Dagleglivet i Albir

Det er ikkje lenge sidan me kom hit. Me har treffe mange nye menneske, Kitty Karina har fått fleire nye veninner og kvardagslivet sig etterkvart inn over oss og, som kan kanskje gjer for dykk i Noreg.  Har noko ferieføling ennå, det trur eg heng saman med varmen og sola som steikar kvar einaste dag. Dvs me hadde den fyrste dagen med regn i går! Det var litt kaldt (26 grader) og det regna det meste av dagen. U  KK og eg skulle til eitt stort kjøpesenter her, men me havna i staden i Benidorm (den fryktelege byen eg ikkje ville attende til!). Det er litt vanskeleg å kome seg runt ikring utan bil. Det ser eg tydeleg.

Benidorm

Kk m parap

Kvardagen min her i Spania vil nok vere svært ansleis enn heime. Eg har ikkje nokon jobb og gå til.  Eg jobbar jo heime med det eg kan finne på.  Eg må jo skaffe meg nokre inntekter eg og (er det ikkje mannen som skal forsørgje familien – eller??). Har vore så heldig at eg har fått nokre pengar frå Psykopp i Stavanger.  Eg skal skrive eit filmmanus etter ei barnebok av Gerd Ragna Block Thorsen.  Det byrjar eg med om ei stund.  Eg vonar at eg kan laga filmen til sumaren neste år.  Ellers har eg jo denne filmen som me lagar med Kitty Karina.  Den kan bli arbeidsam den, men det er som med prosjektet me hadde i Vietnam (filmen To Barn – En verden),  me lagar det meste, så ser me om me får seld det til TV eller annan distributør.

Ellers så har eg ein del å ta meg til heime i Stavanger. Eg skal fylgje opp eit par filmprosjekt. Eg skal passe på eigedomar (!). Fekk nett epost frå leigaren (BP-Norge) vår på Stavanger Brygge at dei seier opp kontrakten to år før tida! Eg må få tak i ein ny leigebuar,  inntektene frå utleige er ein del av vårt Spaniabudsjett! Heldigvis så kan Falke ta noko av dette arbeidet, men det blir nok ein del jobbing med dette frametter! Me leiger jo og ut heimen vår i Schancheholen (sjølv om Falke bur der fram til jul). Bustad og butikk  i Kviteseid er leigd ut til ein turnuskadidat og til Kviteseid Kunstlag. Unni fekk nett og spurnad om å leige småbruket ho eig i Sauherad.  Så her er ein del å fylgje opp (for ein vaktmeister….).