Tur til Puig Campana, til toppen….eller?

Puig Campana, dette fjellet vil me opp på!

Fjellet reiser seg storslått og utfordrande!

I 10 månader har eg hatt ynskje om å kome meg opp på Puig Campana (1408 meter over havet). Det var ein god moglegheit då Olav Petter kom hit i forrige veke. Me rusta oss godt til turen, det var varmt, omkring 30 grader då med reiste frå bilen.

Finestrat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Olav Petter og Skjalg før den store styrkjepøven... Toppen i bakgrunnen.

Me fylde instruksjonar frå eit turbok me kjøpte for ei stund sida. Det blei litt forvirrande, ettersom det som stod skrive var uklart og mangfullt. Etter å ha fylgd dei merka løypene, kom me opp til kring 950 meter.

Då hadde me gått i 2 timar og var halvvegs. I boka stod det at heile turen tok 4,5 timar, men då forstod me at det var noko som ikkje stemte. Turen rundt fjellet er på 14 kilometer. Det er mykje, når ein og skal stige 1000 meter. Varmen var intens. Me hadde med oss 4,5 liter vatn og det gjekk med – fort. Eg stogga fleire gonger for å taka bilete. OP og Unni gjekk vidare og då eg skulle sette opp tempo og ta dei igjen merka eg at eg ikkje er i så god form lenger …eller kan det vere varmen…hrmm…Jo – me seier det!  Det er kanskje ein orsak til at det ikkje er nokon som går til toppen på denne tida av året.

Hjartebank og pustevanskar i 30 graders varme tvinga meg til å setje ned tempoet.  Me kom oss opp til kring 950 meter då me innsåg at dette klara med ikkje denne dagen. Ein stor brønn vekte vår merksemd, ein steinsett konstruksjon som me undra oss svært over.  Kunne det vere ein del av eit eldre vatnings-system høgt her opp rett under det bratte fjellet. Vel – me sette kursen heimover og bruka nesten to timar på å kome oss attende til bilen. Det var framleis varmt, så me tok oss tid til å sjå den flotte floraen. Mange fine fotomotiv. Om me ikkje nådde toppen så hadde det like fullt vore ein fantastisk tur med mykje flott natur.

Mykje fint å sjå på nerturen...

Oliventreet – Livets tre – El árbol de olivo que da la vida

Skjalg omgjeve av oliventrer i Castilla vest av Madrid i september 1968. Foto: Steinar Omdal.

Det er nokre ting i livet som opplevast som ganske varige. Det er sjølvsagt naturen rundt oss. Det er fjella heime i Noreg, og det er trea våre. Dei blir ikkje så gamle som fjella, men det er noko varig, trygt og traust over dei. Oliventreet såg er fyrste gong i Spania i 1968. Det er ikkje lang tid sidan – for i eit oliventre. Dei vert ofte sers gamle.

Noko trygt og heimleg med eit gamalt oliventre. Ein plass å sverme? Foto: Kitty Karina Høthe Omdal.

Ja opptil to tusen år seiest det! Wikipedia, dette leksikonet på nett, hevdar at det er tre rundt Middelhavet som er så gamle. Eg fann eitt bilete av eit tre frå  Kreta, Chania, som dei hevdar er 4-5 tusen år! .. men i Kroatia på øya Istria skal det vere eit oliventre som er dokumentert 1600 år gamalt! Dette treet ber framleis over 30 kilo oliven kvart år!

Provinsen Jaen opp mot Sierra Nevada har den største olivenproduksjonen i Spania.

Det skal ifylgje Wikipedia, vere over 750 millionar oliventre i verden. 95% av desse står i landa kring Middelhavet. Oliventreet er omtala i gamle skrifter frå oldtida og er bruka i kosthald og helse så lenge menneskje har gått på denne jord. Eit spansk ordtak verdset oliventreet høgt: Det seier at eit oliventre gjer attende 20 gonger meir enn eit menneskje kan.

Oliventrea tek mot den livgjevande sola. Her blir det laga mykje sunnheit for oss!

Olivenbløming

Oliven er frukta som kjem frå treet. Denne vert nytta mykje her ved Middelhavet. Dei har ho i maten på mange vis. Då eg fyrste gong smaka på oliven i september 1968, var det ei beisk og vond smak. Eg vart fortald av far min at olivenfrukta måtte gjære nokre månader i saltlake for at den skulle kunne etast.  Eg lika det ikkje spesielt godt då heller, men slik er med så mykje me et – me endrar smak med åra. Oliven er jo veldig godt det…i mange smakar og variantar.  Det er skrive mykje om oliven og olivenolje. Om dei helsebringande verknadene. Det seiast jo at folk i middelhavslanda har eit betre og sunnare kosthald sidan dei nyttar så mykje oliven i maten. Oliven og kvitlauk. Det er ein kombinasjon for god helse og eit langt sunt liv…. Det trur eg på! Me har alltid nytta desse to ingrediensar i matlaginga i hemer vår. Trur eg har bruka dette heilt sidan er byrja lage dagleg varm middag til familien i 1987…

Dei tek godt vare på oliventrea! Oliventre for omplanting.

Oliven er trevirke,  frukt og olje. Som olje kan den og nyttast i mat og hudkremar og som helsebringande væske i medisin. Spania står for 36% av verdsproduksjonen av olivenolje. Dei turane me hadde vestover i vinter og vår (Granada, Sevilla og Cordoba) tok oss gjennom dei største olivenplantasjane i landet. Det var flott å sjå dei svære markene og bakkane som breidde seg ut i flotte grafiske bilete. Ei oppleving for (det fotografiske) auget. Spanjolane er også dei som konsumerer mest olivenolje. Eg nyttar olivenolje i maten mykje. Men eg har oppdaga at eg ikkje brukar meir her i Spania enn heime. Det forundrar meg, men det har vel me vane å gjere. Har alltid bruka olivenolje og oliven. Me et meir oliven heime, fordi me er vane me dei krydra variantane som finst i innvandrarbutikkane. Skal lage meir salat framover tenkjer eg. Det har vore for lite av den slags til no. Me har lagt på oss fleire kilo, så her må det handling til!

Sånn, der var olivensalaten ferdig til servering!

Andre familiemedlemmer på tur:  Odin… Han er på ei 60-dagars reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!
Hans nettlenkje ligg permanent på sia mi til høgre… «Odin si heimeside»

Vårløysinga i Granada! Primavera en Granada!

Så har med drege til Granada igjen.  Hovudstaden i provinsen med same namn. Byen ligg ved fjellrekkja Sierra Nevada med toppar opp mot 3500 meter. Det var mellom anna her i desse fjella, eg og far min sykla i 1968. Det eg hugsar mest frå denne byen var sjølvsagt det fine palasset/borgen Alhambra – Det raude borgen, som det heiter oversett frå arabisk. Det er blitt ein skikkeleg turistmaskin sidan 1968, det er sikkert og visst. 2 millionar vitjar Alhambra kvart år. Men eg ser dei treng store inntekter for å halde dette så flott som det me såg no.

Alhambra borgen eller slottet fotografert den 4. april då me var der sist.

Me vitja Alhambra i påsken, Semana Santa, den største religiøse hendinga i Spania. Då var det mykje folk der. Tusenvis i gatene med de spesielle figurane og prosesjonane med kristusfiguarar. Dette såg me i Sevilla, Cordoba og i Granada. Me hadde planar om å vitje Alhambra sist gong, men fant for seint ut at me måtte tinga billett på førehand. Denne gongen fekk me hotellet til å gjere det for oss.

Denne hagen hugsar eg godt frå vitjing i 1968. Har film av meg herfrå.

Alhambra er eit viktig monument frå historisk tid som viser kulturelle og religiøse retningar gjennom byggestil frå midten av trettenhundretalet og fram til syttenhundretalet. Mykje av interiøra er utsmykka med flotte utskjæringar i STEIN, omtrent som me ser for oss ein detaljert tapet med blomster eller ornament.

Fontene

Alhambra ei eit stort område med bygningar og parkar i forskjellig storleik.

Falke innramma i mauriske ornamenter.

Utskjeringane er imponerande handtverk. Me såg dei også i Sevilla og Cordoba, som og er byar merkte av den store påverknaden frå arabisk (maurisk) kultur. Det var flott å sjå, men ikkje så imponerande som me hadde førestilt oss. Det var vel så fint Sevilla og Cordoba.
Hagane derimot var utsøkte og spesielle. Eg trur eg ikkje har sett like nokon stad i verda. Og me kom på det rete tidspunktet og. På våren, då alle blomster og trer er metta i sine mest intense fargar. Det var ei syn å sjå og ikkje minst var lukta av alle blomane ei spesiell oppleving!

Snakk om edens hage. Her gnistra fargane rundt om oss og for ei deilig lukt!

,Kitty Karina var måteleg lite interessera. Ho meiner ho allereie har sett dette før (!). Falke fylgjer med, oppteke av historie etterkvart. Han har vært det sidan me var i Kina i 2004. Ekstra interessant for han var alle dei spesielle trea som var rundt omkring i dei mange hagane.

Dette romantiske motivet kunne jo brukast til ein veggpryd kanskje?

Falke han studera dei mange trea med sit profesjonelle aboriskblikk!

Falke såg på planter og tre med sitt profesjonelle aboristblikk!

Me såg jo byen og. Den var finare enn sist gong. Då budde me like ved ein motorveg og me såg mest store bustadblokker rundt oss. Denne gongen vitja me eit hotell nærare gamlebyen og Alhambra-slottet. Rundt oss var det berre fine hus gamle som nye, og flotte parkar!

Unni var med meg og handla to fine lamper maurerlamper.

Coscos er sjølvsagd mat når ein reiser til slike gamle mauriske plassar.

Unni og Sierra Nevada.

Hotellet

Hotellrommet.

Valmuer på vegen.

Turen attende til Albir var på 485 kilometer.

Blomtereng, våren er her.

Det gjekk raskt unna. Me fekk eit lite uhell undervegs, då vindusruta på venstre ikkje ville kome opp. Det var vindusheisen som hadde streika. Det vart tur heim med mykje vind i håret ! Vegen mellom Granada og Alicante byr på mykje fint og kontrastfylt landsskap. Og eg meiner dette må vere den finaste årstida åsjå denne delen av Spania! Uten tvil!

Og så eit lite farvel (eller på gjensyn) med dette bilete frå ein av dei mange fontenane i byen:

Hasta Pronto Granada.

Og ei lita oppmoding til sist! Kom med kommentarar (trykk på comments nedfor her) om det er noko dykk vil uttrykkje om bileta eller kva eg skriv om! De er visst berre familien vår som har skrive i det siste! Set veldig pris på å få nokre ord frå andre og, me lurer og korleis det går med dykk i Noreg – i Bergen, Stavanger og Oslo.

Gjennom oskjeskya kom dei.

Så kom Eimund og Åshild med fly frå Noreg. Og Falke, han kom i går kveld – 3 timer forseinka. Det er usikre tider for lufttransporten for tida! Åshild og Eimund hadde tinga billett til Alicante for mange månader sidan og var uroa om de i blei stogga av Eyjafjallajökull. Vel, det gjekk godt og dei kom her på laurdagen. Godt og varmt var det då dei kom og varmt var det då dei reiste i går.

Eimund og Åshild sette pris på varme dagar i syden! Her på tur til fyrtårnet i Albir.

Flotte, grusomme, sjarmerande og stygge Benidorm!

..og den rake motsetnaden, Polop, som berre er flott å vitje!

Før me kjørte dei til Alicante (for nokre dagar aleine) viste me dei rundt her i området. Albir, Altea, Benidorm og Guadalest hadde me blinka oss ut for dei 4 dagane dei var her hos oss. Eg trur dei lika dette veldig godt. Eimund sa faktisk fleire gonger at her ville han kome attende!

Det var jo fornøyeleg å sjå damene utfalde seg i marknaden i Benidorm, butikkar i Guadelest og Albir. Det er noko med dette handlesuget og damer. Eg trur Unni Elisabeth og Åshild fann kvarandre der.

Dette kjøpte Åshild

..og Unni denne!

Eg og Eimund fann kvarandre på den andre sida. Dykk må ikkje gløyme å lese det er skreiv om å handle, frå Cordoba for nokre veker sidan! Det kan fleire menn (og damer) kjenne seg igjen i! På sundagsmarknaden i Benidorm vart me gåande mellom hundrevis av boder og tusenvis av andre turistar i 25 graders varme. Unni og Åshild fann nokre små gåver til seg sjølve og andre og var svært så nøgde trur eg. Fint med litt glitter og stas…. Unni Elisabeth hadde og fått seg ein ny diamant her for ei veke sidan. Trykk på biletet og sjå på den flotte diamantringen (den ER ekte altså) … Så du kan sei her leve med i sus og dus med glitter og stas…

Eimund og Åshild i fangeholet i Guadelest.

Åshild og Eimund ved porten inn til Guadalest.

Her fann Åshild og Eimund mykje fint! Eimund han fekk seg ein hatt!

Ikkje berre shopping her nei. Me fekk prøva vinsmaking, eller var det sherry, eller port, eller likør?? På veg frå den spesielle fjell-landsbyen Guadalest stakk me innom ein plass der me fekk prøva all spesialitetar frå landbruksmarkene i område her. Ei oppleving det.

Guadelest, og på den andre sida låg eg og kvilte!

Det er kjekt med vitjing. Det er noko einsamt, spesielt for meg som ikkje ser så mange andre folk til kvardags. Veldig kjekt og snakka med dei gode venene våre frå Jåttå igjen. Me prøva verkeleg å sette dei i spania-stemning med å laga bacalao heime hos oss. Det er absolutt fyrste

Baccalao ala Hanna....

gong eg lagar denne spesielle middelhavsretten som har så sterk tilknyting til Norge. Eg var heldig og klarte å laga ein bacalao som eg hugsar frå mor mi sitt kjøken på sekstitalet. Bruka same oppskrifta, teken frå hovudet mitt. Eg trur faktisk han smaka likt. Og alle dei som spiste han syntes eg hadde vore heldig med debuten! Falke, som kom dagen etter, fekk og smaka. Han tykte det var ein god matrett han og. Som nemnt så var me rundt omkring mange plassar og synte gjestene våre plassen her. Eg trur nok dei kjem attende, kanskje til hausten og vitjar Unni Elisabeth når ho er aleine her fram til oktober?

Var det sherry?

..eller port?

No er dei på flott hotell i Alicante. Dei bur like ved havna eller porto som det heiter på spansk. Falke henta me då me køyrte dei til hotellet. Han hadde venta 2 timar ombord i flyet (Ryan Air) før det fekk lov å lette frå Haugesund. Han var ikkje nådig då han snakka om flyselskapet. I dei to lange timane fekk dei ikkje vått eller tørt. Og når han spurte om å kjøpe frukost, var dei utselde.  Falke han lar seg ikkje sette ut av slike bagatellar, han er jo i militæret og er van med meir enkle tilhøve slik sett.

Siesta på terrassen i Tita. Eimund har kjøpt seg siestahatt!

Det var frykteleg kjekt for Kitty Karina å møte bror sin att. Ho har snakka om dette i mange veker og hadde sett fram til denne dagen lenge og vel. Ettersom me hadde fylgd reiseplanane til Falke på nettet, så visste me om forseinkingane på førehand, så det blei ikkje så lenge å vente på flyplassen.

God å se deg Falke!

Gode syskjen!

Nå ventar 11 dagar med aktivitetar! Eg veit i alle fall at her kjem det ikkje til å stå stille nokon dag. Dei som kjenner Falke veit det inderleg vel! Så  no vert det nok ikkje nokre oppdateringar på sia mi før han er reist att. Han snakkar om dykking, offroadkjøring med motorsykkel, den som fylgjer med her får sjå!! Eg slenger meg nok i sjøen eg og med dykkardrakt skal du sjå!

Fin avslutning på ein lang dag. Litt dataspeling på Kitty Karina sitt rom.

Eg måtte berre ha med dette på slutten!

Noestros tres hograres – Våre tri heimar –

Framleis her i deg høge nord! Det merkast at det e her eg bur og»høyrer heime». To månader i Spania er ikkje lengre enn ein middels ferietur, men det er veldig kjekt å møte vener «overalt». Det tar nok lang tid å kome inn i Spaniamodus for meg, med det sosiale netverket (kjekt ord) som eg har her i Noreg. Å dra fram og tilbake to gonger på to månader gjer det ikkje lettare å føle at eg bur ein annan stad!

Godt å se at desse to har det godt heime!

Godt å se at desse to har det godt heime!

Her i blokka i Brevik har Reidar Larsen flytta inn med Frode Ytrearne, Dei driv studio Blue Team og eg helsa på dei her om dagen. Mens eg sat deg dukka og Finn Skoglund som eg arbeidde med på syttitalet! I Profilm AS (1975-1981). Det var ei nostalgisk kjensle å snakke om arbeid med hadde samen for over 30 år sidan! Finn fortalte den morosame episoden då me arbeida på eit prosjekt med Arild Edvardsen og fekk filmopptak tilbake frå laboratoriet der dei hadde forveksla navnet Profilm med Profetfilm! Den hadde eg gløymt! Dykk kjenner vel Arild Edvardsen og hans medieimperium, der han snakka om at det var dei høgare makter som hadde sagt til han at det var i film og fjernsyn han skulle satse, men eg meiner nå at det var me i Profilm som leia han inn i den verda! I 1976.

Reidar bak arbeidsplassen sin i Breivik

Reidar bak arbeidsplassen sin i Breivik

Dette savnar eg!

Dette savnar eg!

Heime i Schancheholen var det kaldt. 17. inne. Fyra opp og vips så hadde eg 24 grader! Skulle  leite i kjellar og loft etter nokre ting som Unni Elisabeth skulle ha. Eg er endeleg å leite, men fann noko. Falke kom heim og er vart overraska kor husleg han eigentleg er! Måtte take eit bilete av han og husdyret!

Ein annan kar frå langt tilbake er Magne. I landet han og nå, denne globetrotteren som vel har sett fleire land (og hav) enn dei fleste. Kjekkt å vera nokre korte timer med han på hjul i Stavanger, han har alltid nokre nytt og spanande å fortelja.

Magne Risa har reist mykje i livet sitt. Meir enn nokon anna eg kjenner

Magne Risa har reist mykje!

Vertskapet

Vertskapet får middag !

Ingen kommentar

Ingen kommentar

Som mellombels leigebuar må ein jo alltid stille opp med noko for Husverten! Eg laga middag med tanke om å presentera ein spans meny. Etter å ha saumfara kjøkken etter dei rette kryddera, måtte eg konstatera at det blei  meir norsk en spansk. Kjøttbolar med brunleg saus og sjampinjong, og  Tortilla de Potata – kjøpt med frå det lokale supermarknad i Albir.   Vertskapet godtkjente meny og utførelse med god margin. Kommentarane frå både Åsne og Siv var samstemte. Seinare var Siv og eg på konsert i Stavanger Viseklubb (det var eg og sist gong eg var heime). Her spela  List – to jenter med STOR stemme. Hadde visst laga musikk til Himmelblå.

Snøen kom v Evje

Snøen kom v Evje

Klokka o530 neste dag var det avgarde til den andre heimen vår i Telemark. 400km med bil om Evje. Det snare vegen over Suleskard vart stengd den 1.11 – like godt ettersom der var meld vind og snø dei neste dagane. Og snø vart det og. Mors sin bil, denne Kia frå 2000 er liten og nett, 1000cc motor og Automatgir. Lett å køyre. Hadde vinterdekk, så turen på såpeføre gjekk godt.

Framme i Kviteseid kl. 1030 møtte eg  folk frå Kviteseid Kunstforeningen som skal leige butikken for dei neste tri åra. Dei pussar opp på dugnad, saman med byggmester Ole Frøy Ness.

Hild og Ole har ansvar for at bus´tikken blir galleri

Hild og Ole har ansvar for at butikken vert galleri.

Nå har med fått både toalett og vedovn i galleriet!

Nå har med fått både toalett og vedovn i galleriet!

Han har gjort ein fin jobb på huset tidligare. Nå vert det opneing den 26. november. Om nokon er på dei trakter, så er dei hjarteleg velkomne!Og vil nokon leige utstillingsplass, så kom igjen!

Metter Junker Østensen

Mette Junker Østensen

Hilde og Bjørgulv i Kviteseid

Hilde og Bjørgulv

Hilde og katten Brumle (!)

Hilde og katten Brumle (!)

I bustaden vår over butikken held Mette Junker til. Ho er turnuskandidat frå Bærum og skal vere i huset til februar. Kjekk jente. Sko tru ho ikkje var frå Bærum! Eg får stor tru på legestanden etter å ha blive kjend med henne! Ho fortalde om ville tilhøve også i Kviteseid, det gjeld sjølvsagt svineinfluensaen. Stor smitte i bygdi! Eg fylgjer hennar råd og blir nok ikkje smitta!

I Kviteseid føler eg meg heime. Her har me hus, svigerfar og vener. Låg over hos Bjørgulv og Hilde. Dei baud på middag og frokost. Kjekkt å snakka med dei igjen. Vegen til Stavanger var såpeglatt og slitsam, men du verden så mange fine bilete eg fekk!

Ved Åmli

Ved Åmli

Vintervegen

Vintervegen

Tidleg snø

Tidleg snø

Dei raude og det kvite

Dei raude og det kvite

Hola! Noruega!

Utsikten frå Siv sin leighenheit, litt annsleis enn Spania...

Så var eg her igjen. Kjekt å vere framme etter lang flytur som ikkje var så lang likevel. Falke var på plass. Sat i bilen og blinka med lommelykta si då eg kom ut av terminalen. I  den raude Suzukien bilen fekk eg akkurat plass til kofferten ståande i bagasjerommet bak. Bilen som Falke kjøpte for 6000 for ein måned sidan,  gjekk som ei kule…Litt lydar her og der, Falke likte betre Peugeoten – den større og var sikrare. Han seier han berre ska ha den i eit år. Han er jo på veg inn i militæret frå januar.

Falke  sin bil. Ein 1993 modell suzuki Swift trur eg

Falke sin bil. Ein 1993 modell suzuki Swift trur eg

Heime i Schancheholen var det reint og ryddig. Eg spøkar med det aldri har vore reinare og ryddigare…. Kitty Karina sin katt, Simpli,  lå midt i stuegolvet i korga si! Litt skeptisk til meg, men ellers kosen. Tok eit bilete med mobilen og sendte til KK. Ho savner katta si… Kristoffer, den eine leigebuaren skulle køyrast til byen, men han ville bli heime likevel (Han og Falke er mykje heime saman med dei to andre fortel Falke) . Køyrde så til Siv og blei varmt moteken av Siv, Åsne og Rita. Rita var komen frå Bergen rett før på overraskesesvitjing til Åsne si bursdagsfeiring!

dfdfd

Rita og Åsne tok imot. Åsne med halloween sminke ennå inntakt!

Dag Bjørnsen kom innom ein tur. Han blei her ein stund. Koseleg. Eg viste Dag med til mor, Hanna, i 2. etasje. Har tenkt på det mange gonger før. Dag møtte og slekta hennar på Hovland i Bjerkreim kommune nokre gonger heilt i starten på sekstitalet.

Dag han fann den gamle familiehytta på bilete hos Hanna

Dag han fann den gamle familiehytta på bilete hos Hanna

Familie deira hadde hytte der oppe, eit steinkast frå bestefar min, Anton, sin gard. Mor er er 91 år, hugsar Bjørnsenfamilien ja, men kjende ikkje att Dag.
Han køyrde meg til Pedersgaten og eg drog til Astri. Hun tok varmt imot, som alltid. Ho har fått det sers triveleg i huset sitt i Risbakken.

Her føler du at du kjem til ein god heim

Her føler du at du kjem til ein god heim

dd

En god kopp kaffi (to var det vel), og ein god samtale!

ll

Astri forlet stua for Svalbard i eit par månader. Skal besøke sonen Mads som bur der.

Richard var og heime. Kjekt å sjå han igjen – hadde mange gode ord og råd frå sine turar til Altea for nokre år sidan.

Op på loftet i Skippergata

Op på loftet

Malarsvennar?

Malarsvennar?

Rett over gata holt Olav Petter og Anne Grete på med å male på loftet. OP har jobbe lenge med det loftsprosjektet, men så blir det veldig flott og, med Stavangers finaste sjøutsikt!!  Gikk over storhaug i kald kuling frå øst…. Huttetu – Tenkjer på Unni og Kitty Karina (og Odin og Helene) som har 26-28 grader nett no!

Det fine loftet som OP har laga nærmar seg fullføring.

Det fine loftet som OP har laga nærmar seg fullføring.

Selskap for Åsne sin 13 års-dag

Aasny, Stein, Kjartan, Vivild, Steinar, Merete og Hanna. Falke kom og. Og Anders med kona Mette. Rita, Siv og Åsne hadde stelt til eit fint selskap med goooood kyllingsuppe og heeerlege kaker!

selskap

Åsne var 13 år på 24. oktober. På sundag var me 13 samla for å feire!

Og her er nokre av stemingane!

Rita si kyllingsuppe må bare prøves! Det meiner eg.

Rita si kyllingsuppe må bare prøves! Det meiner eg.

Mmmm...mmm... og Fucasiabrød heimelaga!

Mmmm...mmm... og Fucasiabrød heimelaga!

Åasne og Marte hadde laga smågodt m marsipan og gele

Åsne og Marte hadde laga smågodt m marsipan og gele

To ferske (og freske!) tenåringar i familien!

To ferske (og freske!) tenåringar i familien!

kven er høgast no?

kven er høgast no?

Fin bil fra oss til Åshild og Eimund

Ein 1957modell Volkswagen....

Åshild Simonsen hadde bursdag her nyleg. Måtte j ta med ein liten presang til henne. Blei invitera til norsk mat hos dei på Jåttå. Det var kjekt å se dei igjen!

Norsk husmannskost er alltid godt!

Norsk husmannskost er alltid godt!

MAT – LA COMIDA

Ein typisk lunch når eg arbeider heime. Mykje gode og billege varer til god mat

Ein typisk lunch når eg arbeider heime. Mykje gode og billege varer til god mat

Det blir mykje mat her i Spania. Mykje forskjellig mat, frå alle verdas hjørne! Det er  ein sers internasjonal stad Altea/Albir. Her finst svært mange nasjonalitetar, men dei engelske, hollandske, tyske og norske dominerer saman med dei innfødde spanjolane.  Me har ikkje bil. Så med tek bussen til supermarknaden, Mercadona eller Comsum som ligg vel 15-20 min gange frå huset der me bur. Å dra på 6-8 bereposar med varer er ein stor prøvnad på tolmodet og fysikken. Me prøver å handle litt kvar dag, så slepp me dei store byrdene!

Her e me på meksikansk restaurant. Kitty Karina likar mykje forskjellig mat, men strir med ferske tomatar. Det må me få eil løysing på

Her e me på meksikansk restaurant. Kitty Karina likar mykje forskjellig mat, men strir med ferske tomatar. Det må me få ei løysing på!

Me har gått på restaurant i 3 veker snart!! Det er ikkje så veldig dyrt, omlag halve prisen av det dei tar på norske spisestadar. Det er jo litt dyrare nett no i sesongen, og det er dyrare her i denne delen av Valencia. Det bur jo så mange med pengar her…Me har merkt pengebruken og nå er det slutt på dei daglege restaurantbesøk!

Unni sin favoritt etter eit godt måltid mat

Unni sin favoritt etter eit godt måltid mat

Det er ikkje mykje mat eg har laga heime i bustaden. Førebels. Eg starta forsiktig med ein liten lunch til meg sjølv på måndag. På  tysdag laga eg  pannekaker til oss. Greitt. Igår avanserte eg til kjøttkaker med brun saus – skikkeleg norsk middag! Ein rett eg sjeldan gjer heime! I dag blir det kylling -eller pollo som det heiter her. Om det blir spansk, indisk, kinesisk eller norsk – det ser er fyrst når eg er ferdig!