Den fyrste veka i eitt nytt heimland

Albir. Det er onsdag. Varmt som vanleg. Ganske varmt. Dei siste dagane har det vore 30 – 33 grader utpå ettermiddagen. Fuktig er her og.  Sveitten renn og eg tenkjer på dykk i Noreg. Såg nokre bilete frå Utsira i går kveld. Skrekk og gru – det må vera den fyrste hauststormen!

Det er no omlag ei dryg veke sidan me kom hit til Albir. Turen her er starten på eit år i utlandet der med vil freista å gjere noko me har drøymt om lenge. Iallefall eg. Når no Unni kom på ideen å reise til Spania ( «klimaflyktning» likar ho å kalle det) for to år sian var det etter ein sers våt sumar heime i Stavanger. Me hadde endåtil vatn inn i kjellaren. Etter desse to åra så har me tenkt og planlagt litt, iallefall såpass at Unni tok eitt år permisjon frå arbeidet sitt på Austrått skule. Eg hadde arbeida mykje på Randaberg VGS dei siste åra, så mykje som 70-80 % var eg oppe i. Men eg hadde aldri fast stilling. Eg har faktisk ikkje hatt noko fast jobb sian 1974 om ein ser vekk frå to periodar på slutten av åttitalet (½ år) Og i 2005 (eitt år). Skulen har prøva å få inn ein 50% stilling til Web (ein jobb Odin hadde som innleigd vikar – og som han kunne fått på dagen) Vel det var ikkje meir arbeid til meg på Rvgs, så då vart verda open for meg og!

Kitty Karina ser helsing frå vener på video

Kitty Karina ser helsing frå vener på video

Så no er vi her. Det har vore mykje arbeid med å kome til rette. Me hadde ikkje noko stad å bu, ikke eit hotell ein gong då me kom her seint på ettermiddagen den 23. august. Men e har vært ute og reist ein sumarnatt før, så Unni klara å finne eitt hotell som var mykje billigare enn dei andre. I Altea. Rett med stranda. På promenaden. Hotel San Miguel heitte det. Gamalt med sjel. Lite rom.

Kitty Karina får prinsesseservice av Skjalg

Kitty Karina får prinsesseservice av Skjalg

Me var slitne, men klara å trave rundt i Altea til fots i ennå nokre timar. Faktisk gjekk med 12 kilometer til fots. Me fekk god oversikt over området med dei to byane som ligg vel tri kilometer frå kvarandre. Fann og eit billigare hotel nærare skulen der Unni go Kitty Karina skal vere det neste året.. Me køya kl eitt.

Neste dag var det på tur igjen. Me tok taxi denne gongen og plasserte oss i hotel Europa.

Neste dag var det på tur igjen. Me tok taxi denne gongen og plasserte oss i hotel Europa. Her blei me verande i meste ei veke mens me leita etter bustad. Det var viktig å få noko me trivst med og noko som ikkje var for dyrt. Me sette ei øvre grense på 800EU. Såg på mange leigeheiter, men me ville ha hus. Såg at prisen med hadde sett som øvre tak ikkje ville helde.

Etter mykje fram og tilbake, der med var klar til å signera kontrakt dagen etter, trekte me oss. Det var magekjensle til oss alle som sette inn.

For å gjere denne soga kort – så bestemte me oss for eit fireroms rekkehus omlag 35 min gange frå skulen. Litt langt vekke, litt for dyrt, men ok for oss – med god plass og for vener.

Resten av veka har med filma Kitty Karina på skulen. Ho har og laga sine eigne opptak til filmen me lagar om hennar opphald i Spania. Me har sett oss ikring, ordna med pank bankkonto, Spist kaker og is.

Den fyrste skuledagen

Som nokon av dykk veit, så skal Kitty Karina gå på den norske skulen her i Albir.  Den heiter Costa Blanca Skulen og er driven av ein norsk rektor, Lill frå Trondheim og det er tilsett kring 15-16 lærarar og assistentar. Her skal og Unni Elisabeth jobbe eit skuleår. Måndag den 31. august var fyrste skuledag. Det var møtt fram mange elevar med føresette. Kring 100 telte eg i skulegarden. Det går 60 elevar på skulen, men ikkje alle var komen fyrste dagen. I Kitty Karina si klasse på 11 var berre 7 tilstades. Eg freistar å lage ein film om Kitty Karina sitt år i Spania. Det er ikkje sikkert eg klarer det, men eg er nå igang. Et tok ein del scenar på fyrste skuledag og har gjort nokre opptak tidligare, dei fyrste dagane i eit framand land. Filmen skal freiste å syne korleis eit barn opplever denne store endringa i livet sitt.

Lærarane song for deit frammøtte. Unni lengst til venstre.

Lærarane song for dei frammøtte. Unni Elisabeth lengst til venstre.

Det var ein fin dag men det var noko spanande for Kitty Karina som hadde grua seg og gleda seg til nett denne dagen. Det var ikkje klett for henne å vere «skodespelar» rett opp i denne stoda. Eg forstår ho godt! Det vart litt for mykje fokus på ho i ein vanskeleg augneblink.

KK sin fyrste skuledag var nok noko spanande for henne!

Kitty Karina sin fyrste skuledag var nok noko spanande for henne!

Seinare på dagen blei det lettare. Ho fekk kontakt med si fyrste veninne. Maria hette ho, går i 6 klasse og er dotter til ei av lærarane. Det vart ei lukkeleg avslutning på ein enormt spanande dag for Kitty Karina!

Maria og KittyKarina fann kvarandre fyrste dagen

Maria og Kitty Karina fann kvarandre fyrste dagen

På kvelden måtte me feira den fyrste arbeids og skuledagen. Kitty Karina fekk ei lita gåve og Unni fekk ei lita gåve frå den krye ektemann og far!

Kitty Karina fekk ei pengebok og Unni ei smykke frå meg

Kitty Karina fekk ei pengebok og Unni Elisabeth eit smykke frå Skjalg