Noruega – Tilbake til det kalde nord….berre for nokre dagar

Så var eg I Noreg. Plutselege og brått. Nokre timar før i 26 graders varme så sto eg der på Sola Flyplass og det var kald nordavind og 14 grader. Eg hadde sjølvsagt kortbukse og skjorte som eg har hatt kvar dag de siste 3 vekene. Eg fekk ei stor overrasking på Sola, Der i porten ut av utalandsrommet stod Odin! Kjempeoverrasking og såå kjekt!  Eg hadde venta Falke, men han hadde ikkje Odin sett. Ute på parkeringen der stod Peugeot`en, der sat Falke. Han vart like overraska over å sjå Odin og meg kome saman! Hjarteleg møte.

Det var stor overrasking å møta Odin på flyplassen!

Det var stor overrasking å møta Odin på flyplassen!

Der var sjølvsagt og Falke med bilen vår!

Der var sjølvsagt og Falke med bilen vår!

Hjartleg og overraskande møte mellom dei to gutane våre!

Hjartleg og overraskande møte mellom dei to gutane våre!

Falke fekk lappen den 7. september. Fyrste gong eg kjøyrer med han etter det! Eg gler meg til bilturen nerover Europa med den ferske sjåføren!

Falke fekk lappen den 7. september. Fyrste gong eg køyrer med han etter det! Eg gler meg til bilturen nerover Europa med den ferske sjåføren!

Nett no er eg i stua til Dag Bjørnsen. Klokka er halv åtte. Det er sol ute men kaldt trur eg. Dag har vore så snill og hjelpsom og teke meg inn og gitt meg eige rom på loftet for nokre dagar. Skal gjere filmane for Barnemuseet ferdige, prøve å leige ut Stavanger Brygge, pakka ned resten av dei sakene som me vil ha med oss til Spania – og køyre Peugeot`en til Spania!  Eg prøve å selja han for ein månad sidan, men lykkast ikkje med det. Då var det like greitt å ta han til Spania. For det har me snakke mykje om. Det er ikkje lett å bu i Albir utan bil. Med treng han for å kome til butikken, deltaka på dei sosiale arenaene og kome seg rundt og sjå på dei fine omgivnadene i Valencia. Falke vil bli med. Me køyrer på fredag og skal vere attende i varmen på sundag. Falke blir hos oss ei lita veke før han flyr attende laurdag den 27.9. Han gler seg til turen, men ikkje til å missa bilen som han har bruka dagleg sidan han fekk sertifikatet for to veker sidan!

For dei som ikkje har fått det med deg, så leiger me ut bustaden vår i Schancheholen. Difor kan eg ikkje bu der. Så det er fyrste gong på 22 år at eg er i byen uten å bu heime. Akkurat som då Unni Elisabeth og eg kom frå Filippinene/Thailand med Odin som 2 mnd gamal baby i februar 1987. Då leigde me ut legenheita i Oscar Wistingsgate ut til tri suldalsjenter. Unni Elisabeth og Odin reiste til mor og far sin i Kviteseid og eg budde på legd rundt omkring, mest hos Olav Petter og Sigrid i Store Skippergate. Så dette er mest som å vere attende i 1987 – Deja Vju.

Var oppe i huset i går då me kom frå flyplassen. Dei hadde det fint (og ryddig..). Simplissiuss låg i korga si i stua rund og god (eg undrar meg kor stor den katta kan bli?) Nokre varme klede måtte eg ha på meg før Falke køyrde med til Dag sitt hus på Våland. Om kvelden var me på byen, møtte Odin og åt god gresk mat på Akropolis Restaurant før me hadde ei hyggjeleg avslutting hos Sjokoladepiken. Eg sat og frøys, under varmelampa, men Dag kom med ullteppe til den frosne klimaflyktningen! Odin tok og kvelden sjå Dag. Ein veldig kjekk heimkomst og hyggjeleg kveld!

Simli har det godt hos leigetakarane våre. Men ho vert større og større!

Simpli har det godt hos leigetakarane våre. Men ho vert større og større!

HOY – (i dag)

Prøver å lære litt Spansk kvar dag. Det er ikkje så lett å få dei rutinane i seget. Prøver med ei bok som heiter «Spansk på 15 minuttar». Ambisiøs tittel med fyrste augneblink, men det er meint å ver 15 minuttar Kvar dag over 12 veker!

Idag kom handverkarane som skulle bytte hovuddøra. Døra vart lovt den fyrste uka me budde her (10 dagar sidan). Dei hamrar og bankar.

Spanske arbeidarar som er så heldige å ha jobb i desse krisetidene der 20% er utan arbeid.

Spanske arbeidarar som er så heldige å ha jobb i desse krisetidene der 20% er utan arbeid.

I går hadde eg ein innhaldsrik dag, der eg ikkje gjorde så mykje! Ein tur til Altea via min daglege tur til stranda. Men denne gongen gjekk eg heilt til nabobyen Altea. For dei som har vore her så veit dei at det er ein liten spasertur for folk med gode føter og bra kondisjon. Ikkje meir enn 3 km… . Eg skulle ordne noko praktisk med telefon-abonnement, kikka på Scooter og gå i gamlebyen.  Scooterbutikken fann eg ikkje. Abonnemenet for telefon får me fyrst når forsørgjaren min hev eit spansk indentietsnummer. Bruk av telefon er fryteleg dyrt med kontantkort, så me vil ha eit abonnement for telefonane våre.

DejaVu

Er fortalde i går om ei oppleving frå byrjinga på nittitalet. Det var dei åra eg gjekk heime med Odin og Falke. Heimeverande far (det er visst blitt populært heime i Noreg nå) var eg og søkte kontakt med likeeins menn. Det fann eg ikkje i 93-94, berre ein og han hette Rolf Nordås (bror til Thor G Norås). Vel, eg har den same opplevinga no. Einaste hane i flokken. Mange heimeverande mødre, einslege mødre, grasenkjer osb. Alle kvinner som fylgjer mannen sin til Spania. Det er ikkje mange som arbeider av dei eg møter. Eg snakkar ein del med nokre av dei på skulen etter at dei har fylgd ungane sine dit. Sit og pratar om daglegdagse ting, om praktiske problemer og løysingar på desse i eitt nytt land. Mykje å lære mykje å lære bort.

Dei fleste er fyrstereis, men eg møter fleire på andre sosiale arenaer, t.d. på Den Norske Sjømannskyrkja her i Albir. Der har me no vore to onsdagar og truffe mange nordmenn som bur her fast. Her er det mykje gode råd å få, slik som i går kveld då med snakka med ein bergensk byggmeister som hadde budd her i 23 år! Og arbeida her i like mange år.  Han hadde bygde einebustadar, blokkleilegheiter og, sjukeheimar, kyrkjer og skular. Han var arbeidsledig no….. Som 20% av det spanske folket.  Vel, han kunne fortelje at huset med budde i er dårleg bygd i den tidi då det var oppgang og bonanza i byggjemarknaden i Spania. Huset kosta 30.000 EU å byggje, dei prøver å selgje det for 350.000 EU i dag!!!. (Men det går jo ikkje når det er over 1.000.000 leigeheiter til sals i Spania i dag! Han ga oss mykje gode råd. Om hus, om folk her i byen, om nordmennene, om det eine og det andre.

Frå daglegturen til stranda. Men nokre gonger til Altea, som gårsdagen.

Frå daglegturen til stranda. Men nokre gonger til Altea, som gårsdagen.

Fjellene bak Altea må me ein gong prøve bestige!

Fjellene bak Altea må me ein gong prøve bestige!

Her er plassen alle veit om i Albir. Her sat Unni fyrste gongen den 29.april då ho var til intervju. Merk temperaturen. klokka er halv ti.

Her er plassen alle veit om i Albir. Her sat Unni fyrste gongen den 29.april då ho var til intervju. Merk temperaturen. klokka er halv ti.

Utsikt mot turist og badebyen Calpe

Utsikt mot turist og badebyen Calpe