Escape de agua – Vannlekkasje

Så kom regnet.

Så kom regnet.

No har det skjedd noko ubehageleg med huset me bur i! Som nokon av dykk mogeleg veit så har me fått mykje styr med vatn i Schancheholen og i Kviteseid dei siste 10 åra. Det ser ut til å forfylgje oss her i Spania!
Fylg med så skal eg gjere greie for kva eg meiner – med bilete seinare!

Før flaumen og etter ser det slik ut på "promenaden" mot havet

Før flaumen og etter ser det slik ut på alleen mot havet

Dei er førebudd på MYKJE vatn her i Albir. Denne alleen er tørr meste av tia.

Dei er førebudd på MYKJE vatn her i Albir. Denne alleen er tørr meste av tia.

Det tyt vatn ut alle plassar!

Det tyt vatn ut alle plassar!

Det luktar ikkje godt dette!

Det luktar ikkje godt dette!

Og her ender alt vatnet, i Middelhavet, på badestranda vår.

Og her ender alt vatnet, i Middelhavet, på badestranda vår.

Vatn inn i huset. Lekkasje frå veranda, i kjøkken og  i stue!

Som eg nemnde, me vert forfylgd av vatn og lekkasjar kor me snur oss! Huset me bur i er bygd i 82-83 medan den ists store byggestormen her i Spania. Mykje slett arbeid og dårlege hus. Me ser det nå. Vatnet treng gjennom taket i stua og kjøkken, for det er ein utett veranda over begge rom. Då vatnet styrta ner så klarte ikkje avlaupet ta av for dei stor vatnmengdene så det såg som små symjebassen der oppe.

Mykje vatn på terassen oppe og tette røyr!

Mykje vatn på terassen oppe og tette røyr! Unni Elisabet tok eit kosteskaft og fekk ut skiten!

Vatn var det og på den andre verandaen. Tette røyr og, men Unni fiksa det med ei

Vatn var det og på den andre verandaen. Tette røyr og, men Unni fiksa det med ein smørekniv

I dag  rann det vatn ner ved sia av bordet eg sit kvar dag på ute plassen, i kveldinga byrja det å drypa frå taket på kjøkken. Det vart ein liten vasspytt. Endå seinare byrja det å drypa på TV og Kabelboksen framføre oss i stua! Au då… då ringte me til dei me leiger av!

Unni og eg fann fram reiskap, knivar, pinnar og eit kosteskaft og fekk trykt ut tette avlaup. då var det rett føre det rann inn på Kitty Karina sitt rom!

Vatnet la seg fint foran Tv og kabelboksen!

Vatnet la seg fint foran Tv og kabelboksen!

Unni måtte tøre opp vatnet frå verandaen over kjøkkenet vårt.

Unni tørkar opp vatnet på kjøkkengolvet.

Som om ikkje dette var nok denne dagen..så gjekk straumen resten av kvelden. Men det var jo litt koseleg…

Fin stemning på badet!

Fin stemning på badet!