Ein ettermiddag i stallen – Por la tarde en el establo

Den kvite "eventyrhesten" kunne gjere kunster! Etterpå fekk jentene stelle han.

Me har snakka lenge og vel om å gjere noko for Kitty Karina si fritidssyslar. Ho har hatt to store interesser, eller snarare aktivitetar. Det har vore fotball og hest. Det har vert vanskeleg å få til fotball her, ettersom det berre er gutar som spelar.

Seks bein!

Små dyr

Store dyr

Dei norske gutane som spelar har fått innpass i spanske lag, men det har ikkje vore mogeleg for jentene. Sara er ei venninne som har same interesser som Kitty Karina. Hest og fotball. Ein dag vitja me ein stall like utanfor Albir. Her var me nokre timar, slik at jentene fekk bli kjent med hestane. Det var mykje liv og røre på stallen. Hundar, hestar, folk og fe. Jentene fekk stelt hestane litt og me fekk gjort avtale om å koma der fast eit par gonger i veka. Flott. Flott. Det er berre synd me berre kan vere med på dette nokre få veker, eller berre ein dryg månad. Men Kitty Karina får vel ordne seg med litt riding i Kviteseid og Stavanger. Det får eg vel lova henne!

Sara og Kitty Karina saman med Elsa, kona til Bjørn - lærar på skulen.

Strigle den kvite hesten, kanskje dei får ri på han neste gong?

Små og store dyr på garden utanfor Albir. Kjekt å vere her!

To blonde jenter og ein blond hingst..

Denne unge spanske ryttaren blei litt sett ut av dei fine blonde jentene!

Me vitja stallen ein dag til. Det vart ikkje tid til å ride den fyrste gongen. På tysdag var Karen, ridesjefen, i England på uventa sjukebesøk, så Antonio, eigaren av stallen, hjelpte jentene med å klargjere hestane. Han vart og med på rideturen med jentene.

Så var jentene nesten klar til innsats. Kose litt med kvalpen fyrst!

Antonio, eigaren av stallen, er ein person med smittande godt humør!

Sara har ride eit par-tri gonger før. Såg ut som ho hadde ridd lengre synes eg!

Kitty Karina har ridd hest i 4 år. Ein stolt far tok dette bilete!!

Imponera!

Det var flott å sjå jentene til hest. Eg har berre sett Kitty Karina på ponni før. Ho har ridd sidan ho var 9 år. Kitty Karina og Åsne har saman teke mange turar til Vestre Åmøy, på Penelope Ponnileir. Kitty Karina fekk etter turen med dei andre i skogen prøve seg på den litle gruslagde ridebanen inne på garden der stallen låg. Her fór ho rundt med den brune hesten i drivande galopp. Ja, farten var så stor at Unni Elisabeth og eg kjende lufttrykket etter dei to! I går, på torsdag var ho på si tredje vitjing. Det var varmt 29 grader då ho reiste, etter ei stund skya det over og byrja å lyne og torne veldig. Då ho kom attende med dei andre ryttarane fortalde ho med at hesten hadde steila fire gonger og byrja å galoppere nedover. Men Kitty Karina hadde alt under kontroll, den jenta ja….

Etter turen fekk Kitty Karina ri i galopp på bane! 700 kilo i 40 kmt/t!

Neste innlegg på sia handlar om ei ukjend side av Skjalg. Du skal få greie på ei hittil løynd lidenskap som ingen andre nokon gong har høyrd om før! Fylg me på tysdag (08. juni) frå kl. 06.11.

3 Comments

  1. Hei! Vi skal bo 1 mnd – hele juli – i Albir. Jeg har også 2 jenter som rir. Har du adresse til denne stallen? Hvor langt fra Albir sentrum er dette?

    På forhånd takk for hjelpen!

    Mvh
    Donnabel Michelsen

    Svar

  2. Eg har ikkje adressen men dette er koordinatane til hestestallen: 38.557115, -0.078783.
    Legg du desse inn i googlemaps så finn du fram. Det var ei engelsk dame som heite Karen som dreiv stallen.

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *