Eit kulturelt hjartesukk – Un suspiro culturales

Ei veke sidan eg skreiv sist. Håper alle fekk med seg La Mujer Espanola. Kjekt å nytta gamle bilete frå turen min i 1968.

Det skjer ikkje mykje her oss i Spania nett no. Ikkje meir enn i kvardagen heime i Noreg vil eg meine. Eg og Unni har vore på ein liten utflukt til Sella. Ein liten koseleg landsby (alle landsbyar er koseleg her!) 50 minuttars køyring inn i landet, rett vest for Puig Campana , ein fjelltopp eg vil klatra i vår. I Sella fekk me sjå eit kupert landskap med gamle terrassar som blei lagd av maurarane for 500 år sidan. Landskapet minner litt om risterrassane i Kina, Vietnam og Thailand, men der er dei jo mykje eldre. Nokre av dei me såg i Kina var framleis i bruk, og dei var over 3 tusen år gamle….

Landskapet ved Sella minner om risterassene i Kina. I skya bak, Puig Campana.

Terrassane i Sella har ikkje risplanter, men mandeltre. Området kring fjella her sør for Valencia er dominera av appelsin-, oliven- og mandeltre. Me er inne i appelsinhausten, sjølv om det enno er mange tre bugnande fulle av frukt. No ventar me på mandeltreblomstringa! Den skal visst vere spektakulær! Det gleder me oss til!

Mandeltreet.Snart kjem blomsten ut!

Då me vandra rundt i Sella, denne søndags ettermiddag var det ikkje eit menneske sjå i dei smale bratte gatene. Me tok oss inn på ein bar som var open. Den låg vegg i vegg med landsbyens kyrkje der tårnet såg ut som om det skulle ramle ned når som helst!  I den brune baren sat det tri eldre mannfolk. Dei var nok stamgjester. Etter kvart kom det fleire inn og dei tri eldre mennene sette seg til å spela kort. Samtala var levande, synd me ikkje forstod kva dei snakka om!

God stemning rund spelebordet på baren i Sella. Slike plassar likar eg meg!

Unni fekk godt selskap her i baren. Alle saman drakk kaffi!

Det er noko spesielt å vandre rundt i desse små landsbyane. Det sett tankane i sving om kva for liv dei lever her. Det hadde vore kjekt å snakka betre spansk og gli inn i miljøet, bli ein av innbyggjarane og leve tett med spanjolane. Unni Elisabeth, Kitty Karina og eg valde å bu nær skulen der Unni jobbar. Det har førd oss inn i eit internasjonalt miljø med lite spanske innslag. Dette har eg skrive om tidlegare. Å gå rundt i Albir er som å gå i ein kvar europeisk liten by, eller snarare ein krysning av mange europeiske landsbyar! Ein eurolandsby. Det er berre ein stor forskjell… Aldersamansettinga.

Stille i gatene. Siestatid i Sella!

Demografisk sett er Albir ein sers annleis by. På vinteren er det mest eldre folk å sjå. Det er mange pensjonistar frå fleire europeiske land som bur her om vinteren. Dei einaste unge me ser er barn som er på besøk hos desse fastbuande pensjonistane. Og så er det meg og Unni då!  Å leve her er ikkje å leve i Spania, slik eg ser det. Det blir eit isolert norsk/engelsk/hollandsk liv, alt etter kva miljø ein sjølv er i. På sumarstid vert Albir ein turiststad som mange andre plassar langs Spanskekysten. Om eg skulle vald eit opphald for min eigen del så hadde eg busett meg i ein spansk landsby. For det fyrste ville eg hatt meir personlig nytte av det, ville ha lert meg spansk på kortare tid og det hadde passa mitt personlege budsjett myke betre! For det skal og seiast, at det er mykje dyrare å bu her. Leige av bustad er dyrare, tenester er dyrare, restaurantane er dyrare, kort sagt dei generelle levekostnadene er høgare enn andre plassar i Spania.

Unni insistera på å bli med på bilete frå Sella. Puig Campana i bakgrunnen.

Det er mykje billegare bustad inne i landet!

Den spanske kvinne i to delar – Mujer española en dos partes

Spania 1968

Kvinner vaskar kler i Rio Tormes, Salamanca, september 1968 (foto: Steinar Omdal).

Spansk landsby, Andalucia. Rundt siesta-tid. Eg høyrer høg skjerande kvinnestemme. Borti gata ser eg ein mann og kvinne og ein gut på 5-6 år kome ut frå ein bar. Kvinna kledd i stakk, mannen i arbeidskler, ein gardbrukar ser det ut til. Han går ustødig, er openbart rusa. Kvinna snakkar høg og fort, slår på mannen sin der dei går bort etter. Den vesle guten heng etter den andre handa til mora, han gret…

Meg sjølv, som 15åring, blant menn på veg til baren, Andalucia, 1968.

Spania 2010

Etter å ha budd i Spania i snart 5 månader så har eg gjort mine observasjonar om skilnader på norsk og spansk kultur.  Me opplever den spanske kulturen med lever med sia av spanske menneske og observerer litt av spansk kvardag. Eg har skrive om nokre av dette før, men no er det tida inne til  å skrive om menneskje, det spanske menneskje eller nærare bestemt, den spanske kvinna! La mujer española.

Spanske kvinner står ikkje attende når det gjeld moderne moter.

Spania er merkt av eit langt tidsrom med konservativ styring frå 1936 til 1975. Dette har sett tydeleg merke på land og folk! Fredrico Franco styrte Spania med jernhand.

Fredrico Franco 1968

Denne fascistiske politikken som militærdiktatoren stod for var saman med den katolske kyrkja si sterke stilling ein viktig faktor for å halde dei strenge konservative rammene på plass. Innan familielivet var det tydeleg. Kvinna sin plass skulle vere i heimen å stelle med hus og born og mannen var ute på markene og stadig i landsbyens bar. Synleg – som familiens patriark. Det var dette eg hadde som svake minne frå min fyrste tur til Spania i 1968. Det var eit samfunn som var styrt av militæret,  politiet og kyrkja. Alle tydelege mannsbastionar.

Spanske kvinner pyntar seg mykje til fest!

Dei pyntar seg mykje med smykke til fest!.

Den katolske kyrkja si styringa av familielivet gjekk langt utover det me opplevde i andre delar av Europa på denne tida. Til dømes var ikkje prevensjon og familieplanlegging på den offentlege agendaen i Spania. Familielivet var berre ein privatsak, som kyrkja fekk ta seg av. Dei store endringane kom etter 1975 (Franco døydde same året som med hadde FN sitt kvinneår). Spania har gått veldig langt på sers kort tid. Dette kan ei sekulær politisk venstreside ta mykje av æra for. Det spanske sosialistpartiet har hatt ei klar haldning til den politiske, økonomiske og kulturelle utviklinga i landet sidan åttitalet. Dette har tent dei spanske kvinnene spesielt, som er gått frå å vere blant dei mest undertrykte i Europa på 60talet til å vera blant dei mest frigjorde i dag.

Cristina kan noko om både norske og spanske jenter.

Cristina er i moderne spanske kvinne. Ho har budd i Noreg og.

Som all god og positiv utvikling har også denne ei mørk bakside. T.d har den registera valden mot kvinner auka. I fylgje det spanske likestillingsdepartementet blir 30% av alle drap i Spania knytta til partner-relasjonar. Mest alle desse drapa er utførd av menn.  Kan dette ha noko med at utviklinga har gått for snøgt? Er kontrasten frå den fascistiske tida med Franco for stor? Har t.d den spanske mannen hatt problem med å sjå og akseptera utviklinga?

Spanske kvinner er meir synlege i overalt i samfunnet enn før, som her i Alicante.

Kvinnene er på veg fram. Dei markerer seg på stadig fleire område, nett som i Noreg. Kvinnelige sjefar og forretningskvinner er meir vanleg. Går det  for snøgt for den spanske mannen? Har han ikkje klart endringane som likestillinga har ført med seg? I dag er likestilling i arbeidslivet i Spania 43% og Norge 49%. Det kan sjå ut som om den spanske mannen er i utakt med kvinnene sine, sidan han må ty til fascistisk valdeleg machokultur!

Spania 2010

I 2010 går spanske menn framleis i baren og drikk saman med andre menn...

I politisk styring er Spania omlag likt med Noreg, likestillingsprosenten er 36.  Kvinnene er blant dei mest likestilte i Europa, og  dei er og blant dei mest kvinnelege synes eg. Den spanske kvinna er oppteken av si feminine side og veit å framheve den. Det merkar eg i måten dei ter seg og kler seg. Dei framhevar de feminine trekk med å vere motebevisste. Eg får eitt inntrykk av at dei spanske kvinnene ser meir kvinnelege ut fordi dei kanskje er så bevisste deira eiga kvinnelege identitet. Framveksten av likestilling mellom kjønna har understreka dette. Og mannen, han heng etter. Han går framleis på bar og drikk, treff likesinna menn som diskuterer fotball og dei umogelege kvinnene sine! Eller er det ikkje slik? Skal sjå meir på tilhøve mellom dei spanske kvinnene og mennene deira seinare.

Del to av den spanske kvinna(!) kjem etter min neste tur til Noreg.

Utleige Stavanger Brygge! Bli med på ei eineståande tevling!

Eksteriør frå Stavanger Brygge. Me vil skipa til ein tevling for å få bustaden utlegd!

Fiiin stue på Stavanger Brygge.

Falke, Skjalg og Helene på kjøkken i SB

Eg har eit stort ynskje om å få leigd ut bustaden me eig i Stavanger Brygge (det er 2 soverom her). Me budde her for fyrste gong i jula, og hadde det ikkje vore for at me faktisk bur i Spania no, så hadde me flytta inn der på dagen. No står han tom, og det likar eg ikkje. Eg må attende til Stavanger for å ordna dette no, så om det er nokon som veit om nokon som treng husvære snøgt, så ta kontakt. Me har vore sers nøgde med BP, Kværner, Aker, så om det er nokon av dykk som jobbar i slike selskap eller kjenner nokon som jobbar i slike selskap, så spør dei om dei treng ein slik bustad?? No på flekken…..

Kitty Karina synes det er greitt med 50 kanalar!

Ja, eg er så oppsett på å få nye leigebuarar at eg vil skipa til ei tevling!

Den som kan få tak i ein leigebuar til Stavanger Brygge som me kan godkjenne og skrive kontrakt med får ei vekes opphald hos oss her i Tita 11B, Albir, Spania. Du får eigen sofa å ligge på om natta, blir traktert med dei lekraste rettar frå morgon til kveld med Skjalg sin eminente kokekunst og sist, men ikkje minst, oppvarta av Unni Elisabeth med tvilsame skrøner frå Vest-Telemark. Er det nokon kandidatar der ute?

PS…. innlegget mitt om den spanske kvinna.. kjem snart!

Kitty Karina i Spania – Chica de Noruega en España

Kitty Cat

Då Unni Elisabeth og eg snakka om å dra til Spania for eit par år sidan, var eitt av dei mest usikre momenta Kitty Karina si haldning til dette moglege opphaldet. I 2007, då me fyrst diskutera dette var det ikkje serleg sannsynleg, men eitt år seinare blei planane nemnt for Kitty Karina. Me hadde venta ei negativ reaksjon, men ho vart tvert om! No har med vore her snart 5 månader og Kitty Karina er på veg mot tenåra. Ho blir 13 år den 17. juni.

Kitty Karina er alltid i farta....

Og ho vil ikkje heim! Ho trivest så godt at ho helst vil bli eitt år til! På skulen går det bra, ho likar og klarer seg godt i alle fag, og ho er den einaste i familien som kan litt spansk når me kjem heim til sumaren! Ho har 2 timar på skulen og to timar spansk etter skuletid. Unni og Skjalg er ikkje så flinke, me har ennå ikkje kome oss på noko kurs!

Under vann er ho ofte, sjølv om det er ei stund sidan no!

Tida her i Spania var vore utviklande og spanande for Kitty Karina. Ho er blitt ven med mange nye (jenter og gutar).  Venene er berre blitt norske, diverre…. Me lever i eit norsk miljø med alt for lite dagleg kontakt med spanjolar. Dette er noko eg prøvar å gjere noko med, har et par spanske vener der eg søkjer kontakt med familie og deira sosiale nettverk.

Aktiv jente som er flink med fotballen... Ballen er allereie utanfor bilete!

Kitty Karina ville i byrjinga prøve å spele fotball saman med norske/spanske i klubbar her i Albir, men det var vanskeleg å få til. No er det helst fotball på skulen. Me ser på nett at det er framleis er stor aktivitet hos SIF-jentene -97, det blir kjekt å sjå att dei seinare dette året!

Data nerden som held kontakten med vener i Norge og Spania.

Ellers så er det mange av Kitty Karina sine vener i Noreg (og Spania) som har kontakt på nettet via Msn og Skype og Fjesboka. Åsne, Ylva, Helene, Pia, Ellen og Gunhild er der støtt og stadig, så ho nyttar ein del tid på kveldane på den kjekka datamaskina som ho tok over (kjøpte) frå Falke. Det blir og litt kontakt med Falke og Odin. Falke dreg i militæret i dag, torsdag, så han får me ikkje ny kontakt med før slutten av februar! Odin har nett flytta frå Oslo til Bergen, saman med kjærasten sin . Odin har si eiga bloggside.

Filmstjerne... vel, det er mest ein dokumentasjon av Kitty Karina sitt opphald i Spania.

Kitty Karina sitt liv i Spania vert filma av Skjalg. Det er eit lite prosjekt som med vonar kan visast til andre enn familien. Det vart kanskje litt tøft for Kitty Karina å vere midtpunktet i ein dokumentar om hennar liv, så me er ikkje sikre på om ho vil dette lenger. Så med planlegg å endre litt på struktur og innhald i dette prosjektet. Me får sjå kva det blir til!

Den kjekkaste aktiviteten på kjøkkenet for Baker Kitty K!

Ellers er Kitty Karina med på det meste heime i huset vårt i Tita, Albir. Ho tek sin tørn med vasking, rydding og andre gjeremål som høyrer familielivet til. Det hender at ho baker og slår skikkeleg til med favoritten Brownies!

Å vaske opp er ikkje det kjekkaste av Kitty Karina sine aktivitetar.

Det gjøremålet ho slit mest med, som dei fleste kan eg tenkja meg, er oppvasken. Det er ikkje serleg «automatisk», nei. Men det går med stundom uproblematisk akkompagnert med eigenlaga song til arbeidet!

Trøytt om morgonen!

Den største utfordringa er å få ho opp om morgonen! Det er vel eit problem nokon og ein kvar kjenner, både born, tenåringar og vaksne! Spesielt om vinteren, også her i Spania! Eg, derimot er oppe no.. kl 6 om morgonen, og skriv!

Ein fjortis kjedar seg i butikken!

I tillegg til morgon-trøtte så er ho i ferd med å bli ein skikkeleg «fjortis». Du kjenner dei? Til tider skikkeleg sløv. Himlar med augo når mor og far gjer noko eller seier no teit! Gjeng i «slow motion». Skal ha på seg lua si inne, det er visst tøft! Protesterer mot dei mest opplagde ting. Er skikkeleg tøff i trynet ovanfor føresette når vener er i nærleiken.  Men så kan ho samstundes gje oss dei næraste og mest koselege små og store stunder i saman med oss og. Ho er på veg mot tenåra det er sikkert! Eg trur dei fleste kjenner typen på sitt eige born!

Av og til er Kitty Karina sint jente. Og då kan det se slik ut!

Kalde dagar i Spania (?!) Dias frio en España (?!)

Me reiste frå Noreg til varme Spania, jo, men det har vore kaldt her og dei siste dagane! Det må me stå med! Me kan ikkje halde på illusjonane lengre, sanninga må fram! Før eller seinare ville vel nokre av dykk avsløra oss! Det er ikkje varme Spania. No er det kalde Spania må eg vedgå. Det svinge svært frå den kaldaste natt til den varmaste dag. Inne har me berre elektrisk straum til oppvarming.

Inne er det 13 grader, ute er det 16 grader! Kaldt til frukost på fredag!

Straum er dyrt i Spania (tre gonger så dyrt som Noreg) og spanjolane nyttar ikkje dette til oppvarming. Peisen har me prøva, men det er slik som med dei fleste peisar heime, mest til pynt. Eg kjøpte meg gass i dag. 13,5 kilo propan til 11,95 EU (90kr). Eg er lurer kor lenge den kan brenne i den gassomnen eg fann i kjellaren.

Eg fann ein gassomn i kjellaren. Det er det spanjolane nyttar. El er for dyrt.

Dei varmaste dagane, som no onsdag, kallar på uteaktivitetar som lesing på stranda!

Siste veke har det svinga frå 5 grader til 22 på terrassen, der eg sit så titt eg kan. Me har og nytta fine (kalde) dagar til små turar i nærleiken. Det er det blitt litt lite av dei siste vekene. Me har no tatt spaserturane våre kvar dag i Albir eller Altea. Varme dagar tar med turen ut og set oss til å lesa bøkene våre ute. Unni Elisabeth har nett lese Arnhild Lauveng si «I morgen er jeg alltid en løve» (om schizofreni) og les no ei bok av Kate Moss. Eg held på med den spanske forfattaren Antonio Munoz Molina «Serad», roman om forfylgde landflyktige europearar. Skal gå igang med eit spansk historieverk snart.

Kalde men fine dagar for sykkelturar! Unni Elisabeth mellom appelsintrea i Alafaz de Pi.

Me legg etterkvart planar for lengre utflukter til Valencia og Alicante og andre meir fjerntliggjande stader i dei to neste månadene. Me fer sjå. Eg har eit stort ynskje å sjå att nokre av dei plassane eg var med min far, Steinar, i september 1968, då me sykla Spania rundt. Eg var berre 15 år, men minnes ein god del frå denne sykkelturen.

Polop er ein fin landsby som eg har besøkt fleir gonger! I bakgrunnen, Berninafjella.

No er det tida for hausting av appelsinar! I bakgrunnen med snø, Berninatoppen 1.129 moh.

Me leita etter bonden og ville fortelja han at han må henta inn appelsinane sine!

Dadlane er ikkje mogne ennå, men dei bugnar frå palmane overalt!

Varmt dette..Unni...!

På uterestaurant i Altea søndag..

Og tilslutt for dei som ventar på mine utgreiingar om den spanske kvinna: Eg har ikkje gløymt dette. Fyrste utgåve ligg på maskina, det er et stort og omfattande felt eg gjer meg inn på! Eg har nokre tankar om den spanske mannen óg, så fylg med!

Ei fotoreise til Noreg (del 2). Uno viaje fotografico a Noruega

Undervegs til Telemark og vitjing av familie og vener og husveret i Kviteseid.

Eivind var glad for å få vitjing frå Unni Elisabeth og Skjalg. Og gåver fekk han og.

Utsikt over bygdi, med elg i hagen til Bjørgulv og Hilde!!

Koseleg peis i kjøkkenet til Bjørgulv og Hilde.

Varmt og koseleg. Frukost hos gode vener i Kviteseid!

30 cm med nysnø. Bjørgulv, Unni Elisabeth og "Ruggen".

Det er blitt stilfullt i den gamle blomsterbutikken i Port Arthur, Kviteseid.

Kviteseid Kunstforening har fått seg fin logo på inngangsdøra til huset.

Fine bilete med kalligrafi laga av Borghild Telnes.

Unni i prat med Toralf M Hansen, arkitekt og kunstnar. Opptatt av huset sin historie.

Det gamle kontoret til Eivind er ikkje til å kjenne igjen!.

Heidi Napers naturmotiv i akvarell og Telespinns mohairprodukter.

Utstillinga er slutt, Bjørgulv og Hilde på vitjing.

Middag med god norsk mat, traktert av Stein, servert av Aasny.

Gourmetkokken på Store Blaa!

Vinter i Stavanger. Kaldt og kontrastfylt for oss søringar!

Ketil og Bodil byr på salt sild til lunch på 4.dags jul.

Helene Stenhaug baud på middag den 28. Ho var hos oss i Spania i veke før jul for skrive på eit filmmanus.

KK og Skjalg. 6 stk til middag på Helene sin litle hybel på 10kvm.

Kitty Karina ser ut til å bli ein habil fotograf!

Så kom Odin sin kjæreste, Helene til byen. Me spiste middag hos Kritian den

Så kom Odin sin kjæreste, Helene til byen. Me spiste middag hos Kristian den 29.

Det var Betina som stod for maten.

Kristian er det ikkje lett å fange med kamera. Han likar ikkje fotografer....

Det var heimeavla gås frå hagen til Kristian me spiste. Slakta dagen før...

Randi, kona til Buster (jo dei er gift) kom seinare på kvelden.

Bjørn og Odveig på Stavanger Brygge. Koseleg kveld med mat og samtaler.

Fint med TV og mange kanalar for Kitty Karina. Men ho lika best å ver hos venninner.

Gry på besøk på onsdag ettermiddag.

På veg ut av leilegheita traff me Halvard og Ellen som tok seg ein spasertur.

Eimund og Åshild på SB. Måtte vere med og åpne konjakken Unni kjøpte til meg i 2008!

Konjakken Hine som Unni kjøpte i England våren 2008. Den var dyr. 1000 kroner taxfree!

Ein fin nase for god lukt? Eimund testar den fine konjakken.

Trøytte etter lang dag. Odin og Helene på Stavanger Brygge.

Falke, Skjalg og Helene i kjøkken/stue på Stavanger brygge. 1ste nyttårsdag.

Foto Kitty Karina

Travel dag, nyttårskvelden. Klarte å stoppe for tom tank på Strømsbroa! Kitty Karina tek bilete!

Ulovleg fyrverkeri på Kyviksmarka. Kan ikkje forstå kvifor folk gjer slik?

Odin tok dette fine bilete frå terassen til OP, kl

Det kommunale fyrverkeriet er alltid best!

Helene nyt utsynet frå terrassen til OP.

Og her ein video Odin tok på terrassen… Fyrste gong eg legg ut video på sida mi… spent på korleis det vert!

saluttvideo

Odin fangar Falke og muscat med si vidvinkellinse.

Og slik såg det ut då Odin tok bilete!

Dette var ein reise i 14 dagar for Unni, Kitty Karina og Skjalg. Personlege glimt med godt samver med Odin og Falke, og gode vener. Me ser fram til neste møte i det nye året 2010!

Ei fotoreise til Noreg (del 1). Uno viaje fotografico a Noruega

14 dagar i Noreg har eg vald å fortelje med bilete. Det skjedde så mykje, så derfor vert det mest interessant for dykk å sjå bileta. Håper dykk vert nøgd med det! Desse strekkjer seg frå 19. desember til 23. desember. Resten kjem til veka.

Me var fyrste utenlanske fly som landa på Sola på 8 timar! Norwegian sirkla over Sola flyplass i mest ein halvtime før me fekk landa!

Mye snø. Den stoppet flyet vårt i mange timer.

Me måtte vente i mest 2 timar på taxi, men Falke og Willy henta bagasje med lastebil!

Det hadde falt mykje snø. Odin reddar trea i heime i Schancheholen

Me måtte finne oss meir klede heime, kven hadde trudd det sko bli vinter i Noreg?

Kitty Karina har lengta mykje etter søte katten sin, Simpli!

Flott med vinter i Stavanger. For ein gong skyld blei det kvit jul!

Tacomiddag hos Merete. Det var KK som bestemte den menyen!

Falke med på middag men på vakt. Hadde nett redda ein bil under eit tre!

Hunden til Merete er ei fin og underleg bikkje!

Me budde på Stavanger Brygge som stod tom nett no! Op på frokostbesøk!

Me hadde folk på graut i SB og middag ein dag - ellers så vart med invitera kvar dag!

Falke, Buster og Betina nyt graut frå kokken Unni Elisabeth

Om kvelden den 20ende var me hos Cate og Jan Morten.

Den lauksuppa var GOD! Bra jobba Jan Morten!

Kompressor til spikerpistolen! Utan skikkeleg verktøy.... Flott golv!

Tirsdagen vitja me OP på nye loftet! Stilig!

Her blir det vel berre gallaantrekk frametter....

Fine lykter som Falke skal bruke i militæret!

Kjekkt å vere på Stavanger brygge saman med ungane!

Det var fleire av slekta som kom innom. Her er Kjartan på vitjing.

Det kom mange innom dei fyrste dagane. Her Kjartan.

Mykje fototaking. Kitty Karina er og fotograf i familien!

Jens Buster var innom og fekk julegraut. Randi jobba på kvelden.

Me hadde folk på graut i SB og middag ein dag - ellers så vart med invitera kvar dag!

Godt

Godt med julegraut. KK, Kritian og Kjartan.

Unni fekk gaver i Amerikapakken! Den har ho fått i 27år!

Gode venninger og nære kusiner! Kitty Karina og Åsne i finstas!

Mor og datter i skjønn forening. No vert det julefest!

Odin er oppteke av alternative gåver. Eit heimestrikka slips var ein vinnar!

Julekvelden er me nesten alle samla hos Siv.

Rita og Siv stod for maten. Odin kom med eigen nøttesteik! Han er vegetarianar!

To kjekke karar. Me er veldig glad i dei to her!

Gry, Hanna og Unni Elisabeth ventar forventningsfullt på pinnekjøttet.

Smykke

Unni fekk smykke frå Skjalg. Det gjorde stor suksess!

Odin fekk nok ei gåve han trong!

Sokkar er ein vinnar! Dei får eg god bruk for neste vinter i Noreg!!

Steinar sine optical illusions var populære denne kvelden!

Dei optiske illusjonane vart studera heile kvelden!

Ein av gjestene gjekk ut av sitt gode skinn!

Veldig populært med massasjeolje og godluktolje for denne karen her!

Vin frå Spania. Flyboren årgangsvin! Gry undersøkjer kvitvinen frå Unni og Skjalg

Rapp fekk visst ikkje noko gave han....

Utslite vertskap. Iallefall dei yngste! Siv ser ut som ho kan ta ein kveld til!