Vitjing og FotballVM-Visitas y el fútbol!

No har me berre ei veke igjen her i Albir før me set nasen heimover. Kitty Karina dreg med fly, Unni Elisabeth og Skjalg køyrer flyttelasset til Stavanger den 4. juli.

Og så har me fått besøk igjen, som eg skreiv i forrige veke. Olav Petter har hatt varme og avslappande dagar saman med oss der me har farta rundt på fotballbarar (!) Dykk forstår han Olav Petter fortalde oss at det var noko som heitte VM i fotball i Sør-Afrika. Det visste me ikkje noko serleg om, men han klara å få oss med på eitt par kampar med Spania som deltakar. Då hadde installera oss i ein Spansk ølstoge og det vart det så mykje liv (og støy) at eg måtte gå ut på gata.

Spanjolene er veldig glade for tida!

Dei vaksne viser stor entusiasme for Spania sin innsats i fotball-VM....

...og dei små er med på leiken!

Kitty Karina har skaffe seg drakt og flagg for ho meiner at Spania vinn VM. Ho skal sjå finalen (med Spania) i Stavanger den 11. juli og har utstyra seg vel for dette. Ellers så har me reist omkring med gjesten vår, som hadde preferansar for både Harley Davidson og fleire turar i omgivnaden. Eg skal skrive meir om ein av desse turane som vart litt annleis enn det me hadde venta…

OPPDATERA tysdag kveld:  I kveld sat eg aleine heime og såg på Spania-Portugal! Unni Elisabeth og Sally (ny vitjing) var på Benidorm Palace og såg på danse-sangshow. Rett nok vaska eg skap og hyller i leilegheita samstundes…men det må vel vere ein sensasjon…eller kva meiner du Jan Morten?

Parkering i Spania – Estacionamiento

Skjalg lukeparkerer. Trongt her ...Eller kva synes du?

Eg har øva meg på lukeparkering. Fleire gonger. Her i Spania er det vill vest i parkering. Her set ein bilen frå seg overalt. Spesiellt populært er fotgjengerfelt og fortau. Men aller mest parkerar ein i rundkjøyringar! Det er så vanleg at eg trur mest det er lovleg?

Rundkjøring er fine store og gode og parkere i!

Lukeparkering er ein kunst. Det er mange som er flinke til å få bilen inn på små plassar. Odin fant ut då han var i Valencia, at spanjolane sette bilen i fri og hadde handbremsen av – då dei parkera i byen. Det var berre å skuve bilen foran og bak – så vips hade du plass til bilen! Det var jo ikkje mogeleg å gjere i ein bakke då!

Hjørne på vegen er ein favoritt!

Dobbeltparkering for den late...

Denne karen var heldig, fekk ei åtvaring frå politioffiseren! Han flytta bilen...

...men han køyrde berre rundt hjørnet og parkera på handicap-plassen!!!

Overalt står det bilar i vegen med katastrofelyset blinkande. Eg venta i går i eit av dei travlaste kryssa PÅ fotgjengarfeltet og venta på at bilen framfor skulle køyre…. Det gjorde han ikkje – så etter 10 sekund tuta alle bak meg. Han hadde ikkje slått på blinklysa så eg visste jo ikkje at han hadde parkera der!

Parkering for den avanserte!

Skjalg med 4 nye kamera på ein dag! Un dia – Quatro nuvo cameras!

For to veker sidan blei eg fråstole mitt D-80 Nikon kamera. Det skjedd på ein kafe her i Albir, medan eg sat saman med Unni og 4 vener. Ein pirat-DVD-seljar stakk av med kamera, nok ein tjuvbande på oppdrag i området. Det har gjort at eg ikkje har teke noko gode bilete dei siste 14 dagane, men måtte nøye meg med Unni Elisabeth sitt Panasonic kamera.

Ein nøgd Skjalg med ikkje mindre enn to nye kamera! Eit røvarkjøp! Fann eitt til etter frukosten!

Eg har forsikring på utstyret mitt, men har ikkje fått svar frå Vesta om dei dekkjer tapet. Idag var Unni og eg ein tur på loppemarknad i Benidorm. Der var eg så heldig å få med TRI nye kamera. Desse var rett nok ikkje av siste modell, som dykk kan se av bileta, men dei er jo brukbare! Må

Zeiss Ikon

Kodak Brownie

polaroid

berre skaffa film! Dei eine er eit Zeiss Ikon Nettar, eit belgkamera frå 1937. Eit klenodium spør du meg! Eg hugsar far min Steinar hadde eitt likande kamera, ein Voigtlander frå omtrent same tida. Ei kamera som kunne ta 120-rullfilm for dei som hugsar det! Eg har saktens framkalla nokre av desse fimane i åras løp!  Det andre kamera er eit Kodak Brownie Flash B fra 1958.  Dette tek og rullfilm, i 120 format. Brownie er eit svært enkelt kamera, det var den tidas Instamatic, som alle hadde. Men dette eg kjøpte var totalt ubruka. Eit funn! Kjekt dette og ikkje nok med det så kom eg over eitt Polaroidkamera, Polaroid Vision. Som kjent har dei slutta å laga film til desse kamera, men det er visst noko nytt på gang i Nederland. Nokre entusiastar har kjøpt fabrikk og maskinar og vil produsere frå 2011. Eg har nokre gamle fotoapparat og filmkamera heime, så no må eg skaffe meg ein plass eg kan vise fram samlinga mi!! Historia om mine tri fotoapparat stoggar ikkje her! Nei, nei. Klokka 14 møtte me Olav Petter på cafe i Albir! Han hadde med seg eit flunka nytt Nkon D90 frå Stavanger.

Unni Elisabeth vart veldig overraska kven ho møtte på kafeen!

Olav Petter tok på jeg jobben med å skaffe meg eitt nytt Nikon D90 kamera frå Noreg.

Han hadde kjøpt dette på fredag i Stavanger for å erstatta det tapte kamera mitt! Kjekt med gode vener som stiller opp når ein har treng det! Då Olav Petter sat der på kafeen i Albir, visste Unni Elisabeth ingenting om dette besøket. Eg har visst dette sidan 6 juni og kunne sjølvsagt be han om ei slik teneste… Olav Petter har jo prøvd å kome seg her til Spania før men blei stogga av oskja frå Eyjafjallajökull. No hadde det mest gått i vasken for andre gong! Streiken i Noreg førde det mykje problemer for hans tur til Spania, men no er han her – og blir ei veke – før Sally Lywood kjem den 26. juni. No skal me ut å eta og gå på opera i Villa Joyosa.

Ein glad fotograf med nytt kamera!

Odin og Helene er på reise i USA, Sjå innom sida hans frå USA…om hans fobi for politi!

Oliventreet – Livets tre – El árbol de olivo que da la vida

Skjalg omgjeve av oliventrer i Castilla vest av Madrid i september 1968. Foto: Steinar Omdal.

Det er nokre ting i livet som opplevast som ganske varige. Det er sjølvsagt naturen rundt oss. Det er fjella heime i Noreg, og det er trea våre. Dei blir ikkje så gamle som fjella, men det er noko varig, trygt og traust over dei. Oliventreet såg er fyrste gong i Spania i 1968. Det er ikkje lang tid sidan – for i eit oliventre. Dei vert ofte sers gamle.

Noko trygt og heimleg med eit gamalt oliventre. Ein plass å sverme? Foto: Kitty Karina Høthe Omdal.

Ja opptil to tusen år seiest det! Wikipedia, dette leksikonet på nett, hevdar at det er tre rundt Middelhavet som er så gamle. Eg fann eitt bilete av eit tre frå  Kreta, Chania, som dei hevdar er 4-5 tusen år! .. men i Kroatia på øya Istria skal det vere eit oliventre som er dokumentert 1600 år gamalt! Dette treet ber framleis over 30 kilo oliven kvart år!

Provinsen Jaen opp mot Sierra Nevada har den største olivenproduksjonen i Spania.

Det skal ifylgje Wikipedia, vere over 750 millionar oliventre i verden. 95% av desse står i landa kring Middelhavet. Oliventreet er omtala i gamle skrifter frå oldtida og er bruka i kosthald og helse så lenge menneskje har gått på denne jord. Eit spansk ordtak verdset oliventreet høgt: Det seier at eit oliventre gjer attende 20 gonger meir enn eit menneskje kan.

Oliventrea tek mot den livgjevande sola. Her blir det laga mykje sunnheit for oss!

Olivenbløming

Oliven er frukta som kjem frå treet. Denne vert nytta mykje her ved Middelhavet. Dei har ho i maten på mange vis. Då eg fyrste gong smaka på oliven i september 1968, var det ei beisk og vond smak. Eg vart fortald av far min at olivenfrukta måtte gjære nokre månader i saltlake for at den skulle kunne etast.  Eg lika det ikkje spesielt godt då heller, men slik er med så mykje me et – me endrar smak med åra. Oliven er jo veldig godt det…i mange smakar og variantar.  Det er skrive mykje om oliven og olivenolje. Om dei helsebringande verknadene. Det seiast jo at folk i middelhavslanda har eit betre og sunnare kosthald sidan dei nyttar så mykje oliven i maten. Oliven og kvitlauk. Det er ein kombinasjon for god helse og eit langt sunt liv…. Det trur eg på! Me har alltid nytta desse to ingrediensar i matlaginga i hemer vår. Trur eg har bruka dette heilt sidan er byrja lage dagleg varm middag til familien i 1987…

Dei tek godt vare på oliventrea! Oliventre for omplanting.

Oliven er trevirke,  frukt og olje. Som olje kan den og nyttast i mat og hudkremar og som helsebringande væske i medisin. Spania står for 36% av verdsproduksjonen av olivenolje. Dei turane me hadde vestover i vinter og vår (Granada, Sevilla og Cordoba) tok oss gjennom dei største olivenplantasjane i landet. Det var flott å sjå dei svære markene og bakkane som breidde seg ut i flotte grafiske bilete. Ei oppleving for (det fotografiske) auget. Spanjolane er også dei som konsumerer mest olivenolje. Eg nyttar olivenolje i maten mykje. Men eg har oppdaga at eg ikkje brukar meir her i Spania enn heime. Det forundrar meg, men det har vel me vane å gjere. Har alltid bruka olivenolje og oliven. Me et meir oliven heime, fordi me er vane me dei krydra variantane som finst i innvandrarbutikkane. Skal lage meir salat framover tenkjer eg. Det har vore for lite av den slags til no. Me har lagt på oss fleire kilo, så her må det handling til!

Sånn, der var olivensalaten ferdig til servering!

Andre familiemedlemmer på tur:  Odin… Han er på ei 60-dagars reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!
Hans nettlenkje ligg permanent på sia mi til høgre… «Odin si heimeside»

Citroen 2CV – Fyrste bil eg hugsar. El primer coche que recuerdo

Det er noko spesielt å sette seg inn i ein 2CV. Denne var jo neste ny!

Skjalg mellom klassiske 2CVar og 2CV-Mehariar.

Den fyrste bilen eg hugsar eg køyrde i var ein 2 CV (deux chevaux, fransk for to hestar). Det var min onkel Eldar Omdal og kona hans Bodil som kjøpte denne i 1958-59. Har nokre vage minne frå desse turane. Det var noko med den spesielle mjuke rørslene i bilen. Setene var enkle, med tydelege metallfjører i og bilen sine rørsler var mjuke og me dansa bortetter vegen i bilen til onkel. Eg hugsar me var fleire turar med han til Omdal i Eigersund, innover vegen til heimstaden til bestefar, Ingvald. Vegen var smal og svinget, det var helst ein kjerreveg, ikkje laga for bilar. 2CV smaug seg fin over bakkane, over den  smale grusbanen med høge midtlina av små og store steinar. 2CVen var jo sers høg under og kunne køyre der andre ikkje kom fram.

Tur til Omdal i 2CV. Aasny og Skjalg såvidt det er over bakre vindu!

Tur til Omdal i 2CV. Aasny og Skjalg såvidt det er over bakre vindu!

2cv, kanskje ein 1978 modell. Med norske skilter i Spania!

Her i Spania har eg møtt mange 2cvar. Så mange at eg har byrja snuse på dei for kanskje å ta med heim til Noreg! At Unni Elisabeth og alltid har hatt ynskje om ein slik bil har jo ikkje lagt ein dempar på kjøpelysten. Kunne tenkt meg ein som var eldre enn 1980-modell, då slepp ein unna me avgifter for veteranbil. Me har jo ein garasjeplass i Kviteseid som passar ypperleg! Fint å kunne køyre langs Telemarksvegane i ein sånn flott doning!! Noko og buse seg etter mellom alle dei store AMcar-veteranane i Vest-Telemark, tenkjer eg!

Denne fine raude såg eg i Benidorm!

Og denne grøne fann eg utanfor Altea.

Overalt kor me har reist har er sett bilen køyre eller stått parkera. Det er tydeleg at bilen held seg godt, i alle fall her i varme tørre Spania. Her om dagen eg var ute å sykla traff eg på ein kvit, som eg berre måtte ta bilete av. Den fyrste eg fekk avfotografere i fart, for å sei det sånn. Det vise seg seinare at det faktisk var ein norskregistrert bil! Eg vitja og ein bruktbilselgar i september då Jan Erik og Signe var på vitjing.

Her står gamle gode veteraner på rekkje og rad! Vemodig å sjå..

Utruleg å sjå så mange poteniselle kjøyrbare bilar (utan rust)...

Under ein av våre mange reiser omkring i Communidad Valencia kom med over ein interessant stad. Der var det samla minst 150 2CVar i forskjellig alder og utsjånad. Her var det bilar attende til den fyrste tida i 1948 då Citroen byrja å laga den populære bilen. Det blei laga ialt 3.8 millonar av denne, men og varebilar og små lastebilar. På staden me stoppa var varebilar, og personbilar i alle utgåver. Nokre såg ut som dei kunne køyrast rett ut porten. Her var og andre Citroenmodellar, ja til og med ein Trabant frå Aust-Tyskland. Den kan eg tenke var frå kring 1980. Eigaren av plassen hadde spesialisera seg på delar til 2CV og det kan jo trengast, så mange 2cver som rullar rundt i Spania i dag.

Mykje å hente her for ein 2CV-restauratør!

Anar me litt kjærleik i blikket her - er det bilen eller fotografen?

Denne ser ut til å ha vært med i ein mafiafilm...

Vitjinga på denne plassen ga meg eit skikkeleg nostalgi-oppleving som nok kjem til å påverke meg i om eg vel å kjøpe ei slik eller ikkje. Dagane og vekene som kjem (+ UnniElisabeth og Eurokursen) avgjer dette….

Ein strøken 2CV fann Skjalg i september, i Benidorm. Hos ein bruktbilselgar.

6900 Euro, eller 55.000 kroner for ein nesten ferdig restaurera bil.

Ei lita melding til dykk som kjenner Odin… Han er på ei 60dagers reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!

Ein ettermiddag i stallen – Por la tarde en el establo

Den kvite "eventyrhesten" kunne gjere kunster! Etterpå fekk jentene stelle han.

Me har snakka lenge og vel om å gjere noko for Kitty Karina si fritidssyslar. Ho har hatt to store interesser, eller snarare aktivitetar. Det har vore fotball og hest. Det har vert vanskeleg å få til fotball her, ettersom det berre er gutar som spelar.

Seks bein!

Små dyr

Store dyr

Dei norske gutane som spelar har fått innpass i spanske lag, men det har ikkje vore mogeleg for jentene. Sara er ei venninne som har same interesser som Kitty Karina. Hest og fotball. Ein dag vitja me ein stall like utanfor Albir. Her var me nokre timar, slik at jentene fekk bli kjent med hestane. Det var mykje liv og røre på stallen. Hundar, hestar, folk og fe. Jentene fekk stelt hestane litt og me fekk gjort avtale om å koma der fast eit par gonger i veka. Flott. Flott. Det er berre synd me berre kan vere med på dette nokre få veker, eller berre ein dryg månad. Men Kitty Karina får vel ordne seg med litt riding i Kviteseid og Stavanger. Det får eg vel lova henne!

Sara og Kitty Karina saman med Elsa, kona til Bjørn - lærar på skulen.

Strigle den kvite hesten, kanskje dei får ri på han neste gong?

Små og store dyr på garden utanfor Albir. Kjekt å vere her!

To blonde jenter og ein blond hingst..

Denne unge spanske ryttaren blei litt sett ut av dei fine blonde jentene!

Me vitja stallen ein dag til. Det vart ikkje tid til å ride den fyrste gongen. På tysdag var Karen, ridesjefen, i England på uventa sjukebesøk, så Antonio, eigaren av stallen, hjelpte jentene med å klargjere hestane. Han vart og med på rideturen med jentene.

Så var jentene nesten klar til innsats. Kose litt med kvalpen fyrst!

Antonio, eigaren av stallen, er ein person med smittande godt humør!

Sara har ride eit par-tri gonger før. Såg ut som ho hadde ridd lengre synes eg!

Kitty Karina har ridd hest i 4 år. Ein stolt far tok dette bilete!!

Imponera!

Det var flott å sjå jentene til hest. Eg har berre sett Kitty Karina på ponni før. Ho har ridd sidan ho var 9 år. Kitty Karina og Åsne har saman teke mange turar til Vestre Åmøy, på Penelope Ponnileir. Kitty Karina fekk etter turen med dei andre i skogen prøve seg på den litle gruslagde ridebanen inne på garden der stallen låg. Her fór ho rundt med den brune hesten i drivande galopp. Ja, farten var så stor at Unni Elisabeth og eg kjende lufttrykket etter dei to! I går, på torsdag var ho på si tredje vitjing. Det var varmt 29 grader då ho reiste, etter ei stund skya det over og byrja å lyne og torne veldig. Då ho kom attende med dei andre ryttarane fortalde ho med at hesten hadde steila fire gonger og byrja å galoppere nedover. Men Kitty Karina hadde alt under kontroll, den jenta ja….

Etter turen fekk Kitty Karina ri i galopp på bane! 700 kilo i 40 kmt/t!

Neste innlegg på sia handlar om ei ukjend side av Skjalg. Du skal få greie på ei hittil løynd lidenskap som ingen andre nokon gong har høyrd om før! Fylg me på tysdag (08. juni) frå kl. 06.11.