På Spa med Unni Elisabeth sine jobbkollegar!
Her og dagen var me på Spa. Eit heilt nytt senter, Akinon, som dei hadde bruka 8 år på å byggje. Det var familien som selde skipsverftet Mjellem og Karlsen i Bergen som hadde investera sine 100 millionar kroner her i senteret. Det var kjempestort, 26 mål , mange leilegheiter, 4 hus med forskjellige facilitetar. Eg har aldri prøva noko slik før! Me starta med bad i eit basseng med vatn som bobla og spruta på oss med stor kraft. Det skulle løysa opp stive musklar og gjere kroppen mjuk og smidig. Me bevega oss mellom dette, ei badstue, eit dampbad, eit rom med ultrafiolett stråling og ein kald sti med isvatn sprøytande på føtene…
Så vart det ei pause med litt mat i ein fin restaurant, i klede me fekk utlevera. Det såg noko underleg ut der med sat med kvite frottekåpene våre. Etter litt mat vart me ein etter ein innkalla til massasje. Eg blei liggande på ein benk med eit hål for andletet. Her blei med knadd og trykt på etter alle kunstens reglar av ei spansk dame som var utruleg fast i fingrane sine. Eg hadde vel ikkje så mange ømme og harde musklar (lite stress), men jammen fant ho eit par eg ikkje visste om! Jo det var herleg å bli traktera på denne måten, kan absolutt anbefalast! Etter den harde (og behagelege) handsaminga me fekk så var det avslapping i Relaxroom, med musikk av Enja.
Og så var det ut i kvardagen igjen!