Så er leilegheita vår.

DSC_0008.resized

Herleg å sitje i på verandaen i eigen bustad ved Middelhavet og høyre bølgene brusa.

3 september

Eg har visse tankar om byråkrati i Spania, me har trass alt budd her eit år tidlegare, men eg meiner det skulle endra seg til det betre her etter alle krisene i økonomien. Nå har eg forstått dei store kapitalverksemdene og myndigheitene tek seg ekstra godt betalt for teneste sine, samstundes som spanjolane må klara seg på mindre. Sjølv om det ikkje er deira feil at den spanske (og europeiske) økonomien kollapsa i 2008. Det var ein ny dag. Dei er like fine dei solfylte dagane her som før. Det er no godt at finanskrisa ikkje har generert mørke skyer med dårleg ver. Det er no trass alt det spanjolane kan glede seg over på trass av det økonomiske elende dei har vært gjennom. No går det betre for dei. Som fyrste av dei kriseramma landa har dei no ei vekst på 1.2 prosent siste kvartal. So det gjeng framover.

IMG_20140903_104621

Her hadde eg streva lenge for å endeleg få meg eit passfoto… hjelpar ikkje med ein enkelt sjølvis.

I dag skulle eg skaffe med passfoto til papira mine for spansk ID-nummer. Det er framleis sumarferie for spanjolane, så etter å ha trava gatelangs i 1,5 time og passera minst 3 fotobutikkar fann eg til slutt ein plass dei kunne taka bilete (og eg som gløymde å taka med meg dette heimefrå…) Då var klokka 11 og eg var på ein annan kant av byen. Eg hadde avtale med Christian i banken og veit jo at papirarbeid tek tid hos Polizia. Kasta meg på ein buss sørover og entra Officina Interior de Polizia. Der var det mange folk…15-20 stk som venta. Eg ville helst nå banken kl. 12 – så eg henta bagasjen min på hotellet over gata og kom meg til Caixa Catalynia der Christian og eg ordna med praktisk overføring av pengane med tidsbestemt debitering……(kankje betala før me har bustaden på hand).

I Albir venta det eit anna offentlig kontor. Notarius Publicus er same det som det norske – du finn det på ditt lokale tinghus. Her vart det endelege salet av leilegheita sluttførd med møte mellom selgjar og kjøpar. Totalt var det 9 personar tilstades . Dette var dei to seljarane med ektefelle. Det var eit par til – den eine seljaren sin eks-mann – med ny ektefelle (!) Dette fortel meg at familieband er viktige i spansk offentlegheit. Det mangla ein person, Unni Elisabeth, men der hadde med ordna med ei fullmakt til meg i Stavanger. Alle papir (omlag 100 sider) blei summarisk presentera for alle underskrifter og stempel – og så var med eigarar av bustad i Spania!

IMG_20140903_140318_1

Så var salet avslutta med håndtrykk!

Å kjøpe leilighet i Spania ….

Den 2. september

bustad01

Bustadeni fjerde høgda. Bilete teke i mai i år. Lenge før me trudde me sko kjøpe.

Kom til Benidorm i går etter ein tur frå Norge på 8 timar. Reiste via Oslo, så det tok litt ekstra tid. Vel framme i Alicante nytta eg kollektiv transport, med ordinær linjebuss til Benidorm. Det var faktisk 50 minuttar kortare enn sist då eg tinga bussbillett på førehand. Kostnad 8 Euro, mot 7 Euro på shuttle direct. I Benidorm bur eg på same hotell som sist, Celymar kostar 30 eu for eit enkeltrom, heilt grei standard i min trivnad-skala.

Ny dag, tysdag den 2.9. Denne dagen skulle alt det formelle skje med overtaking av leilegheitame la inn bod på i august, vitjing hos politiet med tinga av spansk ID-nummer (NIE), betaling av bustaden, av gebryer, skattar og registrering i eigedomsregisteret hos Notarius Publicus….. Det skulle ikkje gå heilt som planlagd.

DSC_0011.resized

Mykje papir…dette er ein liten brøkdel av det me må gjennom.

Spanske bankar har gått gjennom ei frykteleg krise dei siste 6-7 åra. Fleire bankar har gått overende eller er blitt slukt av andre. Det skjer no med vår bank, Caixa Catalunya som vert teke over av BVVB frå Bilbao. Ikkje heilt populært – catalanarane ville nå helst ha sin eigen bank her i Catalunya. Vel vel… det er nye tider og nye overraskingar (…)

IMG_20140903_125655

Mukje papir å ordne vedkjøp og sal. Her Christian hos Notarius Publikus.

I dag var fyrste punkt på agendaen besøk hos Politicia i Benidorm. Real Homes, som har organisert alt kring kjøpet av leiligheita i Palatino i Albir, skulle møte meg på politistasjonen for å søke om NIE-nummer. Første overrasking/misforståing: Eg skulle visst vere i Albir….sjølv om eg hadde fått melding om å vere på politistasjonen. Litt merkeleg spør du meg, for i same rennet skulle me ordne med ein betalings-sjekk i Benidorm, same føremiddagen. (Benidorm – Albir, ca 15 -30 min med bil) Etter mykje om og men, kom Belen, ei hyggeleg dame på Real Homes, å henta meg for å ordne med betaling i banken. Då vart m.a.o vitjinga på politistasjonen utsett…

IMG_20140903_143344

Eit syneleg bevis for dei nye eigarane…

Eg hadde sørga for at pengar for betaling av bustaden var overførd til vår gamle bank (Caixa Catalunya), så her var det berre å få ut pengane frå banken. Eg og Belen kom til Benidorm-kontoret for å hente sjekken. Då visar det seg at me har fått to sjekkar (for dei to selgarane) med gebyr som var like stort som to spanske månadsløner….. Sjekkgebyr var på 952 euro…… Dette er noko dei har innførd etter bankkrisa. Bankane har tent mykje på dei gode tidene i 2000 – 2008 då store delar av sol-kysten vart bygd ut for ferieturistane. Som alle veit sprekte eigendomsbobla ettertrykkeleg i 2008 og mange bankar måtte slikke sine sår for den griske opptreden desse 8 åra. Det som vart ekstra underleg var at banken no såg på avdelingskontora som egne sjølvstendige einingar (eller konkurrentar) og difor vart det gebyr av den storleiken! Det som då gjer det ekstra tragikomisk er at den avdelinga me hadde som vår bank vart rasjonalisert vekk i mai i år……Til orientering tek min norske bank kr. 20 for å overføre eit beløp til Spania (utan omsyn til storleiken).

IMG_20140903_122009 (1)

Christian er ein hyggeleg kar som kan det meste om kjøp og sal av bustad.

Vel, vel… det vart ikkje nokon sjekk med gebyr på 7-8 tusen kroner, men alternativ uttak av heile beløpet i kontantar! Gebyrfritt…. Men siden seljar av leilegheita var redd for å handtere desse pengane … så ville dei heller opprette ein konto i banken slik at pengane kunne overførast utan kostnad.. Å sette opp ein konto kostar ingenting og tek berre 15 minuttar. Så slik er stoda i dag… vel ein liten ting til… Eg tingar NIE-nummer og må fylle ut ymse skjema for dette. Eit av desse var eit gebyr på å få politiet til å handsame saka mi med NIE-nummer. Her ville dei ha eit NIE-nummer i skjema! Banken ville ikkje ta betaling! Catch22…!  Vel … etter å prøva to andre bankar med same resultat, ville den tredje prøve noka nytt med ein telefon til leiinga, der sa dei ein kunne bruke passnummer som mellombels ID, og slik ordna det seg tilslutt. Ein må ha spansk ID-nummer for det meste her, om ein skal kjøpe hus, bil, skaffe abonnement osb.

logo.resized

 

Ei veke i Spania.

Me har vore ei veke i Albir. Kitty Karina ville gjerne vitja sine gamle vener her og eg og Unni ville gjerne vere med. Turen blei tinga i vinter, som dei fleste gjer for tida. Ingen viste at me skulle få Spania-sumar i år ;-).

El Tubrion

El Tubrion

DSC_1641

Koseleg og enkelt – etter vår (eg og Unni sin) stil.

Ei veke med sol og varme, etter ein sumar med sol og varme. Godt for kroppen, godt for sjela!  Skjalg fekk fiksa litt meir på tennene sine, så no er vel alt klart for å sette krona på verket, neste gong i september!

DSC_1654

Skjalg med nytt houvudplagg!

Cafeliv på boulevard Albir

Cafeliv på boulevard Albir

Me måtte ta oss ein kikk på kva som var på eigendoms-marknaden i Albir. Me har jo snakke lenge og vel om å kjøpe ein bustad, no når det er prisar som ligg 25-30% under det me såg for nokre år sidan. Etter å ha sett på fleire leiligheiter, la me inn bod på to – og fekk ein til ein god pris. Bodrunda sikra oss ein gevinst på 172-tusen euro, og ho hadde stått i ein pris på Eu 215 i mai.

Her har me skrive under kontrakten med den førre spanske eigaren.

Her har me skrive under kontrakten med den førre spanske eigaren.

DSC_1726

Bustaden med slo til på. Her me i stua.

Det var ikkje andre på bodrunden. Det er kjøper sin marknad. Så lenge det varar. Om nokre veker ber det attende til Albir for å overtaka leiligheita.

DSC_0022

Stue og soverom.

Utsikten er god. Mot sør, sol det meste av dagen.

Utsikten er god. Mot sør, sol det meste av dagen.

 

Benidorm – elska og hata by – odiado y amado

Byen og skyskraparane vert små når ein ser byen frå fjella bak!

Europas høgaste hotel er 210 meter høgt. Her tar dei 50 kroner for ein tur med heisen.

I byrjinga av 50talet var Benidorm senter for tunfiske i Spania og hadde omlag 3000 innbyggjarar. Heile kommunen var planta med oliventre og sitrusfrukter før Plan General de Urbanismo blei vedteke i 1956. Dei hadde sett for seg ein skikkeleg by med mykje parkar, men dei hadde visst ikkje skikkeleg styring på utbygginga og arealet som blei byggja på vart  mellom 1956 og 1964 150 gonger større enn dei hadde tenkt – politikarene i 1956. Og dei neste 20 åra auka utbygginga med ikkje mindre enn 760 %!

Noko livlaust her. Ville du bu her?

Her er det ialle fall litt liv ser det ut til....

Det var sjølvsagt charterturismen som betala for denne enorme byggeaktiviteten. 4 millionar turistar kom det til Benidorm i 2008. Blokkene som vart bygde opp gjennom åra blei sett opp langs med den flotte stranda og let mange få utsikt til sjøen. Det kan hende det var eit kriterium for planen. Mange ser heller på denne planen som ei katastrofe for byen. Men Benidorm er ein viktig kjelde for inntekt på Costa Blanca og er den største turistmaskinen i Comunidad Valencia.

Room with view!

Helt topp!

Eg skreiv ein del om Benidorm då me kom til Spania i september.  Skreiv ein del om harry/partybyen. Når ein kjem landevegen på AP7 er det byens «skyline» ein ser fyrst på fleire kilometers avstand. Byen har mange høøøge bygningar. Benidorm ser ut som ein by som ynskjer å vere Las Vegas og New York samstundes. Dei bygger høgre og høgre. Byen er ein festby men og musikkby. Eg forstår at jazz er viktig her og det er eit stor musikkmiljø, med fleire festivalar i løpet av året.

Benidorm har arkitektur med kontrastar. Kor dei tek inspirasjon frå er det ingen som veit!

Arkitektonisk er Benidorm verd ei studie. Det meste av bygningar er overdimensjonert. Det kan se ut som om utbyggjarane har prøvd å overgå kvarandre om å konstruera dei høgaste bygningane. Bystrukturen ser på ein lekmann som han er tilfeldig og utan noko form for plan. Det er noko anarkistisk over heile byen, i negativ forstand. Kan ikkje tenke meg at seriøse arkitektar vil sette igjen noko minne for ettertida i denne byen! Byen har fleire hotell pr. innbyggjar enn nokon annan by i Europa. Ikkje så rart, når den tek imot like mange folk pr år som det er innbyggjarar i Noreg!

Koooselig.. eller? Billeg for folk flest ville kanskje andre sei. Her får du leigenheit for ein halv million kroner.

Gran Hotel Bali er dessutan Spanias høgaste bygning (210 meter) og Europas høgaste hotell med 52 etasjer. Benidorm kan dessutan ta 300.000 gjester til sine restaurantar og kafeer/pubar i høgsesongen og utelivet på kveldane er vide kjend, som eg skreiv på sida mi i september i fjor. Byen er og eit handle-eldorado, der ein kan kjøpe kva som helst frå

Bygging av høghusa til høgre stansa i fjor. Har sett lite aktivitet sidan!

... men her kan ein sjå at dei så smått er komen i gang att...

dei mange små tronge butikkane langs gatene. Her sel dei alt det du kan tenkje deg, importera frå Austen alt saman, som ellers i Europa. Det finaste med byen er jo stranda. Det var jo her den store utbygginga starta. Kommune hadde ein plan om å satsa på turisme på femtitalet, men eigde berre ei smal stripe langs stranda.

The British

Difor vart det store høge hus alt frå byrjinga. Dette har dei fortsatt med til i dag, og no er det fleire bygg som er kringsette med byggjekranar. Men dei er stille desse kranane. Det er ingen arbeidsfolk som byggjer lenger. Tomme betongskal, halvferdige grå skyskrapartårn står som spøkelse-skulpturar etter kollapsen i byggmarknaden for to-tri år sidan. Det står hopetal av leigeheiter uferdige i byen, og fleire tusen tomme rundt omkring i og utanfor. Ja, heile bustadfelt ligg der som spøkelsesbyar. Her kan ein kjøpe billege bustadar med opptil 150.000 Euro (1,2 mill NOK) i avslag, men kven vil vel bu i ein spøkelsesby – huh-huh 🙁

Standa er flott...Er dette motiv frå ein skyskraparby med 400.000 folk?

Det må jo nemnast at dei og har ein bitte liten gamleby, dei og...

Kan vere fint med høge hus og.... i solnedgangen i alle fall!

Spaniafolket frå Noreg – Españoles de Noruega

Spania er Europas fremste ferieland. Det kjem 49,5 millionar turistar kvar tår  her til landet. 800.000 av dei er frå Noreg. Spania sitt klima er ei av dei viktige grunnane til at så mange kjem hit. Eit anna viktig motiv er den spanske kulturhistorie.

Klokka er 13.00. Albir sentrum. Her er det berre norske pensjonistar!

Klokka er 13.00. Albir sentrum. Her er det berre norske pensjonistar!

Spania er og det landet der det bur flest norske, bufast. Dei held seg for det meste på solkysten Costa del Sol, Costa Blanca og Costa Brava.

Et internasjonalt milø.

Et internasjonalt miljø.

I dette område seiest det at det bur mellom 60.000 og 80000 norske. Det kjennest ut som dei fleste bur her i Albir og Alfaz!  Men statistikk seier at kring 5000 bur fast her i kommunen. akkurat her i er det er visst den 3. største utlendings-busetnaden utan om England og Tyskland. Over alt høyrer me norske stemmer- Det er pensjonistane som er her no. I dag då eg tok den vanlege turen til stranda, passera eg fleire kafear. Så godt som alle plassane var det norske tungemål i lufta. Eg er sikkert eg møtte 150 norske på dei 3-4 minuttane det tok meg å passera på veg til posthuset.

Norsk mat overalt

Norsk mat overalt

Norske nyheiter!

Norske nyheiter!

Norske legar

Norske legar

Kafeane ber jo preg av dette. Dei har norske menyar og fleire av dei tilsette snakkar og norsk. Det er eit merkeleg samfunn, me er i eit spansk miljø men høyrer mest norske stemmer. Det er ikkje så påfallande om sumaren, då kryr det av turistar overalt. Dei norske forsvinn i mengda. No er de berre pensjonistar her, og oss, og nokre få andre. Me har møtt nordmenn som har vore her i nesten 30 år. Den norske busetnaden blei for alvor markant på syttitalet, etter at Spania var blitt det fyrste store ferielandet med reiseselskap som Spies, Tjæreborg og Saga Solreiser som pionerane rundt 1960-65.! På syttitalet busette dei fyrste seg her i Alfaz. Den fyrste busetnaden var eit 150 hus store Foia Blanca like ved Alfaz by. Sidan er det mange som meiner det er blive ein norsk koloni her. Dagsavisen laga i 2004 ei reportasje som vekte mykje harme her blant fastbuande nordmenn.

Foya Blanca, den gamle appelsinlunden i Alfaz.

Foya Blanca, den gamle appelsinlunden i Alfaz.

Norske selskap prøver lukka.

Nokon prøver lukka.

Gjett kva land dei kjem frå?

Frå Noreg?

Nokon få bygger no.

Nokon få bygger no.

I fylgje  husverten vår, Kalve, som har 20 års fartstid her i Spania, så var det ein entreprenør frå Bergen som bygde dei fyrste bustadfeltet i området. I 1974-75. Område var tidlegare appelsinplantasjar, det har nok vært ei svær næring i området før.

Entreprenøren gjorde gode pengar og kjøpte fleire område. Det gjekk godt i mange år, men me veit jo at det som gjeng opp ein gong kjem ned att. Nedgangstider og konkursar fylgde på som bølgjer på havet. No er me der att, nede i bølgjedalen.

Dei einaste som kan sitte og gjere som ingenting er dei norske pensjonistane. Dei har betalt sitt hus og si gjeld og kan berre gje eigedomane til sine barn eller barnebarn.

Appelsineksport vært viktigste næring her før turismen overtok.

Appelsineksport vært viktigste næring her før turismen overtok.

Nordmenn har bygd mange flotte eigendomar her!

Nordmenn har bygd mange flotte eigendomar her!

La crisis económico Finanskrisen

Spania er som nokre av dykk veit inne i ei økonomisk krise. Det er vel det landet  som har høgast arbeidsløyse i vesteuropa. Over 20 % seiest det. Det er kva femte spanjol det! Eller nærare 4 millionar, omtrent så mange som bur i Noreg. Og økonomien er venta å sykne med over 3 prosent i 2009.

Eigedomsmarknad ligg med brokken rygg. Byggeverksemda har stoppa opp. Ein byggmeister me snakke med for litt sidan ville ganske enkelt ikkje ta mot oppdrag, for all bygging nå ville gå med tap.  Bustadprisane fell som stein til bakken. På to år er ein gjennomsnitts-bustad blitt 12.000 EU billigare. Den er attende på 2007-nivå.

Over alt står det plakatar med til salgs og til leige

Over alt står det plakatar med til salgs og til leige

I gamle Altea kan ein og finne mange hus til salgs.

I gamle Altea kan ein og finne mange hus til salgs.

Nå kan ein gjere gode kjøp! Det ser me overalt i byen her. Det er sikkert 50 meklarhus berre i Alfaz/Albir. Vindaugene er proppfulle av bilete av hus til sals. Einskilde er sett ned med 100.000 Euro!

Det er eigendoms-meglarar over alt. Nokon av dei må vel forsvinne snart trur eg.

Det er eigendoms-meglarar over alt.

salg5salg6

Nå har bustaden vår og blitt lagt ut for utleige!

Nå har bustaden vår og blitt lagt ut for utleige!

Det er 1 million leilegheiter til salgs i Spania! Det er ikkje så mange så får seld til dei prisane som var for nokre år sidan. Derfor prøver mange å leige ut. Det er eitt stort press på prisane, og me går ner 200 EU frå det med betalar i dag. Rett nok ein mindre plass, men meir sentral og betre standard.