Spania igjen. To år etter.

playademal

Playa del Mal Pas, finaste staden i byen.

Så er eg attende i Spania. Nøyaktig to år etter at Kitty Karina og eg var her sist i fjorten dagar. Aleine denne gongen for å gjere noko er har tenk på lenge. Eg vil fiksa på tanngarden min 🙂

Inngrep

Antonio og assistent set inn titanskuer!

Dette er ei omfattande sak som eg nok vil bruke eit halvt års tid på med fleire turar til Spania dei neste månadene.  Eg fann Clinica Dental Costa Blanca på nett og tok kontakt med dr. Anton, ein tysk lege med lang fartstid i Spania. Dei såg ut til å ha eit godt omdøme. Som alle veit, så er det dyrt med tannrøkta i Noreg, eit av dei dyraste landa i verden har eg høyrt – då skulle det ikkje så mykje hovudrekning til å sjå at eg ville spare mykje på ein slik operasjon i Spania. Dei er like dyktige som i Noreg, så det er det ikkje noko å uroa seg for.

Dette er innsida av meg.

Dette er innsida av meg.

Eg reiste til Benidorm på tysdag og har vore her sidan for å førebu innsetting av implantatar. I dag, torsdag er fyrste steg ferdig, der eg har fått sett inn fire skruer i titanium.

Antonio og Anton. Dyktige folk!

Antonio og Anton. Dyktige folk!

Assistentane

Sara og Lisa, kjekke damer som tek god vare på pasienten.

Det tok Antonio under ein time å sette dei 4 skruene inn.  Han er ein sers flink ekspert og hadde sett inn 5 stk hos ein 80åring rett før eg kom. Han har så langt nærmare 3000 implantatar i sin 15 årige karriere!

Hotellet Celyman i Benidorm.

Hotellet Celyman i Benidorm.

Mens eg er hos tannlækjaren her her i Benidorm, har eg teke inn på eit billeg og bra hotell, i gå-avstand til tannlækjar og til stranda. No har eg ikkje hatt tid til ta meir enn ein einaste strandpromenade, men det vil det vel bli tid til, eg reiser attende til Stavanger på laurdag. Skal og til Albir i morgon. Byen der me budde eitt år i 09/10.  Kanskje eg ser på billege leiligheiter og?

medisiner

Dagleg inntak av medisinar og føde dei neste dagane!

16. mai i dag. Går og spis på det du ser på bilete. Det er blitt berre det, og mykje vatn. For det er varmt etter kvar. 23-24 grader og sola varmar den skrale skrotten 🙂  Har sett på 4 leiligheiter i dag. alle 3 roms med 2 bad, 2-3 etsje, 200-300 meter fra stranda i Albir. Det er god kvalitet på dette, skulle vere greit å leige ut til nordboarar, tenkjer eg.  Prisane er ikkje vonde. Dei har gått jamt nedover her som andre delar i Spania.

Albirpromenade

Kjekt å promenere langs Middelhavet igjen 🙂

Her i Albir har prisane halde seg jamt høge, på grunn av det kjøpesterke skandinaviske (norske) publikum. Det er fart i omsetninga seier meglarane, prisnergangen har flata ut og no er det berre vegen opp att….  Skal sjå på fleire i morgon. Har kontakta to meglarar som begge har vært i markedet i minst 15 år.

bustad01

Her er ein av dei fire eg såg på i dag.

DSC_0108

Flott uteanlegg! Like i Albir sentrum. Utgang til Middelhavet til høyre.

DSC_0022

Stuge i den fyrste leiligheit eg såg på

Callosa de Saria – revisited

Fine frukt i hagen til Peralta i Callosa

Gode frukter, Nisporos.

Ein liten sundagstur til Callosa de Saria. Om lag 4 kilometer ut frå byen ligg huset til Sofia, Anadora, Grete og Marcos. Det ein kosleg og stor bustad. der dei har gjort mykje arbeid dei siste 9 åra. Her er atmosfære og plass til det meste ein treng.

Stort og romsleg kjøkken hos Grete og Marcos

Eigendomen vitja me og i mai 2010 – der eg stifte kjennskap med Nisporos, denne søte frukta som me ikkje får på busikken i Noreg så vidt eg veit.. Falke var med den gongen for 2 år sidan i Callosa.

4 hundar ved to av dei.

300 dagar i Spania – Tankar om eit år i utlandet.

Eg har bruka ein del timar til å tenkje. Det er vel ikkje så overraskande, tenkjer du…Det eg meiner er eg tenkjer på livet, kjærleiken og døden…. Eller noko sånt. Er det ikkje det det heile går ut på? Vel, eg sit på ein stein og ser utover landskapet der eg har budd samen med Unni Elisabeth og Kitty Karina dei siste 10 månadene. Her har eg budd og levt, gjort alle dei tinga som ein gjer andre plasser tenkjer eg. Det er tri ting som har gjort opphaldet litt stutt og litt mindre utfordrande. For det fyrste visste me at det blir kun eitt år, kanskje to. For det andre så har ikkje vore skikkeleg her, eg meiner i skikkelege Spania, slik eg har skrive om før. <for det tredje så har dei fire heimreisene til Noreg understreka «feriefølelsen». Det har og vore stunder der tida har vore vanskeleg og der dagleglivet har sett meg på nye prøver og gitt meg mange utfordrande tankar.

Skjalg les om framtida si. Det ser ikkje lyst ut for "dei gamle" som må slita meir!

Eg las nett ei interessant artikkel i Dag og Tid som tok for seg pensjonane vår. Det vil jo gjelde meg og. Eg er 56 år og skal om ikkje så altfor lenge vera pensjonist. Pensjonist, det er noko tungt og gamalt med det ordet. Eg har alltid sett på pensjonistar som gamle folk…. Og der er vel rett?? Eller? Det er mange pensjonistar her på Costa Blanca, ja det fins visst fleire tusen fastbuande nordmenn langs den spanske solkysten. Berre i Alfaz del Pi bur det 5000 nordmenn, svært mange av dei er pensjonistar. Artikkelen i Dag og Tid fortel om ei sannheit som svært få på min eigen alder tenkjer over – at dei vert minstepensjonistar sjølv om dei har hatt ei løn på over 400 tusen kroner (2009-kroner). Lurt av myndigheitene med andre ord… For meg betyr det mindre har eg funne ut. Eg har aldri tent så mykje pengar…

Året i Spania har vore eitt år med mange tankespinn og mykje skriveverksemd på nettet. Eg håper det er mange som lese dei orda eg har skrive til dykk frå Spania. Det har vore kjekt det, å skrive. Har alltid hatt ynskje om å gjere meir av det. Der må eg sei eg har fått gjort det eg hadde planar om dei siste 10 månadene. Ein del av dette er arbeidet med film, som trass alt er mitt yrke gjennom snart 40 år (!)

Huset me leiger med den store blomsterbusken. Unni blir til slutten av oktober.

Me kom til Spania den 23. august i fjor, Unni Elisabeth og Kitty Karina og eg.  Kitty Karina ja, ho har nok hatt det mest innhaldsrike året. Då ho kom hit i august, var det eit tøff tid med frykteleg vond heimlengt. Det var vanskeleg å ta farvel med Falke, og venene i Stavanger. Kitty Karina gret sine modige tårer meir enn ein gong då.

Me kosa oss mykje i vatnet!

Det letta svært mykje etter eit par veker på den nye skulen. Der fekk ho mange nye vener, som ho har hatt fine stunder med i det siste året. Eg jobba i starten med planar om ein dokumentarfilm om hennar liv i Spania. Det vart nokre tette og tøffe opptak med henne, noko ho ikkje var heilt førebudd på. Me snakke mykje om dette før me reiste, dette var noko ho ille. Ho har trass alt 6 filmroller bak seg frå før, men dette var annleis. Det vart frykteleg nært og veldig personleg. Det vart feil for henne. Ho spurte om eg ikkje kunne stoppa og eg måtte jo høyre på henne! Eit vanskeleg val, men det var hennar liv eg ville vise og då så….

Kitty Karina har fått gjere mange kjekke ting i Spania!

Det har endra planane mine ein tanke, slik at eg no skriv på fiksjon, dvs eit filmmanus om ei jente (ikkje Kitty Karina) og hennar liv i Noreg og Spania. Denne historia har fått arbeidstittelen «Ville Venn» og handlar om ei jente som er på jakt etter sin ukjente far i Spania. Det har vore eit spanande prosjekt dette, som eg held fram med heime i Noreg. Eg har og skrive eit manus for Psykiatrisk Opplysning. Elena heiter den historia og skal moglegvis bli film til neste sumar. Før den tid må eg hjelpe PO med å skaffe 500tusen kroner.

Anna har hjelpt oss med spansken dei siste 7 vekene...

For å konkludera året, så må eg sei det har vore positivt. Det har styrkja Kitty Karina trur eg. Unni Elisabeth og eg har fått ei oppleving me ikkje har prøvd før. Me er mange erfaringar rikare som me nok får bruka i åra som kjem. Det me ikkje er nøgd med er at spansken vår ikkje har blitt stort betre enn då me reiste for eitt år sidan…. I ein siste freistnad for å rette opp dette hyra me ein privatlærar ein time i veka. Om det hjelpte – kanskje litt…

Takk til alle dei som har fylgd med i nokre av dei orda eg har skrive, og ikkje minst dei få som har lese alle dei 97 postane eg har laga gjennom desse  49 vekene sidan det fyrste innlegget den 28. august 2009! Takk for merksemda! No kjem andre tider og andre opplevingar og andre bloggar! Skjalg 🙂

PS…… Unni Elisabeth reiser attende til huset i Tita den 23. august. Ho er tilsett som konstituert rektor på skulen der ho har jobba det siste året. Kitty Karina og Skjalg blir i Schancheholen, og me ventar henne attende i byrjinga av november 2010.

Vitjing og FotballVM-Visitas y el fútbol!

No har me berre ei veke igjen her i Albir før me set nasen heimover. Kitty Karina dreg med fly, Unni Elisabeth og Skjalg køyrer flyttelasset til Stavanger den 4. juli.

Og så har me fått besøk igjen, som eg skreiv i forrige veke. Olav Petter har hatt varme og avslappande dagar saman med oss der me har farta rundt på fotballbarar (!) Dykk forstår han Olav Petter fortalde oss at det var noko som heitte VM i fotball i Sør-Afrika. Det visste me ikkje noko serleg om, men han klara å få oss med på eitt par kampar med Spania som deltakar. Då hadde installera oss i ein Spansk ølstoge og det vart det så mykje liv (og støy) at eg måtte gå ut på gata.

Spanjolene er veldig glade for tida!

Dei vaksne viser stor entusiasme for Spania sin innsats i fotball-VM....

...og dei små er med på leiken!

Kitty Karina har skaffe seg drakt og flagg for ho meiner at Spania vinn VM. Ho skal sjå finalen (med Spania) i Stavanger den 11. juli og har utstyra seg vel for dette. Ellers så har me reist omkring med gjesten vår, som hadde preferansar for både Harley Davidson og fleire turar i omgivnaden. Eg skal skrive meir om ein av desse turane som vart litt annleis enn det me hadde venta…

OPPDATERA tysdag kveld:  I kveld sat eg aleine heime og såg på Spania-Portugal! Unni Elisabeth og Sally (ny vitjing) var på Benidorm Palace og såg på danse-sangshow. Rett nok vaska eg skap og hyller i leilegheita samstundes…men det må vel vere ein sensasjon…eller kva meiner du Jan Morten?

Ein ettermiddag i stallen – Por la tarde en el establo

Den kvite "eventyrhesten" kunne gjere kunster! Etterpå fekk jentene stelle han.

Me har snakka lenge og vel om å gjere noko for Kitty Karina si fritidssyslar. Ho har hatt to store interesser, eller snarare aktivitetar. Det har vore fotball og hest. Det har vert vanskeleg å få til fotball her, ettersom det berre er gutar som spelar.

Seks bein!

Små dyr

Store dyr

Dei norske gutane som spelar har fått innpass i spanske lag, men det har ikkje vore mogeleg for jentene. Sara er ei venninne som har same interesser som Kitty Karina. Hest og fotball. Ein dag vitja me ein stall like utanfor Albir. Her var me nokre timar, slik at jentene fekk bli kjent med hestane. Det var mykje liv og røre på stallen. Hundar, hestar, folk og fe. Jentene fekk stelt hestane litt og me fekk gjort avtale om å koma der fast eit par gonger i veka. Flott. Flott. Det er berre synd me berre kan vere med på dette nokre få veker, eller berre ein dryg månad. Men Kitty Karina får vel ordne seg med litt riding i Kviteseid og Stavanger. Det får eg vel lova henne!

Sara og Kitty Karina saman med Elsa, kona til Bjørn - lærar på skulen.

Strigle den kvite hesten, kanskje dei får ri på han neste gong?

Små og store dyr på garden utanfor Albir. Kjekt å vere her!

To blonde jenter og ein blond hingst..

Denne unge spanske ryttaren blei litt sett ut av dei fine blonde jentene!

Me vitja stallen ein dag til. Det vart ikkje tid til å ride den fyrste gongen. På tysdag var Karen, ridesjefen, i England på uventa sjukebesøk, så Antonio, eigaren av stallen, hjelpte jentene med å klargjere hestane. Han vart og med på rideturen med jentene.

Så var jentene nesten klar til innsats. Kose litt med kvalpen fyrst!

Antonio, eigaren av stallen, er ein person med smittande godt humør!

Sara har ride eit par-tri gonger før. Såg ut som ho hadde ridd lengre synes eg!

Kitty Karina har ridd hest i 4 år. Ein stolt far tok dette bilete!!

Imponera!

Det var flott å sjå jentene til hest. Eg har berre sett Kitty Karina på ponni før. Ho har ridd sidan ho var 9 år. Kitty Karina og Åsne har saman teke mange turar til Vestre Åmøy, på Penelope Ponnileir. Kitty Karina fekk etter turen med dei andre i skogen prøve seg på den litle gruslagde ridebanen inne på garden der stallen låg. Her fór ho rundt med den brune hesten i drivande galopp. Ja, farten var så stor at Unni Elisabeth og eg kjende lufttrykket etter dei to! I går, på torsdag var ho på si tredje vitjing. Det var varmt 29 grader då ho reiste, etter ei stund skya det over og byrja å lyne og torne veldig. Då ho kom attende med dei andre ryttarane fortalde ho med at hesten hadde steila fire gonger og byrja å galoppere nedover. Men Kitty Karina hadde alt under kontroll, den jenta ja….

Etter turen fekk Kitty Karina ri i galopp på bane! 700 kilo i 40 kmt/t!

Neste innlegg på sia handlar om ei ukjend side av Skjalg. Du skal få greie på ei hittil løynd lidenskap som ingen andre nokon gong har høyrd om før! Fylg me på tysdag (08. juni) frå kl. 06.11.

GRAND PRIX sett frå Spania – Grand prix visto desde España

God stemning her på berget.

Unni heier!

Datanerd i på GP-kvelden

Jo me har jo sett på programmet. Eg blei jo personlig veldig imponert av denne katalanske tilskodaren Daniel Diges (Jimmy Jump) som kuppa showet for Spania! Jentene her i stua var jo veldig imponerte av pauseinnslaget der alle tri  såg kvarandre (i alle fall Kitty Karina og Sara!) då dei dansa på skjermen frå Alfaz del Pi. Det var der fyrste innslaget dykk såg!

Heia Noreg frå Spania

Med flagget i panna skal med me vinna...eller?

Her har Kitty Karina sett seg sjølv danse på TV.

Alt i alt eit flott GP-show der me fekk god utteljing for jentene våre sin innsats i danseopptrinnet frå Alfaz del Pi!

Kitty Karina og Sara står mitt i flokken her under opptakan 3. mai.

Sara og Kitty Karina i ein liten pause-augneblink.

Unni Elisabeth har fått rektorjobb i Spania og dansar for 130 millionar TV-sjåarar!

Dette er ikkje ei Aprilspøk! Unni Elisabeth har fått tilbod om å taka over rektorstillinga på Costa Blanca Undervisning for nokre månader i haust. Dette har me grunna og tenkt på nokre veker og me er komne til at ho tek denne utfordringa og blir verande her fram til Oktober.

Dette er kolleger som Unni jobbar med. Frå august vert ho konstituert rektor på skulen!

Det vert jo og ei endring på planane våre for sumaren. Det blir meir tid i Noreg. Me tar over huset i Schancheholen den 1. August, så me tek ekstra lang ferie i Kviteseid. Tenkte me skulle bli der frå 8-10. juli – så om nokon ville vitja oss då, så er dykk velkomne! Unni dreg attende den 15 august. Kitty Karina og eg blir i Stavanger for skule og arbeid. Kitty Karina byrjar på Ullandhaug Ungdomsskule og eg får nokre timar på Randaberg vidaregåande igjen.

Rektor Lill tar permisjon

Før den tid må me finna ein ny bustad, for Unni i Albir. Vår kontrakt der me bur no går ut den 15 .juli. Det vert ei utfordring finne bustad for så stutt tid som frå august til oktober! Me kan kanskje ta ein langtidskontrakt? Er det nokon der heime vil slå seg saman med oss om ei leigekontrakt på eit hus i Spania for eit år!!!??? Fint med eit feriehus i syden….

Her dansar 120 unge og gamle til NRK si Grand Prix-sending den 29. mai.

Ellers så har me hatt NRK på besøk. Dei kom her for å filme song, dans, sol og varme til Grand Prix-sendinga si den 29. mai. Dei møtte 11 grader og regn… Det er den kaldaste kvelden me har hatt sidan januar!

Kitty karina dansar

Kitty Karina dansar!

Unni i dansen!

Mykje lys, film-lys!

Vel, Det kom 120 danseglade Albir/Alfaz folk, mellom anna Unni Elisabeth og Kitty Karina. Dei dansa i 3 timer framom NRK sitt svevande kamera! Sjå på pause-innslaget, så ser dykk kanskje desse to danse (for 130 millionar sjåarar). Eg sto og såg på dei meir eller mindre profesjonelle teknikarane. Dei hadde nokre blødmer, som spengte tidsrammene, og folk måtte vente ekstra lenge…. Kamera gjekk tomt for straum og kameramannen hadde gløymt ekstra batteri til HD-kameraet!

Venting i tid og rom – espera en el tiempo y el espacio

Når Kitty Karina og Unni handlar - ventar eg

Sit på eit kjøpesenter i Cordoba. Kontrasten er stor til dei historiske bygningane utanfor til skoavdelinga i el Corte Ingles. Dette er Kitty Karina sitt Mekka. Ho har snakka om eCI sidan ho kom til Spania. Dei siste dagane har med vitja mange av desse kjøpesentra i både Sevilla og Cordoba. Det er hennar kriterium om byen er interessant å vitja eller ikkje. Men ho er bere tolv år… Desse kjøpesentrene skilje seg ikkje mykje frå Obs men er mykje større, går som oftast over fleire etasjar i store bygningar.

Skrivestol!

Der kjem Kitty Karina og vil vise meg ei bluse. Fin den. Eg får henne til å ta eit bilete av meg her eg sit og ventar og skriv. Sånn… Smil.

Eg skriv dette innlegget med penn og papir. De har låge opp i dagen, men det var eigentleg Odin som sette meg på ideen. Han hadde skrive eit langt innlegg om ingenting, som han kalla det. Då var han på vandring på fjella kring Bergen og skreiv i blokka si undervegs. Lurt det av mange grunnar.

Kk tek bilete..

For det fyrste får ein nytta tida til noko fornuftig der det ikkje er anna å gjere enn å vente (det er det dette innlegget handlar om), for det andre så kan ein ver meir spontan, meir direkte der og då om detaljar. For det tredje får ein laga ein kladd, slik at innhald og språk blir betre å lese for dykk. For det fjerde, ikkje noko god grunn for meg, men kanskje for andre: Å stå og vente og sjå ut i lufta, ikkje ha noko å gjere, kan kanskje vere ubehageleg. Ei kollega gav ein gong ei god karakteristikk av ein mann på handletur med kone/barn på kjøpesenter: Ein hest som står einsam, forlate ute på beite i pøsregn. Det er mannen som ventar på jentene/damene sine!

Kjekkt å handle i basarene

Brillejakten

Jo innlegget mitt skulle handle om å vente. Det blir det ein del av etterkvart når ein bur saman med to jenter. Trur eg kan rekne mange timar i løpet av dei 7 månadene me har vore i Spania. Det er jo blitt ein vane, men det er fyrst i dag er har funne ut at eg kan nytta denne tida til noko fornuftig. Så derfor les dykk no dette, som eit resultat av keisam venting på eit kjøpesenter i Cordoba, Spania.

Venting i seg sjølv er som oftast ikkje så positivt, men ein kan gjere andre ting og enn å skrive. Ein kunne skru av sansane og leve seg inn i egne tankar, t.d. Ein kunne ein meditere utan å bli påverka av Britney Spears-muzak eller pipelydane frå kasseapparata og stemmene til dei mange kundane. Ein kunne drøyme seg vekk til ein annan stad. Til eit duvande blått hav, i middelhavet, ein solrik dag heilt åleine på ein flåte. Berre naturen og eg… Der kom den spanske reklamen over høgtalaranlegget ..tilbake til verklegeheita. Eg ser meg ikring, eg sit no i kvinnekler-avdelinga, kvar har dei tatt vegen no, mens eg sat her……?

Kitty Karina finn alltid noko ho vil kjøpe, men ikkje kjøper allikevel.

Eg likar betre å handle slike plassar eg... Helst på kvelden i dunkel belysning!

19. april i dag…. Er eg i Norge eller i Spania? Skulle eigentleg feire fødedagen min i Albir, men Eyjafjallajökull stoppa dei planane!

Oppdatering! Har tinga ny billettar frå Stavanger til Alicante via Gardermoen, på onsdag. Men, men, ingen veit om me kjem oss avgarde då!

Vi blir et år til! Uno ano mas!

(12.mai.2010): DETTE ER EIN APRILSPØK!

Me har gjort et grensesprengande val. Me har bestemt oss til å bli her i Spania eit år til!
Etter at Skjalg fikk eit tilbod om å overta DVD-utleige (bildet) i Albir, så har han eit økonomisk grunnlag for å bli her til 2012! Unni jobber videre på skolen på ubestemt tid, og Kitty Karina tar et år til, men nå i 8ende klasse på den norske skolen!

Skjalg overtar den lokale DVDbutikken frå Sally Owen. Kjøpe-summen er hemmeleg!

Meir om den nye utviklinga i våre arbeids og bustadsplanar seinare. Me er for tida på reise i Sevilla-Corboba-området og er tilbake i vår bustad i Tita den 5. april.