Benidorm – elska og hata by – odiado y amado

Byen og skyskraparane vert små når ein ser byen frå fjella bak!

Europas høgaste hotel er 210 meter høgt. Her tar dei 50 kroner for ein tur med heisen.

I byrjinga av 50talet var Benidorm senter for tunfiske i Spania og hadde omlag 3000 innbyggjarar. Heile kommunen var planta med oliventre og sitrusfrukter før Plan General de Urbanismo blei vedteke i 1956. Dei hadde sett for seg ein skikkeleg by med mykje parkar, men dei hadde visst ikkje skikkeleg styring på utbygginga og arealet som blei byggja på vart  mellom 1956 og 1964 150 gonger større enn dei hadde tenkt – politikarene i 1956. Og dei neste 20 åra auka utbygginga med ikkje mindre enn 760 %!

Noko livlaust her. Ville du bu her?

Her er det ialle fall litt liv ser det ut til....

Det var sjølvsagt charterturismen som betala for denne enorme byggeaktiviteten. 4 millionar turistar kom det til Benidorm i 2008. Blokkene som vart bygde opp gjennom åra blei sett opp langs med den flotte stranda og let mange få utsikt til sjøen. Det kan hende det var eit kriterium for planen. Mange ser heller på denne planen som ei katastrofe for byen. Men Benidorm er ein viktig kjelde for inntekt på Costa Blanca og er den største turistmaskinen i Comunidad Valencia.

Room with view!

Helt topp!

Eg skreiv ein del om Benidorm då me kom til Spania i september.  Skreiv ein del om harry/partybyen. Når ein kjem landevegen på AP7 er det byens «skyline» ein ser fyrst på fleire kilometers avstand. Byen har mange høøøge bygningar. Benidorm ser ut som ein by som ynskjer å vere Las Vegas og New York samstundes. Dei bygger høgre og høgre. Byen er ein festby men og musikkby. Eg forstår at jazz er viktig her og det er eit stor musikkmiljø, med fleire festivalar i løpet av året.

Benidorm har arkitektur med kontrastar. Kor dei tek inspirasjon frå er det ingen som veit!

Arkitektonisk er Benidorm verd ei studie. Det meste av bygningar er overdimensjonert. Det kan se ut som om utbyggjarane har prøvd å overgå kvarandre om å konstruera dei høgaste bygningane. Bystrukturen ser på ein lekmann som han er tilfeldig og utan noko form for plan. Det er noko anarkistisk over heile byen, i negativ forstand. Kan ikkje tenke meg at seriøse arkitektar vil sette igjen noko minne for ettertida i denne byen! Byen har fleire hotell pr. innbyggjar enn nokon annan by i Europa. Ikkje så rart, når den tek imot like mange folk pr år som det er innbyggjarar i Noreg!

Koooselig.. eller? Billeg for folk flest ville kanskje andre sei. Her får du leigenheit for ein halv million kroner.

Gran Hotel Bali er dessutan Spanias høgaste bygning (210 meter) og Europas høgaste hotell med 52 etasjer. Benidorm kan dessutan ta 300.000 gjester til sine restaurantar og kafeer/pubar i høgsesongen og utelivet på kveldane er vide kjend, som eg skreiv på sida mi i september i fjor. Byen er og eit handle-eldorado, der ein kan kjøpe kva som helst frå

Bygging av høghusa til høgre stansa i fjor. Har sett lite aktivitet sidan!

... men her kan ein sjå at dei så smått er komen i gang att...

dei mange små tronge butikkane langs gatene. Her sel dei alt det du kan tenkje deg, importera frå Austen alt saman, som ellers i Europa. Det finaste med byen er jo stranda. Det var jo her den store utbygginga starta. Kommune hadde ein plan om å satsa på turisme på femtitalet, men eigde berre ei smal stripe langs stranda.

The British

Difor vart det store høge hus alt frå byrjinga. Dette har dei fortsatt med til i dag, og no er det fleire bygg som er kringsette med byggjekranar. Men dei er stille desse kranane. Det er ingen arbeidsfolk som byggjer lenger. Tomme betongskal, halvferdige grå skyskrapartårn står som spøkelse-skulpturar etter kollapsen i byggmarknaden for to-tri år sidan. Det står hopetal av leigeheiter uferdige i byen, og fleire tusen tomme rundt omkring i og utanfor. Ja, heile bustadfelt ligg der som spøkelsesbyar. Her kan ein kjøpe billege bustadar med opptil 150.000 Euro (1,2 mill NOK) i avslag, men kven vil vel bu i ein spøkelsesby – huh-huh 🙁

Standa er flott...Er dette motiv frå ein skyskraparby med 400.000 folk?

Det må jo nemnast at dei og har ein bitte liten gamleby, dei og...

Kan vere fint med høge hus og.... i solnedgangen i alle fall!