  Me køyrde Kitty Karina og ei venninne (Silje går i 6 kl på den norske skulen) til Terra Michica. Dette er ein fornøyelsepark på line med Kongeparken, men tre gonger større. Her sette av jentene kl. 12, så sette me nasen mot fjella bakføre.

Koselig kveld men litt kjedelig mat på restauranten i Alfaz

Koselig kveld - kjedelig mat

Unni i fiiin stas!

Unni i fiiin stas

Koselege Finestrat openbara seg i eit mektig fjelllandskap.  Som fleire byar i området, mellom anna Polop og Guadelest er og Finestrat verd eit besøk om du vil se flott natur, gamal spansk arkitektur og oppleve noko anna enn shopping, strandliv og bading.  Finestrat ligg like bak (vest) for det store Puig Campana som me etter oppmoding frå ein ven (Richard Steffensen) har planar om å bestige! Det er 1408 meter høgt. Den er snøkledd somme tider på vinteren, men me må prøva å kome oss opp ein dag utan snøver! I Finestrat fann me ein brukt butikk…. Der blei me ei lita stund.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her bur det norske folk.

Her bur det norske folk.

Faleg katt!

Faleg katt!

Etter eit par timar i fjella, køyrde me til Benidorm, der me ikkje gjorde anna enn å ligge på stranda til sola forvann bak skyskraparane. Då var jentene klare for å bli henta med Tacos og privat skodespel i heimen!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Nye gjester i huset?

Nye gjester i huset?

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Dei siste to dagane har me og hatt ei norsk jente frå Larvik på besøk i huset. Silje Jacobsen heiter ho, er 28 år utdanna lærer og reiser Spania rundt for å lære seg språk folk og kultur. Eg invitera henne via Couchsurfing. Det er et sosialt netteverk for folk som liker å reise og oppleve folk der dei bur. Dette ville eg og  gjerne prøve, og har allereie fått kontakt med spanske vener som eg skal halde kontakten med framover.  Magne Risa er ein ihuga CS-mann! Han har mange spanande reise-erfaringar. Les kommentarfeltet hans på denne lenka.

På mondag var me på kunst-vernissage med Siri frå Larvik

På måndag var me på kunst-vernissasje med Silje frå Larvik

No har eg pakka igjen. Me er på flyttefot til nok ein bustad. For dykk som har lese bloggen min jamt og trutt vil veta at med har fått oss ein mindre bustad. Me leiger av eit par frå Skien, eit hyggeleg tannleikar/sjukepleiarar som har dette huset i omlag 10 år. Huset er tidlegare eigd av  ein norsk skodespelar. Han er kjend for ein av de mest namngjetne  filmroller i norsk filmhistorie. Kan nokon gjette det? Skal skrive om han seinare når er syner fram huset for dykk. Eg fekk og ei spesiell e-post i dag som knyter meg og til norsk filmhistorie! Fylg med seinare!

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde med og opptak av Kitty Karina sin klasse på skulen. Dei hadde eit prosjekt i samband med FN-dagen og hadde mellom anna framføring av dette for SFO-elevar. Kitty Karina si gruppe hadde eit sers kreativt innslag!

I dag tyrsdag slengde inn eit par koffertar og ryggsekker med eigendelar. Trur eg blir ferdig til torsdag, då kan eg vaske ut huset. Eg reknar med å gjere dette aleine, ettersom Unni Elisabeth og Kitty Karina er på skulen…

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Ein personleg ytring – Una proclamente privado

datoklokke17grader

Det er jo veldig kjekt å vere i eit land som har slike temperaturar i oktober. Eg går framleis barføtt i kjippkjappane mine, med kortbukse og korterma skjorte, og me skriv altså 14. oktober.

Mest to månader i Spania framkallar ein del tankar kring livet her i den spanske kulturen.  Aasny, mi syster, skreiv ein kommentar i går der ho spurte om nokre detaljer om å bu her Eg kan jo dele nokre    personelge erfaringar så langt.  Det er ikkje som å vere heime i Stavanger, det er sikkert og visst. Dei daglege rutinane er sjølvsagt ansleis for meg personleg. Eg har ikkje noko fast og konkret arbeid å ta tak i kvar dag, sjølv om eg brukar nokre stunder kvar dag der eg sjekkar epost, ordnar med praktiske og økonomiske ting i leigeprosjekta våre og  skriv litt på eit manuskript og går på postkontoret for å sjå i boksen me leiger der.  Dei daglege spaserturane i byen Albir, på stranda og tilbake til huset vårt gjer meg nokre små blikk i eit og anna liv frå utsida.

Morgonsteming i dag 14. oktober - langs stranda mot Altea.

Morgonstemning i dag 14. oktober - langs stranda mot Altea.

Mange av dei som bur her utanom dei spanske er tydeleg pensjonistar frå Nederland, Sverige, Norge og England. Dei møter eg dagleg på mine vandringar til byen. Treff på eit og anna par med born som er på besøk. Det er roleg her, folk held på med sitt. Plutseleg kjem dei ein (hollandsk/svensk?) husfar ravande full i gate med sint kone  og  gråtande barn på slep. Det er nokre med store alkoholproblem her, det ser eg og. Eg treff nokre av dei på butikken, tidleg morgon for å kjøpe seg sin liter med vin, øl eller sprit, men det er ikkje påfallande. Kanskje ikkje meir enn i Noreg.

Nå har eg sett desse på stranda i snart 2 månader - eg måvel slå følge snart?

Nå har eg sett desse på stranda i snart 2 månader - eg måvel slå følge snart?

Ein ting som har overraska meg litt er at det faktisk er ein del einslege norske ungdomar her. Nokre som lever samen med besteforeldre/onklar/tanter i kortare eller lengre tid.  Dei kan ha forskjellige grunner for dette, men det er nokre føresette som har sendt ungane vekk frå» problem» heime i Noreg.  Ein tilsett i Helsestasjon for ungdom (drive av sjømannskyrkja og Blå kors) fortalde meg at det og er ungdom i alderen 16-18 som bur her aleine på hybel. Dei går på på vidaregåande skule her i Spania. Det er fleire enn tidlegare som oppsøkjer helsestasjonen med behov for hjelp. Dei taklar ikkje livet så greitt, det var  kanskje ikkje så problemfritt så dei trudde då dei drog her til Spania  åleine…..  Dette er noko å tenke på, noko nytt som me får høyre meir om i dei komande åra, trur eg.

Ein gong i veka kjem DAG OG TID til meg i postboksen. Den dagen sit eg på kafe lenge!

Ein gong i veka kjem Dag og Tid til meg i postboksen. Den dagen sit eg på kafe lenge!

Me høyrer og ser kva som skjer i Noreg. Me har norske TV-kanalar me og! Det set iallefall Kitty Karina pris på.  Eg for min del kan jo lese nyheter på nett, men det eg set mest pris på er den avisa som kjem ein gong i veke til postboksen vår!

Arbeid og Rutinar

Arbeid må ein ha. Mannen skal jo gjeve familien det daglige brød. Ikkje sant? Så derfor prøver eg å finne meg noko å gjere så eg kan legge nokre kroner (eller Euro) i skåla heime. Har nokre tankar og nokre konkrete idear. Skal jo lage ein film med KK som eg har skrive litt om før. Skal og skrive eit filmmanus, som og har nemnd tidligare.

Så er det å kome igang då. Ein må prøve å skaffa seg nokre rutinar. Det er det eg strevar med nå. Når var jo eit av føremonene med Spania-opphaldet å bryte opp kvardagen og dei daglege rutinane. Vel det har med jo gjort i Noreg, men må lage oss nye her i Spania. Det blir litt likt, men mykje blir ansleis. Magne Risa sende meg ein E-post i går. Han lever eit spanande liv den karen. For dei som ikkje veit kven han er så kan de jo takka ein kikke på http://la4bna.la1ona.com/ Det er ein blogg frå hans reiser på sjøen.  Magne seier i e-posten at det er spanande å sjå på dagen som kjem i morgon kvar han havnar i verda.

Det er mange som ynskjer å bryte kvardagen, om så aldri så lite for ei stund. Me har bestemt oss for Spania, ikkje akkurat det mest spanande valet, men trygt og godt for Kitty Karina.

Vel eg startar dagen med å lage frukost til alle oss. Legger ferdige brødskiver med pålegg på fat og så sit me ute på terrassen (det er kring 24-26grader om morgonen kl 0800 når me et). Så drar KK og Unni til skulen. Det er blitt mange gå turar. Det er 35 minutt å gå. Ein kan og ta buss, men me klarer ikkje å finne rett stoppestad og rett tid – ennå.

Her har eg arbeidsplassen min. Så lenge det er varmt så...

Her har eg arbeidsplassen min. Så lenge det er varmt så...

Etter at dei har gått sit eg og sjekkar E-post. Det har vore mykje praktisk å ordne med både opphaldet, husleige, og noko å ordne heime i Noreg og. Det har vore veldig mykje praktisk, så mitt eige arbeid har eg ikkje så mykje tid til enno.

Før ni blir det ein tur til byen, der eg brukar å spasere langs stranda og nyte varmen og duftene frå Middelhavet. I går blei mykje praktisk knytta til det huset med leiger. Dessutan fann eg ut korleis me skaffar oss busskort. Me har og snakka med ein nabo som gav oss råd med omsyn til opphaldsløyve, så det må eg omsette i praksis i dag.

Tidlig morgen. Til høyre bak står en gjeng og trener Tai Chi

Tidlig morgen. Til høyre bak står en gjeng og trener Tai Chi

Dagleglivet i Albir

Det er ikkje lenge sidan me kom hit. Me har treffe mange nye menneske, Kitty Karina har fått fleire nye veninner og kvardagslivet sig etterkvart inn over oss og, som kan kanskje gjer for dykk i Noreg.  Har noko ferieføling ennå, det trur eg heng saman med varmen og sola som steikar kvar einaste dag. Dvs me hadde den fyrste dagen med regn i går! Det var litt kaldt (26 grader) og det regna det meste av dagen. U  KK og eg skulle til eitt stort kjøpesenter her, men me havna i staden i Benidorm (den fryktelege byen eg ikkje ville attende til!). Det er litt vanskeleg å kome seg runt ikring utan bil. Det ser eg tydeleg.

Benidorm

Kk m parap

Kvardagen min her i Spania vil nok vere svært ansleis enn heime. Eg har ikkje nokon jobb og gå til.  Eg jobbar jo heime med det eg kan finne på.  Eg må jo skaffe meg nokre inntekter eg og (er det ikkje mannen som skal forsørgje familien – eller??). Har vore så heldig at eg har fått nokre pengar frå Psykopp i Stavanger.  Eg skal skrive eit filmmanus etter ei barnebok av Gerd Ragna Block Thorsen.  Det byrjar eg med om ei stund.  Eg vonar at eg kan laga filmen til sumaren neste år.  Ellers har eg jo denne filmen som me lagar med Kitty Karina.  Den kan bli arbeidsam den, men det er som med prosjektet me hadde i Vietnam (filmen To Barn – En verden),  me lagar det meste, så ser me om me får seld det til TV eller annan distributør.

Ellers så har eg ein del å ta meg til heime i Stavanger. Eg skal fylgje opp eit par filmprosjekt. Eg skal passe på eigedomar (!). Fekk nett epost frå leigaren (BP-Norge) vår på Stavanger Brygge at dei seier opp kontrakten to år før tida! Eg må få tak i ein ny leigebuar,  inntektene frå utleige er ein del av vårt Spaniabudsjett! Heldigvis så kan Falke ta noko av dette arbeidet, men det blir nok ein del jobbing med dette frametter! Me leiger jo og ut heimen vår i Schancheholen (sjølv om Falke bur der fram til jul). Bustad og butikk  i Kviteseid er leigd ut til ein turnuskadidat og til Kviteseid Kunstlag. Unni fekk nett og spurnad om å leige småbruket ho eig i Sauherad.  Så her er ein del å fylgje opp (for ein vaktmeister….).

Den fyrste veka i eitt nytt heimland

Albir. Det er onsdag. Varmt som vanleg. Ganske varmt. Dei siste dagane har det vore 30 – 33 grader utpå ettermiddagen. Fuktig er her og.  Sveitten renn og eg tenkjer på dykk i Noreg. Såg nokre bilete frå Utsira i går kveld. Skrekk og gru – det må vera den fyrste hauststormen!

Det er no omlag ei dryg veke sidan me kom hit til Albir. Turen her er starten på eit år i utlandet der med vil freista å gjere noko me har drøymt om lenge. Iallefall eg. Når no Unni kom på ideen å reise til Spania ( «klimaflyktning» likar ho å kalle det) for to år sian var det etter ein sers våt sumar heime i Stavanger. Me hadde endåtil vatn inn i kjellaren. Etter desse to åra så har me tenkt og planlagt litt, iallefall såpass at Unni tok eitt år permisjon frå arbeidet sitt på Austrått skule. Eg hadde arbeida mykje på Randaberg VGS dei siste åra, så mykje som 70-80 % var eg oppe i. Men eg hadde aldri fast stilling. Eg har faktisk ikkje hatt noko fast jobb sian 1974 om ein ser vekk frå to periodar på slutten av åttitalet (½ år) Og i 2005 (eitt år). Skulen har prøva å få inn ein 50% stilling til Web (ein jobb Odin hadde som innleigd vikar – og som han kunne fått på dagen) Vel det var ikkje meir arbeid til meg på Rvgs, så då vart verda open for meg og!

Kitty Karina ser helsing frå vener på video

Kitty Karina ser helsing frå vener på video

Så no er vi her. Det har vore mykje arbeid med å kome til rette. Me hadde ikkje noko stad å bu, ikke eit hotell ein gong då me kom her seint på ettermiddagen den 23. august. Men e har vært ute og reist ein sumarnatt før, så Unni klara å finne eitt hotell som var mykje billigare enn dei andre. I Altea. Rett med stranda. På promenaden. Hotel San Miguel heitte det. Gamalt med sjel. Lite rom.

Kitty Karina får prinsesseservice av Skjalg

Kitty Karina får prinsesseservice av Skjalg

Me var slitne, men klara å trave rundt i Altea til fots i ennå nokre timar. Faktisk gjekk med 12 kilometer til fots. Me fekk god oversikt over området med dei to byane som ligg vel tri kilometer frå kvarandre. Fann og eit billigare hotel nærare skulen der Unni go Kitty Karina skal vere det neste året.. Me køya kl eitt.

Neste dag var det på tur igjen. Me tok taxi denne gongen og plasserte oss i hotel Europa.

Neste dag var det på tur igjen. Me tok taxi denne gongen og plasserte oss i hotel Europa. Her blei me verande i meste ei veke mens me leita etter bustad. Det var viktig å få noko me trivst med og noko som ikkje var for dyrt. Me sette ei øvre grense på 800EU. Såg på mange leigeheiter, men me ville ha hus. Såg at prisen med hadde sett som øvre tak ikkje ville helde.

Etter mykje fram og tilbake, der med var klar til å signera kontrakt dagen etter, trekte me oss. Det var magekjensle til oss alle som sette inn.

For å gjere denne soga kort – så bestemte me oss for eit fireroms rekkehus omlag 35 min gange frå skulen. Litt langt vekke, litt for dyrt, men ok for oss – med god plass og for vener.

Resten av veka har med filma Kitty Karina på skulen. Ho har og laga sine eigne opptak til filmen me lagar om hennar opphald i Spania. Me har sett oss ikring, ordna med pank bankkonto, Spist kaker og is.

Den fyrste skuledagen

Som nokon av dykk veit, så skal Kitty Karina gå på den norske skulen her i Albir.  Den heiter Costa Blanca Skulen og er driven av ein norsk rektor, Lill frå Trondheim og det er tilsett kring 15-16 lærarar og assistentar. Her skal og Unni Elisabeth jobbe eit skuleår. Måndag den 31. august var fyrste skuledag. Det var møtt fram mange elevar med føresette. Kring 100 telte eg i skulegarden. Det går 60 elevar på skulen, men ikkje alle var komen fyrste dagen. I Kitty Karina si klasse på 11 var berre 7 tilstades. Eg freistar å lage ein film om Kitty Karina sitt år i Spania. Det er ikkje sikkert eg klarer det, men eg er nå igang. Et tok ein del scenar på fyrste skuledag og har gjort nokre opptak tidligare, dei fyrste dagane i eit framand land. Filmen skal freiste å syne korleis eit barn opplever denne store endringa i livet sitt.

Lærarane song for deit frammøtte. Unni lengst til venstre.

Lærarane song for dei frammøtte. Unni Elisabeth lengst til venstre.

Det var ein fin dag men det var noko spanande for Kitty Karina som hadde grua seg og gleda seg til nett denne dagen. Det var ikkje klett for henne å vere «skodespelar» rett opp i denne stoda. Eg forstår ho godt! Det vart litt for mykje fokus på ho i ein vanskeleg augneblink.

KK sin fyrste skuledag var nok noko spanande for henne!

Kitty Karina sin fyrste skuledag var nok noko spanande for henne!

Seinare på dagen blei det lettare. Ho fekk kontakt med si fyrste veninne. Maria hette ho, går i 6 klasse og er dotter til ei av lærarane. Det vart ei lukkeleg avslutning på ein enormt spanande dag for Kitty Karina!

Maria og KittyKarina fann kvarandre fyrste dagen

Maria og Kitty Karina fann kvarandre fyrste dagen

På kvelden måtte me feira den fyrste arbeids og skuledagen. Kitty Karina fekk ei lita gåve og Unni fekk ei lita gåve frå den krye ektemann og far!

Kitty Karina fekk ei pengebok og Unni ei smykke frå meg

Kitty Karina fekk ei pengebok og Unni Elisabeth eit smykke frå Skjalg