Å kjøpe leilighet i Spania ….

Den 2. september

bustad01

Bustadeni fjerde høgda. Bilete teke i mai i år. Lenge før me trudde me sko kjøpe.

Kom til Benidorm i går etter ein tur frå Norge på 8 timar. Reiste via Oslo, så det tok litt ekstra tid. Vel framme i Alicante nytta eg kollektiv transport, med ordinær linjebuss til Benidorm. Det var faktisk 50 minuttar kortare enn sist då eg tinga bussbillett på førehand. Kostnad 8 Euro, mot 7 Euro på shuttle direct. I Benidorm bur eg på same hotell som sist, Celymar kostar 30 eu for eit enkeltrom, heilt grei standard i min trivnad-skala.

Ny dag, tysdag den 2.9. Denne dagen skulle alt det formelle skje med overtaking av leilegheitame la inn bod på i august, vitjing hos politiet med tinga av spansk ID-nummer (NIE), betaling av bustaden, av gebryer, skattar og registrering i eigedomsregisteret hos Notarius Publicus….. Det skulle ikkje gå heilt som planlagd.

DSC_0011.resized

Mykje papir…dette er ein liten brøkdel av det me må gjennom.

Spanske bankar har gått gjennom ei frykteleg krise dei siste 6-7 åra. Fleire bankar har gått overende eller er blitt slukt av andre. Det skjer no med vår bank, Caixa Catalunya som vert teke over av BVVB frå Bilbao. Ikkje heilt populært – catalanarane ville nå helst ha sin eigen bank her i Catalunya. Vel vel… det er nye tider og nye overraskingar (…)

IMG_20140903_125655

Mukje papir å ordne vedkjøp og sal. Her Christian hos Notarius Publikus.

I dag var fyrste punkt på agendaen besøk hos Politicia i Benidorm. Real Homes, som har organisert alt kring kjøpet av leiligheita i Palatino i Albir, skulle møte meg på politistasjonen for å søke om NIE-nummer. Første overrasking/misforståing: Eg skulle visst vere i Albir….sjølv om eg hadde fått melding om å vere på politistasjonen. Litt merkeleg spør du meg, for i same rennet skulle me ordne med ein betalings-sjekk i Benidorm, same føremiddagen. (Benidorm – Albir, ca 15 -30 min med bil) Etter mykje om og men, kom Belen, ei hyggeleg dame på Real Homes, å henta meg for å ordne med betaling i banken. Då vart m.a.o vitjinga på politistasjonen utsett…

IMG_20140903_143344

Eit syneleg bevis for dei nye eigarane…

Eg hadde sørga for at pengar for betaling av bustaden var overførd til vår gamle bank (Caixa Catalunya), så her var det berre å få ut pengane frå banken. Eg og Belen kom til Benidorm-kontoret for å hente sjekken. Då visar det seg at me har fått to sjekkar (for dei to selgarane) med gebyr som var like stort som to spanske månadsløner….. Sjekkgebyr var på 952 euro…… Dette er noko dei har innførd etter bankkrisa. Bankane har tent mykje på dei gode tidene i 2000 – 2008 då store delar av sol-kysten vart bygd ut for ferieturistane. Som alle veit sprekte eigendomsbobla ettertrykkeleg i 2008 og mange bankar måtte slikke sine sår for den griske opptreden desse 8 åra. Det som vart ekstra underleg var at banken no såg på avdelingskontora som egne sjølvstendige einingar (eller konkurrentar) og difor vart det gebyr av den storleiken! Det som då gjer det ekstra tragikomisk er at den avdelinga me hadde som vår bank vart rasjonalisert vekk i mai i år……Til orientering tek min norske bank kr. 20 for å overføre eit beløp til Spania (utan omsyn til storleiken).

IMG_20140903_122009 (1)

Christian er ein hyggeleg kar som kan det meste om kjøp og sal av bustad.

Vel, vel… det vart ikkje nokon sjekk med gebyr på 7-8 tusen kroner, men alternativ uttak av heile beløpet i kontantar! Gebyrfritt…. Men siden seljar av leilegheita var redd for å handtere desse pengane … så ville dei heller opprette ein konto i banken slik at pengane kunne overførast utan kostnad.. Å sette opp ein konto kostar ingenting og tek berre 15 minuttar. Så slik er stoda i dag… vel ein liten ting til… Eg tingar NIE-nummer og må fylle ut ymse skjema for dette. Eit av desse var eit gebyr på å få politiet til å handsame saka mi med NIE-nummer. Her ville dei ha eit NIE-nummer i skjema! Banken ville ikkje ta betaling! Catch22…!  Vel … etter å prøva to andre bankar med same resultat, ville den tredje prøve noka nytt med ein telefon til leiinga, der sa dei ein kunne bruke passnummer som mellombels ID, og slik ordna det seg tilslutt. Ein må ha spansk ID-nummer for det meste her, om ein skal kjøpe hus, bil, skaffe abonnement osb.

logo.resized

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *