Siste dagane er alltid dei travlaste. Det var visst enda ein dag. Flyet gjekk ikkje for klokka to på ettermiddagen. Fekk ein ekstra dag i bonus. Fantastisk! Vakna då Siv gjekk på jobb. Nokre helger køyrer ho buss. Dette var ei slik helg. Eg sende ho ei melding idet eg såg bilen svinga ut frå parkeringsplassen. Fekk nokre tankar kring bydelen eg budde i den siste veka. Men det kjem eg attende til…
Jo, eg pakka nå alt. Kofferten vart 28 kilo, og så hadde eg nokre andre ting i ein plastpose som nokre vener skal ta med seg på onsdag. Åsne dreiv på å støvsuge. Flink jente.
Fekk vitja mor. Ho er så frisk og klar at det mest er utruleg! Blir 92 i april. … No gjeng batteriet her på flyet. Eg stansar!
Flott utsyn frå soverommet til Åsne. Fjorden, fjella innanfor mot Ryfylke. Dei driv jobbar med å riv gamle verkstedsbygningar. Røyrleggjar Midtbøe ser eg det star på ein av dei. Kommunen skal lage park har eg lese. Fint det, det er ikkje mange gonger me høyrer slikt! Det er meir motsett, dei tek små bitar av grøne lunger heile tia. Høyrde den siste konflikten no som kjem i Stavanger er planar om å byggje boligar på Waisenhustomta. Dette er ein av dei siste store grone lungene i Austre bydel, der det no bur over 14.000 innbyggjarar! Kommunen ser ikkje kva som rører seg blant folk! Dei forstår ikkje at her sit dei på ei miljøpolitisk bombe. Eg trur folk vert provosera til de grader at det vert bråk som kan enda med ein stor smell! Eg blir med å stritte imot. Eg trur til og med eg vil stille i fyrste linje på ein lenkjegjeng om det kjem så langt! Er det nokon som blir med?
Men eg trur nå politikarene heller vil ta kampen med kommunesamanslåing framfor å tåla belastning med massive protestar og lenkjegjeng føre gravemaskinar og massivt pressekorps.
Har nett no skrive med Odin på jabber (Same som msn) han var på veg frå heimen i Oslo til jobben i Nei til EU i Kristian Augustsgate. Etter oppmoding frå meg, sendte han meg nokre bilete mens han sat der og skreiv. Kjekt og kuult. Han frøys på øyro, det kunne mest eg se. Bileta han tok var frå bussen.
Blei møtt laurdag av Kitty Karina og Unni Elisabeth på flyplassen. Dei hadde sent Odin og Helene avgarde tidligare på dagen. Godt å vere med dei att. Sjølv om det og er trist å reise frå Falke i den andre heimen!
På måndag vart det fjelltur! Til topps på Sierra Helada. Den ligg like med der me bur, kun ein times gange opp dei 435 høgdemetrane. Herleg.
Dette skal me gjere fleire gonger (i månaden!). Det er flotte turområde fleire plassar her. I ein radius av 30 min med bil kan me velje mellom 25-30 turar i skog og mark, langs strender i landsbyar og på fjelltoppar med rare formasjonar. Unni fekk ide til å laga film frå desse turane. Det var kanskje noko andre ville sette pris på å sjå, kanskje selje DVDar med turar på Costa Blanca! Det er jo skrive bøker om det same, så kvifor ikkje ein DVD?
Vel me får sjå. No er det kvardag igjen frå i morgon. Det har vore Fiesta her i ei heil veke. Dei siste to dagane med fri for spanjolane. Masse opptog og fyrverkeri om kveldane. Siste dagen i dag.