Oliventreet – Livets tre – El árbol de olivo que da la vida

Skjalg omgjeve av oliventrer i Castilla vest av Madrid i september 1968. Foto: Steinar Omdal.

Det er nokre ting i livet som opplevast som ganske varige. Det er sjølvsagt naturen rundt oss. Det er fjella heime i Noreg, og det er trea våre. Dei blir ikkje så gamle som fjella, men det er noko varig, trygt og traust over dei. Oliventreet såg er fyrste gong i Spania i 1968. Det er ikkje lang tid sidan – for i eit oliventre. Dei vert ofte sers gamle.

Noko trygt og heimleg med eit gamalt oliventre. Ein plass å sverme? Foto: Kitty Karina Høthe Omdal.

Ja opptil to tusen år seiest det! Wikipedia, dette leksikonet på nett, hevdar at det er tre rundt Middelhavet som er så gamle. Eg fann eitt bilete av eit tre frå  Kreta, Chania, som dei hevdar er 4-5 tusen år! .. men i Kroatia på øya Istria skal det vere eit oliventre som er dokumentert 1600 år gamalt! Dette treet ber framleis over 30 kilo oliven kvart år!

Provinsen Jaen opp mot Sierra Nevada har den største olivenproduksjonen i Spania.

Det skal ifylgje Wikipedia, vere over 750 millionar oliventre i verden. 95% av desse står i landa kring Middelhavet. Oliventreet er omtala i gamle skrifter frå oldtida og er bruka i kosthald og helse så lenge menneskje har gått på denne jord. Eit spansk ordtak verdset oliventreet høgt: Det seier at eit oliventre gjer attende 20 gonger meir enn eit menneskje kan.

Oliventrea tek mot den livgjevande sola. Her blir det laga mykje sunnheit for oss!

Olivenbløming

Oliven er frukta som kjem frå treet. Denne vert nytta mykje her ved Middelhavet. Dei har ho i maten på mange vis. Då eg fyrste gong smaka på oliven i september 1968, var det ei beisk og vond smak. Eg vart fortald av far min at olivenfrukta måtte gjære nokre månader i saltlake for at den skulle kunne etast.  Eg lika det ikkje spesielt godt då heller, men slik er med så mykje me et – me endrar smak med åra. Oliven er jo veldig godt det…i mange smakar og variantar.  Det er skrive mykje om oliven og olivenolje. Om dei helsebringande verknadene. Det seiast jo at folk i middelhavslanda har eit betre og sunnare kosthald sidan dei nyttar så mykje oliven i maten. Oliven og kvitlauk. Det er ein kombinasjon for god helse og eit langt sunt liv…. Det trur eg på! Me har alltid nytta desse to ingrediensar i matlaginga i hemer vår. Trur eg har bruka dette heilt sidan er byrja lage dagleg varm middag til familien i 1987…

Dei tek godt vare på oliventrea! Oliventre for omplanting.

Oliven er trevirke,  frukt og olje. Som olje kan den og nyttast i mat og hudkremar og som helsebringande væske i medisin. Spania står for 36% av verdsproduksjonen av olivenolje. Dei turane me hadde vestover i vinter og vår (Granada, Sevilla og Cordoba) tok oss gjennom dei største olivenplantasjane i landet. Det var flott å sjå dei svære markene og bakkane som breidde seg ut i flotte grafiske bilete. Ei oppleving for (det fotografiske) auget. Spanjolane er også dei som konsumerer mest olivenolje. Eg nyttar olivenolje i maten mykje. Men eg har oppdaga at eg ikkje brukar meir her i Spania enn heime. Det forundrar meg, men det har vel me vane å gjere. Har alltid bruka olivenolje og oliven. Me et meir oliven heime, fordi me er vane me dei krydra variantane som finst i innvandrarbutikkane. Skal lage meir salat framover tenkjer eg. Det har vore for lite av den slags til no. Me har lagt på oss fleire kilo, så her må det handling til!

Sånn, der var olivensalaten ferdig til servering!

Andre familiemedlemmer på tur:  Odin… Han er på ei 60-dagars reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!
Hans nettlenkje ligg permanent på sia mi til høgre… «Odin si heimeside»