300 dagar i Spania – Tankar om eit år i utlandet.

Eg har bruka ein del timar til å tenkje. Det er vel ikkje så overraskande, tenkjer du…Det eg meiner er eg tenkjer på livet, kjærleiken og døden…. Eller noko sånt. Er det ikkje det det heile går ut på? Vel, eg sit på ein stein og ser utover landskapet der eg har budd samen med Unni Elisabeth og Kitty Karina dei siste 10 månadene. Her har eg budd og levt, gjort alle dei tinga som ein gjer andre plasser tenkjer eg. Det er tri ting som har gjort opphaldet litt stutt og litt mindre utfordrande. For det fyrste visste me at det blir kun eitt år, kanskje to. For det andre så har ikkje vore skikkeleg her, eg meiner i skikkelege Spania, slik eg har skrive om før. <for det tredje så har dei fire heimreisene til Noreg understreka «feriefølelsen». Det har og vore stunder der tida har vore vanskeleg og der dagleglivet har sett meg på nye prøver og gitt meg mange utfordrande tankar.

Skjalg les om framtida si. Det ser ikkje lyst ut for "dei gamle" som må slita meir!

Eg las nett ei interessant artikkel i Dag og Tid som tok for seg pensjonane vår. Det vil jo gjelde meg og. Eg er 56 år og skal om ikkje så altfor lenge vera pensjonist. Pensjonist, det er noko tungt og gamalt med det ordet. Eg har alltid sett på pensjonistar som gamle folk…. Og der er vel rett?? Eller? Det er mange pensjonistar her på Costa Blanca, ja det fins visst fleire tusen fastbuande nordmenn langs den spanske solkysten. Berre i Alfaz del Pi bur det 5000 nordmenn, svært mange av dei er pensjonistar. Artikkelen i Dag og Tid fortel om ei sannheit som svært få på min eigen alder tenkjer over – at dei vert minstepensjonistar sjølv om dei har hatt ei løn på over 400 tusen kroner (2009-kroner). Lurt av myndigheitene med andre ord… For meg betyr det mindre har eg funne ut. Eg har aldri tent så mykje pengar…

Året i Spania har vore eitt år med mange tankespinn og mykje skriveverksemd på nettet. Eg håper det er mange som lese dei orda eg har skrive til dykk frå Spania. Det har vore kjekt det, å skrive. Har alltid hatt ynskje om å gjere meir av det. Der må eg sei eg har fått gjort det eg hadde planar om dei siste 10 månadene. Ein del av dette er arbeidet med film, som trass alt er mitt yrke gjennom snart 40 år (!)

Huset me leiger med den store blomsterbusken. Unni blir til slutten av oktober.

Me kom til Spania den 23. august i fjor, Unni Elisabeth og Kitty Karina og eg.  Kitty Karina ja, ho har nok hatt det mest innhaldsrike året. Då ho kom hit i august, var det eit tøff tid med frykteleg vond heimlengt. Det var vanskeleg å ta farvel med Falke, og venene i Stavanger. Kitty Karina gret sine modige tårer meir enn ein gong då.

Me kosa oss mykje i vatnet!

Det letta svært mykje etter eit par veker på den nye skulen. Der fekk ho mange nye vener, som ho har hatt fine stunder med i det siste året. Eg jobba i starten med planar om ein dokumentarfilm om hennar liv i Spania. Det vart nokre tette og tøffe opptak med henne, noko ho ikkje var heilt førebudd på. Me snakke mykje om dette før me reiste, dette var noko ho ille. Ho har trass alt 6 filmroller bak seg frå før, men dette var annleis. Det vart frykteleg nært og veldig personleg. Det vart feil for henne. Ho spurte om eg ikkje kunne stoppa og eg måtte jo høyre på henne! Eit vanskeleg val, men det var hennar liv eg ville vise og då så….

Kitty Karina har fått gjere mange kjekke ting i Spania!

Det har endra planane mine ein tanke, slik at eg no skriv på fiksjon, dvs eit filmmanus om ei jente (ikkje Kitty Karina) og hennar liv i Noreg og Spania. Denne historia har fått arbeidstittelen «Ville Venn» og handlar om ei jente som er på jakt etter sin ukjente far i Spania. Det har vore eit spanande prosjekt dette, som eg held fram med heime i Noreg. Eg har og skrive eit manus for Psykiatrisk Opplysning. Elena heiter den historia og skal moglegvis bli film til neste sumar. Før den tid må eg hjelpe PO med å skaffe 500tusen kroner.

Anna har hjelpt oss med spansken dei siste 7 vekene...

For å konkludera året, så må eg sei det har vore positivt. Det har styrkja Kitty Karina trur eg. Unni Elisabeth og eg har fått ei oppleving me ikkje har prøvd før. Me er mange erfaringar rikare som me nok får bruka i åra som kjem. Det me ikkje er nøgd med er at spansken vår ikkje har blitt stort betre enn då me reiste for eitt år sidan…. I ein siste freistnad for å rette opp dette hyra me ein privatlærar ein time i veka. Om det hjelpte – kanskje litt…

Takk til alle dei som har fylgd med i nokre av dei orda eg har skrive, og ikkje minst dei få som har lese alle dei 97 postane eg har laga gjennom desse  49 vekene sidan det fyrste innlegget den 28. august 2009! Takk for merksemda! No kjem andre tider og andre opplevingar og andre bloggar! Skjalg 🙂

PS…… Unni Elisabeth reiser attende til huset i Tita den 23. august. Ho er tilsett som konstituert rektor på skulen der ho har jobba det siste året. Kitty Karina og Skjalg blir i Schancheholen, og me ventar henne attende i byrjinga av november 2010.

Nordspania – Zaragossa

Me kom oss avgarde den 4. juli og køyrde mot nord. Zaragossa var vårt mål den fyrste dagen. Eg hadde fått napp hos eit par som budde nokre kilometer utanfor byen, der planla vi å overnatte. Turen dit gjekk over store stepper med lite interessant å sjå. Det var dyrka mykje korn her, høg oppe i Aragonprovinsen. Vel framme i byen-fant me etter ei stund byen Patriz der me traff Jorge og Rakel.

Rakel hadde laga god mat då me kom om kvelden.

Me hadde fått kontakt med dei via Couchsurfing . Det vart to hyggelege dagar med eit venleg og par som me hadde god dialog med. Jorge og Rakel hadde kjøpt eit gamalt bondehus i landsbyen, 8 kilometer frå Zaragossa. Huset var særs medtatt då dei tok over for sju år sidan. Det store taket var nettopp skifta sa Jorge. Ellers så hadde dei pussa opp stoga, bad, kjøkken og soverommet i andre etasje. Me budde på toppen. Dei hadde nok mange år føre seg med arbeid i dette huset. Som heime i Noreg, så gjeld regelen om tilbod og etterspurnad like fullt her. I Patriz kunne dei kjøpe hus for ein langt lågare pris enn i Zaragossa. Me budde på loftet, i eit av to digre rom med 4 meter opp til mønet! Dei hadde som nemnt kun pussa opp delar av huset, her oppe var det råbygg, men veldig tøfft og stiligt slik det stod. Eg blei sers imponera av det flotte lyset som kom inn på morgonen. Reine fotostudio!

Me budde på toppen, under det nye taket. Flott lys.

Me blei i Zaragossa i 2 dager altså. Dagen etter me kom køyrde Jorge til sentrum av byen, der me hoppa av og vitja Aljaferia. Ei framifrå bygning som hadde mykje mujaher-arkitektur og eit fint museum med mange spanande gjenstandar frå ulike epokar i byen sin historie.

Francesco Goya

Francesco Goya mala denne i 1782.

Tydeleg påverking

Her kom bomba inn

Jorge skulle levera den gamle skodaen (hadde kjøyrt 300t km sidan han kjøpte den ny!) på Eu-kontroll – (jo dei har det der og..) men var attende litt seinare for å leia oss rundt i byen. Zaragossa har vore religiøst sentrum for den katolske kyrkja på 8-hundretalet og sentrum var prega av fleire monumentale bygningar med både kristne og muslimske trekk. Eg blei spesielt fascinera av interiøret i …. katedralen, der sjølvaste F Goya hadde måla ei av kuplane. Ein annan stad var det eit hol i taket, i sjølve målar-dekorasjonen. Dette holet hadde vore der sidan ein aprildag i 1936 då katedralen blei råka av ei flybombe som gjekk rett gjennom utan å eksplodere. Dette tok dei geistlege sjølvsagt som eit teikn frå ovan…..

Om ein sto til venstre i denne bogen og kviskra inn i muren kunne ein høyre lyden til høgre..

Her kom lyden

Det var fleire fine stadar i Zaragossa. Me vitja og Aljaferia eitt byggverk med både maurisk og kristen  påverknad i arkitektur. Bygningen husar i dag og det lokale parlamentet for delstaten Aragon. Det var møte der då me vitja bygningen med mykje politi og sikkerheitvakter. Eg fann eit rom med nokre vindauge med flott fotolys. Kunne ikkje gå av vegen for eit slikt høve. Me tok oss ein lang fotobolk eg og Unni Elisabeth.

Me vandra rundt i det gamle sommerpalasset og vitja museum og utstillingar.

Aljaferia ein bygning med røter frå den tidlege maurarepoken, 400 ekr.

Jorge, kunnskapsrik guide for oss i Zaragosa. Ein god ven me gjerne vil invitera til Noreg.

Det eldste delen av bygget er fra maurerperioden, bygget er frå 4 hundreår. Bygningen har dekorasjonar og illustrasjonar henta i frå islamsk kulturtradisjon. Her er det kulturelle band til mudejar-arkitektur frå muslimske palass i ørkenen.

Det romerske amfiet i Zaragossa vart oppdaga så seint som 1975!

Me vitja og det romerske amfiet. Det vart oppdaga så seint som i 1975, då ein bank skulle rydja seg plass til eit nytt forretningsbygg. Plassen der teateret vart bygd i år 34 har endra seg mange gonger dei siste 1000 åra. Utruleg interessant å fylje denne historia til ein bitte liten del av ein gamal by.

Det romerske teateret i Zaragossa blei oppdaga under det gamle jødekvartalet.

Museet hadde laga ei utstilling der me fekk innblikk i livet i kulissene i eit teater anno år 50 e.kr. Det har eg aldri sett før så det var interessant å sjå korleis ein bruka mekaniske innretningar for t.d. å heise opp dekorasjonar og scenetepper.

Jorge og Rakel viste meg ein plass eg kunne få god vin med meg heim.

Litt prøvesmaking av vin utanfor butikken....

Seinare på kvelden fekk eg kjøpt meg eit par flasker raudvin frå distriktet i ein lokal bar/butikk etter å fyrst å ha smake litt på kva som var det beste for min gane….Litt må ein jo taka med seg av dei lokale spesialitetane. Ellers ble opphaldet avslutta med ein fin middag som me spanderte på det kjekke vertskapet. Etter to dagar måtte me nordover. Heime venta Kitty Karina og huset vårt i Port Arthur, Kviteseid! Det blei ein lang og varm tur gjennom Frankrike, Sveits, Tyskland, Danmark og Sverige. Men meir om den turen seinare.

Sjokoladepiken i Vila Joyjosa

Me vitja den spanske sjokoladefabrikanten Valor i Vila Joyosa, like sør for Benidorm. Vila Joyosa er jo ein gamal kystby med flotte fargerike hus. Den har me vitja fleire gonger med vener.

Eit flott, men kanskje noko tendensidøs (?) bilete av ei sjokoladepike.

Artikkelen om Dag Bjørnsen sette oss i stemning

Me hadde omvising av ei dame i eit museum for fabrikken. Den hadde nett 125-års jubileum og hadde ein flott ny fabrikkbygning like ved museet. Det var diverre seint på dagen, så produksjonen hadde stoppa. Det var noko spesielt å kome inn på område til fabrikken og kjenne det søte lukta av kakao.

Her fant me gamle sjokoladeformer dei har bruke i produksjonen.

Det var ikkje til å unngå, men me måtte jo tenke på Sjokoladepiken i Stavanger då me gjekk rund og kikka på dei forskjellige maskinane og all den sjokoladen dei har laga i museet. Sally, som var med oss på omvisinga, hadde med seg ein artikkel frå Stavanger Aftenblad der Dag Bjørnsen vart intervjua. Ei utmerkt reportasje som rørde meg og Unni! Familien vår er jo stamgjester hos dei og eg har vitja Sjokoladepiken kvar gong eg har vore heime i Stavanger det siste året. På sjokoladefabrikken Valor fekk me spise så mykje sjokolade me bare ville, men det var det ingen som våga å gjere! Me har magemål, næringsvit og moralske standardar me kan handheva. Eg må jo understreka til sist at det var ingenting som me smaka som kunne måle seg med noko som helst me har smaka heime i Stavanger hos Dag Bjørnsen og dotter Elise – og Eivind. Deira sjokolade er laga for hand, med pasjon og personlegheit.

Dette må jo kaldast ein skikkeleg sjokoladebil!

Siste veke i Spania – Avskjed med Tita

Huset me leiger med den store flotte blomsterbusken 26. juni 2010

Sally er kunstner og fann mange flotte motiv i Communidad Valencia.

Sally mala huset her i Albir. Rikig flott blei akvarellen

Flott strand i Vila Joyjosa. Unni, Sally og Kitty Karina badar i Middelhavet.

Når dykk les dette er me på veg i bilen til Noreg. Me har pakka og rydda, støvsuga og vaska. Dei siste dagane har berre sust avgarde i travle førebuingar til heimreisa. Har hatt kort vitjing av Sally. Ho er ein god ven frå Sandnes, biletkunstnar som nytta høve til å få nokre solfylte dagar med rekreasjon og maling. Ho har og vore så grei at ho har vaska huset saman med oss! Takk Sally! Same dagen som ho drog til andre vener i Alicante, tok me avskjed med Kitty Karina. Ein vemodig augneblink, det er fyrste gong ho reiser med fly aleine i utlandet. Trur ho var trist og lei seg, mest for at ho ville blitt her eitt år til. Kitty Karina har hatt eit flott år og knytta gode kontaktar med jenter og gutar på den norske skulen i Albir og i Alfaz del Pi.

Alltid ei utfordring å sjå om me får plass til ALT i bilen..

Den siste dagen var det ei stor oppgåve å få alt inn i bilen. Det er like overraskande kvar gong kor mykje som det går an å trykkje inn i Peugeoten! Då eg kikka på haugen inne i garasjen sa eg til Unni at me nok må setje halvparten att, men den gong ei…Alt fekk plass!!!!

Jentene tek avskjed på Plaja del Albir.

Før turen heim til Noreg har me skaffa oss nokre kontaktar (mellom anna CS-vener) på veg gjennom Spania, Frankrike og Belgia, så den saka er grei…

Så er Kitty Karina sitt år i Spania over for denne gong.

Sjølv om me no er på veg heim til Noreg, så kjem det nokre innlegg til her på bloggen min. Eg har ennå stoff nok til å laga skildringar frå opplevingar i dei siste vekene. Fylg med! Og så må dykk og kikke innom på Odin sin reiseblogg frå USA.

Font del Algar – ei turistfelle i naturen.

Det har blitt mange turar de siste vekene. Me reiste til Font del Algar.Dette er ei typisk turistfelle, men det var jo kjekt å få seg ein kald dukkert i elva. Eit slikt anlegg me såg her ville ikkje ha vore bygd i Noreg.

Font de Algar er blitt ei tursistfelle - her var mykje av naturen øydelagt.

Ein kan sei at her hadde dei øydelagt naturen for å gjere den tilgjengeleg for folk flest. Eg trur nok turen til Preikestolen i Noreg hadde blitt sers annleis som naturoppleving om de hadde gjort som her!

Font del Algar. Magnet for den badeglade.

Det var fint ver og varmt denne dagen. Så varm at eg måtte ta meg nokre symjeturar i den kalde vatnet. Det var litt utfordrande å symje inn til fossen. Noko overraskande å kjenne kraften i vatnet som trefte megdå eg kom under fossen!

Fossekallen - eller kanskje det er draugen?

Unni er ikkje den fyrste som hopp uti når vatnet er kaldt, men denne gongen slo ho til….Kitty Karina og Olav Petter haldt seg til forsiktig vassing i elva… (pinglete – spør du meg).

Unni Elisabeth overaska med å kaste seg uti 18 grader kaldt vatn!

 vassa i det krystallklare vatnet...

Olav Petter og Kitty Karina vassa i det krystallklare vatnet...

Tur til Puig Campana, til toppen….eller?

Puig Campana, dette fjellet vil me opp på!

Fjellet reiser seg storslått og utfordrande!

I 10 månader har eg hatt ynskje om å kome meg opp på Puig Campana (1408 meter over havet). Det var ein god moglegheit då Olav Petter kom hit i forrige veke. Me rusta oss godt til turen, det var varmt, omkring 30 grader då med reiste frå bilen.

Finestrat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Olav Petter og Skjalg før den store styrkjepøven... Toppen i bakgrunnen.

Me fylde instruksjonar frå eit turbok me kjøpte for ei stund sida. Det blei litt forvirrande, ettersom det som stod skrive var uklart og mangfullt. Etter å ha fylgd dei merka løypene, kom me opp til kring 950 meter.

Då hadde me gått i 2 timar og var halvvegs. I boka stod det at heile turen tok 4,5 timar, men då forstod me at det var noko som ikkje stemte. Turen rundt fjellet er på 14 kilometer. Det er mykje, når ein og skal stige 1000 meter. Varmen var intens. Me hadde med oss 4,5 liter vatn og det gjekk med – fort. Eg stogga fleire gonger for å taka bilete. OP og Unni gjekk vidare og då eg skulle sette opp tempo og ta dei igjen merka eg at eg ikkje er i så god form lenger …eller kan det vere varmen…hrmm…Jo – me seier det!  Det er kanskje ein orsak til at det ikkje er nokon som går til toppen på denne tida av året.

Hjartebank og pustevanskar i 30 graders varme tvinga meg til å setje ned tempoet.  Me kom oss opp til kring 950 meter då me innsåg at dette klara med ikkje denne dagen. Ein stor brønn vekte vår merksemd, ein steinsett konstruksjon som me undra oss svært over.  Kunne det vere ein del av eit eldre vatnings-system høgt her opp rett under det bratte fjellet. Vel – me sette kursen heimover og bruka nesten to timar på å kome oss attende til bilen. Det var framleis varmt, så me tok oss tid til å sjå den flotte floraen. Mange fine fotomotiv. Om me ikkje nådde toppen så hadde det like fullt vore ein fantastisk tur med mykje flott natur.

Mykje fint å sjå på nerturen...