Vitjing og FotballVM-Visitas y el fútbol!

No har me berre ei veke igjen her i Albir før me set nasen heimover. Kitty Karina dreg med fly, Unni Elisabeth og Skjalg køyrer flyttelasset til Stavanger den 4. juli.

Og så har me fått besøk igjen, som eg skreiv i forrige veke. Olav Petter har hatt varme og avslappande dagar saman med oss der me har farta rundt på fotballbarar (!) Dykk forstår han Olav Petter fortalde oss at det var noko som heitte VM i fotball i Sør-Afrika. Det visste me ikkje noko serleg om, men han klara å få oss med på eitt par kampar med Spania som deltakar. Då hadde installera oss i ein Spansk ølstoge og det vart det så mykje liv (og støy) at eg måtte gå ut på gata.

Spanjolene er veldig glade for tida!

Dei vaksne viser stor entusiasme for Spania sin innsats i fotball-VM....

...og dei små er med på leiken!

Kitty Karina har skaffe seg drakt og flagg for ho meiner at Spania vinn VM. Ho skal sjå finalen (med Spania) i Stavanger den 11. juli og har utstyra seg vel for dette. Ellers så har me reist omkring med gjesten vår, som hadde preferansar for både Harley Davidson og fleire turar i omgivnaden. Eg skal skrive meir om ein av desse turane som vart litt annleis enn det me hadde venta…

OPPDATERA tysdag kveld:  I kveld sat eg aleine heime og såg på Spania-Portugal! Unni Elisabeth og Sally (ny vitjing) var på Benidorm Palace og såg på danse-sangshow. Rett nok vaska eg skap og hyller i leilegheita samstundes…men det må vel vere ein sensasjon…eller kva meiner du Jan Morten?