Ein aldeles roleg dag – Un día muy relajado

Slutten av oktober - og nærare 33 grader i skuggen, det er godt det.

Slutten av oktober - og nærare 33 grader i skuggen, det er godt det.

Etter hektiske dagar, endeleg ein komplett roleg og avslappa dag med FLOTT ver, 25-30 grader meste av dagen og roleg sykkeltur til Altea, der eg hadde forskjellege gjøremål. Blant desse var : Sjå etter dipedutter i bruktbutikk, Ordne med fast-abonnement i Telefonselskap, sjå etter hengehylle og hyller på hjul til kjøkken, bad og stue.

Ein Mercedes cabriolet til kr. 80.000 - ikkje dårleg. Ser mange av desse her!

Ein Mercedes cabriolet til kr. 80.000 - ikkje dårleg. Ser mange av desse her!

Eg måtte ta meg ein tur å sjå på dei fine bruktbilane på veg til brukbua! Fristande! Men glad eg har ein god sykkel som eg kjem fram over alt med! Og så koster det ingen ting – samstundes som eg held meg i form.

Kva med ein orginal minimorris til 50tusen?

Kva med ein orginal mini-morris til 50tusen?

Billige bilar til tross, det er nå best å sykle (eller seile).

Billige bilar til tross, det er nå best å sykle (eller seile).

Her er den nye takterassen med utsikt til vest og øst.

Her er den nye takterassen med utsikt til vest og øst.

Og dette er utsikten mot øst, Albir og Altea i bakgrunnen.

Og dette er utsikten mot øst, Albir og Altea i bakgrunnen. Merk bilen vår...

Og slik er solnedgangen frå takterassen i kveld! Ein flott dag nærmar seg slutten!

Sola i kveld frå terassen. Trykkjer du på bilete kan du sjå dei høge husa i Benidorm.

Og i morgon må eg stålsetje meg for
5-8 grader og regn.. Huttetu Brr. Brr..

Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm i Albir – ¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio en Albir!

frokost

Klokka er 0835. Unni er gått te skulen, om femten minutt går Kitty Karina.

¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio! .. Det betyr noko som dette:  Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm. Kva er så meininga bak denne tittelen? Det får du lesa litt seinare!

No er me i nytt hus! Herleg å bu sentralt og nær skulen. Det er to min til skulen og 8 minutt til sentrum! Herleg! I går hjelpte eg avgarde CS-Silje til Benidorm, ho skulle til Granada og skulle reise i området før ho dreg tilbake til Noreg om to veker. Rydda ut av restane i huset og i går – slik at dagen i dag har gått med til å støvsuge og vaske. 3 timar med fysisk arbeid…puh. Dokumentera med ein liten video som eg legg ut så fort eg får han inn på maskina…..

Eitt anna filmprosjekt eg arbeider med er jo filmen om Kitty Karina  i Spania. Det går framover her og, men eg er ennå ikkje sikker på om det vert noko som når offentlegheita gjennom TV eller liknande distribusjonskanalar.

I dag gjorde jeg nye filmopptak i gymmen med KK i hovudrolla!

I dag gjorde eg nye filmopptak i gymmen med KK i hovudrolla!

Bennys dorm - Benidorm - huset me bur i no.

Bennys dorm - Benidorm - huset me bur i no.

Og her er bassenget som Kitty Karina er så avhengig av. Utfor døra vår.

Og her er bassenget som Kitty Karina er så avhengig av. Utfor døra vår.

Huset me nå lever i heiter Bennys Dorm. Det er oppkalla etter ein viss Benny i Olsenbanden. Eitt viss  ordspel med nabobyen Bennidorm les me og. Det er faktisk karakteren Benny, alias Sverre Holm som budd i huset her frå det var nytt for 16-17 år sidan. Litt interessant at det skulle kome ein filmmann frå Noreg her no …..i dette huset igjen.

Som om ikkje det var nok, så fekk eg og ein epost i går om dei kunne syne eit utdrag frå filmen «Stå på!» som er var med å laga i 1976 samen med kolleger frå Oslo.  I e-posten frå NB heiter det mellom anna:

Vi ønsker gjerne å ha med et utdrag fra "Stå på!" i denne sammenheng, og
håper på et ja fra deg/dere. Du/dere vil selvsagt bli behørig kredittert og
invitert. Utstillingen vil være åpen for alle (gratis) her på NB, Solli
plass (januar-mars 2010).

«Stå På» er den fyrste versjon av filmen «Tvers igjennomen Lov til Seier» og  handla om Hammerverk-konflikten på syttitalet og filmen skal brukast i ein 100års kavalkade om den norske filmhistorien. Dette synes eg var gjevt!

Días ocupados – Travle dagar

Nok eit lengre opphald frå skriveverksemda mi! No har det skjedd ein del som er verd å ofre nokre ord på. Det har vore travle dager i det siste!

1. Me har feira eit 26års jubileum.
2. Me har vore på tur igjen.
3. Me har hatt overnattingsbesøk (fleire faktisk).
4. Nye opptak til filmen.
5. Me har startar flyttinga – igjen.

For dei som lurde på kva som var så spesielt med 22. oktober 1983, så var det dagen då eg og Unni Elisabeth møtte kvarandre.  Ein fin middag vart det i Alfaz del Pi, sjølv om eg nok kunne ha funne ein stad med litt betre mat…

I helga var med på tur.  Me køyrde Kitty Karina og ei venninne (Silje går i 6 kl på den norske skulen) til Terra Michica. Dette er ein fornøyelsepark på line med Kongeparken, men tre gonger større. Her sette av jentene kl. 12, så sette me nasen mot fjella bakføre.

Koselig kveld men litt kjedelig mat på restauranten i Alfaz

Koselig kveld - kjedelig mat

Unni i fiiin stas!

Unni i fiiin stas

Koselege Finestrat openbara seg i eit mektig fjelllandskap.  Som fleire byar i området, mellom anna Polop og Guadelest er og Finestrat verd eit besøk om du vil se flott natur, gamal spansk arkitektur og oppleve noko anna enn shopping, strandliv og bading.  Finestrat ligg like bak (vest) for det store Puig Campana som me etter oppmoding frå ein ven (Richard Steffensen) har planar om å bestige! Det er 1408 meter høgt. Den er snøkledd somme tider på vinteren, men me må prøva å kome oss opp ein dag utan snøver! I Finestrat fann me ein brukt butikk…. Der blei me ei lita stund.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her bur det norske folk.

Her bur det norske folk.

Faleg katt!

Faleg katt!

Etter eit par timar i fjella, køyrde me til Benidorm, der me ikkje gjorde anna enn å ligge på stranda til sola forvann bak skyskraparane. Då var jentene klare for å bli henta med Tacos og privat skodespel i heimen!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Nye gjester i huset?

Nye gjester i huset?

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Dei siste to dagane har me og hatt ei norsk jente frå Larvik på besøk i huset. Silje Jacobsen heiter ho, er 28 år utdanna lærer og reiser Spania rundt for å lære seg språk folk og kultur. Eg invitera henne via Couchsurfing. Det er et sosialt netteverk for folk som liker å reise og oppleve folk der dei bur. Dette ville eg og  gjerne prøve, og har allereie fått kontakt med spanske vener som eg skal halde kontakten med framover.  Magne Risa er ein ihuga CS-mann! Han har mange spanande reise-erfaringar. Les kommentarfeltet hans på denne lenka.

På mondag var me på kunst-vernissage med Siri frå Larvik

På måndag var me på kunst-vernissasje med Silje frå Larvik

No har eg pakka igjen. Me er på flyttefot til nok ein bustad. For dykk som har lese bloggen min jamt og trutt vil veta at med har fått oss ein mindre bustad. Me leiger av eit par frå Skien, eit hyggeleg tannleikar/sjukepleiarar som har dette huset i omlag 10 år. Huset er tidlegare eigd av  ein norsk skodespelar. Han er kjend for ein av de mest namngjetne  filmroller i norsk filmhistorie. Kan nokon gjette det? Skal skrive om han seinare når er syner fram huset for dykk. Eg fekk og ei spesiell e-post i dag som knyter meg og til norsk filmhistorie! Fylg med seinare!

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde med og opptak av Kitty Karina sin klasse på skulen. Dei hadde eit prosjekt i samband med FN-dagen og hadde mellom anna framføring av dette for SFO-elevar. Kitty Karina si gruppe hadde eit sers kreativt innslag!

I dag tyrsdag slengde inn eit par koffertar og ryggsekker med eigendelar. Trur eg blir ferdig til torsdag, då kan eg vaske ut huset. Eg reknar med å gjere dette aleine, ettersom Unni Elisabeth og Kitty Karina er på skulen…

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

22. oktober 1983 – Hoy saludamos a nuestros amigos!

I dag er det 22. oktober. Me er i Spania. Unni, Kitty Karina og Skjalg. Det er varm, 24 grader, strålende sol, kuling frå vest. Ein fin dag. Til kvelden skal med ut å eta fiiin middag! Synd me ikkje har Odin og Falke óg her i Alfaz no! Håper alle våre vener har ein fin dag óg i dag! Hoy saludamos a nuestros amigos!

FAMILIEN I PRAHA juli 2009

(foto: Helene Urdland)

Me får ikkje samlast i Spania i dag, men her e me saman i Prahai sumar.

Me får ikkje samlast i Spania i dag, men her e me saman i Praha i sumar.

falke_unni_odin_skjalg_kittykarina_praha

Og endå eit bilete, teke med eit ekte kamera 😉

Og i natt skal eg stå opp klokka 03.00. Det vert nok ein lang dag i morgon!

Menn og maskiner – los hombres y mecaniza

Det er tankevekkande å sjå korleis menn vert så bergtatte av maskinar. Heilt frå barnsbein av hev gutar stor glede av sjå korleis mekaniske innretningar virkar. Eg hugsar sjølv dei finaste presangane som eg fekk til jul var dess maskinane, enten dei lysa og blinka, laga lydar eller bevega seg. Gravemaskinar og lastebilar var det gjævaste me kunne få! Slik er det moglegvis  i dag óg. Slik er det vel med oss vaksne menn og?!!. .. men nokre mørke  tankar gjer ein seg óg når me lar desse maskinane få for mykje innpass i verda vår…

Traktor i solnedgang (eller her er det faktisk soloppgang!)

Traktor i solnedgang (eller her er det faktisk soloppgang!)

Skulevegen til Kitty Karina er ikkje noko fint syn! Ho må til tider gå 35-40 minuttar til skulen og må passere ein hovudveg og ei jernbaneline. Samstundes går hun langs fortau på ein av hovudvegane inn til byen Albir. Det har vore mogeleg å gå denne vegen utan noko større fare for liv og helse fram til nå. Det endra seg brått då dei stengde den einaste «trygge» vegen gjennom jernbane og hovudveg. Det skjedde for nokre dagar sidan.

Dette møtte Kitty Karina dagleg på vegen til skulen!

Dette møtte Kitty Karina dagleg på vegen til skulen!

Det har seg nemleg slik at dei bygg dobbeltspor her i Communidad Valencia.  Det er i line som går mellom Benidorm og Altea, ei strekning på omlag ei mil. Dei starta for nokre år sidan og skal vere ferdig til neste år. Litt forsinka her og, som heime! Den er kostnadsrekna til kring 17.964394,72  millionar Euro (kring 150 millionar kr).  Det er litt billigare enn dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger som er omlag like langt. Det kostar  visst 2.2 milliardar….

Dei har jobba med dette jernbaneprosjektet ei stund før me kom her. Nå stengjer dei vegar for både fotgjengarar, syklistar og bilistar. Det er ikkje like lette å finne fram spesielt for dei mjuke trafikantane. Tok meg ein tur i går for å sjå på byggverket.

Undergangen som var vist på det fyrste bilete vert bygd om no for eit ekstra spor.

Undergangen som var vist på det fyrste bilete vert bygd om no for eit ekstra spor.

Her passerer toget medan arbeidaranene grev ny trasé til det nye sporet. Dei grev ny trasé til det nye sporet. Det eriIkkje mange millimeter å gå på her!

Eg sykla langs jernbanelina.  Det er jo alltid greiast å sykle,  så kjem ein seg fram overalt.  Blei oppteken av dette eit par timar, flott å sjå menneske og maskinar som lagar nye vegar i terrenget! Fascinerande å betrakta desse svære maskinane som et seg inn i fjellet meter for meter, og lastebilane som tøymer «maten» i svære haugar i nærleiken. Det er porøst fjell dei jobbar med, så dei brukar meisle-maskinar på einskilde stader der det er fjell. Dei kikka på meg nokre av arbeidarane;  denne merkelege mannen men sykkelen som stod og tok bilete av maskinane…. Eg venta eigentleg óg på toget som skulle passera slik at eg fekk eit godt bilete til sia mi!

Slik må ein krysse sporet no...Men om ei veke flytter me på rette sia

Slik må ein krysse sporet no. Men om ei veke flytter me på rette sida.

Der er heldigvis ikkje lenge me har det slik. Me flyttar til nytt hus om eit par dagar. Det er berre minuttar frå skulen til Unni Elisabeth og Kitty Karina. Men der er jo synd på alle dei andre som ikkje køyrer bil.

Tog eller bybane? Veit ikkje heilt, han er iallefall smalspora.

Tog eller bybane - smalspora er han. Fint at dei satsar på kollektiv transport!

Tog eller bane. Kollektivsatsing er like fullt eit viktig investering i framtida her. Det vil koma nye generasjonar som vil sette meir pris på dette enn dagens 50åringar! No er faktisk sers vanskeleg å klare seg utan bil her. Det går jo, men det gjeng på tryggleiken laus og det vil me ikkje sant vel!

Dette er skulevegen vå nor. Her mista ei ung jente livet for litt sidan.

Dette er skulevegen vår no. Her mista ei ung jente livet for litt sidan.

På skulevegen, ca 200 meter frå der me bur i dag, heng det eit bilete på betongveggen. Det er bilete av ei jente.  Ho er kanskje 18-20 år gamal. Det ligg blomster støtt og eitt eller to lys er alltid tent.

sandrablomar

Siempre estarás en nuestros corazones descansa en paz, Sandra

Du vil alltid være i våre hjarte, kvil i fred Sandra.

Guadelest – Una aldea histórica espectacular

Guadelsest i dag

Guadelsest i dag

Fjell og hus

Fjell og hus

Hus i harmoni med fjell...

Hus i harmoni med fjell...

Guadelest er ein liten landsby med 200 innbyggjarar som ligg inneklemt mellom fjella nord for Abir, der me bur. Det er  spesielt å sjå husa som er bygd inn i fjellet, slik som har vore tradisjon fleire plassar i Spania. Me har sett det i San Juan del la Terreros mellom anna.  Guadelest sin spesielle plassering har hindra fiendar i å taka over byen og det kan ein godt forstå når ein vandrar i gatene her…

To kjekke jenter i Guadelest!

To kjekke jenter i Guadelest!

Ein våt sykkeltur – ein cannabis butikk og ein mystisk nabo. Una viaje mojado con bicicleta, una tienda de cannabis y un vecino misteriosa!

I dag regnar det. Mykje regn. Men det er varmt, kring 18 grader. Eg sit heime i dag. Har nett hatt meg min daglege tur til posten, stranda, butikken.  I går sjekka eg yr, korleis ver det ville bli her. Regn då og, men det synte seg å ver litt betre enn vervarselet… Tok meg ein tur til Altea med sykkelen.

No er detr berre eg som syklar i familien! Eg søkjer ly for regnet i Altea.

No er detr berre eg som syklar i familien! Eg søkjer ly for regnet i Altea.

Tok ein mindre veg, ein eg tidlegare hadde spasera, men fann ut etter to kilometer at den vare steng,  av veg-arbeid. Dei  bygg dobbeltspor her  og, som Stavanger.  og har fått bevilga 1,7 milliardar kr  frå EU for å bygge sporet mellom Altrea og Benidorm, ein strekning på kring 12 kilometer. Vel, eg trilla rund i private gardar og hagar (!) for å kome meg over på rimelegvis, men det var gjerde , buskar og murar over alt. Måtte kapitulera og snu, sykle dei 2 kilometrane tilbake. Då opna slusene seg frå himmelen. Gjett om denne karen blei blaut!

Ein god dusj gjorde underverk,  slik at eg kunne  starte på middagen for kvelden. Me hadde to vaksne og ei jente på besøk.  Den  eine av  dei vaksne var lærarar på skulen der Unni Elisabeth jobbar, mannen hennar var lærar på skulen i Alfaz del Pi, 5  kilometer frå der me bur. Dottera deira på femten hadde budd heile skuletida si i Spania, men eg fekk inntrykk av at dei ikkje hadde spesielt mykje med dei spanske å gjere.  Det er vel eit problem, av generell art her. Dersom ein ikkje går hardt inn for å lera seg spansk, blir ein isolert, eller for å sei det slik: ein blir berre kjend i det norske nettverket. Gjestene våre hadde budd her i 10 år, fleire av ungane hadde og gått på norske skular. Me fekk mykje verdfull informasjon om korleis med skal få eit ennå betre opphald her i Spania.

Utan for uset vårt øigg denne kuriøse bustikken!

Utan for huset vårt ligg denne kuriøse butikken!

Regnet hølje ned framleis utanfor stovevindauget. Eg kikkar over på den andre sia, der det er ein noko uvanleg forretning. Eg har lagt merke til ein grønn butikk like ovanfor der me bur. Den er pynta med eit lys-skilt med ei nokså velkjend plante. Den er grøn og liknar mistenkjeleg på denne grøne plante som det er forbode å planta i Noreg.   Jo dykk har gjetta rett – det er ein butikk som sel cannabis! Eller for å vere presis,   butikken sel utstyr for å dyrke planta sjølv! Det er lovleg å plante og bruke cannabis sjølv her i Spania, men det er ulovlege å selje planta til andre.

Her heng det støtt klede til tørk - heile tia! Men nye kler kvar veke.

Her på verandaen heng det støtt klede til tørk - heile tia! Men nye kler kvar veke.

I hagen er det leikeplass, men ingen ungar har me sett på 2 månader.

I hagen er det leikeplass, men ingen ungar har me sett på 2 månader.

Den næraste naboen vår.. har me aldri sett. Denne bur 10 meter frå oss og har støtt kler hengande ute til tørk. Merkeleg nok er det ikkje dei same kleda som heng derheile vegen. Derfor må det vere nokon som skiftar dei ut… Eg veit ikkje, men noko lysskye må dei vere, for på 60 dagar har me ikjje sett eit mennesker der! Eg ser dei er gode kundar av den lokale cannabisbutikken. Saman med leikeapparater og nyvaska kler står det fleire  cannabisplanter i godt hald. Det ser ut som det er småungar som frekventerer huset etter alle leikeapparata å døme, men på to månader har me ikkje sett ein unge. Men klesvasken tek nokon ofte, og plantane får vatn – det kan sjølv eg sjå! Men ikkje eitt menneske på 2 månader! Mystisk! Kanhende dei sit inne heile dagen og røykjer plantedamp??

Ein personleg ytring – Una proclamente privado

datoklokke17grader

Det er jo veldig kjekt å vere i eit land som har slike temperaturar i oktober. Eg går framleis barføtt i kjippkjappane mine, med kortbukse og korterma skjorte, og me skriv altså 14. oktober.

Mest to månader i Spania framkallar ein del tankar kring livet her i den spanske kulturen.  Aasny, mi syster, skreiv ein kommentar i går der ho spurte om nokre detaljer om å bu her Eg kan jo dele nokre    personelge erfaringar så langt.  Det er ikkje som å vere heime i Stavanger, det er sikkert og visst. Dei daglege rutinane er sjølvsagt ansleis for meg personleg. Eg har ikkje noko fast og konkret arbeid å ta tak i kvar dag, sjølv om eg brukar nokre stunder kvar dag der eg sjekkar epost, ordnar med praktiske og økonomiske ting i leigeprosjekta våre og  skriv litt på eit manuskript og går på postkontoret for å sjå i boksen me leiger der.  Dei daglege spaserturane i byen Albir, på stranda og tilbake til huset vårt gjer meg nokre små blikk i eit og anna liv frå utsida.

Morgonsteming i dag 14. oktober - langs stranda mot Altea.

Morgonstemning i dag 14. oktober - langs stranda mot Altea.

Mange av dei som bur her utanom dei spanske er tydeleg pensjonistar frå Nederland, Sverige, Norge og England. Dei møter eg dagleg på mine vandringar til byen. Treff på eit og anna par med born som er på besøk. Det er roleg her, folk held på med sitt. Plutseleg kjem dei ein (hollandsk/svensk?) husfar ravande full i gate med sint kone  og  gråtande barn på slep. Det er nokre med store alkoholproblem her, det ser eg og. Eg treff nokre av dei på butikken, tidleg morgon for å kjøpe seg sin liter med vin, øl eller sprit, men det er ikkje påfallande. Kanskje ikkje meir enn i Noreg.

Nå har eg sett desse på stranda i snart 2 månader - eg måvel slå følge snart?

Nå har eg sett desse på stranda i snart 2 månader - eg måvel slå følge snart?

Ein ting som har overraska meg litt er at det faktisk er ein del einslege norske ungdomar her. Nokre som lever samen med besteforeldre/onklar/tanter i kortare eller lengre tid.  Dei kan ha forskjellige grunner for dette, men det er nokre føresette som har sendt ungane vekk frå» problem» heime i Noreg.  Ein tilsett i Helsestasjon for ungdom (drive av sjømannskyrkja og Blå kors) fortalde meg at det og er ungdom i alderen 16-18 som bur her aleine på hybel. Dei går på på vidaregåande skule her i Spania. Det er fleire enn tidlegare som oppsøkjer helsestasjonen med behov for hjelp. Dei taklar ikkje livet så greitt, det var  kanskje ikkje så problemfritt så dei trudde då dei drog her til Spania  åleine…..  Dette er noko å tenke på, noko nytt som me får høyre meir om i dei komande åra, trur eg.

Ein gong i veka kjem DAG OG TID til meg i postboksen. Den dagen sit eg på kafe lenge!

Ein gong i veka kjem Dag og Tid til meg i postboksen. Den dagen sit eg på kafe lenge!

Me høyrer og ser kva som skjer i Noreg. Me har norske TV-kanalar me og! Det set iallefall Kitty Karina pris på.  Eg for min del kan jo lese nyheter på nett, men det eg set mest pris på er den avisa som kjem ein gong i veke til postboksen vår!

Rolege dagar – Los dias tranquillos

Det er nokre dagar sidan eg skreiv på sia mi. Eg er jo litt usikker omkring kva som er verd å skrive om. Livet her i Spania er ikkje alltid like interessant. Vår kvardag er vel ikkje meir interessant enn andre sine kvardagar, så er tenkjer og lurer på om det eg skriv er noko å lesa for andre enn familien? Eller kva meiner dykk som les? Ser av statistikken at det er  i snitt 15 menneske innom kvar dag og ser på sidene. Det meste på ein dag har vore 53! Kven er det? Det hadde vore kjekt å få nokre tilbakemeldingar på denne kommentarlenkja nederst på kvart innlegg.  Det har eg skrive før.  Du kan og sende meg ein e-post på post@skjalg.no.
Det har vore nokre dagar med stille liv, me har besøkt nok ein kollega frå Randaberg vgs her i Alfaz.  Hadde ein nydeleg middag hos Marit Steinsland og mannen som har eigen hus her i Alfaz.  Dagen etter hadde Kitty Karina fri frå skulen, då tok me oss ein tur med bilen. Utan kart og uten GPS………..
Køyreturen opp i eit gårdstun!

Køyreturen opp i eit gardstun!

Me skulle finna eit ridesenter og køyrde oss vekk i skog og fjell og hamna inne i eit høgst privat gardstun. Det var ein fin tur med mykje flott natur. Tilbake gjennom den fine dalen  stoppa me i Polop, ein liten fjelllandsby med intime tronge gater og og stor sjarm.

Polop er ein fin  gamal fjelllandsby med mykje spanande å sjå.

Polop er ein fin gamal fjelllandsby med mykje spanande å sjå.

Polop er ein by som ikkje mange besøker. Det er synd, for den fortener betre der ein kan få ei oppleving av ro i sjela utan den turistpresset det er i andre byar her. Små murhus med fine fargar. Hus som er bygde inn i fjellveggen er spesielt  for fleire gamle byar i denne delen av Spania.

Dei tar seg godt av husa sine i byen her!

Dei tar seg godt av husa sine i byen her!!

Å gå rundt i desse små byane, sitte på kafe og nyte det nære og folkelege, vekke frå biltrafikk og masseturisme er balsam for sjela. Det meiner iallefall eg. Det kan vere ei prøve å ha med seg ein 12åring på dette, det må eg leggje til! Kitty Karina ville helst heim att til datamaskinen ho! Nokon som kjenner seg att?

Var dette eitt hus eller eit fjell med vindu?

Var dette eitt hus eller eit fjell med vindu?

Større Paella har ikkje eg sett!

Større Paella har ikkje eg sett!

I byen Polop hadde dei denne dagen skipa til feiring av den katalanske nasjonaldagen. Som fleire av dykk veit så er Catalonia ein autonom region i Spania med eige indre sjølvstyre. Dei har og sin eigen nasjonaldag som er den 9. oktober. I byen hadde dei gjort klart til folkefest med den største Paellaen eg nokon gong har sett!

Det er 100 Drikkefontene i Polop. På same plassen!

Font els Xorros. Det er 221 drikkefontene i Polop. Dei er rundt heile plassen bak meg.

Resten av helga var me i Sant Juan de les Terreos, som me og vitja førre helg! Me blei så glade i denne plassen og landskapet kring byen, at me reiste likebeint attende. Me tok inn på Calypso Hotel, som me fekk anbefala av Einar då me var hos dei sist. Staden var eit inspirerande kjennskap, me flotte strender og annleis natur og gamle sære bygningar i strandkanten! Sjå bilete.

Mange orginale sumarhus på stranda i San Juan del Terreros!

Mange orginale sumarhus på stranda i San Juan del Terreros!

Fin detaj frå hus i strandkanten

Fin detaj frå hus i strandkanten

Frå balkongen i hotel Calypso

Frå balkongen i hotel Calypso

Hotel Calypso er ein koseleg stad å bu. Det vart bygd i 1960 for den spanske gryande turismen. I  dag var det omtrent som den gong. Lite hadde endra seg. God sjarme, gamalt og slitt, to stjerner – nett som me likar det.

Bedre kan ein ikkje ha det. Hotellet vårt i bakgrunnen! 10.oktober!

Bedre kan ein ikkje ha det. Hotellet vårt i bakgrunnen! 10.oktober!

Hotellet låg rett på stranda. Rommet var likeeins rett med sjøen. Palmebladene sveipa golvet på terrassen. Her kunne me sitje og lese i bøkene vår med palmesus og bølgebrus!

Den største palmsskogen i Europa. 400.000 palmer i Elche.

Den største palmeskogen i Europa. 40.000 palmer i Elche.

På veg heimover på sundagen køyrte med innom Elche, som mellom anna er kjend for alle sin palmeskog. Faktisk ein av kun to slike i Europa! Palmeskogen vart planta av fønikarane i år 300 Fkr og vatningssystemet er det same som blei bygd av maurarane omkring år 900.

Ein sjelden palmeskog i byen Elche - Elx

Ein sjelden palmeskog i byen Elche - Elx

Og så var me på heimlege trakter igjen!

Og så var me på heimlege trakter igjen!