Menn og maskiner – los hombres y mecaniza

Det er tankevekkande å sjå korleis menn vert så bergtatte av maskinar. Heilt frå barnsbein av hev gutar stor glede av sjå korleis mekaniske innretningar virkar. Eg hugsar sjølv dei finaste presangane som eg fekk til jul var dess maskinane, enten dei lysa og blinka, laga lydar eller bevega seg. Gravemaskinar og lastebilar var det gjævaste me kunne få! Slik er det moglegvis  i dag óg. Slik er det vel med oss vaksne menn og?!!. .. men nokre mørke  tankar gjer ein seg óg når me lar desse maskinane få for mykje innpass i verda vår…

Traktor i solnedgang (eller her er det faktisk soloppgang!)

Traktor i solnedgang (eller her er det faktisk soloppgang!)

Skulevegen til Kitty Karina er ikkje noko fint syn! Ho må til tider gå 35-40 minuttar til skulen og må passere ein hovudveg og ei jernbaneline. Samstundes går hun langs fortau på ein av hovudvegane inn til byen Albir. Det har vore mogeleg å gå denne vegen utan noko større fare for liv og helse fram til nå. Det endra seg brått då dei stengde den einaste «trygge» vegen gjennom jernbane og hovudveg. Det skjedde for nokre dagar sidan.

Dette møtte Kitty Karina dagleg på vegen til skulen!

Dette møtte Kitty Karina dagleg på vegen til skulen!

Det har seg nemleg slik at dei bygg dobbeltspor her i Communidad Valencia.  Det er i line som går mellom Benidorm og Altea, ei strekning på omlag ei mil. Dei starta for nokre år sidan og skal vere ferdig til neste år. Litt forsinka her og, som heime! Den er kostnadsrekna til kring 17.964394,72  millionar Euro (kring 150 millionar kr).  Det er litt billigare enn dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger som er omlag like langt. Det kostar  visst 2.2 milliardar….

Dei har jobba med dette jernbaneprosjektet ei stund før me kom her. Nå stengjer dei vegar for både fotgjengarar, syklistar og bilistar. Det er ikkje like lette å finne fram spesielt for dei mjuke trafikantane. Tok meg ein tur i går for å sjå på byggverket.

Undergangen som var vist på det fyrste bilete vert bygd om no for eit ekstra spor.

Undergangen som var vist på det fyrste bilete vert bygd om no for eit ekstra spor.

Her passerer toget medan arbeidaranene grev ny trasé til det nye sporet. Dei grev ny trasé til det nye sporet. Det eriIkkje mange millimeter å gå på her!

Eg sykla langs jernbanelina.  Det er jo alltid greiast å sykle,  så kjem ein seg fram overalt.  Blei oppteken av dette eit par timar, flott å sjå menneske og maskinar som lagar nye vegar i terrenget! Fascinerande å betrakta desse svære maskinane som et seg inn i fjellet meter for meter, og lastebilane som tøymer «maten» i svære haugar i nærleiken. Det er porøst fjell dei jobbar med, så dei brukar meisle-maskinar på einskilde stader der det er fjell. Dei kikka på meg nokre av arbeidarane;  denne merkelege mannen men sykkelen som stod og tok bilete av maskinane…. Eg venta eigentleg óg på toget som skulle passera slik at eg fekk eit godt bilete til sia mi!

Slik må ein krysse sporet no...Men om ei veke flytter me på rette sia

Slik må ein krysse sporet no. Men om ei veke flytter me på rette sida.

Der er heldigvis ikkje lenge me har det slik. Me flyttar til nytt hus om eit par dagar. Det er berre minuttar frå skulen til Unni Elisabeth og Kitty Karina. Men der er jo synd på alle dei andre som ikkje køyrer bil.

Tog eller bybane? Veit ikkje heilt, han er iallefall smalspora.

Tog eller bybane - smalspora er han. Fint at dei satsar på kollektiv transport!

Tog eller bane. Kollektivsatsing er like fullt eit viktig investering i framtida her. Det vil koma nye generasjonar som vil sette meir pris på dette enn dagens 50åringar! No er faktisk sers vanskeleg å klare seg utan bil her. Det går jo, men det gjeng på tryggleiken laus og det vil me ikkje sant vel!

Dette er skulevegen vå nor. Her mista ei ung jente livet for litt sidan.

Dette er skulevegen vår no. Her mista ei ung jente livet for litt sidan.

På skulevegen, ca 200 meter frå der me bur i dag, heng det eit bilete på betongveggen. Det er bilete av ei jente.  Ho er kanskje 18-20 år gamal. Det ligg blomster støtt og eitt eller to lys er alltid tent.

sandrablomar

Siempre estarás en nuestros corazones descansa en paz, Sandra

Du vil alltid være i våre hjarte, kvil i fred Sandra.