Hundelandet ? El pais des Perros ?

To gode vener i Altea

To gode vener i Altea

Sit roleg og nyt sola på terrassen. Det er varmt i sola, kring 30 grader tenker eg. Høyrer suset frå trer, fuglekvitter. Den fine blomsterbusken over inngangen her trekk til seg fine fuglar.

Verdas minste fugl!

Verdas minste fugl!

Eg såg for fyrste gong i livet mitt ein Kolibri. det er verdas minste fugl…
Men attende til det eg byrja med…Stillheit…
Så høyrer eg plutseleg ein hund, lang vekke. Bjeff bjeff , så vidt eg kan merke det. Så kjem ein til, og sa ein og etter nokre sekundar med hundeglam… 10-15 hundar snakkar med kvarandre, for det er vel det dei gjer, ikkje sant?

Det er frykteleg mange av dei her i Spania. Det er nett som i Sørøstasia der med var i 86-87. Men her er dei fleste innesperra eller går i band med eigaren sin. Ser at det er mange som nyttar hundane som vaktbikkje. Dei vaktar store og små eigendommar – anten eigaren er her eller ikkje… Det er ikkje få gonger me blir vettskremte av  store bikkjer som plutseleg hoppar opp på grind elle port når du går forbi.

Er ikke dette ein pitbull?

Er dette ein rottweiler?

Her er det fare!

Pass deg for denne!

Det ser mest ut som om dei ventar stille for så å skremme maksimalt med å hoppe og bjeffe idet du går forbi…. Ikkje kjekt. Ser det er vanleg med slike hundar hos både spanjolar og utlendingar. Men ein blir vel vande med det. Det er ikkje som den fryktelege støyen frå Motorvegen i Stavanger! Den kan ingen bli vant med. Ei anna detalj som kanskje ikkje så mange i Noreg er klar over, er den lette måten hundeeigarar tek seg av driten! Dei let han ganske enkelt ligge! Det er ein frykteleg dårleg vane som me heldigvis er betre skåna for i Noreg…

Hunden er menneskets beste venn. Det er sikkert!

Hunden er mennesket sin beste venn. Eller, kva meiner han karen her?

Godt å bade i middelhavet framleis!

Godt å bade i middelhavet framleis!