Unni Elisabeth har fått rektorjobb i Spania og dansar for 130 millionar TV-sjåarar!

Dette er ikkje ei Aprilspøk! Unni Elisabeth har fått tilbod om å taka over rektorstillinga på Costa Blanca Undervisning for nokre månader i haust. Dette har me grunna og tenkt på nokre veker og me er komne til at ho tek denne utfordringa og blir verande her fram til Oktober.

Dette er kolleger som Unni jobbar med. Frå august vert ho konstituert rektor på skulen!

Det vert jo og ei endring på planane våre for sumaren. Det blir meir tid i Noreg. Me tar over huset i Schancheholen den 1. August, så me tek ekstra lang ferie i Kviteseid. Tenkte me skulle bli der frå 8-10. juli – så om nokon ville vitja oss då, så er dykk velkomne! Unni dreg attende den 15 august. Kitty Karina og eg blir i Stavanger for skule og arbeid. Kitty Karina byrjar på Ullandhaug Ungdomsskule og eg får nokre timar på Randaberg vidaregåande igjen.

Rektor Lill tar permisjon

Før den tid må me finna ein ny bustad, for Unni i Albir. Vår kontrakt der me bur no går ut den 15 .juli. Det vert ei utfordring finne bustad for så stutt tid som frå august til oktober! Me kan kanskje ta ein langtidskontrakt? Er det nokon der heime vil slå seg saman med oss om ei leigekontrakt på eit hus i Spania for eit år!!!??? Fint med eit feriehus i syden….

Her dansar 120 unge og gamle til NRK si Grand Prix-sending den 29. mai.

Ellers så har me hatt NRK på besøk. Dei kom her for å filme song, dans, sol og varme til Grand Prix-sendinga si den 29. mai. Dei møtte 11 grader og regn… Det er den kaldaste kvelden me har hatt sidan januar!

Kitty karina dansar

Kitty Karina dansar!

Unni i dansen!

Mykje lys, film-lys!

Vel, Det kom 120 danseglade Albir/Alfaz folk, mellom anna Unni Elisabeth og Kitty Karina. Dei dansa i 3 timer framom NRK sitt svevande kamera! Sjå på pause-innslaget, så ser dykk kanskje desse to danse (for 130 millionar sjåarar). Eg sto og såg på dei meir eller mindre profesjonelle teknikarane. Dei hadde nokre blødmer, som spengte tidsrammene, og folk måtte vente ekstra lenge…. Kamera gjekk tomt for straum og kameramannen hadde gløymt ekstra batteri til HD-kameraet!