Tur til Puig Campana, til toppen….eller?

Puig Campana, dette fjellet vil me opp på!

Fjellet reiser seg storslått og utfordrande!

I 10 månader har eg hatt ynskje om å kome meg opp på Puig Campana (1408 meter over havet). Det var ein god moglegheit då Olav Petter kom hit i forrige veke. Me rusta oss godt til turen, det var varmt, omkring 30 grader då med reiste frå bilen.

Finestrat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Olav Petter og Skjalg før den store styrkjepøven... Toppen i bakgrunnen.

Me fylde instruksjonar frå eit turbok me kjøpte for ei stund sida. Det blei litt forvirrande, ettersom det som stod skrive var uklart og mangfullt. Etter å ha fylgd dei merka løypene, kom me opp til kring 950 meter.

Då hadde me gått i 2 timar og var halvvegs. I boka stod det at heile turen tok 4,5 timar, men då forstod me at det var noko som ikkje stemte. Turen rundt fjellet er på 14 kilometer. Det er mykje, når ein og skal stige 1000 meter. Varmen var intens. Me hadde med oss 4,5 liter vatn og det gjekk med – fort. Eg stogga fleire gonger for å taka bilete. OP og Unni gjekk vidare og då eg skulle sette opp tempo og ta dei igjen merka eg at eg ikkje er i så god form lenger …eller kan det vere varmen…hrmm…Jo – me seier det!  Det er kanskje ein orsak til at det ikkje er nokon som går til toppen på denne tida av året.

Hjartebank og pustevanskar i 30 graders varme tvinga meg til å setje ned tempoet.  Me kom oss opp til kring 950 meter då me innsåg at dette klara med ikkje denne dagen. Ein stor brønn vekte vår merksemd, ein steinsett konstruksjon som me undra oss svært over.  Kunne det vere ein del av eit eldre vatnings-system høgt her opp rett under det bratte fjellet. Vel – me sette kursen heimover og bruka nesten to timar på å kome oss attende til bilen. Det var framleis varmt, så me tok oss tid til å sjå den flotte floraen. Mange fine fotomotiv. Om me ikkje nådde toppen så hadde det like fullt vore ein fantastisk tur med mykje flott natur.

Mykje fint å sjå på nerturen...

Høgt og lågt med laust og fast! Atlas y bajos!

Puig Campana enno ikkje beseira, men det skjer vel snart - Eller kva meiner du Unni Elisabeth?

Falke har vært her i nesten to veker. Men han er reist nå. Han dro den 22. mai og er attende i Skjold på militærbrakka no. Det blir alltid mykje aktivitetar når han er i nærleiken! Me har bevega oss høg og lågt, bokstaveleg tala! Me har ikkje klart å kome oss opp på Puig Campana enno (1408m høgd – 14km tur) Hadde konkrete planar med Falke, men det blei ikkje tid. Me kom oss rundt omkring i området saman med han, men me som bur her har ennå nokre veker igjen før me sett nasen heimover til Noreg (eg og KK iallefall). Det blir varmare og varmare for kvar dag no. Den siste tida har det vore 26 grader det meste av dagen.

Vann i Polop kjem frå Berniafjella. I ein vannpost med 100 kranar tappar eg drikkevatn.

Godt drikkevatn

Etter dykkinga for to veker sidan har er gjort lite som der er verd å skrive om, men noko har me gjort, forskjellig laust og fast om ein kan sei det sånn..Me var ein tur til Polop og Callosa de Sarria. Den fyrste plassen som heiter Polop, har eg har vitja mange gonger gjennom dei siste månadene. Har fått mange fine fotomotiv herfrå. I Polop henta me 20 liter med drikkevatn. Me fekk eit tips om at vatnet her smaka så godt, så det ville me prøva! Den andre plassen, Callosa de Sarria var ute på landsbygda der me henta Kitty Karin, Sandra og Sara hos veninna Sofia. Familien hennar kjøpte huset for sju år sidan og har bygd det om til eit spanande bustad og atelier. Dei hadde 5 mål med frukttrer. Mest niespros trur eg. Me smaka på nokre av desse gode fruktene som me ikkje har sett noko til i Noreg. Dei smaka ein mellomting mellom fersken og aprikos, men kanskje litt meir søte.

Huset til nokre vener av Kitty Karina ligg utanfor Callosa de Sarria.

Niespros søt frukt.

Falke lika niespros

Ellers så har eg og Falke køyrd rundt om kring, til Altea for ein knivbutikk, kjøpt nokre datadingsar og Falke har  fått med seg Denia. Her har eg ikkje vært før. Denne byen ligg 50 minuttar køyring nord frå der me bur. Stor by med 40.000 innbyggjarar. Det fins ei middelalterborg (Castillo de Denia) sentralt i byen, og ein koseleg gamal bydel ned mot sjøen. Falke vill undersøkje leige av firehjuls motorsykkel, for terrengkøyring. Eg trur han vart litt skuffa, det var ikkje akkurat den store utfordringa for han som ville ha hard kjøring med flyging på bakketoppane og ikkje ein «sundagstur for pensjonistar» som dei la opp til her.

Casillo del Denia. Borg bygget i mellom 1100 og 1200-talet.

Falke var på perm frå den norske forsvaret.

Alt i alt ein fin tur for Falke. Neste vitjing frå Noreg blir Sally som kjem i slutten av juni. Det er ein månad til det. Stille og rolege dagar for meg frametter. Kanskje eg kan skrive mykje no, sjølv om det er hard å jobbe i varmen … 😎 Det hadde jo vært fint om det kom nokon, sånn heilt overraskande no i juni! Me kan jo håpa……

I Altea fann Falke ein butikk der han fann mykje fint! Kjøpte noko til Leatherman'en sin.

Dei siste dagane har det vore verkeleg varmt her. Det er norske sumar-temperaturar! Då har det hendt fleire gonger at me har teke ein natt eller to på taket! Her i Tita har me ein takterrasse som det er fint å sole seg på om dagen, og fredeleg og avkjølande å sove på om natta! Den som kjem på vitjing kan få prøva!

Under ein høgare himmel! Her på taket er det flott å sova!

Neste oppdatering frå oss kjem den 31.5 og 4.6., for dei som venter på det 🙂

Eit kulturelt hjartesukk – Un suspiro culturales

Ei veke sidan eg skreiv sist. Håper alle fekk med seg La Mujer Espanola. Kjekt å nytta gamle bilete frå turen min i 1968.

Det skjer ikkje mykje her oss i Spania nett no. Ikkje meir enn i kvardagen heime i Noreg vil eg meine. Eg og Unni har vore på ein liten utflukt til Sella. Ein liten koseleg landsby (alle landsbyar er koseleg her!) 50 minuttars køyring inn i landet, rett vest for Puig Campana , ein fjelltopp eg vil klatra i vår. I Sella fekk me sjå eit kupert landskap med gamle terrassar som blei lagd av maurarane for 500 år sidan. Landskapet minner litt om risterrassane i Kina, Vietnam og Thailand, men der er dei jo mykje eldre. Nokre av dei me såg i Kina var framleis i bruk, og dei var over 3 tusen år gamle….

Landskapet ved Sella minner om risterassene i Kina. I skya bak, Puig Campana.

Terrassane i Sella har ikkje risplanter, men mandeltre. Området kring fjella her sør for Valencia er dominera av appelsin-, oliven- og mandeltre. Me er inne i appelsinhausten, sjølv om det enno er mange tre bugnande fulle av frukt. No ventar me på mandeltreblomstringa! Den skal visst vere spektakulær! Det gleder me oss til!

Mandeltreet.Snart kjem blomsten ut!

Då me vandra rundt i Sella, denne søndags ettermiddag var det ikkje eit menneske sjå i dei smale bratte gatene. Me tok oss inn på ein bar som var open. Den låg vegg i vegg med landsbyens kyrkje der tårnet såg ut som om det skulle ramle ned når som helst!  I den brune baren sat det tri eldre mannfolk. Dei var nok stamgjester. Etter kvart kom det fleire inn og dei tri eldre mennene sette seg til å spela kort. Samtala var levande, synd me ikkje forstod kva dei snakka om!

God stemning rund spelebordet på baren i Sella. Slike plassar likar eg meg!

Unni fekk godt selskap her i baren. Alle saman drakk kaffi!

Det er noko spesielt å vandre rundt i desse små landsbyane. Det sett tankane i sving om kva for liv dei lever her. Det hadde vore kjekt å snakka betre spansk og gli inn i miljøet, bli ein av innbyggjarane og leve tett med spanjolane. Unni Elisabeth, Kitty Karina og eg valde å bu nær skulen der Unni jobbar. Det har førd oss inn i eit internasjonalt miljø med lite spanske innslag. Dette har eg skrive om tidlegare. Å gå rundt i Albir er som å gå i ein kvar europeisk liten by, eller snarare ein krysning av mange europeiske landsbyar! Ein eurolandsby. Det er berre ein stor forskjell… Aldersamansettinga.

Stille i gatene. Siestatid i Sella!

Demografisk sett er Albir ein sers annleis by. På vinteren er det mest eldre folk å sjå. Det er mange pensjonistar frå fleire europeiske land som bur her om vinteren. Dei einaste unge me ser er barn som er på besøk hos desse fastbuande pensjonistane. Og så er det meg og Unni då!  Å leve her er ikkje å leve i Spania, slik eg ser det. Det blir eit isolert norsk/engelsk/hollandsk liv, alt etter kva miljø ein sjølv er i. På sumarstid vert Albir ein turiststad som mange andre plassar langs Spanskekysten. Om eg skulle vald eit opphald for min eigen del så hadde eg busett meg i ein spansk landsby. For det fyrste ville eg hatt meir personlig nytte av det, ville ha lert meg spansk på kortare tid og det hadde passa mitt personlege budsjett myke betre! For det skal og seiast, at det er mykje dyrare å bu her. Leige av bustad er dyrare, tenester er dyrare, restaurantane er dyrare, kort sagt dei generelle levekostnadene er høgare enn andre plassar i Spania.

Unni insistera på å bli med på bilete frå Sella. Puig Campana i bakgrunnen.

Det er mykje billegare bustad inne i landet!

Días ocupados – Travle dagar

Nok eit lengre opphald frå skriveverksemda mi! No har det skjedd ein del som er verd å ofre nokre ord på. Det har vore travle dager i det siste!

1. Me har feira eit 26års jubileum.
2. Me har vore på tur igjen.
3. Me har hatt overnattingsbesøk (fleire faktisk).
4. Nye opptak til filmen.
5. Me har startar flyttinga – igjen.

For dei som lurde på kva som var så spesielt med 22. oktober 1983, så var det dagen då eg og Unni Elisabeth møtte kvarandre.  Ein fin middag vart det i Alfaz del Pi, sjølv om eg nok kunne ha funne ein stad med litt betre mat…

I helga var med på tur.  Me køyrde Kitty Karina og ei venninne (Silje går i 6 kl på den norske skulen) til Terra Michica. Dette er ein fornøyelsepark på line med Kongeparken, men tre gonger større. Her sette av jentene kl. 12, så sette me nasen mot fjella bakføre.

Koselig kveld men litt kjedelig mat på restauranten i Alfaz

Koselig kveld - kjedelig mat

Unni i fiiin stas!

Unni i fiiin stas

Koselege Finestrat openbara seg i eit mektig fjelllandskap.  Som fleire byar i området, mellom anna Polop og Guadelest er og Finestrat verd eit besøk om du vil se flott natur, gamal spansk arkitektur og oppleve noko anna enn shopping, strandliv og bading.  Finestrat ligg like bak (vest) for det store Puig Campana som me etter oppmoding frå ein ven (Richard Steffensen) har planar om å bestige! Det er 1408 meter høgt. Den er snøkledd somme tider på vinteren, men me må prøva å kome oss opp ein dag utan snøver! I Finestrat fann me ein brukt butikk…. Der blei me ei lita stund.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her bur det norske folk.

Her bur det norske folk.

Faleg katt!

Faleg katt!

Etter eit par timar i fjella, køyrde me til Benidorm, der me ikkje gjorde anna enn å ligge på stranda til sola forvann bak skyskraparane. Då var jentene klare for å bli henta med Tacos og privat skodespel i heimen!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Nye gjester i huset?

Nye gjester i huset?

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Dei siste to dagane har me og hatt ei norsk jente frå Larvik på besøk i huset. Silje Jacobsen heiter ho, er 28 år utdanna lærer og reiser Spania rundt for å lære seg språk folk og kultur. Eg invitera henne via Couchsurfing. Det er et sosialt netteverk for folk som liker å reise og oppleve folk der dei bur. Dette ville eg og  gjerne prøve, og har allereie fått kontakt med spanske vener som eg skal halde kontakten med framover.  Magne Risa er ein ihuga CS-mann! Han har mange spanande reise-erfaringar. Les kommentarfeltet hans på denne lenka.

På mondag var me på kunst-vernissage med Siri frå Larvik

På måndag var me på kunst-vernissasje med Silje frå Larvik

No har eg pakka igjen. Me er på flyttefot til nok ein bustad. For dykk som har lese bloggen min jamt og trutt vil veta at med har fått oss ein mindre bustad. Me leiger av eit par frå Skien, eit hyggeleg tannleikar/sjukepleiarar som har dette huset i omlag 10 år. Huset er tidlegare eigd av  ein norsk skodespelar. Han er kjend for ein av de mest namngjetne  filmroller i norsk filmhistorie. Kan nokon gjette det? Skal skrive om han seinare når er syner fram huset for dykk. Eg fekk og ei spesiell e-post i dag som knyter meg og til norsk filmhistorie! Fylg med seinare!

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde med og opptak av Kitty Karina sin klasse på skulen. Dei hadde eit prosjekt i samband med FN-dagen og hadde mellom anna framføring av dette for SFO-elevar. Kitty Karina si gruppe hadde eit sers kreativt innslag!

I dag tyrsdag slengde inn eit par koffertar og ryggsekker med eigendelar. Trur eg blir ferdig til torsdag, då kan eg vaske ut huset. Eg reknar med å gjere dette aleine, ettersom Unni Elisabeth og Kitty Karina er på skulen…

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!