Andalucia Reise i tid og rom – Viaje en el tiempo y el espacio

Guadalquivir, som snor seg gjennom sørlege Spania. har vore sentral for landets historie.

Sit og ser på ein film frå den spanske borgarkrigen (1936-39). Den tek for seg dei siste kamphandlingane i Huelva Sevilla område. Eg tenkjer på tid. Det er mykje som har hendt her dei siste 70 åra. Spania er eit land med dramatiske og store historiske omveltingar. Ikkje berre sidan 1936. Heile den spanske historia dei siste 1500 år har vore eit endelaust drama med krigar, erobringar, religionsfeidar, kongeovertakingar og politiske maktkampar osb. Dei siste 70 år har ikkje vore mindre turbulent. Spania har vore eit av dei rikaste land i verda, etter ei ekspansiv koloniverksemd over fleire kontinent, over fleire hundre år.

Bygningar i Sevilla er prega av stor påverknad frå maurisk kultur.

Gotisk stil. Flott arkitektur i sentrale Sevilla.

Eg var her i 1968, det er faktisk 42 år sidan i år. Då var framleis sigerherren frå den siste store krigen i Spania framleis ved makta, fascistgeneralen Generalissimus Franco. Eg merka det var eit fattig land. Det var militær overalt. det var ei stemning eg ikkje var kjend med, noko litt  uhyggjeleg, spesielt i byane der militæret var synlege. Vel, mykje har skjedd sidan 1968. Då Franco døydde i 1975, blei demokratiet innførd og alt har gått oppover for landet sidan den tid. Sevilla var som andre byar på den tida, sletne og prega av vanskjøtte frå myndigheitene . Idag ser eg Sevilla med betre velstand, ein by som tek ansvaret for den lange og viktige historia som byen representerer.

Festen skulle starte om kvelden.

Jentene elskar skor!

Flamenco!

Me fekk med oss ein del av feiringa av Semana Santa, den viktige påskefeiringa for spanjolane. Det verkar som om dei har fri heile påskeveka, det er mykje folk ute i gatene, der dei ventar på store prosesjonar med svart-, raud eller kvitkledde med høge tynne hattar, nett som ku klux klan. Bak ber andre på store altertavler med jesus, eller maria-figurar. Folk er fint kledde. Det er så mykje folk rundt omkring at det er vanskeleg å kome seg fram der ein vil. Fyrste dagen blei og noko amputert fordi Kitty Karina måtte inn i dei mange «spanande»  kjøpesentra i byen.

Prosesjonen med dei flotte santafigurane gjekk gjennom gatene.

Dei små var og med og gjekk i prosesjonane.

Desse personane var ikkje så hyggjelege å sjå til!

En tiggar med sans for sjølvironisk humor. Pengar til ymse føremon!

Andre dagen blei det meir å sjå for oss ute i byen, med det spanske folket som feira sin Semana Santa. Dette er jo svære greier for dei, kan tenkje meg syttanda mai ganga opp med fire eller så. Feiringane med prosesjonar går føre seg kvar dag frå midt på dagen til eitt-to på natta, ei heil veke til ende. Og alle er med. Frå dei minste i barnevagnar til gamle krokar som stabbar seg avgarde i gåstolar og rullestolar.

La Giralda, bygd som minaret, nå eit kristent klokketårn!

Me fekk koma oss opp i den fine kyrkja i sentrum av Sevilla. Det var denne eg vitja saman med far min Steinar i 1968. Eg hugsar at det var ei svær kyrkje og at me gjekk i eit tårn for å sjå ut over byen. Eg las at tårnet , La Giralda, vart bygd som ein minaret. Då det vart sett opp på 12hundretalet var det  verdas høgaste bygning med sine 97 meter.

Min far Steinar tok dette bildet frå la Giralda i september 1968....

Og slik ser det ut 42 år etter frå den same staden...