Citroen 2CV – Fyrste bil eg hugsar. El primer coche que recuerdo

Det er noko spesielt å sette seg inn i ein 2CV. Denne var jo neste ny!

Skjalg mellom klassiske 2CVar og 2CV-Mehariar.

Den fyrste bilen eg hugsar eg køyrde i var ein 2 CV (deux chevaux, fransk for to hestar). Det var min onkel Eldar Omdal og kona hans Bodil som kjøpte denne i 1958-59. Har nokre vage minne frå desse turane. Det var noko med den spesielle mjuke rørslene i bilen. Setene var enkle, med tydelege metallfjører i og bilen sine rørsler var mjuke og me dansa bortetter vegen i bilen til onkel. Eg hugsar me var fleire turar med han til Omdal i Eigersund, innover vegen til heimstaden til bestefar, Ingvald. Vegen var smal og svinget, det var helst ein kjerreveg, ikkje laga for bilar. 2CV smaug seg fin over bakkane, over den  smale grusbanen med høge midtlina av små og store steinar. 2CVen var jo sers høg under og kunne køyre der andre ikkje kom fram.

Tur til Omdal i 2CV. Aasny og Skjalg såvidt det er over bakre vindu!

Tur til Omdal i 2CV. Aasny og Skjalg såvidt det er over bakre vindu!

2cv, kanskje ein 1978 modell. Med norske skilter i Spania!

Her i Spania har eg møtt mange 2cvar. Så mange at eg har byrja snuse på dei for kanskje å ta med heim til Noreg! At Unni Elisabeth og alltid har hatt ynskje om ein slik bil har jo ikkje lagt ein dempar på kjøpelysten. Kunne tenkt meg ein som var eldre enn 1980-modell, då slepp ein unna me avgifter for veteranbil. Me har jo ein garasjeplass i Kviteseid som passar ypperleg! Fint å kunne køyre langs Telemarksvegane i ein sånn flott doning!! Noko og buse seg etter mellom alle dei store AMcar-veteranane i Vest-Telemark, tenkjer eg!

Denne fine raude såg eg i Benidorm!

Og denne grøne fann eg utanfor Altea.

Overalt kor me har reist har er sett bilen køyre eller stått parkera. Det er tydeleg at bilen held seg godt, i alle fall her i varme tørre Spania. Her om dagen eg var ute å sykla traff eg på ein kvit, som eg berre måtte ta bilete av. Den fyrste eg fekk avfotografere i fart, for å sei det sånn. Det vise seg seinare at det faktisk var ein norskregistrert bil! Eg vitja og ein bruktbilselgar i september då Jan Erik og Signe var på vitjing.

Her står gamle gode veteraner på rekkje og rad! Vemodig å sjå..

Utruleg å sjå så mange poteniselle kjøyrbare bilar (utan rust)...

Under ein av våre mange reiser omkring i Communidad Valencia kom med over ein interessant stad. Der var det samla minst 150 2CVar i forskjellig alder og utsjånad. Her var det bilar attende til den fyrste tida i 1948 då Citroen byrja å laga den populære bilen. Det blei laga ialt 3.8 millonar av denne, men og varebilar og små lastebilar. På staden me stoppa var varebilar, og personbilar i alle utgåver. Nokre såg ut som dei kunne køyrast rett ut porten. Her var og andre Citroenmodellar, ja til og med ein Trabant frå Aust-Tyskland. Den kan eg tenke var frå kring 1980. Eigaren av plassen hadde spesialisera seg på delar til 2CV og det kan jo trengast, så mange 2cver som rullar rundt i Spania i dag.

Mykje å hente her for ein 2CV-restauratør!

Anar me litt kjærleik i blikket her - er det bilen eller fotografen?

Denne ser ut til å ha vært med i ein mafiafilm...

Vitjinga på denne plassen ga meg eit skikkeleg nostalgi-oppleving som nok kjem til å påverke meg i om eg vel å kjøpe ei slik eller ikkje. Dagane og vekene som kjem (+ UnniElisabeth og Eurokursen) avgjer dette….

Ein strøken 2CV fann Skjalg i september, i Benidorm. Hos ein bruktbilselgar.

6900 Euro, eller 55.000 kroner for ein nesten ferdig restaurera bil.

Ei lita melding til dykk som kjenner Odin… Han er på ei 60dagers reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!

En handymans betroelser – las confidencias un hombre práctico

ledninger

Små leidningar må på plass! TRYKK PÅ BILDENE SÅ FÅR DU SE DEI STØRRE!

Handyman er eit ord som gjev visse assosiasjonar. Ein praktisk mann som kan det meste. Ein mann som nokon og ein kvar skulle hatt i sin nærleik…. Handyman kan skru i skruer, skifte dekk på bilen, reparere lekkasje i røyr på badet og han er god på det meste. Eg har budd her i Spania no ei stund. Eg har ikkje det vanlege arbeidsforhold som dei fleste har. Eg er friarbeidar. Det har eg faktisk vore i nær 40 år! I 1986-87 og 2001-2002, altså 2 år av i alt 40 var eg tilsett i eit firma. Men no er eg i Spania og er friarbeidar. Eg jobbar med film,  men har og  mange andre oppgåver. Eg må passe på hus både her i Spania, heime i Schancheholen, på Stavanger Brygge og huset vårt i Kviteseid (ser og stundom til gardsbruket til Unni Elisabeth i Sauherad – der eg vil skifte nokre vatnfjøler til sumaren).

Ein luftavfuktar må modifiserast!

Luftavfuktaren.

Ein slange skal ta vatnet ut av maskinqa.

Slange skal ta ut vatn

Maskinen er attende og slangen  må koblast.

Maskinen er attende.

Og her renn vatnet ut.

Og her renn vatnet ut.

På trass av mykje aktivitet vil eg nok ikkje trone høgt på inntektssida i Noreg dette året. Her i Spania har eg ikkje noko inntekt i det heile, det er Unni Elisabeth som er forsørgjaren her dette året.  Men det er mykje  eg kan gjere her! I fyrste rekkje skal eg  gjere opphaldet her i Spania så behageleg som mogeleg for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har eit spesielt oppdrag: å sørge for at Kitty Karina føler seg trygg, at ho har et bra, at ho likar seg. Noko av dette er kjende gjøremål me menn kjenner godt til i Noreg….

Koste litt!

Koste litt!

Skadedyrbekjempelse.

Spraye skadedyr!

Lage mat,  vaske golv,  rydde i garasjen,
fiksa datamaskina,  ordna øydelagde stikk-kontaktar,  mala ein vegg, teikne julekort, henge opp klesvask, reie opp seng, vaske opp, gå i posten,  kjøpe inn mat,  drepe maur,  brygge kaffi,  rydde i stua, støvsuge…  og alt det eg ikkje kjem på i farten!  Det er verksemd som dette som kvalifiserer ti omgrepet handyman, eller?

bremseklosserskift

bremseklosserskift

Bilen treng stell!

Bilen treng stell!

Det er noko sexy over ordet, handyman, det er vel mannen som kvinner vil ha. Ein praktisk mann som og har andre føremoner. Jo for han må vel og ha  ein fin veltrena kropp. Eg ser for meg ein kar med brunleg olje-glinsande overkropp, iførd ei olabukse og med ein skiftenykel i handa. Der har du mannen. Det er slik eg føler meg. Her i sola,i varmen i Spania!

Vanne litt!

Vanne litt!

Male litt

Male litt

No ventar eg berre oppdrag frå dei  heimverande kvinnene i Spania! Eller….. stopp litt….  er det  meir tid igjen når alle dagens oppdrag er gjennomførde…. Kanskje eg må byrja med nattarbeid?

Endeleg!

En fortjena pause med alkoholfritt øl, avis og mat frå i går!

Endelig - høgdepunktet på dagen (og veka m "Dag og Tid"!)

Tur til Agulias – Viaje a Aguilas

Me stola fullt på Gabrielle Petronella Samonella (GPS) og havna i ei elv!

Me stola fullt på Gabrielle Petronella Samonella (GPS) og havna i ei elv!

Kjekkt å besøke Einar og Ingunn i San Juan de les Terreros

Kjekkt å besøke Einar og Ingunn i San Juan de les Terreros

Så har me tatt oss ein fyrste langtur med bilen. Me drog sør i nærleiken av Agulias de me sko besøka Einar Eide, ein tidligare kollega på Randaberg Vgs. Han og kona Ingunn har kjøpt eit hus i den lille byen  San Juan de les Terreros. Der blei me ein dag, overnatta og fekk svert så gjestfri mottaking.  Det blei ei nokre lengre tur enn me hadde sett føre oss! GPS, som førte Falke og meg nærast problemfritt frå Noreg til Spania, var ikkje snill med oss!

Etter ein tur innom Cartagena med eit lengre stopp med lunch og storhandling på Carrefour la me inn adressa til målet vår: San Juan de les Terreros. Ut frå byen ana me urå, men me stoppa ikkje før me hadde kjøyrt inn i eit djupt elveleie med Peugeoten vår! Då forstod me at Gabriella hadde leia oss på ville vegar! Me missa vel ein time og måtte kjøre 40-50 km tilbake til Cartagena. Me hadde med oss eitt Spaniakart, men der stod ikkje dei små vegane! Bilen fekk seg ei hard prøve, men det tålar den jo (den har no passert godt over 260.000 kilometer!).

Einar skejjer fangsten til dei spankse fiskarene.

Einar sjekker fangsten til dei spanske fiskarene.

Fin urørt kystline mot Middelhavet.

Fin urørt kystline mot Middelhavet.

Einar og Unni Elisabeth bader i Middelhavet

Einar og Unni Elisabeth bader i Middelhavet

Einar og Ingunn viste oss omkring i eit område der det var mindre utbygd med turistindustri enn der me bur på Costa Blanca. Fine naturområde med sjøen. Me fekk bada i Middelhavet (berre Unni Elisabeth av oss denne gongen!) på ei strand langt vekke frå folk. Her traff me på dykkarar  som tok fisk på den spannande måten, med harpun (noko for deg Falke!)

Ein kjekk landsby - Puerto de Garrucca

Ein kjekk landsby - Puerto de Garruca

Markedet har ei sterk dragning på Unni  Elisabethog Kitty Karina

Markedet har ei sterk dragning på Unni Elisabeth og Kitty Karina

Det var eit noko kort opphald denne gongen, men det er jo ikkje så langt å kjøyre, så me tar oss nok ei tur til i løpet av opphaldet her i Spania. Kjekt for Kitty Karina med eit symjebasseng like utanfor terrassen! Der boltra ho seg som ein delfin, seint og tidlig!

Eg veit ikkje om nokon som er gladare å bada enn Kitty Karina!

Eg veit ikkje om nokon som er gladare å bada enn Kitty Karina!

Godt og varmt til lunch på terassen.

Godt og varmt til lunch på terrassen.

Flotte vegar tilbake til Alfaz. Denne gongen leia GPS oss nesten rett… Me var heime på 2,5 time – dei 235 km føyk avgarde…

3200 km på 37 t – med bil! – Con el coche!

Så var eg attende til heimen i Spania. Ei veke med arbeid, reise besøk til familie og vener. Det skjer mykje på kort tid. Var så heldig å få bu hos Dag Bjørnsen, kjekk kar med stort hjarte! Det er umåteleg ansleis på vere i sin eigen by når ein ikkje har nokon plass å bu for seg sjølv. Det skrev eg om sist. Det er og merkeleg å kjenne at dei ein høyrer til med (Unni og Kitty Karina) ikkje er der, men ein annan stad! Derfor føler eg meg heime att, no her med Unni Elisabeth og Kitty Karina. Herleg å vere heime att! Trøytt, både Falke og eg. For Falke var med, det er eg frykteleg glad for. Det hadde ikkje gått utan!

Eg og Falke køyrde frå Stavanger kl halv to på fredag. Eg hadde pakka bilen, hadde faktisk god plass og kunne sikkert ha teke meir med meg.  Ein nabo i Schancheholen kom med nokre smykke og papirer til ei jente i Valencia (skriv nok meir om ho seinare). Ein ekskollega frå Randaberg kom med nokre ting for huset hans i Spania. Fekk plass til dette og.

Så var det avgarde. Ferja gjekk frå Kristiansand kl. 16.30. Så me hadde kring 4 timer på oss. Det gjekk fint. I Hirtshals var me kl. 1945, så var det berre å køyre på!

Falke er klar for 3000 km på hjul gjennom Europa!

Falke er klar for 3000 km på hjul gjennom Europa!

Danmark og Tyskland vart tilbakelagde på den fyrste kvelden. Me kom inn i Frankrike på morgonkvisten og var langt sørover mot Nancy på morgonkvisten. Magne hadde førebudd ei dame i Liege på ei overnatting, men me køyrde litt lengre aust og kom inn i Frankrike med Strasbourg.  Det var lite trafikk på ein laurdag, så me hadde ikkje problem av noko art. Og Falke han imponera som ein svært stødig og roleg sjåfør.

Fersk sjåfør med 14dagars setifikat, imponera med kjøyringa si!

Fersk sjåfør med 14dagars sertifikat, imponera med kjøyringa si!

Den store elddåpen kom for Falke! Det skjedde i Barcelona, klokka halv ni på kvelden laurdagen. For dei som kjenner byen og vegane og trafikken der veit kva eg meiner. Ta rushtrafikken i Stavanger og gang opp med 10 i mengd, i kaos ig tempo og i temperament! Dette tok Falke med stoisk ro! Me kom oss gjennom byen og for mot Valencia og Alfaz dei neste timane! Unni sov på sofaen i heimen då me kom fram klokka 01.35 på sundag morgon!

Falkemat

Falkemat

Skjalg sin mat

Skjalg sin mat

I dag har Falke og eg sove ut. Men eit bad vart det tid til. Og eg måtte eg jo filme Falke og Kitty Karina som traff kvarandre i morges før frukost. Kitty Karina har snakka mykje om at Falke skulle komme og gledd seg valdsamt den siste veka. Kitty Karina hadde og funne ei gåve til han (se bilete).

Kitty  Karina vil gi Falke ein våt klem

Kitty Karina vil gi Falke ein våt klem

Like attmed vårt hus ligg det eitt stort symjebasseng.  Kitty Karina ville sjølvsagt vise Falke dette og det var ikkje han imot som den sjøløva han er! Framleis varm i vatnet etter norske tilhøve, men me synes de vert kalt eitter kvart. tippar 22-23 grader etter ein dag og to med regn og overskya ver. Her det det sola som varmer bassenget, så dårleg ver eit par dagar senkar temperaturen.

Vatn er kjekkt. Bade, symje, dukka!

Falke, Kitty Karina og Skjalg kosar seg i bassenget ved huset vårt i Alfaz.

Falke, Kitty Karina og Skjalg kosar seg i bassenget ved huset vårt i Alfaz.

Behagelig arbeidsantrekk!

Behagelig arbeidsantrekk!

Falke har eitt kjekkt kamera som tåler vatn!

Falke har eitt kjekkt kamera som tåler vatn!

... og slik ser Falke ut under vatn!

... og slik ser Falke ut under vatn!