Så kva no? Skal me bu her?

morgonjogg

Morgon på la playa del Albir. Eit stenkast frå leiligheita.

No startar eit anna arbeid. Bustaden skal jo leigast ut, for det meste. Me vil nok nytta han i periodar der me har fri, men resten av året vil me leige ut til folk frå heile Europa.  Nå har me ei viss røynsle i dette (12 år i Stavanger), så eg reknar med at dette skal gå greitt. Har fått oss ein agent her i Albir. Dei tek seg av alt det praktiske slik som utlevering av nøklar, utvasking osb.

IMG_20140904_143404.resized

Wipsona istallerar trådlaust netverk.

DSC_0009.resized

Mykje praktisk å ordne med huskjøp og utleige.

Det siste som er gjodt er å installera Wipsona nettverk. Dei var dei me hadde i 2009. Me får 2,2 Mbps for 40 Eu i måndaden. Treigt når me er vane med 75 Mbps heime. Me hadde 1 Mbps i 2009 – så det går framover…. No må eg gå over leiligheita for å se om alt er klart for utleie. Me har nokre aktuelle kandidatar. Nokre vil leige for ein månad, andre vil leige heile hausten, vinteren og våren med.

No har me postadresse og i Spania (igjen)

No har me postadresse og i Spania (igjen)

2 Comments

    1. Hei!
      Det er utleigd frå oktober 2018 til april 2019. Det er forespurnad om leige heil fram til 2020, men ingenting er stadfesta. Det er alltid lurt å vere tidleg ute for leige i Spania. Det er alltid dei lange periodane på høst/vinter/vår som går fyrst.
      Mvh
      Skjalg Omdal

      Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *