300 dagar i Spania – Tankar om eit år i utlandet.

Eg har bruka ein del timar til å tenkje. Det er vel ikkje så overraskande, tenkjer du…Det eg meiner er eg tenkjer på livet, kjærleiken og døden…. Eller noko sånt. Er det ikkje det det heile går ut på? Vel, eg sit på ein stein og ser utover landskapet der eg har budd samen med Unni Elisabeth og Kitty Karina dei siste 10 månadene. Her har eg budd og levt, gjort alle dei tinga som ein gjer andre plasser tenkjer eg. Det er tri ting som har gjort opphaldet litt stutt og litt mindre utfordrande. For det fyrste visste me at det blir kun eitt år, kanskje to. For det andre så har ikkje vore skikkeleg her, eg meiner i skikkelege Spania, slik eg har skrive om før. <for det tredje så har dei fire heimreisene til Noreg understreka «feriefølelsen». Det har og vore stunder der tida har vore vanskeleg og der dagleglivet har sett meg på nye prøver og gitt meg mange utfordrande tankar.

Skjalg les om framtida si. Det ser ikkje lyst ut for "dei gamle" som må slita meir!

Eg las nett ei interessant artikkel i Dag og Tid som tok for seg pensjonane vår. Det vil jo gjelde meg og. Eg er 56 år og skal om ikkje så altfor lenge vera pensjonist. Pensjonist, det er noko tungt og gamalt med det ordet. Eg har alltid sett på pensjonistar som gamle folk…. Og der er vel rett?? Eller? Det er mange pensjonistar her på Costa Blanca, ja det fins visst fleire tusen fastbuande nordmenn langs den spanske solkysten. Berre i Alfaz del Pi bur det 5000 nordmenn, svært mange av dei er pensjonistar. Artikkelen i Dag og Tid fortel om ei sannheit som svært få på min eigen alder tenkjer over – at dei vert minstepensjonistar sjølv om dei har hatt ei løn på over 400 tusen kroner (2009-kroner). Lurt av myndigheitene med andre ord… For meg betyr det mindre har eg funne ut. Eg har aldri tent så mykje pengar…

Året i Spania har vore eitt år med mange tankespinn og mykje skriveverksemd på nettet. Eg håper det er mange som lese dei orda eg har skrive til dykk frå Spania. Det har vore kjekt det, å skrive. Har alltid hatt ynskje om å gjere meir av det. Der må eg sei eg har fått gjort det eg hadde planar om dei siste 10 månadene. Ein del av dette er arbeidet med film, som trass alt er mitt yrke gjennom snart 40 år (!)

Huset me leiger med den store blomsterbusken. Unni blir til slutten av oktober.

Me kom til Spania den 23. august i fjor, Unni Elisabeth og Kitty Karina og eg.  Kitty Karina ja, ho har nok hatt det mest innhaldsrike året. Då ho kom hit i august, var det eit tøff tid med frykteleg vond heimlengt. Det var vanskeleg å ta farvel med Falke, og venene i Stavanger. Kitty Karina gret sine modige tårer meir enn ein gong då.

Me kosa oss mykje i vatnet!

Det letta svært mykje etter eit par veker på den nye skulen. Der fekk ho mange nye vener, som ho har hatt fine stunder med i det siste året. Eg jobba i starten med planar om ein dokumentarfilm om hennar liv i Spania. Det vart nokre tette og tøffe opptak med henne, noko ho ikkje var heilt førebudd på. Me snakke mykje om dette før me reiste, dette var noko ho ille. Ho har trass alt 6 filmroller bak seg frå før, men dette var annleis. Det vart frykteleg nært og veldig personleg. Det vart feil for henne. Ho spurte om eg ikkje kunne stoppa og eg måtte jo høyre på henne! Eit vanskeleg val, men det var hennar liv eg ville vise og då så….

Kitty Karina har fått gjere mange kjekke ting i Spania!

Det har endra planane mine ein tanke, slik at eg no skriv på fiksjon, dvs eit filmmanus om ei jente (ikkje Kitty Karina) og hennar liv i Noreg og Spania. Denne historia har fått arbeidstittelen «Ville Venn» og handlar om ei jente som er på jakt etter sin ukjente far i Spania. Det har vore eit spanande prosjekt dette, som eg held fram med heime i Noreg. Eg har og skrive eit manus for Psykiatrisk Opplysning. Elena heiter den historia og skal moglegvis bli film til neste sumar. Før den tid må eg hjelpe PO med å skaffe 500tusen kroner.

Anna har hjelpt oss med spansken dei siste 7 vekene...

For å konkludera året, så må eg sei det har vore positivt. Det har styrkja Kitty Karina trur eg. Unni Elisabeth og eg har fått ei oppleving me ikkje har prøvd før. Me er mange erfaringar rikare som me nok får bruka i åra som kjem. Det me ikkje er nøgd med er at spansken vår ikkje har blitt stort betre enn då me reiste for eitt år sidan…. I ein siste freistnad for å rette opp dette hyra me ein privatlærar ein time i veka. Om det hjelpte – kanskje litt…

Takk til alle dei som har fylgd med i nokre av dei orda eg har skrive, og ikkje minst dei få som har lese alle dei 97 postane eg har laga gjennom desse  49 vekene sidan det fyrste innlegget den 28. august 2009! Takk for merksemda! No kjem andre tider og andre opplevingar og andre bloggar! Skjalg 🙂

PS…… Unni Elisabeth reiser attende til huset i Tita den 23. august. Ho er tilsett som konstituert rektor på skulen der ho har jobba det siste året. Kitty Karina og Skjalg blir i Schancheholen, og me ventar henne attende i byrjinga av november 2010.

En handymans betroelser – las confidencias un hombre práctico

ledninger

Små leidningar må på plass! TRYKK PÅ BILDENE SÅ FÅR DU SE DEI STØRRE!

Handyman er eit ord som gjev visse assosiasjonar. Ein praktisk mann som kan det meste. Ein mann som nokon og ein kvar skulle hatt i sin nærleik…. Handyman kan skru i skruer, skifte dekk på bilen, reparere lekkasje i røyr på badet og han er god på det meste. Eg har budd her i Spania no ei stund. Eg har ikkje det vanlege arbeidsforhold som dei fleste har. Eg er friarbeidar. Det har eg faktisk vore i nær 40 år! I 1986-87 og 2001-2002, altså 2 år av i alt 40 var eg tilsett i eit firma. Men no er eg i Spania og er friarbeidar. Eg jobbar med film,  men har og  mange andre oppgåver. Eg må passe på hus både her i Spania, heime i Schancheholen, på Stavanger Brygge og huset vårt i Kviteseid (ser og stundom til gardsbruket til Unni Elisabeth i Sauherad – der eg vil skifte nokre vatnfjøler til sumaren).

Ein luftavfuktar må modifiserast!

Luftavfuktaren.

Ein slange skal ta vatnet ut av maskinqa.

Slange skal ta ut vatn

Maskinen er attende og slangen  må koblast.

Maskinen er attende.

Og her renn vatnet ut.

Og her renn vatnet ut.

På trass av mykje aktivitet vil eg nok ikkje trone høgt på inntektssida i Noreg dette året. Her i Spania har eg ikkje noko inntekt i det heile, det er Unni Elisabeth som er forsørgjaren her dette året.  Men det er mykje  eg kan gjere her! I fyrste rekkje skal eg  gjere opphaldet her i Spania så behageleg som mogeleg for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har eit spesielt oppdrag: å sørge for at Kitty Karina føler seg trygg, at ho har et bra, at ho likar seg. Noko av dette er kjende gjøremål me menn kjenner godt til i Noreg….

Koste litt!

Koste litt!

Skadedyrbekjempelse.

Spraye skadedyr!

Lage mat,  vaske golv,  rydde i garasjen,
fiksa datamaskina,  ordna øydelagde stikk-kontaktar,  mala ein vegg, teikne julekort, henge opp klesvask, reie opp seng, vaske opp, gå i posten,  kjøpe inn mat,  drepe maur,  brygge kaffi,  rydde i stua, støvsuge…  og alt det eg ikkje kjem på i farten!  Det er verksemd som dette som kvalifiserer ti omgrepet handyman, eller?

bremseklosserskift

bremseklosserskift

Bilen treng stell!

Bilen treng stell!

Det er noko sexy over ordet, handyman, det er vel mannen som kvinner vil ha. Ein praktisk mann som og har andre føremoner. Jo for han må vel og ha  ein fin veltrena kropp. Eg ser for meg ein kar med brunleg olje-glinsande overkropp, iførd ei olabukse og med ein skiftenykel i handa. Der har du mannen. Det er slik eg føler meg. Her i sola,i varmen i Spania!

Vanne litt!

Vanne litt!

Male litt

Male litt

No ventar eg berre oppdrag frå dei  heimverande kvinnene i Spania! Eller….. stopp litt….  er det  meir tid igjen når alle dagens oppdrag er gjennomførde…. Kanskje eg må byrja med nattarbeid?

Endeleg!

En fortjena pause med alkoholfritt øl, avis og mat frå i går!

Endelig - høgdepunktet på dagen (og veka m "Dag og Tid"!)