I Spania att. De vuelta a España

Her er plakaten for utstillinga i Kviteseid Kunstforening.

Nå kjem utstillinga med fotografi i galleriet i Kviteseid. Opning er neste veke, etter som eg forstår, det står feil dato på plakaten. Bilete heng til 29. mai. Mine 6 bilete er frå Vietnam, Fillipinene og frå Spania. Eg har ikkje vist fram nokre av desse før, med unnatak av de eine frå Spania som finst i mitt fotogalleri her på Spaniasida mi.

Eg er no komen attende til Albir, varmt og godt – reine sumaren. I går bada eg i bassenget vårt og Kitty Karina og venninna hennar Silja var i bassenget heile dagen!

Neste veke kjem det  ei overraskande melding til dykk der heime i Noreg…………………. Tyrsdag kl. 1600!

Kitty Karina har teke dette fine bilete. Frå bassenget vårt på sundag.

Venting i tid og rom – espera en el tiempo y el espacio

Når Kitty Karina og Unni handlar - ventar eg

Sit på eit kjøpesenter i Cordoba. Kontrasten er stor til dei historiske bygningane utanfor til skoavdelinga i el Corte Ingles. Dette er Kitty Karina sitt Mekka. Ho har snakka om eCI sidan ho kom til Spania. Dei siste dagane har med vitja mange av desse kjøpesentra i både Sevilla og Cordoba. Det er hennar kriterium om byen er interessant å vitja eller ikkje. Men ho er bere tolv år… Desse kjøpesentrene skilje seg ikkje mykje frå Obs men er mykje større, går som oftast over fleire etasjar i store bygningar.

Skrivestol!

Der kjem Kitty Karina og vil vise meg ei bluse. Fin den. Eg får henne til å ta eit bilete av meg her eg sit og ventar og skriv. Sånn… Smil.

Eg skriv dette innlegget med penn og papir. De har låge opp i dagen, men det var eigentleg Odin som sette meg på ideen. Han hadde skrive eit langt innlegg om ingenting, som han kalla det. Då var han på vandring på fjella kring Bergen og skreiv i blokka si undervegs. Lurt det av mange grunnar.

Kk tek bilete..

For det fyrste får ein nytta tida til noko fornuftig der det ikkje er anna å gjere enn å vente (det er det dette innlegget handlar om), for det andre så kan ein ver meir spontan, meir direkte der og då om detaljar. For det tredje får ein laga ein kladd, slik at innhald og språk blir betre å lese for dykk. For det fjerde, ikkje noko god grunn for meg, men kanskje for andre: Å stå og vente og sjå ut i lufta, ikkje ha noko å gjere, kan kanskje vere ubehageleg. Ei kollega gav ein gong ei god karakteristikk av ein mann på handletur med kone/barn på kjøpesenter: Ein hest som står einsam, forlate ute på beite i pøsregn. Det er mannen som ventar på jentene/damene sine!

Kjekkt å handle i basarene

Brillejakten

Jo innlegget mitt skulle handle om å vente. Det blir det ein del av etterkvart når ein bur saman med to jenter. Trur eg kan rekne mange timar i løpet av dei 7 månadene me har vore i Spania. Det er jo blitt ein vane, men det er fyrst i dag er har funne ut at eg kan nytta denne tida til noko fornuftig. Så derfor les dykk no dette, som eit resultat av keisam venting på eit kjøpesenter i Cordoba, Spania.

Venting i seg sjølv er som oftast ikkje så positivt, men ein kan gjere andre ting og enn å skrive. Ein kunne skru av sansane og leve seg inn i egne tankar, t.d. Ein kunne ein meditere utan å bli påverka av Britney Spears-muzak eller pipelydane frå kasseapparata og stemmene til dei mange kundane. Ein kunne drøyme seg vekk til ein annan stad. Til eit duvande blått hav, i middelhavet, ein solrik dag heilt åleine på ein flåte. Berre naturen og eg… Der kom den spanske reklamen over høgtalaranlegget ..tilbake til verklegeheita. Eg ser meg ikring, eg sit no i kvinnekler-avdelinga, kvar har dei tatt vegen no, mens eg sat her……?

Kitty Karina finn alltid noko ho vil kjøpe, men ikkje kjøper allikevel.

Eg likar betre å handle slike plassar eg... Helst på kvelden i dunkel belysning!

19. april i dag…. Er eg i Norge eller i Spania? Skulle eigentleg feire fødedagen min i Albir, men Eyjafjallajökull stoppa dei planane!

Oppdatering! Har tinga ny billettar frå Stavanger til Alicante via Gardermoen, på onsdag. Men, men, ingen veit om me kjem oss avgarde då!

Eyjafjallajökull stoggar Spaniareturen!

Seks bilete til utstillinga som opnar i Kviteseid om 10 dagar. OP har tatt dette bilete av meg.

Eg er råka av naturen sine krefter. Eg må bli i Noreg på ubestemt tid. Ingen veit når det lettar fly frå Sola flyplass. Eg hadde og retur i går frå Haugesund, men den vart og stogga. Flyet til Alicante imorgon er kansellera. Ser på nyheitene at statsminister Stoltenberg landa i Spania frå New York. Det ser ut til at Spania er eit av få land som framleis har ope luftrom. Men hjelper ikkje meg mykje…Var nett i Kviteseid. Køyrde bort på onsdag etter at eg hadde gjeve nyklar til dei nye leigebuarane i Schancheholen som skal ha huset til 1. august. Med meg på turen til Kviteseid hadde eg Olav Petter. Han vart imponert av kva med hadde gjort inne i huset, meinte at oppussinga hadde vore vellykka i hans augo. Det er faktisk 10 år sidan han var i Kviteseid sist.

Det blir rolege dager med PC og TV framover kan eg tenkje meg!

Nå frametter blir det rolege dagar for Olav Petter og meg. Han er jo og råka av naturkreftene, sidan han faktisk skal vere på same flyet til Alicante. Turen hans på 10 dagar vert jo kortare for kvar dag som går! Sjølv om det vert roleg no, så finn me vel på noko å gjere. Besøke folk, kanskje. Hjelpe til med vårreingjering, pusse litt på huset hans, som kompensasjon for leige! For kan hende eg må vere her lenge! Ekspertar som har uttala seg på fjernsyn seier at utbrotet kan vare i 2 år! Ein måte eg kan koma meg heim til Spania er å hente den fine raude sykkelen i Schancheholen og sykle avgarde sørover. Då vil eg og koma i form trur eg.

Fotoutstilling! Kviteseid Kunstforening! Exposición de fotos!

Eg tek ut fire bilete frå samling mi til utstillinga i Kviteseid den 27. april - 31. mai 2010

Tru det eller ikkje, dette er altså ingen aprilspøk! Eg er invitera til å vise bilete i galleriet i huset vårt i Kviteseid. Det er Kviteseid Kunstforening som har invitert fotografane Harald Naper, Ståle Lindheim, En New zealender, Kristoffer Rønneberg og meg. Alle har ei eller anna tilknyting til Kviteseid. Dette er ein av fleire grunnar til at eg er i Noreg ein liten tur, igjen. Dei tri ungdomane har sagt opp leigeavtalen i huset vårt i Schancheholen (..) Eg har nye leigetakarar for dei siste 3 1/2 månadene me har att i Spania. Kjekke folk, fire (to par)  universitetsstudentar i slutten av tjueåra. Eg har mala litt og hadde elektrikar til å sette opp nokre kontaktar. Utafor huset måtte eg rydde vekk ein haug med ved, og ta vekk trampolina, som har stått i heile vinter. Falke hadde lagt igjen ein diger haug med kler, så den måtte eg vaske, må veta.. Ellers så gjekk det med ein del tid til å gjere ferdige bileta til utstillinga, eg fer til Kviteseid på den 14. april for å sjå til huset og levere bileta. Eg har og planar om å løyse eit dataproblem der… har nemleg hatt kollaps på min berbare maskin, skal no ha tak i ein Linuxmaskin som er operativ, og den står i Kviteseid…. Så det så.. Eg har forresten oppgradera ei gamal Windowsmaskin (Siv/Åsne si) med siste Ubuntu, det er denne eg skriv på no. Etter eit besøk hos Jan Morten fekk eg med ei berbar som eg kanskje og skal legge Ubuntu på. Kjekt å vere med på å spreie fri programvare til vener og familie…Her fylgjer eg i Odin sine fotspor! Når eg kjem tilbake til Stavanger reiser eg attende til Spania den 17. april. Då blir Olav Petter med på flyet. Det blir kjekt med vitjing igjen! Så neste månad kjem Eimund og Åshild for nokre dagar og så kjem Falke for andre gong, no  for 11 dagar ! Me har kjekke dagar/veker foran oss!

Og tilslutt var de berre å legge seg i sola og kvile lenge og vel!

Oppdatering! Eg fekk tak i alle opplysningane er trengde på harddisken til min berbare – via den gamle maskina til Siv/Åsne…som no er ei Linuxmaskin. Har fått tak i heile rekneskapen for 2009, som eg skal levera til likningskontoret. Puh!. I går henta eg Siv, Åsne, Gry og Steinar på flyplassen etter deira rundtur i California. De som har Facebook veit vel det. Ventar nett no på leigetakarane som skal skrive kontrakt no kl 11.00.

Cordoba – ein kulturell smeltedigel – Cordoba una centro cultura

Romerbroa i Cordoba

Som mange i store byer i Europa er elevene ferdsel- og handelsårer samstundes som dei har vore viktige i dei strategiske, militære endringane gjennom verdshistoria. Corboda er ein by med ei lang og spanande soge som spenn over fleire tusen år. Denne byen er spesiell fordi den har vore ein religiøs hovudstad i gjennom fleire viktige epokar av Europa si kultursoge. Den var senter for det Iberiske riket før kr., viktig i den romanske perioden fra år 200 fkr til 700 e.kr. Seinare då halvøya Iberia vart hærtekne av maurarane (700 ekr – 1030ekr) vaks byen ein av dei største i verda med nærare 500.000 innbyggjarar!

Arabisk, tydeleg eller kva? Eit bustadhus i Cordoba.

Overalt i byen ser ein krysninga i kulturar i bustadar, kjerker, moskeear, synagoger osb. Til og med restaurantar og private hus har sterke innslag av maurisk og romersk arkitektur. Ei kan tydeleg sjå kontrastane i moskeen/katedralen Mezquita. Denne vart opprinneleg bygd som gotisk kyrkje i år 600 fkr. Seinare under den mauriske epoken vart den gjort om til moske.

Kitty Karina har fanga oss i ein augneblink i katedralen i Mezequita.

Idag er det ein katedral bygd inne i moskeen, noko som er unikt i verdshistorien etter det eg har høyrd. Byen Cordoba er full av gamle bygningar og ein kjenner dei historiske suget når ein vandrar i dei tronge gatene mellom hus, moskar, kyrkjer og andre historiske byggverk. Me set oss til på ein kafe, på tuftene av 2000 år gamle bygningar. Her er levd liv, her har folk strevs med dei daglege gjøremål sikkert på ein hardare og vanskelegare måte enn oss i dag.

Mezequita, inne i den mauriske delen av bygnaden

Tak med kristne måleri i katedralen.

Verdens 3. største Moskeen var sikkert 10000 m2 minst...

Katedral og moske alt i ett pakke!

Ein velforjtena pause i gatevandring og historiske leksjonar i Cordoba.

Kunstferdig brustein, ligg for føtene på oss der med nyt vår kaffi.

Prøver å formidle noko av dei historiske fakta til Kitty Karina, men det er ikkje lett å få ein 12-åring interesessert i gamle bygningar og ruiar! Men eit besøk i eit visuellt museum hjelpte nok litt på forståinga hennar trur eg. Cordoba har søkt om å verte euroropeeisk kulturhovudstad i 2016, noko den såvisst fortener i motsetnad til Stavanger som ikkje har historie og kulturelle røter å snakke om i dette europeeisk perspektivet. Men så var kanskje ikkje Stavanger si søknad historisk vektlagd då…

Kitty Karina fekk førelesing om heile den spanske historie på museum.

Den store moskeen i Cordoba var eit syn frå elevbredden om kvelden!

Andalucia Reise i tid og rom – Viaje en el tiempo y el espacio

Guadalquivir, som snor seg gjennom sørlege Spania. har vore sentral for landets historie.

Sit og ser på ein film frå den spanske borgarkrigen (1936-39). Den tek for seg dei siste kamphandlingane i Huelva Sevilla område. Eg tenkjer på tid. Det er mykje som har hendt her dei siste 70 åra. Spania er eit land med dramatiske og store historiske omveltingar. Ikkje berre sidan 1936. Heile den spanske historia dei siste 1500 år har vore eit endelaust drama med krigar, erobringar, religionsfeidar, kongeovertakingar og politiske maktkampar osb. Dei siste 70 år har ikkje vore mindre turbulent. Spania har vore eit av dei rikaste land i verda, etter ei ekspansiv koloniverksemd over fleire kontinent, over fleire hundre år.

Bygningar i Sevilla er prega av stor påverknad frå maurisk kultur.

Gotisk stil. Flott arkitektur i sentrale Sevilla.

Eg var her i 1968, det er faktisk 42 år sidan i år. Då var framleis sigerherren frå den siste store krigen i Spania framleis ved makta, fascistgeneralen Generalissimus Franco. Eg merka det var eit fattig land. Det var militær overalt. det var ei stemning eg ikkje var kjend med, noko litt  uhyggjeleg, spesielt i byane der militæret var synlege. Vel, mykje har skjedd sidan 1968. Då Franco døydde i 1975, blei demokratiet innførd og alt har gått oppover for landet sidan den tid. Sevilla var som andre byar på den tida, sletne og prega av vanskjøtte frå myndigheitene . Idag ser eg Sevilla med betre velstand, ein by som tek ansvaret for den lange og viktige historia som byen representerer.

Festen skulle starte om kvelden.

Jentene elskar skor!

Flamenco!

Me fekk med oss ein del av feiringa av Semana Santa, den viktige påskefeiringa for spanjolane. Det verkar som om dei har fri heile påskeveka, det er mykje folk ute i gatene, der dei ventar på store prosesjonar med svart-, raud eller kvitkledde med høge tynne hattar, nett som ku klux klan. Bak ber andre på store altertavler med jesus, eller maria-figurar. Folk er fint kledde. Det er så mykje folk rundt omkring at det er vanskeleg å kome seg fram der ein vil. Fyrste dagen blei og noko amputert fordi Kitty Karina måtte inn i dei mange «spanande»  kjøpesentra i byen.

Prosesjonen med dei flotte santafigurane gjekk gjennom gatene.

Dei små var og med og gjekk i prosesjonane.

Desse personane var ikkje så hyggjelege å sjå til!

En tiggar med sans for sjølvironisk humor. Pengar til ymse føremon!

Andre dagen blei det meir å sjå for oss ute i byen, med det spanske folket som feira sin Semana Santa. Dette er jo svære greier for dei, kan tenkje meg syttanda mai ganga opp med fire eller så. Feiringane med prosesjonar går føre seg kvar dag frå midt på dagen til eitt-to på natta, ei heil veke til ende. Og alle er med. Frå dei minste i barnevagnar til gamle krokar som stabbar seg avgarde i gåstolar og rullestolar.

La Giralda, bygd som minaret, nå eit kristent klokketårn!

Me fekk koma oss opp i den fine kyrkja i sentrum av Sevilla. Det var denne eg vitja saman med far min Steinar i 1968. Eg hugsar at det var ei svær kyrkje og at me gjekk i eit tårn for å sjå ut over byen. Eg las at tårnet , La Giralda, vart bygd som ein minaret. Då det vart sett opp på 12hundretalet var det  verdas høgaste bygning med sine 97 meter.

Min far Steinar tok dette bildet frå la Giralda i september 1968....

Og slik ser det ut 42 år etter frå den same staden...

Vi blir et år til! Uno ano mas!

(12.mai.2010): DETTE ER EIN APRILSPØK!

Me har gjort et grensesprengande val. Me har bestemt oss til å bli her i Spania eit år til!
Etter at Skjalg fikk eit tilbod om å overta DVD-utleige (bildet) i Albir, så har han eit økonomisk grunnlag for å bli her til 2012! Unni jobber videre på skolen på ubestemt tid, og Kitty Karina tar et år til, men nå i 8ende klasse på den norske skolen!

Skjalg overtar den lokale DVDbutikken frå Sally Owen. Kjøpe-summen er hemmeleg!

Meir om den nye utviklinga i våre arbeids og bustadsplanar seinare. Me er for tida på reise i Sevilla-Corboba-området og er tilbake i vår bustad i Tita den 5. april.