Venting i tid og rom – espera en el tiempo y el espacio

Når Kitty Karina og Unni handlar - ventar eg

Sit på eit kjøpesenter i Cordoba. Kontrasten er stor til dei historiske bygningane utanfor til skoavdelinga i el Corte Ingles. Dette er Kitty Karina sitt Mekka. Ho har snakka om eCI sidan ho kom til Spania. Dei siste dagane har med vitja mange av desse kjøpesentra i både Sevilla og Cordoba. Det er hennar kriterium om byen er interessant å vitja eller ikkje. Men ho er bere tolv år… Desse kjøpesentrene skilje seg ikkje mykje frå Obs men er mykje større, går som oftast over fleire etasjar i store bygningar.

Skrivestol!

Der kjem Kitty Karina og vil vise meg ei bluse. Fin den. Eg får henne til å ta eit bilete av meg her eg sit og ventar og skriv. Sånn… Smil.

Eg skriv dette innlegget med penn og papir. De har låge opp i dagen, men det var eigentleg Odin som sette meg på ideen. Han hadde skrive eit langt innlegg om ingenting, som han kalla det. Då var han på vandring på fjella kring Bergen og skreiv i blokka si undervegs. Lurt det av mange grunnar.

Kk tek bilete..

For det fyrste får ein nytta tida til noko fornuftig der det ikkje er anna å gjere enn å vente (det er det dette innlegget handlar om), for det andre så kan ein ver meir spontan, meir direkte der og då om detaljar. For det tredje får ein laga ein kladd, slik at innhald og språk blir betre å lese for dykk. For det fjerde, ikkje noko god grunn for meg, men kanskje for andre: Å stå og vente og sjå ut i lufta, ikkje ha noko å gjere, kan kanskje vere ubehageleg. Ei kollega gav ein gong ei god karakteristikk av ein mann på handletur med kone/barn på kjøpesenter: Ein hest som står einsam, forlate ute på beite i pøsregn. Det er mannen som ventar på jentene/damene sine!

Kjekkt å handle i basarene

Brillejakten

Jo innlegget mitt skulle handle om å vente. Det blir det ein del av etterkvart når ein bur saman med to jenter. Trur eg kan rekne mange timar i løpet av dei 7 månadene me har vore i Spania. Det er jo blitt ein vane, men det er fyrst i dag er har funne ut at eg kan nytta denne tida til noko fornuftig. Så derfor les dykk no dette, som eit resultat av keisam venting på eit kjøpesenter i Cordoba, Spania.

Venting i seg sjølv er som oftast ikkje så positivt, men ein kan gjere andre ting og enn å skrive. Ein kunne skru av sansane og leve seg inn i egne tankar, t.d. Ein kunne ein meditere utan å bli påverka av Britney Spears-muzak eller pipelydane frå kasseapparata og stemmene til dei mange kundane. Ein kunne drøyme seg vekk til ein annan stad. Til eit duvande blått hav, i middelhavet, ein solrik dag heilt åleine på ein flåte. Berre naturen og eg… Der kom den spanske reklamen over høgtalaranlegget ..tilbake til verklegeheita. Eg ser meg ikring, eg sit no i kvinnekler-avdelinga, kvar har dei tatt vegen no, mens eg sat her……?

Kitty Karina finn alltid noko ho vil kjøpe, men ikkje kjøper allikevel.

Eg likar betre å handle slike plassar eg... Helst på kvelden i dunkel belysning!

19. april i dag…. Er eg i Norge eller i Spania? Skulle eigentleg feire fødedagen min i Albir, men Eyjafjallajökull stoppa dei planane!

Oppdatering! Har tinga ny billettar frå Stavanger til Alicante via Gardermoen, på onsdag. Men, men, ingen veit om me kjem oss avgarde då!

Eyjafjallajökull stoggar Spaniareturen!

Seks bilete til utstillinga som opnar i Kviteseid om 10 dagar. OP har tatt dette bilete av meg.

Eg er råka av naturen sine krefter. Eg må bli i Noreg på ubestemt tid. Ingen veit når det lettar fly frå Sola flyplass. Eg hadde og retur i går frå Haugesund, men den vart og stogga. Flyet til Alicante imorgon er kansellera. Ser på nyheitene at statsminister Stoltenberg landa i Spania frå New York. Det ser ut til at Spania er eit av få land som framleis har ope luftrom. Men hjelper ikkje meg mykje…Var nett i Kviteseid. Køyrde bort på onsdag etter at eg hadde gjeve nyklar til dei nye leigebuarane i Schancheholen som skal ha huset til 1. august. Med meg på turen til Kviteseid hadde eg Olav Petter. Han vart imponert av kva med hadde gjort inne i huset, meinte at oppussinga hadde vore vellykka i hans augo. Det er faktisk 10 år sidan han var i Kviteseid sist.

Det blir rolege dager med PC og TV framover kan eg tenkje meg!

Nå frametter blir det rolege dagar for Olav Petter og meg. Han er jo og råka av naturkreftene, sidan han faktisk skal vere på same flyet til Alicante. Turen hans på 10 dagar vert jo kortare for kvar dag som går! Sjølv om det vert roleg no, så finn me vel på noko å gjere. Besøke folk, kanskje. Hjelpe til med vårreingjering, pusse litt på huset hans, som kompensasjon for leige! For kan hende eg må vere her lenge! Ekspertar som har uttala seg på fjernsyn seier at utbrotet kan vare i 2 år! Ein måte eg kan koma meg heim til Spania er å hente den fine raude sykkelen i Schancheholen og sykle avgarde sørover. Då vil eg og koma i form trur eg.