300 dagar i Spania – Tankar om eit år i utlandet.

Eg har bruka ein del timar til å tenkje. Det er vel ikkje så overraskande, tenkjer du…Det eg meiner er eg tenkjer på livet, kjærleiken og døden…. Eller noko sånt. Er det ikkje det det heile går ut på? Vel, eg sit på ein stein og ser utover landskapet der eg har budd samen med Unni Elisabeth og Kitty Karina dei siste 10 månadene. Her har eg budd og levt, gjort alle dei tinga som ein gjer andre plasser tenkjer eg. Det er tri ting som har gjort opphaldet litt stutt og litt mindre utfordrande. For det fyrste visste me at det blir kun eitt år, kanskje to. For det andre så har ikkje vore skikkeleg her, eg meiner i skikkelege Spania, slik eg har skrive om før. <for det tredje så har dei fire heimreisene til Noreg understreka «feriefølelsen». Det har og vore stunder der tida har vore vanskeleg og der dagleglivet har sett meg på nye prøver og gitt meg mange utfordrande tankar.

Skjalg les om framtida si. Det ser ikkje lyst ut for "dei gamle" som må slita meir!

Eg las nett ei interessant artikkel i Dag og Tid som tok for seg pensjonane vår. Det vil jo gjelde meg og. Eg er 56 år og skal om ikkje så altfor lenge vera pensjonist. Pensjonist, det er noko tungt og gamalt med det ordet. Eg har alltid sett på pensjonistar som gamle folk…. Og der er vel rett?? Eller? Det er mange pensjonistar her på Costa Blanca, ja det fins visst fleire tusen fastbuande nordmenn langs den spanske solkysten. Berre i Alfaz del Pi bur det 5000 nordmenn, svært mange av dei er pensjonistar. Artikkelen i Dag og Tid fortel om ei sannheit som svært få på min eigen alder tenkjer over – at dei vert minstepensjonistar sjølv om dei har hatt ei løn på over 400 tusen kroner (2009-kroner). Lurt av myndigheitene med andre ord… For meg betyr det mindre har eg funne ut. Eg har aldri tent så mykje pengar…

Året i Spania har vore eitt år med mange tankespinn og mykje skriveverksemd på nettet. Eg håper det er mange som lese dei orda eg har skrive til dykk frå Spania. Det har vore kjekt det, å skrive. Har alltid hatt ynskje om å gjere meir av det. Der må eg sei eg har fått gjort det eg hadde planar om dei siste 10 månadene. Ein del av dette er arbeidet med film, som trass alt er mitt yrke gjennom snart 40 år (!)

Huset me leiger med den store blomsterbusken. Unni blir til slutten av oktober.

Me kom til Spania den 23. august i fjor, Unni Elisabeth og Kitty Karina og eg.  Kitty Karina ja, ho har nok hatt det mest innhaldsrike året. Då ho kom hit i august, var det eit tøff tid med frykteleg vond heimlengt. Det var vanskeleg å ta farvel med Falke, og venene i Stavanger. Kitty Karina gret sine modige tårer meir enn ein gong då.

Me kosa oss mykje i vatnet!

Det letta svært mykje etter eit par veker på den nye skulen. Der fekk ho mange nye vener, som ho har hatt fine stunder med i det siste året. Eg jobba i starten med planar om ein dokumentarfilm om hennar liv i Spania. Det vart nokre tette og tøffe opptak med henne, noko ho ikkje var heilt førebudd på. Me snakke mykje om dette før me reiste, dette var noko ho ille. Ho har trass alt 6 filmroller bak seg frå før, men dette var annleis. Det vart frykteleg nært og veldig personleg. Det vart feil for henne. Ho spurte om eg ikkje kunne stoppa og eg måtte jo høyre på henne! Eit vanskeleg val, men det var hennar liv eg ville vise og då så….

Kitty Karina har fått gjere mange kjekke ting i Spania!

Det har endra planane mine ein tanke, slik at eg no skriv på fiksjon, dvs eit filmmanus om ei jente (ikkje Kitty Karina) og hennar liv i Noreg og Spania. Denne historia har fått arbeidstittelen «Ville Venn» og handlar om ei jente som er på jakt etter sin ukjente far i Spania. Det har vore eit spanande prosjekt dette, som eg held fram med heime i Noreg. Eg har og skrive eit manus for Psykiatrisk Opplysning. Elena heiter den historia og skal moglegvis bli film til neste sumar. Før den tid må eg hjelpe PO med å skaffe 500tusen kroner.

Anna har hjelpt oss med spansken dei siste 7 vekene...

For å konkludera året, så må eg sei det har vore positivt. Det har styrkja Kitty Karina trur eg. Unni Elisabeth og eg har fått ei oppleving me ikkje har prøvd før. Me er mange erfaringar rikare som me nok får bruka i åra som kjem. Det me ikkje er nøgd med er at spansken vår ikkje har blitt stort betre enn då me reiste for eitt år sidan…. I ein siste freistnad for å rette opp dette hyra me ein privatlærar ein time i veka. Om det hjelpte – kanskje litt…

Takk til alle dei som har fylgd med i nokre av dei orda eg har skrive, og ikkje minst dei få som har lese alle dei 97 postane eg har laga gjennom desse  49 vekene sidan det fyrste innlegget den 28. august 2009! Takk for merksemda! No kjem andre tider og andre opplevingar og andre bloggar! Skjalg 🙂

PS…… Unni Elisabeth reiser attende til huset i Tita den 23. august. Ho er tilsett som konstituert rektor på skulen der ho har jobba det siste året. Kitty Karina og Skjalg blir i Schancheholen, og me ventar henne attende i byrjinga av november 2010.

Tur til Puig Campana, til toppen….eller?

Puig Campana, dette fjellet vil me opp på!

Fjellet reiser seg storslått og utfordrande!

I 10 månader har eg hatt ynskje om å kome meg opp på Puig Campana (1408 meter over havet). Det var ein god moglegheit då Olav Petter kom hit i forrige veke. Me rusta oss godt til turen, det var varmt, omkring 30 grader då med reiste frå bilen.

Finestrat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Olav Petter og Skjalg før den store styrkjepøven... Toppen i bakgrunnen.

Me fylde instruksjonar frå eit turbok me kjøpte for ei stund sida. Det blei litt forvirrande, ettersom det som stod skrive var uklart og mangfullt. Etter å ha fylgd dei merka løypene, kom me opp til kring 950 meter.

Då hadde me gått i 2 timar og var halvvegs. I boka stod det at heile turen tok 4,5 timar, men då forstod me at det var noko som ikkje stemte. Turen rundt fjellet er på 14 kilometer. Det er mykje, når ein og skal stige 1000 meter. Varmen var intens. Me hadde med oss 4,5 liter vatn og det gjekk med – fort. Eg stogga fleire gonger for å taka bilete. OP og Unni gjekk vidare og då eg skulle sette opp tempo og ta dei igjen merka eg at eg ikkje er i så god form lenger …eller kan det vere varmen…hrmm…Jo – me seier det!  Det er kanskje ein orsak til at det ikkje er nokon som går til toppen på denne tida av året.

Hjartebank og pustevanskar i 30 graders varme tvinga meg til å setje ned tempoet.  Me kom oss opp til kring 950 meter då me innsåg at dette klara med ikkje denne dagen. Ein stor brønn vekte vår merksemd, ein steinsett konstruksjon som me undra oss svært over.  Kunne det vere ein del av eit eldre vatnings-system høgt her opp rett under det bratte fjellet. Vel – me sette kursen heimover og bruka nesten to timar på å kome oss attende til bilen. Det var framleis varmt, så me tok oss tid til å sjå den flotte floraen. Mange fine fotomotiv. Om me ikkje nådde toppen så hadde det like fullt vore ein fantastisk tur med mykje flott natur.

Mykje fint å sjå på nerturen...

Høgt og lågt med laust og fast! Atlas y bajos!

Puig Campana enno ikkje beseira, men det skjer vel snart - Eller kva meiner du Unni Elisabeth?

Falke har vært her i nesten to veker. Men han er reist nå. Han dro den 22. mai og er attende i Skjold på militærbrakka no. Det blir alltid mykje aktivitetar når han er i nærleiken! Me har bevega oss høg og lågt, bokstaveleg tala! Me har ikkje klart å kome oss opp på Puig Campana enno (1408m høgd – 14km tur) Hadde konkrete planar med Falke, men det blei ikkje tid. Me kom oss rundt omkring i området saman med han, men me som bur her har ennå nokre veker igjen før me sett nasen heimover til Noreg (eg og KK iallefall). Det blir varmare og varmare for kvar dag no. Den siste tida har det vore 26 grader det meste av dagen.

Vann i Polop kjem frå Berniafjella. I ein vannpost med 100 kranar tappar eg drikkevatn.

Godt drikkevatn

Etter dykkinga for to veker sidan har er gjort lite som der er verd å skrive om, men noko har me gjort, forskjellig laust og fast om ein kan sei det sånn..Me var ein tur til Polop og Callosa de Sarria. Den fyrste plassen som heiter Polop, har eg har vitja mange gonger gjennom dei siste månadene. Har fått mange fine fotomotiv herfrå. I Polop henta me 20 liter med drikkevatn. Me fekk eit tips om at vatnet her smaka så godt, så det ville me prøva! Den andre plassen, Callosa de Sarria var ute på landsbygda der me henta Kitty Karin, Sandra og Sara hos veninna Sofia. Familien hennar kjøpte huset for sju år sidan og har bygd det om til eit spanande bustad og atelier. Dei hadde 5 mål med frukttrer. Mest niespros trur eg. Me smaka på nokre av desse gode fruktene som me ikkje har sett noko til i Noreg. Dei smaka ein mellomting mellom fersken og aprikos, men kanskje litt meir søte.

Huset til nokre vener av Kitty Karina ligg utanfor Callosa de Sarria.

Niespros søt frukt.

Falke lika niespros

Ellers så har eg og Falke køyrd rundt om kring, til Altea for ein knivbutikk, kjøpt nokre datadingsar og Falke har  fått med seg Denia. Her har eg ikkje vært før. Denne byen ligg 50 minuttar køyring nord frå der me bur. Stor by med 40.000 innbyggjarar. Det fins ei middelalterborg (Castillo de Denia) sentralt i byen, og ein koseleg gamal bydel ned mot sjøen. Falke vill undersøkje leige av firehjuls motorsykkel, for terrengkøyring. Eg trur han vart litt skuffa, det var ikkje akkurat den store utfordringa for han som ville ha hard kjøring med flyging på bakketoppane og ikkje ein «sundagstur for pensjonistar» som dei la opp til her.

Casillo del Denia. Borg bygget i mellom 1100 og 1200-talet.

Falke var på perm frå den norske forsvaret.

Alt i alt ein fin tur for Falke. Neste vitjing frå Noreg blir Sally som kjem i slutten av juni. Det er ein månad til det. Stille og rolege dagar for meg frametter. Kanskje eg kan skrive mykje no, sjølv om det er hard å jobbe i varmen … 😎 Det hadde jo vært fint om det kom nokon, sånn heilt overraskande no i juni! Me kan jo håpa……

I Altea fann Falke ein butikk der han fann mykje fint! Kjøpte noko til Leatherman'en sin.

Dei siste dagane har det vore verkeleg varmt her. Det er norske sumar-temperaturar! Då har det hendt fleire gonger at me har teke ein natt eller to på taket! Her i Tita har me ein takterrasse som det er fint å sole seg på om dagen, og fredeleg og avkjølande å sove på om natta! Den som kjem på vitjing kan få prøva!

Under ein høgare himmel! Her på taket er det flott å sova!

Neste oppdatering frå oss kjem den 31.5 og 4.6., for dei som venter på det 🙂

Gjennom oskjeskya kom dei.

Så kom Eimund og Åshild med fly frå Noreg. Og Falke, han kom i går kveld – 3 timer forseinka. Det er usikre tider for lufttransporten for tida! Åshild og Eimund hadde tinga billett til Alicante for mange månader sidan og var uroa om de i blei stogga av Eyjafjallajökull. Vel, det gjekk godt og dei kom her på laurdagen. Godt og varmt var det då dei kom og varmt var det då dei reiste i går.

Eimund og Åshild sette pris på varme dagar i syden! Her på tur til fyrtårnet i Albir.

Flotte, grusomme, sjarmerande og stygge Benidorm!

..og den rake motsetnaden, Polop, som berre er flott å vitje!

Før me kjørte dei til Alicante (for nokre dagar aleine) viste me dei rundt her i området. Albir, Altea, Benidorm og Guadalest hadde me blinka oss ut for dei 4 dagane dei var her hos oss. Eg trur dei lika dette veldig godt. Eimund sa faktisk fleire gonger at her ville han kome attende!

Det var jo fornøyeleg å sjå damene utfalde seg i marknaden i Benidorm, butikkar i Guadelest og Albir. Det er noko med dette handlesuget og damer. Eg trur Unni Elisabeth og Åshild fann kvarandre der.

Dette kjøpte Åshild

..og Unni denne!

Eg og Eimund fann kvarandre på den andre sida. Dykk må ikkje gløyme å lese det er skreiv om å handle, frå Cordoba for nokre veker sidan! Det kan fleire menn (og damer) kjenne seg igjen i! På sundagsmarknaden i Benidorm vart me gåande mellom hundrevis av boder og tusenvis av andre turistar i 25 graders varme. Unni og Åshild fann nokre små gåver til seg sjølve og andre og var svært så nøgde trur eg. Fint med litt glitter og stas…. Unni Elisabeth hadde og fått seg ein ny diamant her for ei veke sidan. Trykk på biletet og sjå på den flotte diamantringen (den ER ekte altså) … Så du kan sei her leve med i sus og dus med glitter og stas…

Eimund og Åshild i fangeholet i Guadelest.

Åshild og Eimund ved porten inn til Guadalest.

Her fann Åshild og Eimund mykje fint! Eimund han fekk seg ein hatt!

Ikkje berre shopping her nei. Me fekk prøva vinsmaking, eller var det sherry, eller port, eller likør?? På veg frå den spesielle fjell-landsbyen Guadalest stakk me innom ein plass der me fekk prøva all spesialitetar frå landbruksmarkene i område her. Ei oppleving det.

Guadelest, og på den andre sida låg eg og kvilte!

Det er kjekt med vitjing. Det er noko einsamt, spesielt for meg som ikkje ser så mange andre folk til kvardags. Veldig kjekt og snakka med dei gode venene våre frå Jåttå igjen. Me prøva verkeleg å sette dei i spania-stemning med å laga bacalao heime hos oss. Det er absolutt fyrste

Baccalao ala Hanna....

gong eg lagar denne spesielle middelhavsretten som har så sterk tilknyting til Norge. Eg var heldig og klarte å laga ein bacalao som eg hugsar frå mor mi sitt kjøken på sekstitalet. Bruka same oppskrifta, teken frå hovudet mitt. Eg trur faktisk han smaka likt. Og alle dei som spiste han syntes eg hadde vore heldig med debuten! Falke, som kom dagen etter, fekk og smaka. Han tykte det var ein god matrett han og. Som nemnt så var me rundt omkring mange plassar og synte gjestene våre plassen her. Eg trur nok dei kjem attende, kanskje til hausten og vitjar Unni Elisabeth når ho er aleine her fram til oktober?

Var det sherry?

..eller port?

No er dei på flott hotell i Alicante. Dei bur like ved havna eller porto som det heiter på spansk. Falke henta me då me køyrte dei til hotellet. Han hadde venta 2 timar ombord i flyet (Ryan Air) før det fekk lov å lette frå Haugesund. Han var ikkje nådig då han snakka om flyselskapet. I dei to lange timane fekk dei ikkje vått eller tørt. Og når han spurte om å kjøpe frukost, var dei utselde.  Falke han lar seg ikkje sette ut av slike bagatellar, han er jo i militæret og er van med meir enkle tilhøve slik sett.

Siesta på terrassen i Tita. Eimund har kjøpt seg siestahatt!

Det var frykteleg kjekt for Kitty Karina å møte bror sin att. Ho har snakka om dette i mange veker og hadde sett fram til denne dagen lenge og vel. Ettersom me hadde fylgd reiseplanane til Falke på nettet, så visste me om forseinkingane på førehand, så det blei ikkje så lenge å vente på flyplassen.

God å se deg Falke!

Gode syskjen!

Nå ventar 11 dagar med aktivitetar! Eg veit i alle fall at her kjem det ikkje til å stå stille nokon dag. Dei som kjenner Falke veit det inderleg vel! Så  no vert det nok ikkje nokre oppdateringar på sia mi før han er reist att. Han snakkar om dykking, offroadkjøring med motorsykkel, den som fylgjer med her får sjå!! Eg slenger meg nok i sjøen eg og med dykkardrakt skal du sjå!

Fin avslutning på ein lang dag. Litt dataspeling på Kitty Karina sitt rom.

Eg måtte berre ha med dette på slutten!

I Spania att. De vuelta a España

Her er plakaten for utstillinga i Kviteseid Kunstforening.

Nå kjem utstillinga med fotografi i galleriet i Kviteseid. Opning er neste veke, etter som eg forstår, det står feil dato på plakaten. Bilete heng til 29. mai. Mine 6 bilete er frå Vietnam, Fillipinene og frå Spania. Eg har ikkje vist fram nokre av desse før, med unnatak av de eine frå Spania som finst i mitt fotogalleri her på Spaniasida mi.

Eg er no komen attende til Albir, varmt og godt – reine sumaren. I går bada eg i bassenget vårt og Kitty Karina og venninna hennar Silja var i bassenget heile dagen!

Neste veke kjem det  ei overraskande melding til dykk der heime i Noreg…………………. Tyrsdag kl. 1600!

Kitty Karina har teke dette fine bilete. Frå bassenget vårt på sundag.

Eyjafjallajökull stoggar Spaniareturen!

Seks bilete til utstillinga som opnar i Kviteseid om 10 dagar. OP har tatt dette bilete av meg.

Eg er råka av naturen sine krefter. Eg må bli i Noreg på ubestemt tid. Ingen veit når det lettar fly frå Sola flyplass. Eg hadde og retur i går frå Haugesund, men den vart og stogga. Flyet til Alicante imorgon er kansellera. Ser på nyheitene at statsminister Stoltenberg landa i Spania frå New York. Det ser ut til at Spania er eit av få land som framleis har ope luftrom. Men hjelper ikkje meg mykje…Var nett i Kviteseid. Køyrde bort på onsdag etter at eg hadde gjeve nyklar til dei nye leigebuarane i Schancheholen som skal ha huset til 1. august. Med meg på turen til Kviteseid hadde eg Olav Petter. Han vart imponert av kva med hadde gjort inne i huset, meinte at oppussinga hadde vore vellykka i hans augo. Det er faktisk 10 år sidan han var i Kviteseid sist.

Det blir rolege dager med PC og TV framover kan eg tenkje meg!

Nå frametter blir det rolege dagar for Olav Petter og meg. Han er jo og råka av naturkreftene, sidan han faktisk skal vere på same flyet til Alicante. Turen hans på 10 dagar vert jo kortare for kvar dag som går! Sjølv om det vert roleg no, så finn me vel på noko å gjere. Besøke folk, kanskje. Hjelpe til med vårreingjering, pusse litt på huset hans, som kompensasjon for leige! For kan hende eg må vere her lenge! Ekspertar som har uttala seg på fjernsyn seier at utbrotet kan vare i 2 år! Ein måte eg kan koma meg heim til Spania er å hente den fine raude sykkelen i Schancheholen og sykle avgarde sørover. Då vil eg og koma i form trur eg.

Fotoutstilling! Kviteseid Kunstforening! Exposición de fotos!

Eg tek ut fire bilete frå samling mi til utstillinga i Kviteseid den 27. april - 31. mai 2010

Tru det eller ikkje, dette er altså ingen aprilspøk! Eg er invitera til å vise bilete i galleriet i huset vårt i Kviteseid. Det er Kviteseid Kunstforening som har invitert fotografane Harald Naper, Ståle Lindheim, En New zealender, Kristoffer Rønneberg og meg. Alle har ei eller anna tilknyting til Kviteseid. Dette er ein av fleire grunnar til at eg er i Noreg ein liten tur, igjen. Dei tri ungdomane har sagt opp leigeavtalen i huset vårt i Schancheholen (..) Eg har nye leigetakarar for dei siste 3 1/2 månadene me har att i Spania. Kjekke folk, fire (to par)  universitetsstudentar i slutten av tjueåra. Eg har mala litt og hadde elektrikar til å sette opp nokre kontaktar. Utafor huset måtte eg rydde vekk ein haug med ved, og ta vekk trampolina, som har stått i heile vinter. Falke hadde lagt igjen ein diger haug med kler, så den måtte eg vaske, må veta.. Ellers så gjekk det med ein del tid til å gjere ferdige bileta til utstillinga, eg fer til Kviteseid på den 14. april for å sjå til huset og levere bileta. Eg har og planar om å løyse eit dataproblem der… har nemleg hatt kollaps på min berbare maskin, skal no ha tak i ein Linuxmaskin som er operativ, og den står i Kviteseid…. Så det så.. Eg har forresten oppgradera ei gamal Windowsmaskin (Siv/Åsne si) med siste Ubuntu, det er denne eg skriv på no. Etter eit besøk hos Jan Morten fekk eg med ei berbar som eg kanskje og skal legge Ubuntu på. Kjekt å vere med på å spreie fri programvare til vener og familie…Her fylgjer eg i Odin sine fotspor! Når eg kjem tilbake til Stavanger reiser eg attende til Spania den 17. april. Då blir Olav Petter med på flyet. Det blir kjekt med vitjing igjen! Så neste månad kjem Eimund og Åshild for nokre dagar og så kjem Falke for andre gong, no  for 11 dagar ! Me har kjekke dagar/veker foran oss!

Og tilslutt var de berre å legge seg i sola og kvile lenge og vel!

Oppdatering! Eg fekk tak i alle opplysningane er trengde på harddisken til min berbare – via den gamle maskina til Siv/Åsne…som no er ei Linuxmaskin. Har fått tak i heile rekneskapen for 2009, som eg skal levera til likningskontoret. Puh!. I går henta eg Siv, Åsne, Gry og Steinar på flyplassen etter deira rundtur i California. De som har Facebook veit vel det. Ventar nett no på leigetakarane som skal skrive kontrakt no kl 11.00.

Vi blir et år til! Uno ano mas!

(12.mai.2010): DETTE ER EIN APRILSPØK!

Me har gjort et grensesprengande val. Me har bestemt oss til å bli her i Spania eit år til!
Etter at Skjalg fikk eit tilbod om å overta DVD-utleige (bildet) i Albir, så har han eit økonomisk grunnlag for å bli her til 2012! Unni jobber videre på skolen på ubestemt tid, og Kitty Karina tar et år til, men nå i 8ende klasse på den norske skolen!

Skjalg overtar den lokale DVDbutikken frå Sally Owen. Kjøpe-summen er hemmeleg!

Meir om den nye utviklinga i våre arbeids og bustadsplanar seinare. Me er for tida på reise i Sevilla-Corboba-området og er tilbake i vår bustad i Tita den 5. april.