Unni Elisabeth er attende i Spania for å arbeide som vikarierande rektor på den Norske skulen i Albir. Som fleire av dykk veit, så blei ho spurt om ho kunne vere rektor fram til midten av oktober, fordi den faste rektor skulle til Noreg for familiære årsaker. Dette vert jo ei ny og utfordrande oppgåve for Unni Elisabeth! Den tek ho i kjent stil med engasjement og pågangsmot!
Archive for the ‘Diverse’ Category
Unni Elisabeth er attende i Spania
Monday, August 30th, 2010Font del Algar – ei turistfelle i naturen.
Monday, July 5th, 2010Det har blitt mange turar de siste vekene. Me reiste til Font del Algar.Dette er ei typisk turistfelle, men det var jo kjekt å få seg ein kald dukkert i elva. Eit slikt anlegg me såg her ville ikkje ha vore bygd i Noreg.
Ein kan sei at her hadde dei øydelagt naturen for å gjere den tilgjengeleg for folk flest. Eg trur nok turen til Preikestolen i Noreg hadde blitt sers annleis som naturoppleving om de hadde gjort som her!
Det var fint ver og varmt denne dagen. Så varm at eg måtte ta meg nokre symjeturar i den kalde vatnet. Det var litt utfordrande å symje inn til fossen. Noko overraskande å kjenne kraften i vatnet som trefte megdå eg kom under fossen!
Unni er ikkje den fyrste som hopp uti når vatnet er kaldt, men denne gongen slo ho til….Kitty Karina og Olav Petter haldt seg til forsiktig vassing i elva… (pinglete – spør du meg).
Parkering i Spania – Estacionamiento
Friday, June 25th, 2010Eg har øva meg på lukeparkering. Fleire gonger. Her i Spania er det vill vest i parkering. Her set ein bilen frå seg overalt. Spesiellt populært er fotgjengerfelt og fortau. Men aller mest parkerar ein i rundkjøyringar! Det er så vanleg at eg trur mest det er lovleg?
Lukeparkering er ein kunst. Det er mange som er flinke til å få bilen inn på små plassar. Odin fant ut då han var i Valencia, at spanjolane sette bilen i fri og hadde handbremsen av – då dei parkera i byen. Det var berre å skuve bilen foran og bak – så vips hade du plass til bilen! Det var jo ikkje mogeleg å gjere i ein bakke då!
Overalt står det bilar i vegen med katastrofelyset blinkande. Eg venta i går i eit av dei travlaste kryssa PÅ fotgjengarfeltet og venta på at bilen framfor skulle køyre…. Det gjorde han ikkje – så etter 10 sekund tuta alle bak meg. Han hadde ikkje slått på blinklysa så eg visste jo ikkje at han hadde parkera der!
Skjalg med 4 nye kamera på ein dag! Un dia – Quatro nuvo cameras!
Saturday, June 19th, 2010For to veker sidan blei eg fråstole mitt D-80 Nikon kamera. Det skjedd på ein kafe her i Albir, medan eg sat saman med Unni og 4 vener. Ein pirat-DVD-seljar stakk av med kamera, nok ein tjuvbande på oppdrag i området. Det har gjort at eg ikkje har teke noko gode bilete dei siste 14 dagane, men måtte nøye meg med Unni Elisabeth sitt Panasonic kamera.
Eg har forsikring på utstyret mitt, men har ikkje fått svar frå Vesta om dei dekkjer tapet. Idag var Unni og eg ein tur på loppemarknad i Benidorm. Der var eg så heldig å få med TRI nye kamera. Desse var rett nok ikkje av siste modell, som dykk kan se av bileta, men dei er jo brukbare! Må
berre skaffa film! Dei eine er eit Zeiss Ikon Nettar, eit belgkamera frå 1937. Eit klenodium spør du meg! Eg hugsar far min Steinar hadde eitt likande kamera, ein Voigtlander frå omtrent same tida. Ei kamera som kunne ta 120-rullfilm for dei som hugsar det! Eg har saktens framkalla nokre av desse fimane i åras løp! Det andre kamera er eit Kodak Brownie Flash B fra 1958. Dette tek og rullfilm, i 120 format. Brownie er eit svært enkelt kamera, det var den tidas Instamatic, som alle hadde. Men dette eg kjøpte var totalt ubruka. Eit funn! Kjekt dette og ikkje nok med det så kom eg over eitt Polaroidkamera, Polaroid Vision. Som kjent har dei slutta å laga film til desse kamera, men det er visst noko nytt på gang i Nederland. Nokre entusiastar har kjøpt fabrikk og maskinar og vil produsere frå 2011. Eg har nokre gamle fotoapparat og filmkamera heime, så no må eg skaffe meg ein plass eg kan vise fram samlinga mi!! Historia om mine tri fotoapparat stoggar ikkje her! Nei, nei. Klokka 14 møtte me Olav Petter på cafe i Albir! Han hadde med seg eit flunka nytt Nkon D90 frå Stavanger.
Han hadde kjøpt dette på fredag i Stavanger for å erstatta det tapte kamera mitt! Kjekt med gode vener som stiller opp når ein har treng det! Då Olav Petter sat der på kafeen i Albir, visste Unni Elisabeth ingenting om dette besøket. Eg har visst dette sidan 6 juni og kunne sjølvsagt be han om ei slik teneste… Olav Petter har jo prøvd å kome seg her til Spania før men blei stogga av oskja frå Eyjafjallajökull. No hadde det mest gått i vasken for andre gong! Streiken i Noreg førde det mykje problemer for hans tur til Spania, men no er han her – og blir ei veke – før Sally Lywood kjem den 26. juni. No skal me ut å eta og gå på opera i Villa Joyosa.
Odin og Helene er på reise i USA, Sjå innom sida hans frå USA…om hans fobi for politi!
Feliz Cumpleaños Kitty Karina
Thursday, June 17th, 2010Citroen 2CV – Fyrste bil eg hugsar. El primer coche que recuerdo
Tuesday, June 8th, 2010Den fyrste bilen eg hugsar eg køyrde i var ein 2 CV (deux chevaux, fransk for to hestar). Det var min onkel Eldar Omdal og kona hans Bodil som kjøpte denne i 1958-59. Har nokre vage minne frå desse turane. Det var noko med den spesielle mjuke rørslene i bilen. Setene var enkle, med tydelege metallfjører i og bilen sine rørsler var mjuke og me dansa bortetter vegen i bilen til onkel. Eg hugsar me var fleire turar med han til Omdal i Eigersund, innover vegen til heimstaden til bestefar, Ingvald. Vegen var smal og svinget, det var helst ein kjerreveg, ikkje laga for bilar. 2CV smaug seg fin over bakkane, over den smale grusbanen med høge midtlina av små og store steinar. 2CVen var jo sers høg under og kunne køyre der andre ikkje kom fram.
Her i Spania har eg møtt mange 2cvar. Så mange at eg har byrja snuse på dei for kanskje å ta med heim til Noreg! At Unni Elisabeth og alltid har hatt ynskje om ein slik bil har jo ikkje lagt ein dempar på kjøpelysten. Kunne tenkt meg ein som var eldre enn 1980-modell, då slepp ein unna me avgifter for veteranbil. Me har jo ein garasjeplass i Kviteseid som passar ypperleg! Fint å kunne køyre langs Telemarksvegane i ein sånn flott doning!! Noko og buse seg etter mellom alle dei store AMcar-veteranane i Vest-Telemark, tenkjer eg!
Overalt kor me har reist har er sett bilen køyre eller stått parkera. Det er tydeleg at bilen held seg godt, i alle fall her i varme tørre Spania. Her om dagen eg var ute å sykla traff eg på ein kvit, som eg berre måtte ta bilete av. Den fyrste eg fekk avfotografere i fart, for å sei det sånn. Det vise seg seinare at det faktisk var ein norskregistrert bil! Eg vitja og ein bruktbilselgar i september då Jan Erik og Signe var på vitjing.
Under ein av våre mange reiser omkring i Communidad Valencia kom med over ein interessant stad. Der var det samla minst 150 2CVar i forskjellig alder og utsjånad. Her var det bilar attende til den fyrste tida i 1948 då Citroen byrja å laga den populære bilen. Det blei laga ialt 


3.8 millonar av denne, men og varebilar og små lastebilar. På staden me stoppa var varebilar, og personbilar i alle utgåver. Nokre såg ut som dei kunne køyrast rett ut porten. Her var og andre Citroenmodellar, ja til og med ein Trabant frå Aust-Tyskland. Den kan eg tenke var frå kring 1980. Eigaren av plassen hadde spesialisera seg på delar til 2CV og det kan jo trengast, så mange 2cver som rullar rundt i Spania i dag.
Vitjinga på denne plassen ga meg eit skikkeleg nostalgi-oppleving som nok kjem til å påverke meg i om eg vel å kjøpe ei slik eller ikkje. Dagane og vekene som kjem (+ UnniElisabeth og Eurokursen) avgjer dette….
Ei lita melding til dykk som kjenner Odin… Han er på ei 60dagers reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!
GRAND PRIX sett frå Spania – Grand prix visto desde España
Saturday, May 29th, 2010Jo me har jo sett på programmet. Eg blei jo personlig veldig imponert av denne katalanske tilskodaren Daniel Diges (Jimmy Jump) som kuppa showet for Spania! Jentene her i stua var jo veldig imponerte av pauseinnslaget der alle tri såg kvarandre (i alle fall Kitty Karina og Sara!) då dei dansa på skjermen frå Alfaz del Pi. Det var der fyrste innslaget dykk såg!
Alt i alt eit flott GP-show der me fekk god utteljing for jentene våre sin innsats i danseopptrinnet frå Alfaz del Pi!
På djupt vatn, i Middelhavet – En aguas profundas! Falke og Skjalg dykkar!
Tuesday, May 18th, 2010Husk du kan trykje på bileta. Ein gong, store, ein gong til ennå større!
Oppdatera torsdag kl. 13.58: Sjå Falke med beviset!
Åshild og Eimund reiste og det blei stille. Falke har vært her ei veke. Kosa seg i varmen og med kontrasten til det strenge soldatlivet på Skjold i nord Noreg. Han har vært stille, det vil seie han har lese mykje den siste tida!
Me tinga dykkarkurs for han, så har har nytta høvet til å førebu seg vel. Frykteleg vel. Han les og les, strekar og fargar i boka si om dykking. Han har snart lesa og fargelagd heile den 260 sider lange læreboka, så eg trur han tek kurset denne veke med den største lettsamd. Dei siste dagane har eg sitt han lese ute og inne, på kafear, parkar, om kvelden dagen og natta! Nå den karen har bestemt seg for noko så går det slik! Det er både sikkert og visst!
Kurset Falke tek er det same som eg to omlag 22 år sidan! Har har ikkje dykka sidan den tida, så eg må friske opp kunnskapen min og gjere eit dykk eller to slik at eg er “kompatibel”. Det er det som no står for tur. Falke han har lese seg opp og eg må vel be han eksaminere meg litt på teorien, tenkjer eg! I dag tirsdag, så har han fyrste dag med undervisning og pratisk dykking. Han fekk seg et prøvedykk i Calpe for nokre månader sidan, då han vitja oss sist i septemeber. Det ga meirsmak, så no tek han Padi sitt ordinære sertifikat og tørrdraktsertifikat, som han og kan nytta i Norge (over heile verda).
Det er et nokså omfattande kurs Falke skal gjennom. Det er ein del teori (boka er på 260 sider) Det er mykje sikkerheit og prosedyrar som skal innøvast og det er mykje utstyr å halde greie på.
Instruktøren heiter Guido og er frå Tyskland. Han har drive Greenwich Diving i mellom Calpe og Altea i 4 år. Dei har ein fin heimeside, kikk inn der. Der ligg og fleire bilete frå vårt dykk den 19. mai! Falke sitt PADI kurs går over 4 dagar. Det er eit intensivt kurs som krev mykje lesing på kort tid og dei tek 4 dykk med instruktør. Fyrst Open Water Diving og så Tørrdraktkurs. Han må ha begge desse kursa for å dykke i Noreg -der det er så kaldt i vatnet! Siste kurset er mest teori, eit dykk med tørrdrakt og eksamen på fredag. Eg har desse formalitetane og trong berre oppfrisking. Eg fekk prøva meg på mitt fyrste dykk i dag! Fyrste dykk på 22 år!! PADI-sertifikatet mitt er frå 1988 – to år før Falke vart fødd.
Våren 1988 gjekk eg på kurs hos Siddis Dykkeskole, Eg hugsar me dykka ved Helgøysund den gongen. Det var med ei viss forventning at eg tok på meg utstyr og tok dei fyrste instruksjonar frå Guido, den tyske læraren. Etter at me drog ut med dykkarbåten, blei me delt i to grupper med kvar vår instruktør. Engelsk Goeff var med oss (Falke, eg og Terje – ein annan nordmann).
Uti vatnet måtte eg justere maska mi fleire gonger. Me fann ut at den var i det minste laget. Det kom vatn inn heile tida. Etter at dette var gjort gjekk me ned til 10 meter der me gjorde fleire øvingar, slik som vatn i maska, ta av maske, miste og finne pusteventil.
Obligatoriske øvelser som er viktig å drille på for sikkerheit. Falke han er 20 år snart tar alt naturleg for fyrste gong (forresten han dykka jo her i Calpe i september i fjor), gamle Skjalg er 56 og klara seg godt i vatnet (meinar han sjølv!) Fyrste dykket var roleg men med noko famlande bruk av balansejusteringa med luftventilen. Eg gjekk litt for mykje opp og ned den fyrste halvtimen. Etterpå gjekk alle øvingar som smurt på tolv meters djup.
Det andre dykket tok vi etter ein halvtimes pause ombord i dykkarbåten. Då for eg i vatnet med Guido og eit tysk par. Det vart 45 minuttar med nærmast perfekt dykking. Me padla rundt omkring på botn nedfor dei bratte klippene mellom Altea og Calpe. Her var det flotte fargerike fiskar og fin vegetasjon på botn. Eg hadde problemer ein gong, med blybelte som ville ned på baken. Eg fekk hjelp til å stramme det rundt livet igjen. Det er herleg å føle denne vektlause tilstanden til kroppen, berre sveve mellom vatnskorpa og botn.
No blir det berre å oppfordra Odin, Unni Elisabeth og Kitty Karina til å prøva seg. Kanskje nokre av venene våre? Er det nokon som blir med på neste dykk?
Andalucia Reise i tid og rom – Viaje en el tiempo y el espacio
Monday, April 5th, 2010Sit og ser på ein film frå den spanske borgarkrigen (1936-39). Den tek for seg dei siste kamphandlingane i Huelva Sevilla område. Eg tenkjer på tid. Det er mykje som har hendt her dei siste 70 åra. Spania er eit land med dramatiske og store historiske omveltingar. Ikkje berre sidan 1936. Heile den spanske historia dei siste 1500 år har vore eit endelaust drama med krigar, erobringar, religionsfeidar, kongeovertakingar og politiske maktkampar osb. Dei siste 70 år har ikkje vore mindre turbulent. Spania har vore eit av dei rikaste land i verda, etter ei ekspansiv koloniverksemd over fleire kontinent, over fleire hundre år.
Eg var her i 1968, det er faktisk 42 år sidan i år. Då var framleis sigerherren frå den siste store krigen i Spania framleis ved makta, fascistgeneralen Generalissimus Franco. Eg merka det var eit fattig land. Det var militær overalt. det var ei stemning eg ikkje var kjend med, noko litt uhyggjeleg, spesielt i byane der militæret var synlege. Vel, mykje har skjedd sidan 1968. Då Franco døydde i 1975, blei demokratiet innførd og alt har gått oppover for landet sidan den tid. Sevilla var som andre byar på den tida, sletne og prega av vanskjøtte frå myndigheitene . Idag ser eg Sevilla med betre velstand, ein by som tek ansvaret for den lange og viktige historia som byen representerer.
Me fekk med oss ein del av feiringa av Semana Santa, den viktige påskefeiringa for spanjolane. Det verkar som om dei har fri heile påskeveka, det er mykje folk ute i gatene, der dei ventar på store prosesjonar med svart-, raud eller kvitkledde med høge tynne hattar, nett som ku klux klan. Bak ber andre på store altertavler med jesus, eller maria-figurar. Folk er fint kledde. Det er så mykje folk rundt omkring at det er vanskeleg å kome seg fram der ein vil. Fyrste dagen blei og noko amputert fordi Kitty Karina måtte inn i dei mange “spanande” kjøpesentra i byen.
Andre dagen blei det meir å sjå for oss ute i byen, med det spanske folket som feira sin Semana Santa. Dette er jo svære greier for dei, kan tenkje meg syttanda mai ganga opp med fire eller så. Feiringane med prosesjonar går føre seg kvar dag frå midt på dagen til eitt-to på natta, ei heil veke til ende. Og alle er med. Frå dei minste i barnevagnar til gamle krokar som stabbar seg avgarde i gåstolar og rullestolar.
Me fekk koma oss opp i den fine kyrkja i sentrum av Sevilla. Det var denne eg vitja saman med far min Steinar i 1968. Eg hugsar at det var ei svær kyrkje og at me gjekk i eit tårn for å sjå ut over byen. Eg las at tårnet , La Giralda, vart bygd som ein minaret. Då det vart sett opp på 12hundretalet var det verdas høgaste bygning med sine 97 meter.
Marrakech ei anna verd – Marrakech un otro mundo
Monday, March 1st, 2010Så har med teke turen over Middelhavet til Afrika. Kontrasten er stor. Marrakech ligg midt inne i Marokko ved foten av Atlasfjella og har 350.000 innbyggjarar. Marrakech er kjent som den “raude byen” som er knytt til dei mange raude bygningane og den raude 24 km lange bymuren som er inntakt. Her er det kaotisk, vilt, eksotisk, pulserande, støyande, fattig og fargerikt.
Reisa frå Albir blei noko kaotisk. Og lang. Me starta frå huset vårt omkring kl 9.30. På veg opp til hovudvegen blei me stoppa av politiet i ein halv time. Unni hadde teke ein spansk ein, ein sving der med kryssa den kvite lina i midten av vegen. Samstundes leita eg etter mobilen i lommene mine, så eg hadde løsna sikkerhetselen (eg har den på elles i 99,9%), så det vart bot på 63EU! Fin start på dagen! Framme på Alicante flyplass, gjekk innsjekking og avreise bra med Ryanair. I Marrakech forsvann den eine kofferten for oss og me bruka lang tid i kø på “lost luggage”-kontoret. Eg tok meg nokre turar i ankomsthallen og på ein av turane fann eg kofferten! Den hadde falle av transportbelte og låg bak utanfor synsvidde… Den venlege bussjåføren på rute 19, tok oss med til sentrum. Han hoppa like godt av førarsetet og ned på fortauet og forklara oss vegen til hotellet! Snakk om service! Me var trøytte då me kom oss inn på rommet. Det vart ei lang reise frå Spania. Me bruka 7 timar på den korte turen… Meste av tida gjekk med i køar og venting. Frå Alicante til Stavanger tek det berre 5 timar- med venting. Eg trur me tar toget på neste tur – til Madrid!
Ein tur inn i gamlebyen er ei tidsreise. Her gjekk med rundt omkring i basarane og på det opne matmarknaden, Djemaa el Fna, kor det var 100vis av utekafeear eller restaurantar der maten blei laga ved borda. Det var flott og spanande å sjå på, maten smaka ok, men ein veit ikkje korleis ein vil reagera på mathygiena før dagen etter! Det var ikkje den standarden som Unni set etter mange år i Mattilsynet! Eg merka eg hadde ete noko som laga lydar i magen!
Turen ikring basarane, Souq, er jo alltid spanande. Eg ser no mest på folkelivet, Unni Elisabeth og Kitty Karina kunne mest ikkje gå forbi ein einaste butikk utan å gå inn og sjå, så me brukte resten av kvelden der i det fargerike kaoset. På det fine hotellet som me hadde tinga for to netter, er me i anna verd. Luksus er det kort og godt. Me unnte oss to dagar her som ei gåve til Unni sin fødedag som var den 18. februar.
Dag to tok me oss inn i gamlebyen med det yrande og kaotiske livet som ein berre må oppleve sjølv. Det er umogeleg å skrive rettvist om luktene, lyden, fargane, menneska, fattigdomen, gleda og fortvilingi. Byen Marrakech er nok og lik andre arabiske storbyar på mange måtar, men det er noko spesielt med den flate bytopografien, der ingen bygningar er høgare enn 30 meter. Byen ligg og på eit heilt flat slette. Det er berre moskeane som stikk opp over byhorisonten. Husa i gamlebyen er bygd i eit forvirrande labyrintmønster som det tar lang tid å finne ut av. Dette gjorde at me bruka kart heile tida.
Så sant me stansa opp meir enn 30 sekund for å konsultera kartet, så var dei der og skulle geleide oss fram til bestemmelsesstaden. Det var ein stor frustrasjon for Kitty Karina at desse hjelparane kom i dusintal. Og alle skulle dei betaling. Det hende fleire gonger at den eine guten som skulle hjelpa oss var blitt til tre-fire personar då me kom fram, og alle ville sjølvsagt ha pengar! Kitty Karina lika ikkje måten dei snakke til henne på, og eg kan forstå at ho blei litt uroa somme tider. Det lyset håret hennar vekkje stor merksemd blant dei mørke unggutane og mennene. Me snakka ein del om dette før me reiste. Ho har nok oppleva eit skikkeleg kultursjokk!
Seinare møtte me Ahmed og sonen Mohammed som me blei meir kjent med de neste dagane. Han var ein hjelpsom mann, som sjølvsagt og ville ha pengar for jobben sin (han var faktisk ein guide og pensjonatvert). Han var ærleg og då er det greit.
Me hadde bomma på datoar på bestilling av hotellet vårt, så me starta i feil ende av skalaen. Det ville ha vært betre om Kitty Karina hadde fått dei siste to i luksus!
Ahmed visa oss 4 forskjellige gjestehus, som variera veldig i pris. Frå dei enklaste til dei som var like gode som luksushotellet. Med falt til slutt for eit som og Kitty Karina lika. Unni Elisabeth og eg måtte strekkja oss langt for dette, for billeg er det ikkje i våre augo. 55EU for eit rom med 3 senger. Då var det ein stad som me lika alle saman. Riaden, som er namnet på dei marrokanske husa, var eigd av ein sveitsisk/senegalesisk mann som snakka fransk, engelsk og arabisk. Hyggjeleg var han og dei to kvinnelege lokale hjelparane.
Den neste dagen gjekk me kilometervis i labyrinten Marrakech. Ein kan sei kva ein vil om eigen sans for retning og stad, men her trur eg alle ville ha gått seg vekk før eller seinare! Dei tronge gatene var tette med folk og mopedar som kom farande i uhyggeleg fart! Ein måtte ha augo både framme og bak! Unni vart råka av ein moped, som køyrde over foten hennar! Det gjekk godt. Ahmed leia oss frå plass til plass. At han hadde avtale med nokre butikkar var greit nok for oss, så fekk me sitje i ro, drikke te og pruta! Det blei nokre fine ting me hadde lyst å kjøpa til huset vårt heime i Noreg.
Heime hos Ahmed fekk me skikkeleg koskos med geitekjøt. Det var den beste eg har smaka. Kitty Karina og Unni Elisabeth lika han og. Fatima, Ahmed si kone, hadde laga han. Skikkeleg koseleg å bli invitera heim til ein marrokansk familie og sjå korleis dei bur og lever!
Den tredje dagen var turdag til Atlasfjella, ca 100 km frå Marrakech. Ahmed hadde ordna med bil. Ein 1976modell Mercedes 220, taxi. Sjåføren var ein ven av familien tenkjer eg, hadde køyrd 30 år i byen! Det var ei sann oppleving å sjå han i trafikken med hovudet ut av vindauga veiftande med handa mot dei som ikkje køyrde som han ville!
Den gode gamle Mercedesen hadde gjort mange turar den, 769.722 kilometer! På turen fekk med med oss tradisjonell arabisk handtverk og landbrukssproduksjon. Me kom oss opp i fjella, der enkelte av toppane i Atlasrekkja er opp mot 4000 meter høge. Det var nydeleg ver, ei skikkeleg vårsteming med sommertemperatur, grøne trer og blomar i full blomstring.
Staden me enda opp i var ei tradisjonell turistfelle, der dei ikkje hadde hatt noko restriksjonar på korleis ei tek vare på naturen. Det er eit paradoks me har sett i Vietnam, Filippinene og Taiwan. Det er dei kommersielle kreftene får fritt tak, øydelegg dei det det så sårt og er avhengige av!
















































































































